lørdag 31. mai 2014

Bok 43 2014: "Den 13. disippel" av Tom Egeland

Eg har lese ein roman av Egeland før, og den mislikte eg sterkt ("Lucifers evangelium"). Likevel prøvde eg meg på ein annan roman av forfattaren, og den likte eg langt betre.

Hovudpersonen er ein albino-arkeolog, og denne gongen reiser han mellom anna til Jerusalem, på jakt etter ein forsvunnen mann og det arkeologiske funnet denne mannen kan ha gjort før han forsvann i 1978. Mange sanningar frå fortida vert oppdaga - nokre private, og andre langt meir dramatiske for verdshistoria.

Eg likte boka fordi den til tider har artig språk, fordi eg sympatiserer med eg-personen og fordi noko av refleksjonen rundt religion og historie interesserer meg. Sidan det er oppdikta, er det litt verdilaust, så eg veit ikkje om eg kjem til å lese fleire romanar av forfattaren.

torsdag 29. mai 2014

Veslejenta 14 år

Vi har hatt ein nydeleg dag med sensur, tur, grilling og kake. Veslejenta ville berre slappe av på 14-årsdagen sin, og ho fekk det sjølvsagt som ho ville. Ho har ei slitsam veke med konfirmasjonsførebuing, ballett og tentamenar, så ein roleg dag var ikkje å forakte. Dagen har vi delvis tilbragt saman med eit par vener av ungane, og det har vore mykje latter og musikk i heimen.






onsdag 28. mai 2014

Opning av "Snippeholmen"

Midt i sensur og ballett fekk vi heldigvis tid til å høyre Lommerosk vere med på opninga av det nye uteområdet "Snippeholmen" i Volda. Det var utdeling av bollar og kaffi, tale ved ordføraren og akrobatikk for å setje fokus på opninga. Eg får ta bilete ein gong der er tomt for folk, så de får sjå kva som vart feira.




søndag 25. mai 2014

Fornying av verandaen

Når ytste helvta av verandaen er svart medan den delen som ligg i ly for regnet er trekvit, er det eit teikn på at det er på tide å gjere eitkvart. No i helga har eg gjort følgjande:
  • Spylte verandaen og påførte rensevæske
  • Skurte litt med skurekost
  • Spylte med høgtrykksspylar
  • Beisa eitt strøk
Før og etter spyling: dei ytste fjølene var blitt nesten heilt svarte

Undervegs i beisinga
Ferdig med eitt strøk beis. Stripene er skugge.


 

Kveldstur til Torheim

Etter ein lang arbeidsdag i hagen var vel lite så naturleg som å ta ein kveldstur til eit gartneri? På Torheim, to mil frå Eid sentrum, ligg det vesle gartneriet som er kjende for flotte plantar og eit fantastisk utval rododendron. Dei er midt i bløminga no, og fargeprakta må berre opplevast. Sjølv forelska eg meg i ein nydeleg kvit og rosa variant med namnet Edelweiss, men der var mange andre vakre òg.





Edelweiss

Sidan vi vart belemra med bråsvolt, hadde vi stogga på Eid for å handle først. Kveldsmaten inntok vi på eit svaberg i kveldssola.

lørdag 24. mai 2014

Bok 42 2014: "Paradishagen" av Sigrun Slapgard

Slapgard har valt romansjangeren til å fortelje om delar av norsk og europeisk historie frå 1940-talet som ikkje har vore så kjende før, samtidig som ho òg skriv om korleis tyskarjenter vart behandla etter krigen, korleis det var å vere tysk soldat i Noreg og andre sider ved krigshistoria som har vore meir omtala. Det nye i Slapgards roman er mellom anna omtalen av ein liten konsentrasjonsleir i Austerrike der 19 nordmenn omkom. Forteljinga tek utgangspunkt i ei kvinne som skal lage ein dokumentarfilm om ein austerriksk ven av familien som enda som bibliotekar i eit kloster i Austerrike.

Romanen inneheld dagboknotat og fleire parallellhandlingar frå fortid og notid, ei form som er svært populær for tida, og som eg synest er ein enkel og effektiv måte å drive fram spenning på. Lesaren blir nysgjerrig på korleis dei to tidene skal flettast saman mot slutten, og dette blir gjerne noko litt klisjéprega (jfr Samartin, Hislop og fleire populære forfattarar). Slapgard hamnar litt i same fella, men det gjer kanskje romanen lett å lese og like for dei fleste, slik at ho kan nå ut til eit større publikum enn ho elles hadde gjort. Tittelen er òg litt i same sjanger som mange bestseljarar (jfr "Lavendelhagen"). Eg likte boka svært godt medan eg las, men kunne godt ha tenkt meg ein spenstigare slutt.

Den gamle postvegen

Ein av favoritt-turane mine er å gå frå "Langedalsbroe" til fylkesgrensa. Ein tek av frå Bjørkedalen i retning "Haugen", og køyrer deretter den gamle vegen mellom Nordfjord og Sunnmøre. Dersom ein køyrer lenge nok, kjem ein til Harpefossen. Viss ein vil gå eller sykle, er det bratt på begge sider, men altså eit ganske flatt stykke veg langs vatna på toppen. Ein får ei kjensle av å vere på fjellet, samtidig som ein går på ein fin, gamal grusveg som opprinneleg fanst blant anna under Napoleonskrigane. Bruene er noko nyare.




onsdag 21. mai 2014

Bok 41 2014: "Inn i elden" av Aina Basso

I denne boka skriv historikaren Basso om hekseprosessane i Finnmark på 1600-talet. Vi følgjer to unge jenter som endar på kvar si side av saka, og som møtest under dramatiske omstende. Forteljinga har så mykje driv at det er vanskeleg å legge frå seg boka, og den er i tillegg svært lett å lese med lite tekst og enkelt språk. Etter at forteljinga er slutt, kjem nokre sider med historiske fakta, noko eg synest var ein god pedagogisk metode. Boka kan falle i smak blant lesarar som er glade i fantasy, men dei kan i tillegg lære noko faktastoff.

Boka vert kategorisert som ungdomsroman, men den er interessant for vaksne òg. Stilen minner mykje om den førre boka eg las av Aina Basso, "Fange 59. Taterpige", og eg håpar forfattaren har som prosjekt å skrive liknande bøker framover. Det er storarta med historiske romanar for ungdom, spesielt når dei er interessante og til og med skrivne på god nynorsk.

Bok 40 2014: "Profetene i Evighetsfjorden" av Kim Leine

Den danske forfattaren Kim Leine voks opp i Noreg i 1971, men flytta til Danmark som 17-åring. Har er utdanna sjukepleiar, og har budd og arbeidd på Grønland i 15 år. "Profetene i Evighetsfjorden" er ei tjukk bok som har handling frå alle desse tre landa, men mest av alt handlar den om Grønland. Det er ein historisk roman frå slutten av 1700-talet, og handlinga er både dramatisk og mangfaldig.

Hovudpersonen i boka er Morten Falck. Han utdannar seg til prest, trass i at han helst ville ha blitt lege. Han tek med seg kua Roselill og reiser til Grønland for å misjonere, og det skjer mykje dramatisk både før han reiser og ikkje minst der han arbeider. Persongalleriet er stort og frodig, og det einaste eg har å utsetje på boka er at den er i overkant voluminøs til at eg greier å halde alle trådane frå byrjing til slutt. Elles er dette ei svært god bok, og eg skjønar godt at Leine fekk Nordisk Råds litteraturpris for den i 2013.

lørdag 17. mai 2014

17. mai 2014: Volda og Folkestad

Dagen er ikkje over enno, men dei fleste av oss har fått feira frå seg. Veslejenta har spelt i fire tog, medan "vi gutta" berre har gått i eitt tog. Det var forresten i Volda, der Folkestad skule og korps gjekk for første gong. Minstemann fekk såleis gå i eit stort tog saman med skulekameratar, og Storegut og eg gjekk for vidaregåande. Etter toget var vi slitne, spesielt då det viste seg at sentrumsfeiringa inneber lange og langsame køar. Etter ei stund tok vi derfor ein snartur heim, før vi var på plass på Folkestad og fekk sett tog og vore med på folkefesten der.





Talar: høgskulelektor Harald Krøvel (tidlegare kollega av meg)




No har dei to yngste og eg kledd oss svært casual, og vi har få planar for kvelden. Storegut har teke ferja over fjorden att for å feire vidare.

fredag 16. mai 2014

16. mai

Siste skuledag for russen vart i dag markert på tradisjonelt vis på jobb, med fanebering, tautrekking, russe-rulling og fotballkamp mellom russ og lærarar. Nytt av året var at russen hadde spelt inn sin eigen russesong og laga dans til.

Vel heime vart det enkel servering og middagskvil, ein liten tur ut og ei bøtte kaffi før strykinga tok til. Sidan det berre er eg som skal ha bunad på i år, var det eigentleg fort gjort, men problemet mitt er senebetennelsen, som ikkje vil sleppe taket. Strykinga vart derfor delvis eit "venstrehandsarbeid" i år.

Storegut hjalp til med noko av klesstellet, og elles har vi eigentleg roa oss mykje ned, i og med at vi skal tidleg opp og feire nasjonaldagen på ein ny måte i morgon.


onsdag 14. mai 2014

Rotsethornet (649 moh)

Ein er ikkje ekte volding før ein har vore på toppen av Rotsethornet, fjellet som ligg og lagar skugge over mykje av bygda. I dag hadde Veslejenta i lekse å gå tur i to timar, og det vart rikeleg med leksegjering og god leksehjelp. Bladfyken og Yngstesonen losa oss opp på fjellet den lengste vegen, som startar i nærleiken av golfbana ved Rotevatnet. På skiltet stod 3,7 km, men det kjendest minst dobbelt så langt. Den andre ruta er brattare og meir dramatisk, men vi takka nei til å velje den i staden.




Det berykta "Torskegjølet" har kravd fleire menneskeliv

Ein fin slutt på fri-onsdagen, som elles innebar aktivitetar som kiropraktortime og prøveretting.

mandag 12. mai 2014

Bok 39 2014: "1001 natt" av Vetle Lid Larssen

Vetle Lid Larssen reiser til Algerie for å finne ut meir om dei to nordmennene Niels Moss og Christian Børs, som enda som algirske slavar for 240 år sidan. Dette er ein del av historia som har vore ukjend for meg, og eg ante faktisk ikkje at det var så mange kvite europearar som enda opp som slavar i Afrika. Elles veit eg eigentleg altfor lite om 1700-talet, så slik sett har eg både fått undervisning og underhaldning gjennom denne boka. Likevel må eg innrømme at den ikkje var så spennande som eg hadde håpa - kanskje fordi forfattaren er så oppteken av å få historia korrekt, meir enn å skrive ei dramatisk historie.

Helgaprosjekt

Norsklæraren sat med ein stilbunke heile fredagskvelden og ei stund på laurdag, og det var lite tid til turgåing. Bladfyken nytta høvet til å fjerne nokre buskar som hadde vakse seg ut over all mark - bokstaveleg tala - og så heldt han fram med å avdekke meir av berget vi begynte på i fjor. Etterpå tok vi ein spontantur til Plantasjen, der vi kjøpte mold, gjødsel, sommarblomar og diverse anna. Eg fylte på mold i bedet der buskane hadde vore og planta sommarblomar der. Røtene til buskane står att, slik at det kanskje veks opp nye etter kvart. Planen er å sette ned tulipanlaukar der til hausten, slik at det blir ein fargerik velkomst i oppkjørsla til neste vår.

Veien til Mekka

Søndag kveld var eg invitert med som teaterdate av Besta, som hadde vunne to gratisbillettar til stykket "Veien til Mekka" av Athol Fughard. Stykket handlar om den sørafrikanske kunstnaren Helen Martins, og denne versjonen var ein sterkt forkorta tekst som kun hadde med den mest sentrale forteljinga i stykket. Helen har hatt ein brann i huset sitt, og venen Marius vil lokke henne til å flytte på institusjon. Då vil han i tillegg få henne vekk frå det "innfallet" han meiner kunsten hennar er. Som motstandar av Marius møter vi helens unge venninne som nettopp set pris på Helens kunst.

Stykket var sterkt og godt spelt, og etterpå fekk vi møte skodespelarane til ein samtale om teateret og stykket. Hovudrolleinnehavaren Kirsten Hofseth spelte si siste rolle før pensjonsalder, så det vart gjort litt ekstra stas på henne.

fredag 9. mai 2014

Bok 38 2014: "Reykjaviknetter" av Arnaldur Indridason

I denne romanen møter vi ein ung og nyutdanna Erlendur, som fattar mistanke om at det er noko mistenkjeleg ved dødsfallet til ein alkoholisert uteliggar. Vi får vite mykje om fortida til uteliggaren, og her er eit rikt persongalleri og fleire brotsverk som vert oppklara undervegs.

Boka er interessant og lettlesen, men som i så mange andre kriminalromanar vert det noko langdrygt og overforklart etter min smak. Det mest positive er at det er kjekt å lese om livet på Island. Erlendur er konservativ og oppteken av det nasjonale, så lesaren får eit visst innblikk i islandsk kultur. Lydboka er glitrande innlesen av Lasse Lindtner, med ulike stemmer for kvar person.

søndag 4. mai 2014

Søndag på Sagesetra

Dagen starta med kakepynting og -levering, før ungane og eg tok vår nye kombo: lærekøyring og tur. Turmålet var Sagesetra, og Storegut fekk øve seg litt på rygging og parkering, i tillegg til å køyre fram og heim. Til middag laga vi nachos med restar frå gårsdagens tacos, og så hadde eg baka ein ekstra Pavlova-botn og løyvd både krem og bær såpass vi fekk dessert òg. Sola skin, men det er kaldt. Perfekt vêr for konfirmasjon og bunad, tenkjer eg!



lørdag 3. mai 2014

Ein laurdag etter mitt (vaffel)hjarte

Det er konfirmasjonshelg i bygda, og eg har lova vekk eit par kaker. Sidan ungane låg lenge i dag, vart det baka ein del før dei stod opp. Etter ein del husarbeid, skulearbeid og denslags, gjekk dei to mellomste og eg tur, medan Minstemann hadde besøk av ein kompis. Vel heime vart vi svoltne, og eg begynte å tenkje på dei eggeplommene eg hadde løyvd då eg baka. Dermed vart det vaflar - tanken var å ete litt så vi vert svoltne nok til tacos seinare i dag, men det ser mørkt ut...

Vi har ein roleg og koseleg dag i heimen her, og tankane mine går til alle dei heimane der det er full fres med førebuingar til morgondagen. Vêrmeldingane ser heldigvis bra ut.