lørdag 28. februar 2015

Bok 20 2015: "Buzz Aldrin hvor ble det av deg i alt mylderet?" av Johan Harstad

Eg såg TV-serien som er basert på denne boka i fjor haust, og bestilte deretter boka og har hatt den liggande på vent i bokhylla. Sidan den er på over 600 sider, har eg kanskje vegra meg litt mot å lese den. I dag var eg forkjøla i styggevêret, så eg tenkte eg kunne begynne på den. Så greidde eg ikkje å stoppe før eg hadde lese ut heile romanen.

Hovudpersonen Mattias vert fødd i juli 1969, same dag som månelandinga. Han ønskjer mest av alt å vere eit anonymt tannhjul i eit maskineri, men får eit samanbrot på ein tur til Færøyane etter at han har mist både jobben og kjærasten. På Færøyane møter han fleire interessante menneske som får stor innverknad på livet hans vidare.

Eg synest denne boka er fantastisk. Den gir innblikk i menneskelagnader ein ikkje vil gløyme, og set i gang tankar om meininga med livet. I tillegg er her eit språk fylt av kulturelle referansar eg kjenner att frå 80- og 90-talet, i tillegg til nyskapande biletbruk.

Eg skjønar ikkje kvifor eg ikkje har lese boka før, sidan den fekk mykje positiv omtale då den kom ut i 2005.

Ein liten smakebit av språket:

"Ingen vet hvor Herren hopper, veiene uransakelige som rushtrafikk i Roma"

torsdag 26. februar 2015

Bok 19 2015: "Sommer uten brev" av Line Baugstø

Året er 1968. Erling reiser på tur til Canada for å leve ut ein gamal draum om jakt og fiske. Heime i Kristiansand sit kona Sigrid og dei to døtrene utan særleg mykje å leve av, sidan Sigrid ikkje har anna jobb enn ei lita inntekt som Tupperware-seljar. At ho har eigne draumar om å verte journalist, har ingen teke omsyn til.

Romanen skiftar mellom å fortelje om kvardagslivet til Sigrid og om eventyra til Erling. Sympatien min ligg heilt klart hos ho som sit att heime, og som skriv fiktive brev frå Erling sidan han sjølv ikkje sender nokon.

Forfattaren er ny for meg, trass i at ho debuterte i 1986. Denne boka kom i 2014, og den er vel verd å lese. Eg trur forfattaren teiknar eit godt tidsbilete, og tematikken går neppe av moten med det første.

Det merkelege som hende med hunden den natta

Mark Haddons roman "The Curious Incident of the Dog in the Night Time" er blitt eit populært teaterstykke i London, og no turnerer Teatret Vårt med den nynorske omsetjinga av Jon Fosse. Onsdag kveld tok eg derfor turen til Ørsta kulturhus, for å sjå stykket saman med Eldstejenta. Førsteklassingane våre hadde blitt oppmoda om å ta turen dei òg, og salen var nesten fullsett av publikum i alle aldrar.

Stykket var godt spelt, og adaptasjonen frå bok til teater fungerte langt betre enn eg hadde forventa. Ein del scenografiske verkemiddel løfta stykket, og eg vil tru at elevane har fått mykje ut av teateropplevinga. Det gjorde i alle fall vi.

tirsdag 24. februar 2015

Bok 18 2015: "Genanse og verdighet" av Dag Solstad

Eg har lese denne boka for mange år sidan, og dessutan sett teaterstykket der Kai Remlov spelte rolla som hovudpersonen Elias Rukla i ein lang monolog. Då eg såg at den same Remlov las lydbokversjonen, fekk eg lyst til å lese denne perla av ei bok på nytt.

Elias Rukla har vore lektor i norsk i om lag 25 år, og han plagast med at elevane syner lite respekt og ikkje ser det geniale som han prøver å formidle. Ein dag oppstår den legendariske paraplyscenen, der Rukla slår forderva ein paraply i skulegarden, medan han tek ut frustrasjon for si eiga utilstrekkelegheit. Vi får deretter innblikk i delar av det tidlegare livet hans.

Eg er no meir på alder med Elias Rukla enn eg var sist, noko som gjer temaet meir interessant, både på godt og vondt. Ein kan kjenne seg att i Rukla både med sjølvironi og sårheit, og boka burde kanskje vere pensum i lærarutdanninga. Eg kunne ha tenkt meg å presentert delar av boka for elevar òg, men det måtte vere i ein klasse der ein ikkje kjende den same distansen som Solstad skildrar.


søndag 22. februar 2015

Bok 17 2015: "Serena" av Ian McEwan

Frå presentasjon på nett:

"Gjennom sin mer enn tre tiår eldre professorelsker rekrutteres Cambridge-studenten Serena Frome til en stilling i MI5. Året er 1972. Den kalde krigen er på langt nær over. Englands legendariske etterretningstjeneste er fast bestemt på å styre den intellektuelle diskusjonen gjennom å støtte forfattere hvis politiske standpunkt sammenfaller med regjeringens. Serena skal sørge for å oppmuntre østblokkritiske skrivetalenter. Operasjonen får dekknavnet «Søtmons».

Serenas lidenskap i livet er litteratur, og hun er den perfekte kandidaten til å infiltrere kretsen rundt den unge aspirerende forfatteren Tom Haley. Men hun gjør jobben litt for godt. Først forelsker hun seg i tekstene hans. Deretter forelsker hun seg i mannen. Snart blir han vellykket heltidsforfatter, uvitende om at han er finansiert av etterretningen. Hvor lenge kan Serena holde oppdraget hemmelig?"

Dette var ikkje den beste boka eg har lese, sjølv om nokre delar undervegs var interessante nok. Eg vart litt forvirra då mykje av romanen handla om litteratur som personar i boka las og skreiv, men dette har meir med lyttaren å gjere enn med boka. Slutten var det mest positive med leseopplevinga.

Siste feriedagen




I dag låg verda dekt av eit tynt lag nysnø. Dei to yngste og eg gjekk same turen som i går, men opplevinga var heilt annleis. Hundar og ungar er kanskje meir begeistra for snø enn vi andre, men det er kjekt å sjå dei boltre seg.

Minstemann er endeleg nokolunde frisk att, etter ei ferieveke med mest inneliv. Heldigvis har vi evna til å kose oss uansett vêr og føre.

lørdag 21. februar 2015

Tur og trening

I dag er vi meir attende til normalen i heimen. Eldstejenta er på jobb, og Storegut er på hyttetur. Minstemann har besøk av ein kompis, og Veslejenta og eg har gått tur med Charlie.

"Hvor er Charlie?"


Sidan det framleis er eit problem at han siklar og vert uvel på biltur, har vi funne ut at vi må trene han meir på akkurat dette. Første treningsøkt var at Veslejenta sat med han på fanget inne i den parkerte bilen, berre for å roe han litt ned.

No sit eg med prøveretting og denslags - ein går ikkje klar skulearbeidet sjølv om ein har ferie.

fredag 20. februar 2015

Baby you can drive my car

Lærekøyring er slett ikkje verst når ein har fått vanen. Storegut er svært lettbedd, og dei hine følgjer gjerne med på tur når han sit bak rattet.

I dag var ærendet å handle matvarer på Eid. Alle søskena ville vere med, og mora bestemte musikken. Eg har nemleg fått det føre meg at eg skal presentere ein del god, gamal musikk for avleggarane, og akkurat no er vi inne i ein Beatles-periode. Eg har så godt som alle platene deira kopierte, så vi har mykje kjent og totalt ukjent å høyre på. Litt allsong blir det òg.

Denne veka har vi sett ikkje mindre enn fem tidlegare skulemusikalar på dvd, den eldste frå 2006. Det er utruleg kjekt å sjå og høyre dei tidlegare elevane i aksjon. Talenta var mange før òg, men kulissane, koreografien, kostyma - ja, heile produksjonen,  er svært mykje meir avansert og profesjonell no.

Det har vore ei veke med mykje musikk, song og latter i heimen. Det gjer absolutt ingenting at vêret ikkje har vore noko særleg, for vi har fått kvile oss godt ut og vore mykje saman utan stress og styr.

Då eg sparte arbeidsgjevar for utgifter til vikar

Torsdag plasserte eg 3 av 4 born og ein hund i Ørsta hos besteforeldra, medan Eldstejenta vart med meg på roadtrip til Ålesund. Ærendet var ei nevrologisk undersøking av armane mine, men vi fekk òg tid til ei mini-handlerunde.

Sjølve undersøkinga bestod av 45 minutt med små elektriske støyt medan eg låg innpakka i varmepute under ein varmelampe. Ikkje akkurat ubehageleg, men litt slitsamt likevel.

Attende i Ørsta fekk vi middag og dessert, så eg var glad for at Storegut køyrde heim.

onsdag 18. februar 2015

Sunt og godt

Kosthaldet kan vere så som så når ein har fri, men vi satsar på å ete litt sunt innimellom. I dag fann Eldstejenta ut at ho skulle bake grove rundstykke, og det greidde ho heilt fint medan mora gjekk tur med hunden.

Til middag hadde vi laks, poteter, grønsaker og ein kald saus av rømme, yoghurt naturell og krydder.

Fornying i ferien

Vi nyt late dagar med dårleg vêr, men godt selskap. Det er lenge sidan vi har hatt så mykje familietid saman. Tre kveldar på rad har vi sett skulemusikalar på dvd, og vi har lufta hund, baka og spelt.


I dag for jentene på politisk møte, Storegut på bandtreff og Minstemann på skyting. Taxi-mamma gjekk tur aleine med hunden i pøsregnet, og så fekk eg endeleg henta ein pakke på butikken. Der hadde ein tidlegare pakke dukka opp att etter å ha blitt send attende til avsendar på grunn av storleiken. Vi er no stolte eigarar av ein saccosekk frå Indiska, i passeleg glorete fargar etter vår smak.

Bok 16 2015: "Risp i berget" av Øystein Orten

Legg til bildetekst
Svogeren min er ute med ny bok. Det er ei samling av kortare og lengre tekstar i ulik sjanger, men alle i den særmerkte stilen han skriv i, som eg vil kategorisere som både gamalmodig og moderne på same tid. Tekstane handlar om ulike menneske til ulike tider, men på same stad. Alle opplever dei små og store drama i kvardagen, og alle liva er som små risp i berget. Dei blir ikkje omtala i historiebøkene, men folk i bygda hugsar dei ei stund.

Omslaget speglar tematikken effektfullt ved å vise eit vikingskip og ei ferje på fjorden, med Masdalskloven i bakgrunnen.

Eg likte boka svært godt, og kjem nok til å lese den om att med tida. I slutten av månaden håpar eg å kome meg av garde på boklansering, der forfattaren skal lese og lokale musikarar skal spele.

mandag 16. februar 2015

Tur i Mjeltvika og over til Kile



Etter ein lang og lat morgon trua eg til slutt ungane med på tur. Det vart nesten som i gamle dagar, med prating og leik etter vegen. Turmålet er ikkje så nøye berre ein er saman, tenkjer no eg. Ungane fekk både klatre, kaste smutt og balansere - det einaste vi mangla var eingongsgrill og pølser.

Minstemann hostar og er slett ikkje i strøk, så noko skigåing er uaktuelt.

Bok 15 2015: "Den andre siden av gleden" av Seré Prince Halverson

I ein familie med mor, far og to små born får mora fødselsdepresjon og reiser frå familien. Faren finn seg ei ny kvinne, og ho blir ei god stemor for borna. Så døyr faren, og den no friske og suksessrike biologiske mora kjem for å overta borna.

Dette er ein debutroman som fortel ei litt innvikla historie med fleire tema i tillegg til den tematikken eg har skissert. Mange løyndomar ligg i fortida, og ein får sympati med fleire sider av saka, trass i at det er den gode stemora som er eg-personen. Boka er kanskje i overkant søt og føreseieleg, men den vekkjer òg ein del tankar om generøsitet og tillit.

søndag 15. februar 2015

Fastelavnbollar - eller "grisebollar"?

Krembollar til fastelavn er noko av det beste eg veit. I dag laga eg ein enkel variant med ferdig mjølblanding, og Veslejenta trilla ut bollane. Det vart 18 stk, sjølv om mjølpakkane antyda 40, så de kan no tenkje dykk kor gigantiske dei var. For første gong i historia vart eg mett av to stk.

Vi fyller bollane med krem og jordbærsylte av god kvalitet. Melisdrysset oppå er òg obligatorisk.

Storegut kallar det for "grisebollar", sidan det ikkje er så lett å ete dei utan å søle.

Søndagstur over Gullbrekka

I dag køyrde vi eine bilen inn til rasteplassen mellom Kile og Bjørkedalen. Derifrå gjekk vi til Kilskrossen, Kile og over til Mjeltvika. Vi hadde strålande sol det meste av turen, og hundane fekk springe lause det meste av tida. Då vi kom heim, køyrde vi med den andre bilen inn til rasteplassen, slik at vi slapp å gå på asfalt.
Kilskrossen sett frå ein litt uheldig vinkel

Turkompisane mine

Straumshamn sett frå rasområdet mellom Mjeltvika og Kile

Forseinka morsdagsgåve

På veg heim frå Hareid møtte eg på Eldstejenta, så ho fekk overrekkje morsdagsgåva til meg. Ho har, med litt hjelp frå farmora, strikka ein klut og hekla kant rundt. Vi er ikkje særleg flinke i handarbeid i familien, så det varmar ekstra når ho har streva seg gjennom eit slikt prosjekt.

Laurdag med slekta på Hareid

Svogeren min har to søsken, og begge kom på Hareidsbesøk laurdag med ektefellar. Systera mi inviterte då foreldra mine og oss i same slengen. Alle fire tanteungane mine på Hareid var dessutan til stades, så det vart ei stor samling og mykje god mat og prat.

Svogeren min er ute med ny bok, og det vart overrekking av signerte eksemplar som eitt av høgdepunkta i selskapet. Eg ser fram til å finne roa og kose meg med denne boka, som eg reknar med eg kjem til å like godt.

Vi takkar for oss!

torsdag 12. februar 2015

Color me beautiful

I dag fekk eg innkalling til nevrologisk undersøking. Eg var budd på å vente lenge, sidan eg har vore vidaresend frå den eine til den andre undersøkinga etter at eg tok kontakt med fastlegen i mai i fjor, så eg vart eigentleg overraska då eg berre måtte vente eit par veker på denne siste (?) spesialistundersøkinga.

Men så var det dette med "spesialist", då. Vedlagd låg nemleg ei svært amatørmessig teikning av ein kropp, der eg skal nytte ulike fargar med varierande styrke for å vise kvar eg har det verst. Eg vurderer å teikne på ei snakkeboble der det står: "eg har vondt i armen", legge på litt sminke og hår og kanskje ein liten bikini. Eller eit fikenblad, kanskje. Assosiasjonen min er dei teikningane ungane får utdelt under preika i kyrkja, så eg tenkte først at dette var noko eg kunne sysle med medan eg sit på venterommet.

Bok 14 2015: "Broren" av Olav William Rokseth

Frå bokomtale på nett:
"Fem år gamle Daniel er rammet av løpende leukemi. Cellegiftsbehandlingen virker ikke og han har maksimun fire uker igjen å leve. Bare en ting kan redde ham: beinmargstransplantasjon fra faren Alex, en norsk etterretningsagent som er savnet på oppdrag i Afghanistan.

Alex sin bror Jonas er tidligere skarpskytter og var også vervet i  Afghanistan. Under en militæraksjon skyter han en trettenårig gutt, og blir ikke den samme igjen. Nå drar Jonas tilbake til landet han trodde han hadde forlatt for alltid. Han må finne broren og redde Daniel. Sammen med sin Afghanske veiviser Omaid begir han seg inn i fjellene, blant banditter og rivaliserende talibangrupperinger og en lokalbefolkning som rives mellom sin tradisjonelle gjestfrihet og ønsket om hevn mot utlenlandske okkupanter."

Boka får gode kritikkar, men eg syntest berre den var sånn passe spennande. Eg plar like bøker frå Afghanistan, men dette vart eit anna fokus enn det eg finn interessant.

onsdag 11. februar 2015

Fladalen på frionsdag

I og med at Musikal-Myrsnipe-mamma "måtte" på ei framsyning til, i Ulsteinvik, vart det ein tysdag med stillesitjing for mor og bur-liv for Charlie. For å kompensere for dette tok vi oss ein lang tur på fri-onsdagen i dag. Vel, eigentleg er det ikkje så frykteleg langt, men det kjendest slik. Vi gjekk opp vegen ved skulen på Bjørkedalen, i retning Helsetsetra/Movatnet. Det vart gradvis djupare og djupare snø, så vi måtte skifte på å gå fremst og lage spor. Sjølv hadde eg utstyrt meg med fjellskor og overtrekksbukse, så eg vart ikkje så våt, men det var verre med turkameraten.

Eit stykke framme i dalen går det ei bru over elva mot venstre, og så kan ein gå nokre hundre meter oppover til Fladalen. Det er ei gamal seter inne i ein furuskog, og vi har vore der fleire gonger før. Det er fint mogleg å køyre heilt fram når vegane er berre, men vegen på den sida av elva er relativt bratt. Vi gjekk derfor nedover den vegen, og der vart det heldigvis fort slutt på snøen.

Det er min største luksus å ha ein fridag i veka. Eigentleg plar eg jobbe ein heil del, men siste veka før ferien begynner det å minke på arbeidsmoral og planlegging av timar.



lørdag 7. februar 2015

Musikalen 2015: "Be Our Guest"

I dag deltok Storegut i premièren på musikalen til Volda vgs. Årets framsyning er ei samling av smakebitar frå dei 18 musikalane linja har sett opp sidan dei starta opp med musikalar i 1997. Linja fyller 20 år seinare i år, så det vart eit litt pussig 18/20 års jubileum. Rektor sa i talen sin at større skular har musikalproduksjon tredje kvart år, medan Volda altså greier det kvart år, trass i svært mykje arbeid.

Storegut hadde ei heilt annleis rolle i år enn i fjor, men han var så overtydande at både mora og systa vart litt skremde. Mora syntest han likna på Henry Rinnan. Litt av ei mor....

Elles var eg svært nøgd og rørt til tårer av mine kjekke elevar i 1MU, som imponerte med både song og dans. Eg har litt mammakjensler for elevane mine òg, som mange veit, og eg såg stolt på kor dei slo til på scenen trass i at mange av dei var langt utanfor komfortsona si.

Etter musikalen gjekk vi på Rosabella og feira morgondagens morsdag saman med mormora og morfaren, før vi reiste heim til sofakroken.


fredag 6. februar 2015

Onedrive overrasking

Eg har ein svært datakyndig elev som syner meg eitt og anna om deling av dokument. I dag var det noko som heiter Onedrive vi skulle bruke, og der dukka det opp to mapper med nesten 300 bilete i kvar. Bileta var frå 2006 og 2007, og eg trur det er digitale bilete eg tok på den tida og la inn på msn. Den tida chatta ein litt på messenger, og ein kunne legge ut bilete òg - svært mykje vart lettare og kjekkare på facebook, og msn vart gløymt. Bileta eksisterer tydelegvis enno, og eg fekk ei fin mimrestund med å sjå gjennom alle bileta i kveld. Dei fleste er turbilete av ungar og hundar, og eg trudde dei var tapte for alltid.

Bok 13 2015: "Elin og Hans" av Trude Marstein

Marstein var ein ny forfattar for meg, og eg begynte å lese denne boka med nokså nøytrale forventningar.

Boka fortel om Hans, som nyleg er blitt enkemann etter å ha vore gift med Elin i meir enn 20 år. Vi får innsyn i korleis forholdet utvikla seg, og kva kjensler han sit att med etter at ho er død. Eg syntest det var ei tankevekkjande og god bok, men det er vanskeleg å seie så mykje om den utanom det. Det heile verkar truverdig, om ein kan bruke eit slikt uttrykk, og språket merkar seg ikkje ut verken positivt eller negativt. Eg vil tru at boka høver best for dei av oss som har levd ei stund, for her var mykje å kjenne seg att i.

Det blir sikkert ikkje siste boka eg les av Marstein, for eg har sett i ettertid at mange rosar andre verk av henne i sosiale media. Eg likte denne boka, og då reknar eg med at eg kan like dei betre kjende bøkene hennar òg.

torsdag 5. februar 2015

Bok 12 2015: "De fem årstidene" av Gaute Heivoll

Ein eldre mann blir pensjonist, etter å ha reist fram og attende mellom Oslo og Stavanger som konduktør på toget. Han tilbringer deretter tida saman med kona på reise, med familien og i hagen, medan han filmar det heile. I følgje forlagets presentasjon er det Gaute Heivolls eigne besteforeldre som vert skildra, og handlinga er lagd til slutten av 1970-talet. Forfattaren skal ha fått smalfilmane frå boka i hende i 2012, og han har deretter dikta kjærleikshistoria om dei to besteforeldra.

Boka er først og fremst vakker og poetisk, for her er lite handling bortsett frå problem i hagen. Eg likte den godt, men den bleiknar i høve til Hoem som "dikting om historiske personar".

søndag 1. februar 2015

Bok 11 2015: "Den største forbrytelsen" av Marte Michelet

I denne dokumentarboka fortel Michelet historia om nokre norske jødar, men òg svært mykje bakgrunnsstoff om tilhøva i Europa og gangen i krigen. Eg har lært utruleg mykje om norske nazistar og om nordmenn som fekk redda over 400 jødar over grensa til Sverige med fare for eige liv. Michelet tek utgangspunkt i ein jødisk familie og fortel om lagnadene deira, i tillegg til at ho fortel om liva deira før krigen og om korleis det gjekk med dei overlevande.

Dette er ei viktig bok, ikkje minst i den tida vi lever i no, då nye folkegrupper ser ut til å bli stigmatiserte i ei slags fienderolle. Eg trur ikkje vi vil oppleve Holocaust som det var under andre verdskrig, med tyskarane si systematiske og fabrikkliknande utrydding, men det er ingen grunn til å tru at hat mot andre etniske grupper med påfølgjande vald og drap vil skje igjen.

Bok 10 2015: "Slåttekar i himmelen" av Edvard Hoem

Hovudpersonen i denne romanen er oldefaren til forfattaren. Forteljinga startar i 1874, då oldefaren var 36 år og fann ut han skulle gifte seg på nytt. Oldefaren er husmann, og vi får høyre om slekta og naboane i Fræna. Nokre av dei utvandrar til Amerika, noko eg syntest det var spesielt interessant å lese om.

Forfattaren skriv godt, og eg likar ekstra godt å lese lydbøker der det er han sjølv som les. Han har ei vakker stemme og les svært godt. Å skrive romanar basert på historiske hendingar er ein sjanger eg likar, då eg trur forfattarane av slike bøker etterstrebar å gi historisk korrekte framstillingar, samtidig som dei diktar inn både drama og melodrama.