mandag 28. februar 2011

Måndag på Melshornet (807 moh)

Første vinterferiedag skulle Barnefaren vere vakt på skisenteret Reset, og han fylte opp bilen med eigne og andre sine ungar. Etter å ha kjørt Eldstejenta til og frå Ørsta, tok også eg turen til Reset. Minstemann har no fått full kontroll på trekket og i bakkane der, så no må eg gå aleine på tur. Eg gjekk oppover turløypa, men sette etter kvart frå meg skia og gjekk på beina til toppen av Melshornet.





Ein strålande dag med sol og fleire plussgrader!

søndag 27. februar 2011

Basar-søndag på Straumshamn



Dagen i dag gjekk mykje med til å førebu seg til og vere på basar. Barnefaren, Storegut og Veslejenta spelar alle i det lokale korpset, og dei skulle opptre på basaren. Det skulle også Storegut saman med dei andre i bandet "Lommerosk" - dei spelte to songar for eit publikum som talde om lag 100 personar. Som om ikkje dette var nok: Veslejenta og venninna hadde øvd inn ein flott, sjølvkoreografert dans til tonar av Madcon (som hadde konsert i Volda på fredag). Vinnarlukka var ikkje særleg stor, men Minstemann vart lukkeleg eigar av ein pakke gule erter, så no kan kanskje Gamla lage "Pacman-suppe" ein dag?

Legg inn ein video som Eldstejenta tok av bandet. Dei syng/spelar "Fall for you" av Seconhand Serenade

lørdag 26. februar 2011

Lat laurdag

I dag skulle dei to små i selskap heile kvelden, og Veslejenta forsvann ut døra temmeleg tidleg. Storegut var på overnatting hos ein kompis, så Minstemann og eg hadde ein stille og roleg innedag.

Eg har berre ein bunke å rette i ferien, men den blir dryg. 18 elevar har levert inn svar på 136 spørsmål til romanen "Slumdog Millionaire", som vi nyleg har lese. Det skulle bli noko slikt som 2448 svar å lese gjennom, rette og kommentere. Første innlevering tok det over 50 minutt å rette, og den var på 20 sider. Den andre var kortare, men der var fleire skrivefeil å kommentere. Det kan bli ein seig bunke...

Etter å ha henta Storegut, laga middag og levert Minstemann i selskap, gjekk Storegut og eg tur i nesten to timar. Det er framleis mildt og berre litt regn, så det er fint å gå på dei isfrie vegane. Eg set stor pris på å gå slike turar saman med ein av ungane, for det gir eit godt høve til å snakke om laust og fast. Med fire i flokken er det nesten ein luksus å få vere aleine med ein, og det er oftast den eldste eller den yngste som nyt slike privilegium.

fredag 25. februar 2011

Vinterferie!

Kalenderen seier "vinterferie", men ute er det nesten hauststemning, med rundt ti plussgrader og vind. Etter å ha kome meg gjennom jobbdagen, vore på café, handla, henta ungar, laga middag, rydda og vaska klede, har eg no sett meg i godstolen med ei god bok og ein kopp kaffi. Det er berre dei to yngste som er heime, og dei leikar fint på rommet. Brødmaskina, vaskemaskina og oppvaskmaskina jobbar på spreng, og eg berre latar meg 100%. Det skal bli godt med ei friveke, sjølv om eg har ein gigantbunke å lese gjennom. For eit utprega B-menneske som meg er det nesten naturstridig å stå opp i 6-tida, så berre det å ligge i senga til eg vaknar utkvild er ein god tanke. Kanskje får eg gått litt på ski, eller i alle fall turar på beina, og kanskje kan eg sitje i solveggen med ei god bok. Det kan umogleg bli storm og regn HEILE veka, vel?

God ferie til alle andre i same situasjon!

torsdag 24. februar 2011

Hello/Goodbye - årets musikal på jobb

Så var den her endeleg, den store musikaldagen vår. Heile åtte billettar hadde eg kjøpt denne gongen, for "Besta" fekk to billettar i morsdagsgåve.

Det tek si tid å få samla troppane etter ballett, gitartime og SFO, men Eldstejenta og eg fekk skvisa inn ei treningsøkt òg, før alle ungane og foreldra samla seg på hybelen og åt forseinka morsdagskake. Deretter tok vi oss ein tur på den tyrkiske restauranten i Ørsta, der vi bestilte to store pizza og løyvde halvparten (som vi fekk med heim). Nydeleg og mettande pizza var det uansett, så dit skal vi oftare!

Musikalen svara absolutt til forventningane, som var skyhøge. Der var relativt lite dans og få replikkar i årets framsyning, men solide soloprestasjonar og flott korsong. Eit kvalitetsteikn var det at Minstemann ikkje sovna før langt ut i andre akt...

Sjå her for smakebitar frå musikalen

onsdag 23. februar 2011

Fridag i fjøra vol 2



Ungane har vore mykje på fjellet og rent på ski i det siste, og i dag var Storegut sjuk, så vi heldt oss i nærleiken av heimen også av den grunn. Heldigvis er det mogleg å gå fine turar like utanfor huset, og i dag tok vi med oss Nabogut T ned i fjøresteinane. Vi fekk òg selskap av hunden Pelle, som verka overlukkeleg over å få vere med på tur. Ungane og eg mora oss med å kaste kjeppar og snøballar til han.

Om ettermiddagen kvikna Storegut til så han tilbaud seg å passe Minstemann medan vi damene for til Ørsta på ballett. Ja, eg dansa ikkje, men var derimot innom "Besta" og bytta bil - Noten eg kjører rundt i skal på service. Litt shopping vart det òg tid til, før vi kjørte heim og henta Minstemann for å kjøre dei to små på fotballtrening. Sjølv skifta eg til turklede så eg fekk gått meg ein liten tur medan dei trena. Eg kan dessutan legge til at eg retta ein prøvebunke før vi gjekk i fjøra, så i dag har eg verkeleg vore effektiv. No sit eg trygt planta i godstolen og har ikkje tenkt å gjere noko meir fornuftig i dag, faktisk.

tirsdag 22. februar 2011

Gratulerer med dagen, Nevø 2

Jusstudenten i slekta fyller 21 år i dag, og vi gratulerer!

mandag 21. februar 2011

Bok 13 2011: "Noen kjenner mitt navn" av Lawrence Hill

Dette er ein svært tradisjonelt skriven roman. Ein møter i byrjinga ei gammal kvinne som så begynner å fortelje om livet sitt i kronologisk rekkefølgje. Språket er òg enkelt, lettlese og utan for mykje sentimentalitet. Det interessante ved boka er sjølve forteljinga, som omhandlar lagnaden til ei jente som vert røva frå stammen sin i Afrika, ført over havet til Amerika og seinare både til Nova Scotia, Sierra Leone og London. Det skjer mykje undervegs, og det er akurat passeleg realistisk, krydra med litt romantikk og tragedie, men utan at språket verkar svulstig. Slektskapen til "Roots" av Alex Haley er tydeleg. Dette er ei bok som er lett å lese, og lett å like. Likevel er den historiske verdien truleg større enn den litterære.

søndag 20. februar 2011

Søndag: sol, ski og skrekkfilm

Sidan mykje av fredag og laurdag var via vinklubben, hadde eg eigentleg tenkt å bruke søndagen til skitur i solskinet. Barnefaren tok med ungane på Reset både laurdag og søndag - denne helga hadde han ikkje vakt, men tok seg spesielt av Minstemann, som ikkje er så van med å ta trekk. Etter litt akkedering med meg sjølv over frokostkaffien fann eg ut at eg ville bruke dagen til litt husarbeid og ein lang tur etter vegane med lydbok på øyret.

Ut på ettermiddagen kom gjengen att frå skibakken, svoltne og slitne, og då kunne Gamla by på restar frå vinklubben. Etter at alle tre hadde dusja og fått på reine klede, lokka Gamla med filmkos. Eg fekk nemleg pakke frå mine vener i CDON på fredag, og i den låg "Trolljegeren". Det er ein temmeleg spesiell film, noko inspirert av "Blair Witch Project", og med lokale innslag frå distriktet. Storegut hadde sett den før, men vi hine kosa oss. No håpar eg berre at filmen ikkje var altfor skummel for somme av oss, og at alle får sove trygt og godt til natta.

Vinklubb chez moi


I kveld, laurdag, hadde vi vinklubb hos meg. Vi var 11 bygdadamer til bords, og det var svært triveleg, som det alltid blir. Vinane eg hadde valt var chilenske, av drua Cabernet Sauvignon, og maten var kløyvde poteter med timian, nachos, biffsalat og brød. Når "føredrag" og servering var overstått, kunne "vertinna" slappe meir av og prate om laust og fast saman med dei andre. Ein triveleg måte å tilbringe laurdagskvelden på!

lørdag 19. februar 2011

12-konsert i Volda kyrkje


I dag tok vi turen til Volda kyrkje, der dei to mellomste skulle opptre. Veslejenta spelte kornett i ei messinggruppe, og det gjekk veldig fint. Ho har som regel kontroll på det ho styrer med, og ho øver dessutan ein del så vi veit at ho kan det ho styrer med.

Storegut er litt annleis. Han spelar gitar så sant han får tak i ein, så det veit vi at han kan. På skulefesten før jul viste det seg plutseleg at han kan å spele slagverk òg, utan å ha hatt ein einaste undervisningstime. I dag slo han til med song - ikkje verst for ein 13 år gammal gut å synge solo i Volda kyrkje, som er kjend for å ha god lyd! Eg sat på nåler med hjartet i halsen, og pusta letta ut då han var ferdig. Saman med kompisen er han med i bandet "Lommerosk", og dei spelte på karneval på Straumshamn i går kveld. Han er dermed tredje generasjons musikar på farssida.

Gutane og gitarlæraren spelte "Times like these" med Foo Fighters. Dei same gutane og eg skal til Oslo på Foo Fighters-konsert i juni, og det er fullt fortent for dei to. Den songen er ein av dei mange favorittane mine, forresten, og de kan høyre originalen her
 - eller i ein akustisk versjon  her 

It's times like these that make me really proud

fredag 18. februar 2011

Kvelden før kvelden

Fredags ettermiddag og kveld har gått med til å førebu morgondagens vinklubb. Det blir alltids litt styr når ein skal handle inn, lage manus, vaske og ordne, og pynting er ikkje mi sterkaste side - det heller. Lukka var derfor stor når Eldstejenta kom i hus og hjalp til. Noko er kjøpt inn nytt, men vi supplerte med pynt frå konfirmasjonen hennar. Dei mest oppvakte blant dykk legg kanskje merke til at vi ikkje har dekt med glas. Når gjestane kjem, har dei med seg tre glas kvar til å ha vinane i. Det er eit system vi har hatt heile tida, for elles måtte alle i vinklubben ha om lag 50 vinglas ståande i skapet til pynt.

På menyen i morgon står chilensk raudvin av druetypen Cabernet Sauvignon og sjølvkomponert "chilensk" mat. Eg er spent på om det blir ok mat - gjestane er alltid heilt topp, så det skal uansett bli kjekt!

torsdag 17. februar 2011

Gamla i ungdomslaget

I kveld hadde vi årsmøte i det lokale ungdomslaget, og eg vart attvald som styremedlem. Kanskje er eg noko for gammal, med mine 42 1/2 år, men ved nærare ettertanke er eg det perfekte styremedlem. Eg disponerer bil, har røynsle frå lagsarbeid, kan ause ut livsvisdom, likar å arrangere og planlegge, likar at born og unge har det kjekt og kan bake kake til basar. Eit ungdomslagsstyre treng ikkje vere ungdomar - dersom dei vil arbeide FOR ungdomane må det halde i massevis. Dessutan er der ei som er enda eldre, så ho må vrakast først (om eg ikkje er ungdommeleg, er eg i alle fall utruleg barnsleg).

Bok 12 2011: "Midnattsbarn" av Salman Rushdie

Dette er ei svært spesiell bok som både omhandlar Indias nyare historie og ein eventyraktig "sjølvbiografi". Skrivestilen er òg spesiell, med sparsom bruk av teiknsetjing og noko som kan minne om "stream of consciousness". Nokre reknar boka som den beste boka til Rushdie, sjølv om den kom i 1981, lenge før den meir berømte "Sataniske vers". For meg vart dette noko uforståeleg og altfor tunglese. Det er ikkje dermed sagt at det er ei dårleg bok, men ein treng truleg meir kunnskap om India i perioden 1947 - 1981 for å få noko ut av det heile.

onsdag 16. februar 2011

Dagens søtaste?

Når vi har frionsdag, plar Minstemann og eg å gjere leksene ekstra grundig. Når han ikkje har så mykje lekser, har vi ei kryssordbok han får bryne seg på. I dag fann eg eit Valentinskort i sekken hans, og guten var gledesstrålande. Ikkje så mykje på grunn av det som stod i kortet, men fordi jenta hadde lagt tre kronestykke inne i kortet.

tirsdag 15. februar 2011

Handlenett og netthandel - eg lærer aldri

Når eg handlar daglegvarer, blir eg alltid litt flau når eg ber om ein pose eller to til å ha varene i. Eg har nemleg ei større samling slike posar heime, og eg tenkjer ofte at eg burde ta med ein pent brukt pose til butikken for å spare miljøet for søppel. I ettermiddag hadde eg ein liten rydderazzia etter at eg kom heim med nok eit handlenett, kjøpt på ein butikk der eg tidlegare har kjøpt to tøynett til å ha varer i (skal tru kvar dei er?), og eg fylte to handlenett med andre handlenett. Det eine skal eg rett og slett kaste, sidan det kanskje ikkje er håp for meg når det gjeld gode intensjonar kombinert med plastemballasje.

Ei anna svakheit gjorde seg gjeldande i kveldinga, medan Minstemann og eg kosa oss med teiknefilm og Tysdagskos (og då meiner eg ikkje sjokoladen vi trykte i oss). Eg er på utkik etter ein film frå Afrika, til å vise i internasjonal engelsk, og så skulle eg berre sjekke om eg fann nokre aktuelle titlar. Etter ti minutt hadde eg sendt ei bestilling til CDON, der eg truleg vert rekna som VIP-kunde snart. Snart får eg pakke i posten med lydbok, barnefilm, damefilm og konsertopptak. Ja, og så ein film om Afrika, då...

søndag 13. februar 2011

Bok 11 2011: "Prosten og han forunderlige tjener" av Arto Paasilinna

Bøkene til den finske forfattaren har nokre fellestrekk, som at det ofte handlar om ei reise, og at humoren er særeigen. Denne romanen er ikkje noko unntak.

Ein prost får ein bjørnunge i gåve. Bjørnungen er morlaus fordi mora, i fylla, klatra opp i ei elektrisitetsmast for å få tak i ei kokke, som i sin tur hadde blitt skremd til å klatre opp i masta av den same bjørnemora. Begge døyr, og prosten held ei preike i gravferda til kokka der han ramsar opp alle dei kulinariske spesialitetane ho kunne lage. Folk i gravferda skundar seg heim etterpå, sidan talen til prosten har gjort dei svært svoltne. Slik begynner det underhaldande og heilsprø eventyret om prosten, bjørnen, den unge (kvinnelege) bjørneforskaren og flokk andre store personlegdomar. Tragiske hendingar blir ustyrteleg morosame, og ein finn nokre døme på lattarleggjering av sider ved samfunnet generelt, og religion spesielt.

Dersom ein likar bøkene til Paasilinna, må ein like denne.

Morsdag, Del 2




Medan dei to mellomste var i bakken, gjekk Minstemann og eg i turløypa nedom parkeringsplassen på Reset - den løypa som går over gangbru og held fram inn gjennom skogen på høgre side av trekka. Det var ein fantastisk dag, og 8 minusgrader kjennest mildt og fint ut når sola skin og det omtrent ikkje finst vind.

Morsdag, Del 1



Morgonstund har gull i munn, og i dag stod eg opp i 8-tida for å gjere dei to mellomste klar for ein dag i skibakken. Dei to yngste kom med kort til meg medan eg framleis låg under dyna, og Barnefaren stilte med fine og nyttige gåver: teflonpanne og vinopnar.

lørdag 12. februar 2011

Haba Haba - vi heiar på Stella!

Morsdagsfeiring og MGP







Av praktiske årsaker feira vi morsdag i Ørsta ein dag før den eigentlege morsdagen, som skal feirast i morgon. Systa hadde med sine to yngste, medan eg hadde med heile rabbegjengen min, og vi fekk servert nydeleg rømmegraut og mykje både attåt og etterpå.

Det var ein vakker dag med sol, snø og om lag 10 minusgrader, men det vart mest inneliv i dag, bortsett frå at Nevø 3 og Morfaren var ute og fiska, og ungdomane gjekk ut og tok bilete.

No i kveldinga kosar vi oss med norsk finale i MGP, der vi heiar på Stella.

torsdag 10. februar 2011

Bok 10 2011: "En hjelpende hånd" av Trude Teige

Boka begynner bra. Nokre uventa dødsfall på ein sjukeheim vekkjer mistanke, og ein pleiar vert myrda. Ein 10 år gammal gut vert òg drepen, og vi anar ein samanheng. Sonen til Kajsa Coren vert bortført, og spenninga stig. Etter mitt syn flatar historia noko ut etter kvart; boka berre varer og varer lenge etter at oppklaringa er klar. 

Foo Fighters 24. juni?

Eldstejenta skal på konsert saman med nokre venninner. Storegut har masa på Barnefaren om å få reise han òg. Ingen masa på Gamla, som faktisk både har ferie på den tida og lyst på konsert. Det har sikkert noko med min lite rocka image å gjere. Kan hende blir det "guttetur" på Gamla, Storegut og Kompisen, og dermed jonsokfeiring i Oslo i år.

Det hadde ikkje vore så dumt!

onsdag 9. februar 2011

Stemningsskifte

Fri-onsdagen denne veka vart blant dei meir innhaldsrike. Det begynte roleg, med ein sein frokost, så gjorde vi unna litt skule- og husarbeid før vi stakk bort til Nabo T, som freista med sveler steikte på takke ute. Der var det liv og røre (i tillegg til svelerøre, så klart) med til saman sju born og fire mødrer.Vi kosa oss med nydelege sveler og god prat medan ungane herja og leika, og så var det på tide for meg å drage med dei to yngste til Ørsta, der Veslejenta skulle danse klassisk ballett. Minstemann og eg handla i mellomtida, og då Veslejenta var ferdig med timen sin, stakk vi innom Amfi og handla klede på sal. Ein tur på biblioteket vart det òg.

Attende på Folkestad skulle dei på fotballtrening. Då gjekk eg meg ein tur i mellomtida, og så stakk vi heim og laga oss middag. Så var det på tide for meg å hente Storegut, og vips var klokka 21.00.

Møkkamora frå måndag er erstatta av Taxi-Mamma, som er så usannsynleg grei å ha. Som lagar det ungane ønskjer seg til middag (pølser med brød), låner kjekke bøker på biblioteket og handlar klede - ja, til og med ein liten legofigur tok eg meg råd til i dag. Viss ungane vil, skal eg lese eit kapittel eller to til dei før dei somnar. Eg er ikkje så verst som mor når eg berre får kvilt meg litt...

tirsdag 8. februar 2011

General Masekopp

No må de stå opp!

Dagens første kommando begynner i 7-tida. Eg er sjølv både B-menneske og har tendensar til å vere morgongretten, så ungar som ikkje står opp ved første innkalling er ein direkte provokasjon.

No må de STÅ OPP!

Sjølv sprett eg motvilleg ut av senga og har frukosten klar til dei små håpefulle (eller til tider håplause) entrar kjøkkenet. Matboksane står klar til å bli fylte, brødet er nybaka og oppskore, bordet bugnar av sunt og godt pålegg, i tillegg til Minstemanns obligatoriske Nugatti.

No MÅ de stå opp!

Ein etter ein kjem dei ned trappa, set seg til bords og får sine instruksar. Lag niste, et frokost, ta på deg reine klede... Lista er lang. To dagar i veka må eg forlate åstaden før ungane, og då er det meir som må hugsast. Lyset, maten, låsing av døra, badeklede, ferjepengar og uteklede. Sidan opp til fleire av dei er noko distré, medan andre har ein overutvikla sans for rettferd, får kvar og ein sine personlege ansvarsområde.

Så kjem sanninga for ein dag. Måndag er langdag med middagsdate og ballett i Ørsta, og Storegut måtte hentast før vi fann vegen heim nærare 21.00. Der var døra ulåst, og på kjøkkenbordet stod alt pålegget, mjølka og juicen frå frokosten. Mykje av maten måtte kastast, og det var ikkje første gongen.

Er det nødvendig å vere så sur?

Det er ein av ungane som spør. Og eg tek meg saman. Ryddar kjøken, kastar mat, dekkjer på att og lagar kveldsmat.

Så er det klar for - ja, de har vel allereie gissa det.

No må de legge dykk!

Jammen, dei har ikkje gjort ferdig leksa. Fram med bøkene, lese gjennom, kommentere og rose.

No må de LEGGE DYKK!

Nokon ventar på at nokon andre skal bli ferdige med eitt-eller-anna, og dessutan er det noko spennande på TV og Mamma må få høyre om noko som har skjedd...

No MÅ de legge dykk!

Det vert endeleg stille, sjølv om gullungane neppe søv enno. Gamla set seg ned med dataen og koplar av med litt blogglesing og denslags. Ikkje lurt. For andre mødrer får det så godt til, dei har "verdas beste" sambuarar, "verdas skjønnaste" ungar, tusen fantastiske "bestevennar" og er så lukkelege at det ikkje er måte på. Dei kosar seg, styrer med interiør, handarbeid og matlaging, bestiller Sydenturar til familien - ja, det er visst berre eg i heile verda som er totalt mislukka både som mor og husmor. Som heller burde ha vurdert ein karrière i Gestapo (synd dei er nedlagt?) eller som befal i militæret. Eller kanskje manglar eg naturleg autoritet, så det ville ha blitt det same der.

"Giv akt"!

"Giv AKT", sa eg!

No MÅ de gi akt!

søndag 6. februar 2011

RIP Gary Moore

Som svært ung høyrde eg "Empty rooms" og tenkte at dette var nok ein smørsyngande balladesjarmør. Ikkje lenge etter vart eg kjend med "Military Man" og andre røffare songar som "Out in the fields" og "Over the hills and far away". Eg var stor fan av Gary Moore heilt til han vende om og begynte å spele blues, noko han hadde gjort i sine yngre år - derav storsuksessen "Still got the blues", som eg ikkje var så begeistra for.

Då eg såg bilete av han første gong, vart eg òg litt skuffa. Han var nemleg langt frå så pen som stemma og gitarlyden tilsa. Seinare syntest eg det gav han ei ekstra tiltalande side at han hadde blitt kutta opp med ei flaske i andletet under gateslagsmål i Belfast.

I dag kom meldinga om at Gary Moore (eller Geir Meir, som vi pla kalle han) er død.

Eg legg inn ein bluessong fordi teksten passar så godt, men innrømmer at eg framleis likar den rocka sida hans best.

Rainy Sunday



I dag var det grått, og regnet sildra ned mykje av dagen. Det stoppa sjølvsagt ikkje Minstemann og meg - vi gjekk tur med hundane både før og etter middag. Barnefaren serverte "ballj", og som vanleg åt eg for mykje når eg fekk noko godt. Då hjelp det å gå ein tur ut. Kvelden elles blir nokolunde roleg, trur eg.

Bok 9 2011: "Røsten" av Arnaldur Indridason

Bøkene til den islandske forfattaren er spennande på ein litt passiv måte. All dramatikk er tilbakelagd handling som vert nøsta opp i boka, så den eigentlege handlinga er at politiet har samtalar med diverse andre menneske. Mordgåta i denne boka er ein tidlegare korgut, utkledd som julenisse, som vert funnen død i kjellaren på eit hotell. Det er ei stund sidan sist eg las Indridason, men eg trur denne var blant hans betre. Vanlegvis er der meir historisk faktakunnskap i bøkene hans, men denne har meir fokus på handlinga, som ein lett lever seg inn i.

fredag 4. februar 2011

Bok 8 2011: "Kvinnen i plast" av Kjell Ola Dahl

Denne forfattaren er ny for meg, men eg kjem nok til å kaste meg over fleire bøker av han, sjølv om denne vert sagt å vere hans beste.

Boka inneheld fleire drap, nokre gamle historier som vert rulla opp og menneske som viser seg å ha godt løynde svin på skogen. Dette er god krim for oss som liker dei realistiske historiene betre enn science fiction. Lause trådar vert nøsta opp utan at ein har gissa alle poeng på førehand, og personane vert karakteristiske nok til at vi greier å halde dei frå kvarandre. Handlinga er spennande og ikkje altfor komplisert, så det er lett å følgje med i lydboka medan ein gjer andre ting - eg har mellom anna gått tur, jogga på tredemølle og montert møblar medan eg høyrde på den. Ein kveld eg var ute og gjekk i mørkret, vart boka i overkant spennande, og eg er ikkje kjend for å vere mørkeredd.

Karbo-kick

Eg er ikkje akkurat overvektig, sjølv om eg heller ikkje lenger kan titulere meg som undervektig. Nokså passeleg, med andre ord - i alle fall i følgje tabellar eg har sett. Det er derfor ikkje nødvendig å kutte ut karbohydratar eller liknande, og det er eg glad for. Eg er frykteleg glad i brød, lagar meg ofte nudlar til middag og ELSKAR bakverk som er kokt i feitt. Berlinerbollar, til dømes, er noko av det beste eg veit. I dag gjorde eg den tabben å berre kjøpe to...

Det blæs og regnar ute, så det blir ingen tur ut i kveld. Det blir heller pledd, te og tv, tenkjer eg. Eller lydbok og facebook. Det er deilig å kunne slappe av etter ei hard jobbveke (finst der andre sortar veker?). God helg til alle der ute!

torsdag 3. februar 2011

Mamma i avisa!

"Besta" er blitt intervjua av lokalavisa om bokblogginga si, og i dag kom intervjuet på trykk. Eg synest det er fint å sjå pensjonistar intervjua om anna enn helsespørsmål og straumprisar!

onsdag 2. februar 2011

Fridag i fjøra

I dag var det nokolunde opplett ei stund, og Minstemann og eg gjekk tur i fjøra. Vi likar godt å sjå etter fine steinar og sneglehus, og så prata vi om laust og fast - mest om Star Wars og anna som opptek poden for tida. Etterpå vart det pannekakesteiking - det er tredje gongen vi lagar pannekaker når Barnefaren kjører Veslejenta på ballett på onsdagar, så no er det kanskje blitt ein tradisjon.

tirsdag 1. februar 2011

Emperor Palpatine og Minstemann - skilde ved fødselen?

Hello/Goodbye

I dag starta salet av billettar til årets musikal ved skulen. Datoane for framsyningane er 22. og 24. februar, og sidan halve familien spelar i korps tysdagane, vart torsdag den beste dagen for oss. For dei som har vore innom bloggen min dei siste månadene, er verken emne eller entusiasme noko nytt, men eg tek oppatt at eg sidan november/desember har høyrt mykje på bThe Beatles, og at dette viste seg å vere valet av emne til musikalen. Då eg fekk vite det, vart eg sjølvsagt i fyr og flamme, og eg såg filmen "Across the universe", som musikalen visstnok skal innom handlinga i.

Eg var først ute av alle som ville ha billettar til torsdagen, og kjøpte til heile min familie + foreldra mine. Det blir spennande!


Les meir om musikalen her

Eg legg ved min favoritt når det gjeld coverversjonar av Beatlessongar, nemleg Joe Cockers fantastiske versjon frå Woodstock. Det er ikkje berre nydeleg framført, men ein vakker tekst som verkar langt meir inderleg og ektefølt i hans versjon enn i originalversjonen.