søndag 25. april 2021

Genser nummer sju: "Chunky Dahlia" til Eldstejenta


Eldstejenta hadde lyst på ein "pusegenser", og Gamla hadde lyst til å lære seg å strikke med ulike teknikkar. Eigentleg var tanken å strikke nokre bomullsklutar i ulike teknikkar, men her går ein hardt ut når ein først satsar. Mønsteret "Chunky Dahlia" er berekna å bli strikka med to trådar samstundes. Det såg eg mørkt på, sidan mønsteret i seg sjølv kom til å bli krevjande nok. Fargeutvalet var dessutan noko avgrensa, og Eldstejenta ville ha pastellfarga blå eller gul, noko som ikkje fanst i dette garnet. Dama i strikkebutikken, som forresten er kollega av meg og nesten sambygding, foreslo då å bruke "Børstet Alpakka" frå Sandnes garn, og det er det mest fantastisk mjuke eg har halde på med. Sidan eg valde ein lysegul farge, fekk eg assosiasjonar til nyklekka kyllingar. Før eg tok til, strikka eg ein prøve  på mønsteret i noko restegarn eg hadde liggande, noko eg seinare rekte opp. Eg tenkte det kunne bli problematisk å rekke opp og strikke om att det pusete garnet utan at det vart stygt. Ved bruk av youtube og djup konsentrasjon fekk eg til mønsteret i berestykket, og deretter strikka eg nedover bolen og erma. Fredag festa eg trådane og sende genseren til Oslo. Eg skal strikke fleire etter same mønster, men tenkjer å bruke tynnare pinnar for at genseren skal bli mindre "chunky". Eldstejenta måtte derfor få tilsendt genseren så ho kan prøve den og seie si meining. Eg strikkar noko anna så lenge. Sjølvsagt.

Bok 33 2021: "Tvillingenes dagbok" av Agota Kristof


Det er krig, og mora overlet tvillinggutane sine til mor si på landsbygda, der dei vil vere tryggare. Denne bestemora er ufyseleg på så mange vis, og gutane tilpassar seg det nye levet ved å bli tøffe og harde. Det skjer fryktelege ting, og alt blir fortalt på ein uhyggeleg, enkel måte. Denne boka kjem til å sitje i ei stund, den er berre utruleg spesiell. Etter det eg har forstått, er dette første bok i ein trilogi, men førebels er berre den første blitt lagt ut på Storytel. 

søndag 18. april 2021

Genser nummer seks, Føyka nummer 3

Eg gjorde ferdig denne genseren førre helg, men festa ikkje ferdig trådane før måndag. I dag, søndag, kom endeleg Minstemann og fekk prøve genseren. Den er rikeleg stor, enno, og skikkeleg varm, då den er strikka i varmt garn (Troll) som ofte ligg tredobbelt.Guten var svært nøgd, og fargane har han valt sjølv.


Bok 32 2021: "Death message" av Mark Billingham


Tom Thorne mottek bilete av ein død mann på telefonen sin, og spørsmåla er kvifor nokon sender slike bilete, kven som gjer det og kva dei vil oppnå. Denne boka var eigentleg litt dårleg, og eg gir dermed opp forfattaren Billingham og finn noko anna enn krim. Kanskje vart det nok av sjangeren, og kanskje er det noko med at desse lydbøkene truleg er forkorta utgåver, slik at samanhengane plutseleg blir borte for meg. Eg veit ikkje, men no vart det i alle fall nok.

Tur til Refviksanden og Kråkenes fyr

Då snøen endeleg stogga og sola skein på dagtid, sat eg sjølvsagt noko nedelesst i rettingsarbeid. Laurdag fekk eg ei "leidebyge" aldeles, så etter noko rettingsarbeid kom Bladfyken og tok meg med på kveldsutflukt til Refviksanden og Kråkenes fyr. Det var ein fantastisk ettermiddag/kveld med varm sol og ingen vind, og der var mange bubilar parkerte ved refviksanden. Det såg litt hyggeleg ut å campe, noko eg trudde eg hadde fått nok av for lenge sidan. Også ute ved fyret var det vindstille og heilt ufatteleg fint. Ikkje eit snøfnugg å sjå, men derimot kusymre og gjødselspreiing som gir håp om at våren er komen for å bli.





Eigentleg ville vi gå tur blant vindturbinane oppe på fjellet, der anleggsvegane har blitt populære turvegar, men på det tidspunktet var eg så svolta at eg trua med å late livet. Vi køyrde mot Eid, og stogga så og kjøpte burger på Stårheim. Det smakte himmelsk, og leidebyga var brått over.

Snøen som fall i år



Det begynte å snø på tampen av påska, og så heldt det fram med snø og kulde i over ei veke. Berre hunden syntest det var gøy, for å seie det slik. Det har blitt ein del turar i nærmiljøet, men ikkje for mange heller. 

lørdag 10. april 2021

Bok 31 2021: "Svensken" av Guro Hoftun


Ein svensk mann bur i eit slags kollektiv i Oslo saman med to arbeidskameratar. Dei har som jobb å montere balkongar på byleilegheiter. Handlinga er relativt triviell, men boka er òg eit skråblikk på det norske samfunnet, og både balkongane og stillasa vert symbolske, på ein måte. Eg likte boka veldig godt, då den sa mykje om tida og landet vi lever i.

Bok 30 2021: "Buried" av Mark Billingham


Ein ung gut vert kidnappa, og foreldra melder ikkje saka før det har gått eit par dagar. Faren er tidlegare politimann, og Thorne likar ikkje fyren. Politimannen må lage ei liste over kriminelle som kan ønskje å hemne seg, og dermed får ein innblikk i eldre kriminalsaker som kanskje har ein samanheng med kidnappingssaka. Midt i det heile vert kidnapparane funne døde, men den kidnappa guten er framleis borte.

Bok 29 2021: "Lifeless" av Mark Billingham


Etterforskar Thorne har ei merkeleg rolle i denne romanen. Han er noko ute av seg på grunn av eit dødsfall i familien, og så jobbar han "under cover" i ei sak der nokon tek livet av heimlause menn. Thorne lever altså som heimlaus, og i dette miljøet trivst han faretruande godt, samstundes som det er fare for at mordaren slår til igjen. Boka er interessant fordi det vert peika på fleire årsaker til at nokon endar opp med å bu på gata, og ein får dessutan innsyn i ei anna side ved kjende strok i London.

mandag 5. april 2021

Siste påskedag 2021

Etter mange fine fridagar har vi no kome fram til den siste i rekkja. "Den stille veka" har i år vore aanten stille eller ikkje stille i det heile tatt, slik det er når ungdomar kjem heim til mor. Innimellom måltida har eg strikka ein genser (5 genserar på åtte veker), lese bøker, sett seriar, retta prøver og gått tur. Første påskedag (i går) kom det brått mykje nysnø, etter ein dag med storm, og i dag er det full vinter ute. Trondheimsstudentane reiste for ei stund sidan, og denne gongen køyrer dei "ytre", med alle ferjene. Det er ikkje så lenge før Veslejenta kjem heim att, men begge skal jobbe her i området i sommar. Eldstejenta kjem heim i juni; også ho skal ha sommarjobb her. Det har vore svært hyggeleg med meir liv i leiren, og det er nesten uverkeleg at det i morgon igjen er kvardag og koronafare. 


Veslejenta i sin "Føyka", strikka i Troll-garn frå Hillevåg.

søndag 4. april 2021

Bok 28 2021: "Scaredy Cat" av Mark Billingham


Ei ung kvinne vert knivstukken og drepe etter at ein mann har følgt etter henne frå undergrunnsstasjonen. Ei anna kvinne vert funnen på same måte, drepen om lag samstundes. Fleire andre mord har gått føre seg på same måte, med to nesten identiske drap samstundes. Det vert klart at ein ikkje berre har å gjere med ein mordar, men med eit mordarpar, og ein får i tillegg ei parallell historie om ein oppvekst utanom det vanlege.

Bok 27 2021: "The Burning Girl" av Mark Billingham


I denne boka går brotsverka føre seg i eit miljø med "organized crime", det vil seie eit slags mafiaoppgjer i London. Ei ung jente har blitt sett fyr på ei tid tilbake, og ho tek livet av seg etter å ha levd eit par år med store brannskadar. Jenta var ikkje det eigentlege målet for angrepet, då angriparen tok feil av henne og venninna, som var dottera til ein kriminell. Eg er ikkje så interessert i denne typen kriminalgåter, så denne boka var ikkje så spennande etter min smak.

lørdag 3. april 2021

Bok 26 2021: "Lazybones" av Mark Billingham


Denne gongen løyser Tom Thorne ei kriminalsak der nokon skriv brev til dømde valdtektsmenn i fengsel og ønskjer å møte dei. Deretter vert dei drepne. Eg likte denne boka betre enn den førre boka i serien, då løysinga var meir realistisk.

Bok 25 2021: "Sleepyhead" av Mark Billingham


Eg fann ein ny krimforfattar, og dermed blir det nokre engelske krimlydbøker på meg. Første bok i serien om Tom Thorne handlar om Alison, som ligg i koma etter eit slag. Tre andre kvinner har døydd, og ein trur først at Alison har blitt utsett for eit mislukka mordforsøk. Etter kvart viser det seg at det er dei andre kvinnene som er blitt utsett for mislukka forsøk på det Alison har blitt utsett for.