lørdag 31. mai 2008

Fødd pessimist

Mange har like stor glede av å sjå fram til noko som sjølve det å oppleve det. Eg gler meg sjeldan til noko. Ikkje skikkeleg, i alle fall. Viss eg skal på noko som eg eigentleg trur vil bli kjekt, stålset eg meg sjølv og tenkjer at noko kjem til å skjere seg. Oftast gjer det ikkje det, og festar og reiser m.m. blir mykje kjekkare enn eg hadde tenkt på førehand. Då kan eg verkeleg la meg rive med, og minna etterpå vert dobbelt så gode fordi eg samtidig er letta over at det gjekk betre enn venta.

Etter konfirmasjonen bestemte eg meg for å lag ein skikkeleg fest i høve det komande jubileet mitt. Det skulle vere ein laid-back fest utan stress og styr, med papptallerkenar og serviettrestar frå konfirmasjonen. No er snart dagen komen, og for første gong på lenge gler eg meg skikkeleg. Sjølvsagt er eg spent på korleis ei forsamling med vener og kjende frå ulike stader og miljø vil fungere, men eg har stor tru på at dette blir eitt av dei store høgdepunkta i år. I dag har eg laga mat og kosa meg med det medan eg har tenkt på alle som skal kome og kor kjekt det skal bli.

Denne nyvunne optimismen skremmer meg ikkje så reint lite, og inst inne tenkjer eg at når eg for ein gongs skuld gler meg grenselaust til noko, så MÅ vel det bli heilt mislukka?!

torsdag 29. mai 2008

Historia om ein rododendron


Då nummer 3 vart fødd, delte eg rom med ei hyggeleg dame som viste seg å vere frå nabobygda her (vi budde ikkje her då, så eg hadde aldri møtt henne før). Då vi eit år seinare mangla barnehageplass, spurde eg denne dama om ho kunne tenkje seg å passe jenta vår. Dette førte til to gode år for to etter kvart gode vener. Jenta vår fekk vere med på kalvefødslar, og ho drakk skikkeleg heilmjølk medan ho var der. Då dagmammaen skulle slutte å passe, kjøpte eg ei rododendronbuske som avskjedspresang. Buska var delvis avblomstra då eg kjøpte den, og dei siste, visna klasane datt av på veg heim frå butikken. Dagmammaen fekk dermed ein litt merkeleg presang; ei buske utan blomar og ein visna blome. Eg sa då at denne buska kom til å bløme kvart år når ungane våre har bursdag - og jammen har eg hatt rett. Rododendronen er no fem år og har blitt til ei stor og kraftig buske med utruleg flotte blomar. I dag kom dagmammaen med ein fin bukett då ho henta sonen sin i selskapet vårt. Ho fekk forresten jobb i barnehagen der nummer 3 fekk plass då ho var tre år, og ho jobbar der enno og tek seg godt av nummer 4.

Nummer 3 er 8 år!




I dag begynte bursdagen med gåver frå familien, og så hadde vi barneselskap med 17 gjester i tillegg til våre eigne i halv seks-tida. Eg hadde sjekka vermeldinga i god tid før selskapet, og det må seiast å vere perfekt selskapsver med lettskya opphaldsver og deilig temperatur. Vi grilla hamburgarar og pølser, og så hadde eg baka ein åttegodtekatt (tradisjon i heimen når nokon blir 8 år). I tillegg hadde vi snacks og meir brus enn frykta. Heldigvis hadde vi eit par kasser att frå konfirmasjonen så vi ingen trengde å reise tørste heim - eller drikke vatn.

onsdag 28. mai 2008

Fridag?

I dag har eg klipt plenar, vaska klede, bakt bursdagskake, kokt middag, kjørt på fotballtrening og sykla til saman ei mil med hundane. Gubben er på overnattingstur på Bjørkedalen (!!!) med jobben, så eg er aleinemor med ansvar for bading og legging. Ja, og så har eg skifta på alle sengane. No i kveldinga skal eg rydde ferdig, vaske eit par golv og så får vi sjå om det blir tid til å brette ein klesvask til før leggetid. Eg har ikkje noko passande bilete som illustrasjon, sjølv om det kunne ha vore freistande å ta eit sjølvportrett. Forresten så fekk eg sola meg ein time i den nye solstolen, så eg skal ikkje klage. Og så fekk eg teke att nokre skritt som mangla frå førre veke, då eg enno var slapp etter sykje. Aldri så gale...

tirsdag 27. mai 2008

Shopaholic Takes Manhattan


Nokre bøker er pinleg lettlesne og enkle. Bok nummer 14 var ei slik, men alibiet er at eg las den på engelsk. Og at det var sol på plattingen. Og at Becky Bloomwood får meg til å føle meg fornuftig og økonomisk. Dette er altså del 2 av "Shopaholic"-serien, og den same boka har òg tittelen "Shopaholic Goes Abroad" av ein eller annan grunn (eg trur det har noko med UK og USA-versjonar å gjere). Bøkene minner om Bridget Jones-bøkene, men, som tittelen indikerer, legg forfattaren mykje vekt på det problematiske forholdet Becky har til shopping. Det er ufrivilleg engasjerande og humoristisk, og det passar godt med slikt lesestoff no når dagane på jobb er så fylte av snakk om streik og eksamen.

Hagen i dag




Den observante lesar vil sjå at tulipanbedet enda opp som meir "fargesprakande" enn først frykta. Eg er begeistra for kvite tulipanar, men i bedet har til dømes dei gule/raude større effekt. Elles så blømer løytnanshjerta, ein annan favoritt som passar godt i ein gammal hage.

Apropos gammal, så har vi ein syrin som må vere temmeleg gammal, og den òg blømer no. Rododendronane har derimot ikkje tatt av enno - dei er òg gamle, og så er dei av ein sein type, men dette er noko seinare enn normalt. Plenen er eit kapittel for seg, og så er det kantar som må klippast og ugras som må rykkast opp. Dessverre så er eg meir glad i å lese enn å luke.

mandag 26. mai 2008

Eksamen

På jobb er det rolege dagar for oss lærarane medan elevane har eksamen - faktisk har vi det ALTFOR roleg. Vi sit nemleg vakt, noko som består av å sitje og kike på elevane og dataskjermane deira. I dag var eg så heldig at eg fekk gå etter 1 time i staden for 2 1/2 fordi elevane leverte så lenge før tida. Det var gode oppgåver både i dag og torsdag, og det er alltid greitt å sjå at ein har førebudd elevane etter beste evne. Etter å ha blitt inspirert av finalen i "Puls" gjekk nummer 3 og eg tur i skogsvegen med hundane. Eg slit enno med etterverknader av sykje, men det går framover. Det var deilig å gå ein skikkeleg tur med lukt av hegg og tilløp til sol. Og så er det mykje meir min stil å gå tur enn å sitje stille og stirre på elevar...

lørdag 24. mai 2008

Bok nummer 13 i 2008: "Sjiraffens tårer" av Alexander McCall Smith


Andre bok i serien om "damenes detektivbyrå nummer 1" er no med på lista over lesne bøker. Ingen stor litteratur, men passe pretensiøst på ein dag som denne. Minsteguten og eg var i barneselskap, og etter det har vi kosa oss ute. Resten av familien dansa ballett i fineveret. No er det snart Grand Prix - eit av årets store høgdepunkt for ein gammal entusiast. I fjor var det norske bidraget redselsfullt, og det kom ikkje til finalen. I år er vi med, men eg er no ikkje så overbegeistra for songen. Den er komponert av ein femtenåring, og slik høyrest den ut òg. Men eg er sjølvsagt patriot ein slik dag, så vi heiar på Maria.

tirsdag 20. mai 2008

Bride and prejudice


Livet er liding, ifølgje Buddha. Personleg har eg vore litt einig siste veka, då eg har vore plaga med sykje. Eg har slept meg på jobb dei siste dagane, og ungane har vore sjuke på skift. Eldste og yngste barn låg sjuke saman med meg i helga, så det var berre halve familien som feira 17. mai i år. Norskelevane mine skal kjempe seg fram til eksamen torsdag og måndag, så no har eg hatt gode timar eit par dagar. Russetida er over, alvoret har begynt - akkurat slik eg likar det best. Men i engelskklassa har vi hatt eit morosamt prosjekt i det siste. Vi såg først filmen "Pride and Prejudice", basert på romanen med same namn - av min tidlegare nemnde favoritt Jane Austen. Rett etterpå har vi no sett "Bride and Prejudice" - ein slags Bollywoodvariant av den førstnemnde filmen. Av og til er det befriande å sjå nydelege menneske som får kvarandre til slutt, flott dans, fargerike kostyme og høyre fengande musikk. Fin opplading til kveldens Grand Prix semifinale...

Nevø nummer 4 har fylt år


Litt forseinka helsar vi til ein kjekk kar på Kongsberg som no er seks år og snart klar for skulestart.

onsdag 14. mai 2008

Hurra for 2xSvigermor


Ein kjenning av oss har vore i Syden siste veka, og der møtte han svigermor - trudde han. Det var imidlertid tvillingsystera hennar! Vi i næraste familie tenkjer ikkje over at dei er like, men på gamle bilete er det nesten umogleg å seie kven som er kven. Då dei to damene var 50, feira vi samtidig 70-årsdagen til mora deira. Eg har ofte tenkt at det må ha vore tøft å få tvillingar i så ung alder - og det under krigen, attpåtil. I dag er dei 67, og vi gratulerer så mykje!

Bok nummer 12: "The Secret Dreamworld of a Shopaholic"


Eg sa at eg skulle finne ei bok som stod i kontrast til "Kafka på stranden", og jammen fann eg den mest trivielle og humoristiske boka eg har lese på lenge. Ingen stor litteratur, for all del, men noko à la "Bridget Jones"; ei ung, singel og urban jente (Rebecca Bloomwood) prøver å skjule for omverda at ho synest jobben er keisam og at shopping og TV-titting er toppen av lukke. Alt botnar i eit dårleg sjølvbilete (på grunn av arbeidarklassebakgrunn?). Paradokset ligg i at ho arbeider som journalist i eit finansmagasin men har overtrekt alt av konti og kredittkort. Akademisk alibi: eg las den på engelsk. Faktisk følte eg meg så fornuftig og velorganisert etter å ha fullført romanen at eg i ekte Rebecca Bloomwood-stil bestilte resten av serien på nettet.

mandag 12. mai 2008

"Fargesprakande blanding"


I haust sette eg ut tulipanar og narsissar i "fargesprakande" blanding, og endeleg kjem det litt anna enn gule påskeliljer og rosa-lilla tulipanar. Yndlingane mine hittil er kvite tulipanar og nokre småblomstrande narsissar. Hittil ingen pinseliljer som dei eg hugsar frå barndomen...

Langevatnet




Med tre sjuke barn i heimen er det kanskje ikkje så snilt å gå på tur, men dei tre sjuke ville gjerne vere for seg sjølve. Særleg letta vart dei då vi tok med oss veslebroren, som førebels er svært frisk. Vi gjekk til Brundalen og vidare inn til Langevatnet. Ærendet var å fiske krede, men det vart pølser til middag, for å seie det slik. Oppe i høgda var det mykje kald vind, men heime var det strålande.

søndag 11. mai 2008

Endeleg arbeidsver



Er så nøgd med meg sjølv at det ikkje er måte på. Først i dag retta eg ferdig engelskprøvene på data. Etter ein time i skogsvegen kom eg heim og lasta prøvene inn i elevmappene, slik at kvar elev finn si eiga prøve i retta utgåve og kan gå inn og arbeide vidare med den. Så var det tid for å skrive pensumlistene for i år. Heldigvis har eg same faga i år som i fjor, så det var eit justeringsarbeid, eigentleg, bortsett frå den tre sider lange lista over romanar og filmar som russeelevane jobba med til særemna sine. No er eg ferdig med alt eg MÅ gjere til tysdag, eg har smurt meg inn med Ibux på såre skuldrer og ser fram til å kunne ta det veldig med ro i morgon. Det høyrer med til historia at heile tre born har tilbragt dagen på sofaen med sykje, og at eg laga vaflar av diverse frosne krem- og rømmerestar til dei. Og til Gubben og meg sjølv, sjølvsagt. No skal vi sløve på sofaen med slutten på ein dårleg film vi har sett halvparten av før: "Kill Buljo". Toppen av familieidyll?

Kafka på stranden



Besta anbefalte denne boka for lenge sidan, og no har eg endeleg fått lese den ut. Det har vore ei fryd frå byrjing til slutt! Boka er ein heilt fantastisk og annleis danningsroman på grensa mellom fantasi og røyndom. Eg kan ikkje påberope meg å ha forstått den heilt og fullt, men kosa meg har eg gjort. Bok nummer 12 blir sikkert noko heilt realistisk og kvardagsleg berre for å gjere kontrasten størst mogleg.

lørdag 10. mai 2008

Hesteblesande pinse



Ein relativt aktiv dag for dei fleste i familien; Gubben og nummer 3 har olja platting, Gubben mekka i tillegg Mercedes, eldstejenta har vaska hus og sola seg, Gamla har retta stilar og gått tur i skogen, nummer 4 har hjelpt til over det heile medan nummer 2 også i dag har tilbragt dagen på sofaen med feber. Hestane har stått i tjor oppe på marka, og i kveldinga sala jentene på Gnir og reid litt rundt på han. God pinse til alle der ute - vi reiser ingen stad, for her heime har vi meir enn nok å styre med. No håpar vi berre at nummer 2 skal kome seg på beina att, og at ingen andre får sykje.

fredag 9. mai 2008

Ny vri i frisk bris



Nydeleg ver, to heildagsprøvebunkar. Eit uløyseleg dilemma? For mange innlegg sidan skrytte eg uhemma av eit sett med to stolar og eit bord, pent plassert i eit lite hjørne der ein har ly for vinden. Denne sittegruppa vart omgjort til heimekontor i dag, og heile 14 norskstilar vart omhyggeleg lesne, retta og kommenterte av ein strålande blid og bikinikledd norsklærar. Ut på dagen kjem her ofte ein isande kald vind dei kallar "utrøne", og i dag greip denne fatt i ein bunke stilar så desse fauk nedover blomebeda medan Gamla spratt etter, framleis bikinikledd og i tillegg berrføtt og skrålande - ikkje lenger strålande. Hestane kika dumt på meg - elles var eg visst aleine i bygda, såg det ut til. Men eg gjekk inn med stilane og sette meg heller inntil solveggen og las i ei bok. No når sola har gått ned, sit eg inne og rettar engelsk heildagsprøver direkte på data. DET er ikkje så lett å gjere ute.

torsdag 8. mai 2008

Kvalitetstid i Lisjedalen


I skogsvegen "vår" finst eitt vegkryss. Innover mot høgre går det ein traktorveg til Geildalen, deretter kan ein gå over ei myr til ein sti som fører til Lisjedalen. Det er òg mogleg å kjøre ein annan skogsveg som går direkte til Lisjedalen. I dag var nummer 2 og 3 på ballett/hiphop, Gubben følgde dei og nummer 4 var på besøk hos ein kompis. Den nykonfirmerte og eg tok derfor med oss hundane, kjørte til krysset og gjekk inn til Lisjedalen og rundt halve vatnet. Planen var å kjøre heim frå krysset, men hanhunden fekk magesjau og totalforbod mot å sitje i bil (har han ete for mykje restemat?). Det vart derfor til at vi gjekk heile vegen heim, og då fekk vi god tid til å snakke ilag. Kvalitetstid, med andre ord. Det var ikkje det Gubben kalla det då han måtte vaske hunden.

Onsdagsfri

I går var det fri-onsdag igjen. Dei to minste og eg var på sykkeltur med hundane (ein hund om gongen). Minstemann er inne i ein fase der han leikar heile tida, og i går var altså sykkeltilhengaren togferje medan eg fekk tildelt rolla som James (på grunn av den raude jakka mi). Sjølv var han "Boko" - kven no det måtte vere - og han var utstyrd med skytar, rosa solbriller og matchande rosa prinsessestøvlar. Seinare på dag var vi på fotballkamp, og då hadde minstemann med sverd som han trua dei andre ungane med. Folkestadgutane tapte kampen 6 - 4, men forma var betre enn sist.

tirsdag 6. mai 2008

Wunderschönen Monat Mai


Etter mitt syn er mai den finaste månaden på desse kantar. Fargane er så intense, spesielt viss det kjem ei regnbyge, og kveldane er lyse og fylte med fuglesong. Enno har ein håpet om ein vakker sommar å sjå fram til, og kvar dag bringer nye blomar og andre små vårteikn som gjer kvardagen lettare. Med to rettebunkar liggande burde eg halde meg heime, men det vart skogstur både i går og i dag. Restane smakar ekstra godt etter ein slik tur, og no har vi snart ete opp det vi lagra i kjøleskapet. Frysarane er fulle, derimot.

I bakgrunnen ser de Keipen igjen. Eg er litt opphengd i det fjellet. Kanskje blir det ein tur i år? Som sagt: enno har ein håpet...

mandag 5. mai 2008

Årets julekort?


Min standardreplikk når eit bilete med litt spesielt motv vert teke, er: "årets julekort" (svært ofte med ein ironisk snert). Dette er vel nærare sanninga enn nokon gong? Eg såg at Besta takka for sying av bunad på sin blogg, og det bør eg òg gjere. Slekta frå Sogn var dessverre ikkje til stades i dag så dei fekk sjå oss utvandra/utvatna Møre-sogningane. Personleg har eg alltid likt best det svarte livet på Sognebunaden, men det er no kjekt å ikkje vere heilt lik den 25 år yngre eldstedottera. Eller; DET kunne no ha vore kjekt, men ikkje å vere 25 år eldre i same antrekk...

søndag 4. mai 2008

Konfirmasjon


Så er det altså overstått - den store dagen kom, og alt gjekk skamlaust føre seg. Kjøkenhjelpa mi var halvsjuk, så ei anna venninne steppa inn på kort varsel (ein skal eigentleg ikkje bruke mot folk ting dei seier på vinklubb....) i tillegg til dei tre venninnene av konfirmanten. Veret var lettskya, vindstille og mildt - perfekt ver for å ha slike feiringar. Eg presterte å bli litt for rørt under min tale, medan konfirmanten og søskena oppførte seg eksemplarisk. Nummer to las dikt saman med nummer tre, nummer tre heldt tale og gutane fortalde vitsar. Det var kjekt at så mange bloggarar kom til kaffi òg, så vi fekk sjå kvarandre live. Og så alle småungane, då. Der var i alle fall to gutar eg ikkje hadde sett anna enn på bilete. Her i huset likar vi liv og røre, og vi er ekstremt dårlege på å stikke innom folk på besøk. Derfor er det kjekt å kunne invitere folk når ein likevel har styra til med mat og greier. Ja, det vart nok mat. No i etterkant har Gamla pakka ned mat til frysing, og Gubben og konfirmanten er inne på grendahuset og ryddar. Vi takkar alle gjestar for ein fin dag!

fredag 2. mai 2008

Nevø nummer 5: 2 år i dag!


Mitt yngste tantebarn blir 2 år i dag. Vi gratulerer!

torsdag 1. mai 2008

Narsissar i fokus


Desse narsissane har eg mange av - dei er restar frå den gamle hagen.

Så å seie snøfritt på parkeringsplassen

Jammen vart det tid til å gå i skogen i dag òg - denne gongen med nummer 2 og hundane. I går var han og naboguten (sjå anna innlegg) med meg på tur - dei på rulleskøyter og eg på beina. Aktivisering av barn er mi nye storsatsing, sjølv om trampolinen syter for ein del meir mosjon enn det eg har å by på. Nede i bygda att møtte guten ein klassekamerat, og dei begynte å stupe kråke nedover ei bratt mark. Der melde eg pass. På biletet ser vi Keipen i bakgrunnen - eit fjell eg ein gong skal greie å nå toppen på (ser du det frå Bjørkedalen, ser det frykteleg skummelt ut!).

1. mai



Vi styrer og lagar til til konfirmasjon, og rundt oss kjem våren for fullt. Eg tenkte eg skulle legge inn nokre bilete frå hagen slik andre i slekta har for vane, så no har eg teke meg ein runde. I fjor haust sette eg ned store mengder med "narsisser i blanding", og stor var skuffelsen då det som kom opp viste seg å vere heilt alminnelege påskeliljer, med eit heiderleg unntak på biletet over. Eg er spesielt på jakt etter noko som eg hugsar frå barndomen på E; nemleg kvite pinseliljer med gult "fyll" og ei raud rand ytst på midten. Slike skulle det vere i "blandinga", men eg har ikkje sett noko av dei enno. Eg sette òg ned nokre fylte/doble narsissar, men heller ikkje dei svara heilt til forventningane.

I krukkene skulle eg plante raude og rosa rosebusker, så eg sende Gubben på shopping med klare instruksar. Ikkje klare nok, viste det seg...Fjorårets nyhende, små oransjeraude tulipanar, har òg kome fram. Stemorsblomane som eg planta etter at tulipanane var avblomstra i fjor, har kome attende dei òg. Steinane stammar frå badestranda på Øysand camping i Trondheim, der vi var på jonsokaftan i fjor (då nummer 1 stilte Bau så han fekk storcert). Vi konstaterer at våren er komen. Her er fryd og glede.

Selskapsløvene




Nummer tre og den fire dagar yngre naboen var i selskap i dag. Då eg vart litt lang i praten under hentinga, nytta dei høvet til å forevige kvarandre... Til slutt tok eg eit bilete av dei i baksetet. Dei er noko for seg sjølve - dei òg.

Onkel B død


I går fekk vi melding om at onkel B er død. Familien hadde nyleg feira 80-årsdagen hans. Nokre av gjestene våre til helga måtte no melde avbod, og vi håper at dei vil kome på besøk ein annan gong i staden. Vi føler med dei i denne tida.