søndag 29. januar 2023

Bok 3 2023: "Når ein først skal skyte nokon" av Arnfinn Kolerud


I Vassbygda klamrar dei seg til nynorsken, medan resten av landet snakkar bokmål og engelsk. Problemet er at vassbygdingane ikkje klarer å einast om nokon ting, ikkje ein gong om dei bur i Vassbygda eller Vassbygdi, eller om det heiter Toyoti eller Toyota. Så skjer det noko som trugar med å utslette heile nynorsken, og vassbygdingane må ta saka eigne hender. Dette er første bok i Vassbygda-trilogien.

Boka er svært morosam, i alle fall for nynorskbrukarar og norsklærarar. Kolerud leikar med språket og set målsaka på spissen, og ein kan verkeleg kose seg med boka, sjølv om den sjølvsagt er fullstendig tøysete når det gjeld innhald.

Bok 2 2023: "Krypet" av Ragnar Enger


Funnet av ei drepen jente i Nordmarka kastar politiet ut i ei voldsom jakt etter gjerningspersonen. Oslo-politiet må ta utradisjonelle verkemiddel i bruk for å for å finne den rette. Samtidig vender ein talentfull psykiater heim til Noreg etter mange års arbeid i USA. Han får ei heilt sentral rolle i å hjelpe politiet i jakta på den mistenkte, Det viser seg også at politiet ikkje er dei eonaste som er på jakt etter den mistenkte.

Boka var underhaldande nok, men denne gongen gissa eg kven gjerningspersonen var relativt tidleg. Dette ser eg ikkje på som eit teikn på at eg er spesielt smart, men fordi handtverket i boka ikkje er godt nok.

søndag 15. januar 2023

Bok 1 2023: "Havets kirkegård" av Aslak Nore


Ei kvinne overlever ei skipsulukke i 1940, og åtti år seinare tek ho livet av seg. Familien er i konflikt og leitar etter eit bortgøymt testamente, og det viser seg at sonen til kvinna har stogga henne i å gi ut eit bokmanuskript. I tillegg er det med stoff frå krigen i Kurdistan. Boka er til tider noko vanskeleg å følgje med i, men det er ei spennande forteljing med mykje drama - og melodrama. 

tirsdag 3. januar 2023

Genser nummer 43: "Vikingen Lasse Matberg" til Svigerson


Når nokon ønskar seg ein heimestrikka genser som skal vere einsfarga, vert det litt keisamt, tenkte eg. Derfor fann eg ut at eg skulle lære meg å strikke flettemønster. Det er ikkje komplisert når ein forstår poenget, men det går noko tid. Når storleiken på genseren er XXL, var det bra flettene sat på ermane og ikkje over heile bolen. Eg stressa litt med å få han ferdig, men det gjekk, og den passa perfekt. No får vi håpe den vert mykje brukt! Garnet heiter Gann Garn Tweed, og eg strikka den i mørk grå. Garnet var mjukt å jobbe med, men det slitna ved eit par høve, så eg trur ikkje det held seg så godt. Oppskrift og garn vart kjøpt på nettbutikken Strikkemekka, der den var på 70% rabatt. Eg strikka forresten høg hals, sidan mottakaren ønska seg det.

Heim til jul 3








Eldstejenta med mann og hund kom til Ørsta den 22., og vi møttest så vidt hos mormora på vesle julaftan. Andre juledag var det familieselskap hos mormora, og så vart nesten alle ungane med heim for å tilbringe romjul og delvis nyttår her. Det var stor stas, ikkje minst fordi eg no har blitt mormor til vesle Louie, ein tre månader gamal toy puddel. Familien lid av hundegalskap, og vi hadde mykje moro med han både vi folka og Charlie.

Heim til jul 2


Så kom Storegut heim. Han skulle eigentleg kome søndag, så eg brukte mykje av dagen til å ordne rommet hans og lage potetsalat, men så ringde han og sa han kom måndag i staden. Måndag kosa vi oss med potetsalat og spekemat saman med Minstemann og Svigerdotter. Storegut går på PPU-utdanning i Trondheim  år, etter at han vart ferdig med masteroppgåva si sist vår. I tillegg har han fått jobb på kulturskulen i Orkanger ein dag i veka, og det hjelper på økonomisk. 

Bok 42 2022: "Bastarden" av Øistein Borge


Ein norsk mann av jødisk opprinnelse er besett av tanken om å finne att kunst som vart fråteke familien hans av nazistane. Dette fører han til Mallorca, der han forsvinn. Bogart Bull reiser etter for å finne mannen, og det vert svært mykje drama i denne romanen. Til tider hadde eg litt problem med å henge med, men elles var dette ei spennande bok, og dessverre den siste i serien så langt. Det vart også mi siste fullførte bok i 2022, og eg håpar på eit enda betre leseår i 2023. 

Bok 41 2022: "Jeg er nummer 13" av Øistein Borge


I denne romanen om Bogart Bull vert han send til Amsterdam for å oppklare groteske mord utført av ein seriemordar som ser på seg sjølv som kunstnar. Eg likte denne boka, men ikkje så godt som den førre av same forfattar.