onsdag 31. august 2011

Skrukketrollemor

Tysdag kveld: Minstemann ville ikkje legge seg. Han hadde somna på sofaen om ettermiddagen, så søvnbehovet var ikkje all verda. Gamla, derimot, sat med tekopp og hyseblikk framfor tv-en og venta på å få ei lita stund aleine før ho la seg. Det såg mørkt ut.

Minstemann stilte seg så opp femten cm frå mora og såg på henne med granskande, lyseblått blikk.

Gamla: "Ka du ser på?"
Minstemann: "Ej ser ette om du he rynke"
Gamla: "He ej det, då?"
Minstemann: "Ja, du he sånne streka rundt augene, men mest når du smila. Og so he du ei her, og ei her (peikar)"
Gamla: "NO E DET LEGGETID"
Minstemann: "No he du ei i panna også, mylla augebryna"


Today can be the first day

Overskrifta er eit slagord henta frå ein plakat på treningsstudioet der eg droppar innom på dagar som denne, og gårsdagen.

I går (måndag) regna det fælt, og eg visste eg skulle tilbringe noko tid på sidelinja som fotballmamma. Eg stakk derfor innom treningssenteret og gjekk/jogga ein times tid før eg drog over fjorden for å sjå kamp. G14-laget spelte uavgjort mot Åheim, og det var både dei og mødrene nøgde med. "Vi" låg under 2 - 4, men så scora keeperen "vår" då han skaut eit kanonskot over til det andre målet, der keeperen snubla inn i nettet med ballen i hendene. Etterpå forstod vi at det er dårleg sportsånd å le høgt og rått av slike generaltabbar, men både spelarane og mødrene fekk blod på tann og jubla provoserande høglydt då det fjerde målet til heimelaget slo inn. Klissvåte og utslitne var vi visst alle saman, og eg sat under eit pledd med godt drikke resten av kvelden.

I dag var eg tidleg ferdig med undervisninga, og eg valde då å stikke innom TREN igjen. Eg fekk berre eit par timar i heimen før eg på nytt måtte på jobb - i kveld var det nemleg haustens første foreldremøte. Som lærar og firebarnsmor opplever eg eit par travle periodar med foreldremøte i løpet av året, og dette første var eit informasjonsmøte på jobben der eg berre skulle vere til stades som kontaktlærar. Det vart sein kveld før eg kom heim med Minstemann, men i morgon har vi fri igjen.

Det er deilig å gå tur ute, nesten uansett vêr. No når kveldane vert mørke, er det minst like freistande å ta ei treningsøkt inne, og deretter kome heim og dumpe ned i godstolen. Det koselege med haust er å kunne nyte mørke, regnfylte kveldar inne, med tende lys, varm drikke, eit lunt pledd og ei god bok eller ein film. Dørstokkmila kan vere tung, og eg vil derfor trene før eg kosar, for å seie det slik.

Forma er bra. Eg var litt slapp etter ferien, men når eg går/joggar på tredemølla, kan eg måle pulsen og sjå faktiske prov på at den går raskt ned til normalt etter ein liten spurt. Den fiktive treningsdistansen vert stadig lengre på den tilmålte tida. Gangsperre eller andre negative følgjer av treninga merkar eg forsvinnande lite av, men nokre dagar let eg meg sjølv ta det litt rolegare fordi kroppen seier ifrå om at den berre vil gå, ikkje jogge. Hittil i haust har eg ikkje prøvd ro-apparat, for eg har hatt ei kjensle av at armane mine ikkje er heilt bra. Målet er å få trene meir styrke, og å kunne jogge meir. Det er berre det at eg slit med at eg hatar å bli andpusten og sveitt, noko som må til dersom ein skal presse seg litt og bli i betre form. 

Kva eg meiner med å skryte så uhemma av eige treningsopplegg?

For fem år sidan kunne eg knapt nok skjere ost eller brød, og eg låg vaken om nettene fordi armane verkte. Eg var ein del sjukmeld det året, gjekk til behandlingar fleire gongar i veka og måtte til slutt ta ein operasjon. Den hjalp ikkje noko særleg. Trening har vore min beste medisin.

Eg kjenner menneske som har gått ned mange kilo, som har slutta å røyke eller som er blitt friske av kreft.  

Det er mogleg å legge om stilen og gjere nokre grep for å få eit betre liv. Og då tenkjer eg ikkje berre på kosthald og trening, men på livsførsel generelt. Anten ein lid av sjukdom, svartsyn eller latskap, er det mogleg å tenkje litt meir positivt og konstruktivt for å få ein betre kvardag.

I dag kan vere den første dagen.

søndag 28. august 2011

Sløv søndag

Dagen etter ein festleg kveld var det fint å ta med ungar og hundar på tur i skogsvegen. Barnefaren heldt seg heime og kokte fårikål til vi kom att, og mat smakar aldri så godt som etter ein tur i frisk luft. I kveldinga blir det skulearbeid og kanskje ein liten tur til, før eg planlegg tidleg retrett for å vere klar for ei ny veke.

2 x 40-årsdag på grendahuset



Laurdag hadde to av vinklubb-damene kalla inn vener og bygdefolk til fest. Vi var over 70 stk til bords, fekk servert nydeleg mat og hadde ein triveleg kveld saman til ut på natta ein gong. Barnefaren og Postmannen hadde ein opptreden, delvis med støtte frå ein av fotballtrenarane i bygda, og elles vart det mykje prat og latter slik det plar vere. Takk til dei strålande jubilantane som tok arbeidet med å stelle i stand!

fredag 26. august 2011

Bok 64 2011: "Marions slør" av Roy Jacobsen

Eg har lese eit par bøker av forfattaren før, og likt dei, noko som gjorde at eg plukka med meg denne romanen frå bibliotekhylla trass i at eg eigentleg er lei av krim. Tematikken dreiar seg rundt det multikulturelle Noreg og dei fordomane og dei utfordringane denne samfunnsendringa har ført med seg. Dette er eit svært aktuelt tema i desse dagar, og eg hadde forventa å få nokre nye impulsar.

Brotsverka i boka er mord og maltraktering - lik av muslimske jenter vert funne med avskorne hender. Ein trur det er snakk om æresdrap, religiøst eller rasistisk motivert kriminalitet eller noko i den gata. Hovudpersonen er den einslege mora Marion, som arbeider som etterforskar.

Eg må innrømme at boka skuffar meg. Jacobsen har uttalt at han "låner" krimsjangeren for å seie noko anna, men for meg var det verken ein god kriminalroman eller ein god roman om dagens Noreg. Særleg som krim vert dette for keisamt og langdrygt, for det utviklar seg mot stadig meir filosofering rundt tematikken. Dette fungerer kanskje ekstra dårleg i lydbokversjon. Gisken Armand les dessutan ganske raskt og monotont, noko som kan få dei fleste bøker til å framstå som keisame.

Hønemoras mange barn

Tidlegare elevar reiser til mange land, der dei opplever mangt og mykje. Nokre av dei skriv blogg om det dei opplever, og eg tek meg den friheita å legge ut ei lenkje til ein av dei (send meg gjerne fleire adresser!).

Tausene down under

Russegjengen frå i vår var i høgste grad "barna mine" - eg har eit overutvikla morshjarte som bankar for stadig fleire. Kanskje er det ein yrkesskade.

torsdag 25. august 2011

Min kamp (Heimesiger mot Austefjord)

Det er travle dagar. Storegut hadde haustens første gitartime rett etter skulen, og eg vinka så vidt til han då eg kjørte av ferja og han gjekk ombord for å nå fotballtreninga i Volda. Veslejenta hadde teke ferja over fjorden rett etter skulen for å nå jazzballett-timen. Sjølv henta eg Minstemann på SFO, handla og drog heim ein times tid før det var på tide å hente Veslejenta på kaia og kjøre henne på G2000-kamp og Minstemann på trening. Etter eit kvarter måtte eg på kaia att, denne gongen for å plukke opp Storegut. Heile gjengen var samla på banen under andre omgang, og resultatet vart 4 - 3 mot Austefjord.

Vel heime dumpar vi ned framfor tv-en saman heile gjengen. Eigentleg burde eg ha gått meg ein tur, men i dag er eg husets sløvaste.

onsdag 24. august 2011

Første fri-onsdag



Det er sjeldan ein fridag er så kjærkomen som rett etter ein ferie. I dag var eg mest oppteken av at eg skulle få sove litt lenge, sidan eg tre dagar resten av veka må stå opp før klokka seks. Etter frokosten saman med ein snakkesalig Minstemann vart det gjort litt husarbeid, han gjorde unna det meste av leksa for heile veka, eg gjorde unna mykje av mitt skulearbeid og vi fekk kosa oss med kortspel fram til søskena kom heim til middag. Veslejenta skulle eigentleg på fotballtrening med det eine laget ho spelar på, men så vart ho brått med på cup saman med det andre laget i staden. Gutta og eg tok då med oss hundane i skogen - Barnefaren kjørte oss til vegs ende, og så gjekk vi heim. Ein lett tur med mykje nedoverbakke, men naturopplevingane er like fine som når ein stressar seg oppover ein bakke. Vi prata og kosa oss medan vi gjekk, og det vart ei veldig fin stund.

I bloggande stund sit eg og ventar på at vaffeljarnet skal bli varmt. Eg skal lage vaflar til kvelds - mest med tanke på ho som snart er ferdig å spele cup. I morgon skal ho både på ballett og fotballkamp, og Storegut skal spele både gitar og fotball. Kvardagen har begynt, og det er eigentleg deilig å kjenne energinivået stige til nye høgder.

tirsdag 23. august 2011

Få meg på, for faen!

Boka med same tittel inneheld fleire parallelle historier, og tittelen viser til ei sann historie om ein overivrig reportar. Mykje av tematikken i boka omhandla mediaverda og ønsket om å verte berømt. Filmen har plukka ut historia om den sex-fikserte ungjenta Alma, som fantaserer fram spenning i livet sitt. Ho bur i "Skuggeheimen", ein vestnorsk utkant som ho knapt kan vente på å kome seg vekk frå.

Kritikarane har ikkje vore samde om kor vidt filmen er god eller ikkje, men dei to jobbvenninnene mine og eg lo godt og syntest den var godt laga, med sjarmerande skodespelarar. Henriette Steenstrup gjer ein god figur som mora til ungjenta, og ho meistrar dialekten godt. Helene Bergsholm spelar svært godt og overtydande, synest eg. Her er både truskuldig humor og småpinlege, komiske scener. Eg trur ikkje eg vil vise den i eit klasserom, for å seie det slik, men det er absolutt ein film folk bør sjå.

søndag 21. august 2011

Bok 63 2011: "Saras nøkkel" av Tatiana de Rosnay

Du skal ha et hjerte av stein hvis du ikke blir berørt av Tatiana de Rosnays roman «Saras nøkkel» (Jorid Mathiassen)
I dette høvet har eg sett filmen før eg las boka, og eg var ein smule skeptisk på grunn av kommentarar frå andre som har lese den tidlegare og sagt at filmen var betre. Som i filmen vekslar ein mellom to parallelle historier; ein eg-person i notida og "jenta" på 1940-talet. Eg-personen nøstar opp historier frå fortida, men ho slit òg med eit skrantande ekteskap og ein gryande graviditet. Historia frå krigen er langt meir original og dramatisk, men ein lever seg likevel inn i kvardagsproblema til eg-personen. 

Eg likte denne boka svært godt. Den er kanskje enkel og lett å lese, men den inneheld noko så sjeldan som ei god historie. Ikkje er den så sentimental som forventa heller. 
Les boka, og sjå filmen!

Bernhoft-billettar i boks :)

Søndagstur til Grytingane/Lisje Blåfjellet (840 moh)





Turen i dag var arrangert som eitt av "ti turmål" i Volda kommune. Det er berre andre gong i historia vi pitlar oss av garde på ein slik arrangert tur, men det er ein hyggeleg måte å vere sikra turfølgje på. Vêret var fint då vi for heimanfrå, men etter kvart vart det både regn og vind. Vi gjekk opp frå Litlebøvatnet, som er den lettaste vegen. Mange kom frå Folkestad òg, og vi møttest på toppen. Der vart lagt ned roser på varden som minnemarkering i høve Utøyamassakren.

Det vert sagt at vi var 88 på toppen i dag

lørdag 20. august 2011

Ein liten mann i skogen


Minstemann og eg gjekk tur med hundane i skogsvegen i dag før middag. Eg konstaterer at haustfargane er på veg, og at sola varmar på ein annan måte no enn for nokre veker sidan. Det var varmt og fint i føremiddag, men utover ettermiddagen vart det grått og litt regn. Minstemann gjekk i bursdagsselskap til naboguten, og vi andre sløvar i heimen. Det vil seie: Barnefaren er på spelejobb, og Eldstejenta skal på fest i kveld. Heile familien var samla til middag, og potetballen gjorde nok sitt til at aktivitetsnivået mitt no er på eit lavmål. Noko netthandel og lesing er det einaste eg får unnagjort. Heldigvis har eg litt skulearbeid som kan utførast i godstolen.

Vinklubb 19. august



Vertinna som starta opp sesongen etter ferien hadde kjøpt inn vin frå Piemonte, der ho sjølv har vore og smakt på lokal mat og vin. Det var spennande å høyre om opplevingane hennar derifrå, og vinane smaka dessutan nydeleg. Det gjorde også maten, som var ein pastarett med ein saus basert på fløyte, soltørka tomatar og bacon. Praten gjekk som vanleg livleg, og temaa var mange og varierte. Vi diskuterte oss fram til ein auke i "inngangspengane" slik at vi kan koste på oss dyrare vin og kanskje spare opp meir pengar til ein ny jubileumstur, til dømes til Italia.

fredag 19. august 2011

Skulestart 2011

Tre søte småbarn med øyne blå begynte endeleg på skulen att torsdag. Kvardagen er travel med tidlege morgonar og mange fritidssyslar, men flokken min er sosiale og glade i action. Dei masar aldri om at dei kjedar seg i feriane, og det kan vere greitt å ha nokre rolege periodar innimellom slaga. Likevel er det kvardagen som er det normale. Eg har det slik sjølv òg. Ferie er fantastisk deilig, men etter nokre dagar tilvenning kjenner eg at det er godt å begynne på att på jobb. Ikkje minst når helga kjem.

torsdag 18. august 2011

Travle dagar og gode filmar


Denne veka har hittil vore travel, og det er ingen grunn til å tru at ikkje morgondagen blir like aktiv. Tre heile planleggingsdagar vart brukte til møteverksemd, refleksjon og planlegging. I dag kom endeleg elevane, og vi tok imot dei etter beste evne. Det vart sjølvsagt ei minnemarkering i høve Utøyatragedien før vi tok til med dei vanlege oppstartsaktivitetane.

I fritida blir det lite søvn og mykje sjokolade. Tysdag kom eg meg på treningssenteret for første gong etter ferien, men elles er det blitt rolege spaserturar ute i frisk luft med lydbok på øyret. Heime i godstolen har eg mellom anna sett to gode filmar: "Kongens tale" og "Gutten med den stripete pysjamasen". Dei er svært ulike, men har begge handling lagt til tida rundt andre verdskrig. Det har òg dei to bøkene eg har lese ferdig, og den boka eg held på med.

Akkurat no håpar eg på ei litt meir energisk helg... 

Bok 62 2011: "Profitøren" av Tom Kristensen

Radioteater er artig. Det er merkeleg kor sterkt lydeffektar verkar, og kor godt det er mogleg å få fram illusjon av attersyn, til dømes. Denne lydboka inneheld radioteaterversjonen av Tom Kristensens bok med same tittel. Sjølve historia dreiar seg om lyssky forretningar under andre verdskrig, og det er spennande, om enn føreseieleg. Slutten var dessutan noko banal etter min smak. Lett underhaldning, men mest fordi det er radioteater.

onsdag 17. august 2011

Bok 61 2011: "Motstand" av Owen Sheers

Handlinga i romanen er lagd til Wales i 1944. I ein avsidesliggande dal vaknar kvinnene aleine i sengane sine. Mennene deira er vekk, og kvinnene må drive gardane aleine. Etter kvart kjem ei gruppe tyske soldatar til dalen, som vert delvis isolert av snø om vinteren. Forfattaren diktar opp ein tysk okkupasjon, delvis basert på planar om britisk motstandsarbeid.

Boka er til tider spennande, men til andre tider noko omstendeleg og nesten kjedeleg. Opplesinga av den flotte walisiske stamtavla til ein hest er ikkje akkurat underhaldande, og det verkar temmeleg spesielt i ei lydbok å ta med noko slikt. Opplesinga er òg noko monoton, så eg måtte fleire gonger spole attende fordi eg begynte å tenkje på noko anna undervegs. Det ser eg på som eit svært dårleg teikn.

mandag 15. august 2011

Nederlag i pøsregn

Storegut og laget skulle spele heimekamp i dag, så eg droppa spasertur og stilte opp som heiagjeng i staden. Det regna utan stans, og vinden var sur og kald. Laget frå Langevågen fekk ti mål, noko som ikkje var kjekt for nokon på Folkestad, og aller minst kjekt for målvakta.

Etter kampen var han både våt og kald, men han gløymde det sikkert fort då han fekk kome til Eldstejenta og besteforeldra i Volda. Sjølv fekk eg skikkeleg frosten i meg, og tilbringer kvelden framfor tv-en med varm drikke, ulljakke, ullpledd og datamaskina på fanget. 

Business as usual

Kvardagen har starta att. Eg skjøna faktisk ikkje kva som hende då alarmen på vekkjarklokka tok laust i 6-tida, og den første tanken var at eg fekk ei tullemelding midt på natta. Etter eit par timar var eg koma på jobb - eller i koma på jobb.

Det tek si tid med tilvenning til kvardag, men det er sjølvsagt hyggeleg å møte att kollegaer, få nye klasselister og timeplanar og stæsje med tomme permar, skiljeark, skriveblokker og pennar. Som ein veddeløpshest som står og ventar på å få sleppe ut og springe gjer eg klart alt som etter kvart skal bli tidenes beste system for orden i dokument, lagar ei grovskisse over undervisninga og tenkjer at DETTE blir det skuleåret eg har full kontroll, er tidleg ute og à jour med alt som skal gjerast, rettast og varslast.

Eg har sjølvsagt ikkje tenkt det skal gå som i vår; i slutten av juni enda eg opp med å legge ein bunke papir i ei skuffe. Merkeleg kor vanskeleg det skal vere å løfte opp ei holemaskin, sette hol i eit papir og plassere det i ein perm.Og like merkeleg kor lett det er å tenkje at ein ikkje har tid no, men at ein skal ta det att seinare.

Dette skuleåret skal eg derfor legge alle papir i perm etter kvart. Kvifor og korleis det har seg at eg allereie første dagen har ein bunke med "diverse papir" liggande på vent på pulten min, er eit mysterium. Forklaringa kan vere at eg første jobbdag hadde meir enn nok med å vere til stades, så då utset eg jobbinga til i morgon, eller ein annan dag eg har ordenssans.

Viss eg får for lite å gjere, kan eg alltids opne skuffa med papir frå i fjor.

søndag 14. august 2011

Siste feriedag 2011

Søndagen kom med overskya vêr og tjue grader. Fint arbeidsvêr - noko som kom vel med, i og med at husarbeid har vore nedprioritert nokre dagar. Det vart mykje husvask og klesvask, og etter kvart laga eg middag til heile gjengen. På menyen stod svenske kjøtbollar i fløytesaus, nypoteter, brokkoli og tyttebærsyltetøy. Dessert hadde vi òg, og vi fekk ei triveleg stund saman før Storegut vart med Eldstejenta heim. No i kveldinga skal eg rusle ein tur langs vegen med lydbok, ta det roleg og lade opp til morgondagen og heile den komande veka. Det er travelt å kome i gjenge att, for store og små, men vi er snart inne i det nye årets aktivitetsplan på dag- og ettermiddagstid.

lørdag 13. august 2011

Brundalen og Jolgrøsdalen på feriens siste finevêrsdag

Storegut hadde planar om å besøke ein kompis i dag, men dei to yngste vart med Barnefaren, hundane og meg i Brundalen. Det var ok temperatur der, men det vart berre bittelitt bading. Etter pølsegrillinga gjekk eg meg ein tur vidare opp i Jolgrøsdalen med Bau. Det er vanlegvis ein tur som tek under ein time, men vi greidde å rote oss vekk frå råsa og brukte derfor litt over ein time på å klatre opp ura. I og med at eg fann råsa då vi var nesten oppe, rekna eg med at returen skulle gå greitt, men det vart ein nedtur i dobbel tyding. I over to timar vasa eg rundt blant ur, kratt og berghamrar før eg endeleg fekk den lyse idéen at det truleg fanst ein sti i nærleiken av varden som stod på ein av dei mange knausane. Dette viste seg å vere eit godt resonnement, og vi kom oss velberga heim begge to.





Kvelden skal eg tilbringe i godstolen.

Skritt frå Brundalen opp ura til Jolgrøsdalen: 4500
Skritt frå Jolgrøsdalen, rundt omkring og nedatt: 12000
Skritt totalt laurdag 13/8: 22500

torsdag 11. august 2011

Kornbergveten (577 moh) med kidsa





Vêret var nokolunde i dag, med strålande sol, men gradestokken viste berre ti grader då vi la i veg på tur. Frå Folkestadsetra er det fint å gå på fjellryggen ut mot Kornbergveten/Veten, men stien ligg somme stader svært nær kanten mot Dalsfjorden, og der er det stupbratt ned. Høgdeskrekken min er svært plagsom når eg har med ungane, og vi måtte fleire gonger stanse fordi eg nesten hyperventilerte av angst. På veg nedatt gjekk vi derfor over diverse myrar nærare Folkestadsida.

Då Minstemann og eg nesten framme ved målet var samde om at vi skulle vere glade når vi kom heile heimatt, kom det tørt frå Storegut: "Når me kjøme ned til bilen, kjøme du Mamma til å le høgt og masse". Han har vore på tur saman med meg før...

Bok 60 2011: "Clean Cut" av Theresa Monsour

Eg er ikkje heilt sikker på om eg ikkje har lese denne boka før, men då hugsar eg i tilfelle svært dårleg. Den har stått i bokhylla lenge, som eitt av fleire røvarkjøp. Forfattaren har skrive tre bøker om den overjordisk vakre Paris Murphy, som i tillegg til å vere vakker også er sporty, dyktig i politijobben og flink til å lage mat. I denne første boka jaktar ho på ein seriemordar som valdtek og drep kvinner med langt hår. Vi får tidleg vite kven han er, og det meste av boka handlar om Murphys jakt på mordaren, med tilhøyrande farlege scener. Det heile er så spekulativt og urealistisk at romanen nesten kan kategoriserast som fantasylitteratur, men den er like fullt ein "pageturner". Eg las den på engelsk, og det var perfekt lektyre på stranda, på flyet og i godstolen heime.

onsdag 10. august 2011

"Finevêrsdag" på Gamlegjerdet



13 grader og lettskya opphaldsvêr er for finevêr å rekne denne sommaren, ser det ut til. Sidan det regna heile dagen i går, var det for vått å legge ut på langtur i skog og mark, så vi enda med å gå ein tur på Gamlegjerdet. Av og til er det greitt å gjere det enkelt, utan å bere med mat og drikke. Motbakkane kjennest tunge for tida, så det er på høg tid å kome seg ut på fleire turar. Å gå etter vegane er hyggeleg, men det gir minimalt med kondis.

Elles kan eg nemne at Eldstejenta hadde sin første dag på jobb i dag - ho blir å finne som ekstrahjelp i ein Kiwibutikk i Volda framover. Det håper eg ho kjem til å trivast med!

Bok 59 2011: "Blodleie" av Johan Theorin

Denne tredje boka av Ölandsforfattaren er eit samansurium av ulike historier som vert vevde inn i kvarandre. Temaa er alt frå trivialitetar som skrantande ekteskap og sjukdom i familien til noko så sært som pornoindustri og tru på underjordiske. Mange lause trådar vert nøsta saman, nokre meir forhasta enn andre. Denne boka mangla den rike miljøskildringa frå Öland som kanskje var det mest interessante i dei to førre bøkene, og dei mest interessante karakterane er noko klisjéprega. Eg er ikkje så begeistra.

tirsdag 9. august 2011

Kemer, Tyrkia 2011

I august 1990 reiste Barnefaren og eg til Alanya, Tyrkia, i to veker. Vi feira mellom anna 25-årsdagen hans medan vi var der. Det Tyrkia som møtte Eldstejenta og meg sist veke, var på mange måtar eit heilt anna land. Handelen gjekk mest i Syden-Harry-Jalla, ein hadde oppfunne air condition og hotellopphaldet var utruleg profesjonelt og behageleg. Vi hadde "all inclusive", noko som ikkje berre gjaldt mat, men òg skyss til og frå stranda og sentrum, og i tillegg solstolar på ei privat strand. Dette gjorde at vi slapp mykje mas med organisering og betaling.

Elles var Tyrkia varmt - lågaste temperatur var 29 grader ein sein kveld, og etter kvart kjendest 39 grader som behageleg svalt i skuggen. Vi var på stranda kvar dag, bada i den lunka sjøen (der det faktisk fanst store havskjelpadder!), kosa oss med masse mat og brukte minimalt tid på sightseeing. Siste dagen skya det litt over, så då orka vi både å ride på kamel og å gå i ein park for å sjå oss omkring.

Eg legg ikkje ut bikini- og strandbilete her, men måtte ha med eit bilete av Eldstejentas navlepiercing. Sidan eg er motstandar både av tatoveringar og piercing, var eg svært skeptisk, men enda opp med å låne henne pengane ho måtte ut med.





Turen gjekk heilt flott både nedover og heimatt, men kuldesjokket var stort då vi landa på flyplassen i 12 grader og regn.

Elles kan eg legge til at medan vi var i Tyrkia, var Storegut på Norway cup med laget sitt (som forresten kom til kvartfinale). Resten av gjengen var på Lillehammer, der dei fekk boltre seg på Hunderfossen, Lilleputthammer, Jorekstad badeland og eit leikeland. Alle har kosa seg der dei har vore, og vi har mykje å fortelje kvarandre om framover.

Bok 58 2011: "Memoirs of a Geisha" av Arthur Golden

Eg veit ikkje kvifor eg aldri har lese boka eller sett filmen før, for emnet er noko som interesserer meg. Då det lokale biblioteket selde ut engelskspråklege pocketbøker til ti kroner, tenkte eg at eg kunne ta med meg denne og lese den på stranda. Det var eit godt val, for ein får ei unik innsikt i japansk kultur generelt, og geishatradisjonen spesielt. Den oppdikta livshistoria er utruleg fengande, sjølv om den flatar ut mot slutten. Absolutt verd å få med seg!