torsdag 31. desember 2009

Nyttårsbukkar


Nyttårsaftan 2009


I år feirar vi tradisjonelt nyttår på Storebakken, med kalkun, dessert, kransekake og påfølgjande vitselesing. Alle les flytande, sjølv om vitsane er skrivne på dansk, men ikkje alle forstår sluttpoenga.

Far til sønn: Per, hvor er karakterboken din? 
Per: Den lånte Ole for å skremme foreldrene sine. 

Ungane held no på å kle seg ut til den obligatoriske runden med nyttårsbukk. Vi ønskjer alle blogglesarar ei triveleg nyttårsfeiring, og alt godt i 2010.


Bok 71 2009: "Himmelen over Shetland" av Øystein Orten

Årets siste fullførte leseprosjekt var denne dokumentarboka, forfatta av Svoger på Hareid. Boka tek føre seg einskildlagnader under andre verdskrig, og samla sett får ein eit sterkt inntrykk av livet slik det kunne vere både for tyske krigsleiarar, norske nazisympatisørar, dei som valde å setje livet på spel for folk og fedreland og ikkje minst deira pårørande.

Sidan eg kjenner forfattaren, og sidan boka omtalar tjukkaste slekta, seier det seg sjølv at eg fann den interessant. Spesielt gripande vart det å lese om farfaren min og søskena hans. Eg vil likevel påstå at dette også objektivt sett er ei god bok - så langt det let seg gjere å vurdere ei bok objektivt.

onsdag 30. desember 2009

Songen eg plaga ungane med i bilen i dag

Sjette juledag: jul på Hareid




I dag tok ungane og eg laust på glatta og kjørte til Hareid, der vi besøkte Tanta med familie. Det vart ein triveleg dag med god mat, god prat og ein del uteliv (for ungane, vel å merke).

tirsdag 29. desember 2009

Femte juledag: uteliv og ferie



Dei to mellomste har vore på overnatting sist natt, og då hadde dei vore svært mykje ute i kulde og snø. Nummer 2 tok seg ein dusj etter middag og enda deretter opp i senga med dataen sin fordi han fraus. Eldstejenta varma føtene hans. Nummer 3 var også frostig, som de ser av illustrasjonsfotoet.

Eg vil minne om at det vert fyrt kontinuerleg i to vedomnar, og at det er rikeleg med ved att i løda.

Gamla sit med ein bunke engelsktentamenar som ho helst vil ha ferdig i 2009...

Fjerde juledag: einspora motiv igjen?


Snøen ligg som i eit julekort, og fjerde juledag var ungane ute og leika igjen. Nummer 3 hadde besøk av klassevenninna (ho har berre ei).

mandag 28. desember 2009

Gamle filmar for nytt publikum

Nokre av dykk har høyrt meg seie det, men no kjem det på bloggen òg, som eitt av dei få gullkorna eg sjølv har funne på: når eit nytt barn kjem til verda, kan det ikkje "bæ bæ lille lam." Banalt? Kanskje, men det er no eingong dette som held oss pedagogar gåande.

På heimebane opplever eg stadig at borna ikkje har den same referansebakgrunnen som meg, og ikkje den same som søskena heller. Klassiske Disney-filmar som Eldstejenta hadde på VHS, er totalt ukjende for dei to yngste. Derfor driv eg no og kjøper ihop DVD-filmar som Pinocchio, Aristokattene og Ringeren i Notre Dame, som vi har frå før på skurrande, utslitne videokassettar.


Når småsøskena er lagde, er det mogleg for Gamla og Eldstejenta å sjå ein film som høyrer til ein litt annan sjanger enn Disney. I går såg vi til dømes "The Shining," og i kveld ser vi "The Rose". Spesielt den førstnemnde er ein film som alle bør kjenne til, sidan den er blitt modell for mange seinare filmar. Det vert forresten "hinta" til dei to jentene i korridoren i "Knerten"-filmen. "The Rose" baserer seg delvis på livet til Janis Joplin, og Bette Midler syng fantastisk og viser negative sider ved artistlivet.

Ikkje akkurat julefilmar, kanskje, men vi kosar oss likevel. Gubben er på spelejobb, og eg håpar og trur han opplever dei positive sidene ved artistlivet!

søndag 27. desember 2009

Tredje juledag: White Christmas


I dag vart det ein nydeleg dag, med nysnø og roleg tempo. Dei tre yngste har leika ute i snøen saman med nabogutane i mange timar i dag, Eldstejenta har gått tur saman med nabovenninna og eg har lufta hundar og gjort ein del husarbeid.

No i kveldinga roar vi ned alle saman, med tv og data i to etasjar, medan snøen lavar ned ute og gir håp om meir uteliv i morgon.

lørdag 26. desember 2009

Andre juledag: familieselskap i Ørsta


Ho som i bloggosfæren går under namnet "Besta" er betre kjend som "mormor" for dei åtte barnebarna som bur på Sunnmøre. I dag var dei seks yngste av desse barnebarna samla hos mormor og morfar i Ørsta, og vi hadde ei koseleg stund saman med rikeleg mat og prat. Vi takkar for denne gong!

fredag 25. desember 2009

Frå programmet på Vardefesten

Første juledag


Dette har vore ein ekstremt sløv dag med mykje lego og data, men vi kom oss no ut eit par timar såpass vi fekk lufta hundane og opparbeidd appetitt til eit herleg restemåltid. Her er kaldt, men lite snø. Uansett er det deilig å kunne vere ute i dagslys.

Sånn i forbifarten kan eg nemne at eg moste resten av gjengen i "rock og pop-geni". For dei som ikkje veit det, er eg ein dårleg tapar, og ein verre vinnar. Gårsdagens preike om julefred vart gløymt då terningen kom på bordet.

Jul på Storebakken


Så er den store dagen over. Vi har feira med lang og velsmakande julefrokost, ei flott og stemningsfull gudsteneste og tradisjonell julemiddag og ei langvarig pakkeopning. Stemninga har vore avslappa og koseleg, så det største juleønsket vart oppfylt.





I år opplevde vi eit lite mysterium då Nummer 3 fekk ein pakke i posten som vi ikkje ante avsendaren av. Det viste seg at ho hadde blitt trekt ut som vinnar etter den "10 TURmål"-turen vi hadde i Sandviksdalen tidlegare i år!

torsdag 24. desember 2009

24. desember: god jul!


Sidan eg ikkje har sendt ut eit einaste julekort i år, helsar eg hermed til alle via bloggen og ønskjer dykk alle ei triveleg jul.

onsdag 23. desember 2009

23. desember: winter wonderland


Nok ein klar og kald dag med mykje uteliv! Slike dagar er det beste eg veit, og det eg har sett mest fram til med ferien, er faktisk å kunne vere ute i dagslys.

Det er ein del som høyrer med på vesle julaftan av vasking og klesvask, men det er òg koselege syslar som graut med mandel i og pynting av juletre. Under middagen begynte plutseleg Minstemann å gråte - han påstod at han hadde funne mandelen i fjor, men ikkje fått premie. Ingen av oss andre kunne hugse dette frå i fjor, og det har uansett ikkje vore meininga, sjølvsagt.

Eg ausa opp graut i seks skåler og la mandelen i ei av dei, og så fekk ungane og Gubben velje kvar si skål. Sjølv tok eg den siste. Det vart Nummer 3 som valde den gjevaste skåla, og premien var ein stor mjølkesjokolade som ho skal dele med søskena.


Eg har høyrt om heimar der mandelpremien er å vaske opp. Det går an å svelgje ein mandel heil.

22. desember: juleferie!

Siste skuledag er overstått på tradisjonelt vis med gudsteneste og julelunsj. Ungane hadde noko tilsvarande, og dei fekk dessutan med seg heim ting dei hadde laga på juleverkstad i går, måndag.

Det er noko særeige ved den julepynten ungane lagar, og eg synest den har større verdi enn det meste ein kjøper på butikk. Heldigvis får ungane gjere ein del kjekt og morosamt på skulen, for i heimen blir det lite høve til denslags syslar i den travle førjulstida.


tirsdag 22. desember 2009

21. desember: Vardefest


I år som i fjor var Gamla garderobevakt på juleballet, som hos oss har namnet "Vardefest". Eldstejenta var òg der. Fordelen med å vere garderobevakt er at ein får møte og sjå mange av dei flotte elevane i finstasen.

søndag 20. desember 2009

20. desember: fjerde søndag og nisse i advent



I dag tidleg kunne Minstemann høgtidsamt ta ut den fjerde nissen og tenne alle fire lysa, sidan Eldstejenta ikkje var der. Det vart ein del uteliv i dag òg; hovudgeskjeften var å slå ned isjuklar og slenge dei på sjøen. Ein har ikkje meir moro enn ein lagar sjølv. Elles surrar og går cd'ane med julemusikk, heimen luktar av grønsåpe og røykjelse og "rettearma" mi verkjer så det hyler i øyrene. Skikkeleg julestemning, med andre ord!

lørdag 19. desember 2009

19. desember: Let it snow!


Då vi vakna i dag, låg det eit fint, kvitt lag nysnø ute og lyste opp verda. Ungane var snare ut for å leike seg ei stund før i tok oss ein tur til Volda og Ørsta, der vi hadde julegåveutveksling med Besta/Besten og fekk servert pannekaker med rikeleg bacon til (det var visst eg sjølv som hadde sett Besta på idéen i eit tidlegare innlegg om bacon).

Eg er ikkje så oppteken av om det er snø akkurat på julaftan, men det er kjekt med snø uansett - spesielt når ein har fri og slepp å stå opp i gryotta for å moke.

Othello


Etter eit portrettintervju i skuleavisa denne veka, har eg fått nokre kommentarar om at eg styrer med hobbyane mine på jobb. Har ein sære nok interesser, er dette nemleg fullt mogleg. I tillegg er det mogleg å jobbe i fritida; som til dømes i kveld, då eg såg ferdig "Othello" av Shakespeare, i filmatiseringa frå 1995. For det første er eg langt meir enn gjennomsnittleg oppteken av Shakespeare, og har lese nesten alle skodespela og dei fleste dikta hans. For det andre er eg langt meir enn gjennomsnittleg glad i å sjå film i denne litt alvorstyngde sjangeren. Kenneth Branagh er dessutan ein av mine mange favorittskodespelarar (har eg ikkje omtala fleire som det, tru?), og spesielt Shakespearefilmatiseringane. Han spelar ein fantastisk Iago, medan Laurence Fishburn er god som Othello. Kan det bli betre? Ja, for eg hadde potetgull, te og eit lunt pledd også...

Som eit apropos til potetgull: her ein dag bad eg Gubben ha på meir bacon på fatet mitt, og Nummer 2 kommenterte at "det trenge du". Då eg spurde han kva han meinte med det, svara han: "fordi du e pittelita og drittynne". Køl på med bacon og potetgull, altså!