søndag 20. mars 2022

UKM 2022


Opningsnummeret med alle artistane 

Sist torsdag var det klassekonsert med klassa til Minstemann. Laurdag skulle han delta på UKM i Sande saman med andre kjende frå musikklinja, deriblant tre av gutane "mine" i førsteklassen. To av dei kjem frå Sande. 

Bladfyken og eg var tidleg ute med å kome til Larsnes, så me tok oss ein sightseeingtur i området. me fann blant anna ein perfekt plass å leige hytter, men det tok eg ikkje bilete av. 

Gutane var heilt klart dei beste på heile arrangementet, sett frå ei objektiv mor/lærar sin ståstad, men det spørs om juryen vil nominere ungdomar som har fullstendig tilhøyrsel i kommunen. Dei spelte to nummer; "Don't let me down" (Beatles) og "Strange kind of woman" (Deep Purple). Eg er ikkje heilt sikker på kva for ein eg likte best, då det er to svært gode songar.

Sola hadde dessverre gått ned då arrangementet var slutt. Det er truleg magiske solnedgangar i området, og eg reiser gjerne attende.

fredag 18. mars 2022

Bok 12 2022: "Fyrvokteren" av Camilla Läckberg


Denne boka blandar gamal og ny historie, slik dei hine bøkene også gjer, men i tillegg er fortida med i notida i form av gjengangarar. Dette var ei god bok, og løysinga var ikkje så innlysande som eg ofte synest det blir når ein har lese nokre bøker av same forfattar. Noko gjetta eg, sjølvsagt.

Bok 11 2022: "Havfruen" av Camilla Läckberg


Denne boka hadde eg lese før, men eg las den om att for å få kontinuiteten i forteljingane. Ein mann vert funnen nedfrosen i isen, og fleire andre kjenner seg trua. Er der ein samanheng? Eg veit ikkje om eg likte denne boka så godt, mykje fordi eg hadde lese den før og dermed syntest den var føreseieleg....

Bok 10 2022: "Tyskerungen" av Camilla Läckberg


Erica veit veldig lite om mora si, som både ho og systera har hatt eit relativt dårleg forhold til. Nysgjerrigheita er dermed stor når dei finn ei kasse med ting som har vore mora sine, blant anna dagbøker og ei tysk krigsmedalje. Gamal historie vert som vanleg smelta saman med drama i notida, og dette er den beste Läckbergboka eg har lese så langt. Kanskje mest på grunn av tematikken, når eg tenkjer meg om.

Stadlandet 12. mars

Laurdag morgon reiste me på tur til Ervik og Vestkapp. Det er så stemningsfullt ute ved kysten, og Ervik er ein av favorittplassane mine. Denne gongen gjekk me ikkje ut og såg på krigsminna, men me gjekk lenge rundt og las på gravene. Nytt sidan sist eg var der, var ein skulptur som skulle forestille ei kvinne som miste mange av sine næraste på sjøen. "Havet gir og det tar sin toll", som det heiter i songen. 





På Vestkapp låg det nokre snøskavlar inntil vegen øvst oppe, så ein måtte gå siste stykket. Der var mykje vind, men det var flott å sjå utsikta og kjenne at det faktisk går mot vår.








Fri-fredag med finevêr

Det har vore langt mellom dei fine dagane hittil i 2022, og når det er fint, kan det ofte hende at ein sit nedesylta i arbeid eller sjukdom. 11. mars slo det til med nydeleg vårvêr på ein fri-fredag, så då gjekk eg ein nydeleg tur i Mjeltvika med Charlie.

Eg hadde ein stilbunke som eg ikkje hadde fått ferdig helga før på grunn av hangling og symptom, så ein eigentleg fridag vart det sjølvsagt ikkje. Likevel er det litt lettare å leve når ein får vere ute eit par timar midt på dag og ikkje treng å stresse seg av garde på jobb.


Kvinnedagen 2022

I år var eg med i ei nemnd som skulle arrangere 8. mars, men på grunn av korona i heimen (Minstemann) vart eg noko sett ut. Eg gjekk i fleire dagar med symptom utan å teste positivt, noko som var ei merkeleg kjensle i seg sjølv. På sjølve kvinnedagen stilte eg i politikarpanel og diskuterte kvinnemangel i voldapolitikken, noko eg òg gjorde for to år sidan, like før nedstenginga. I tillegg var det kulturelle innslag, loddsal og appellar, og det var fullt hus på Tredet i Volda sentrum. 

Fleire testa positivt etter treffet, forresten, men eg er framleis like negativ som alltid.