søndag 30. mars 2008

Championat i boks


Endeleg, etter nokre bitre nummer 2-plasseringar, vart Bianca i dag norsk utstillingschampion på NKK-utstillinga i Bergen. Vi her heime ville gjerne ha opplevd å vere der, men det er litt for mykje styr og altfor mykje venting for dei aller minste. Då var det betre å leike i snøen og vente på den spennande telefonen frå Gubben og nummer 1. Gleda er stor!

Biletet er frå Nesbyen i august 2007, då Bianca vart best i rasen. For oss er ho verdas skjønnaste uansett!

lørdag 29. mars 2008

Aleinemor med tre born


I dag var det vanskeleg å bestemme seg for kva ein skulle bruke dagen til. Utan hundar i heimen var det ikkje nødvendig å gå på tur, for eksempel. Sidan det var skidag for skuleungane i går, var det ikkje så freistande å gå på ski heller. Det vart litt "kongen på haugen" på ein gammal snøhaug, litt spasering langs vegen medan ein leika at ein var redningsskøyta Elias og elles mating av hestar, fotball og litt forskjelleg. Etter eit par timar bad borna tynt om å få lov til å gå inn, og det fekk dei - viss dei gjorde noko anna enn å spele play station eller halde på med data. Dermed kom eit gammalt brettspel fram, vi fekk rydda huset og vaska/bretta klede og innimellom alt har eg begynt på ein ny stilbunke. Eg er rimeleg fornøgd med livet som "aleinemor", bortsett frå at skritt-teljaren har hatt ein litt for roleg dag.

Daisy, Daisy


Sist laurdag, som ei siste krampetrekning i høve "barnedåpen", kjøpte vi oss ei liftgardin i det stoffet som gryteklutane på biletet er i. På same butikk hadde dei voksduk med margerittar på, men vi hadde ikkje måla i hovudet, så det fekk vente. Vel heime fann eg fleire ting med margerittar på - til dømes ein koppehandduk frå Ekelund. I næraste familie har vi ein del Ekelundprodukt, for å seie det mildt, og mitt utval inneheldt blant anna også tulipanar, iris, raudkløver og eple. Ikkje rart at her også fanst margerittar, altså. Systera mi hadde dessutan ein gong kjøpt fire lysegrøne telysestakar med margerittar på, og desse hadde eg leita fram som vårteikn. Eg er så glad i den lysegrøne fargen, og den er fin å kombinere med blåfargen på kjøkkenet vårt. No blømer margerittane i kvar ei krå, og eg er litt for glad i høner og kaninar til å skulle fjerne påskepynten slett enno. Minimalisme var aldri noko for meg.

fredag 28. mars 2008

Tvi tvi, Bianca

Ein av lidenskapane våre som ikkje har kome tydeleg fram på bloggen enno, er hundeutstillingar. Tispa vår manglar eit "cert" (certifikat) frå ei NKK-utstilling for å bli champion, medan hannhunden berre ventar på å bli gammal nok. Denne helga er Gubben og eldstejenta i Bergen for å prøve å få eit cert til tispa. Det er lov å håpe. Biletet viser oppdrettaren av hundane med eit "knippe" håpefulle på Bergensutstillinga i fjor. Yngsteguten vår var med på spesialutstilling på Hokksund då han var 2 1/2, og då var vi ein leir med ni grå og kvite hundar. Han såg kven som var kven av dei - utruleg nok! No har det kome til tre brune og kvite i "familien", og då er det litt lettare. Hundeutstillingar er mykje fjas og fjoll, men det er òg utruleg spennande og interessant. Ikkje minst frå eit sosialantropologisk synspunkt.

Gratulerer, mamma


Det blir ikkje den store familiefeiringa i dag, men det kan bli ein fin dag likevel. Biletet viser eldstejenta på hennar store dag sist søndag, og som fadrar stilte (til venstre) farfar og farmor og (til høgre) mormor og morfar.

torsdag 27. mars 2008

Besta har bursdag


I dag (torsdag) høyrde eg på radioen at det var 28 år sidan Alexander Kielland-plattforma velta. Den ulukka assosierer eg alltid med 40-årsdagen til mamma, for det vart det store samtaletemaet under feiringa. At "life begins at forty" er det vel ingen som eigentleg meiner, og heller ikkje at "når man blir 66, først da tar livet til." Sjølv om ein får auka fridom etter kvart som born veks til og flyttar ut, vil ei svekka helse kunne setje nye hindringar i vegen for ønske og draumar. Vi ønskjer Besta alt godt, og så får vi håpe på eit fint sommarhalvår der det blir mogleg å kome seg meir i rørsle.

onsdag 26. mars 2008

Endeleg ein dag fri



Etter å ha vore ein dag på jobb, var det på tide med ein fridag att. Sola skein frå skyfri himmel, det var kaldt og snøen låg like fin og kvit som den har gjort sidan søndag. Dei to yngste og eg kosa oss i heimen fram til dei to eldste kom heim. Då åt vi middag, og så gjekk vi ut att. Mange vil nok tru at min entusiasme når det gjeld snø i slutten av mars er noko påklistra, kanskje til og med ironisk, men med born og hundar i heimen gir snøen høve til mykje uteaktivitet. Ein av utesyslane i dag var kapprenning i vegen ned til tunet, og ein annan var eting og knusing av istappar. Slikt har det blitt lite av tidlegare i vinter!

tirsdag 25. mars 2008

Dagen derpå


24. mars, tre månader etter julaftan, var det flott sparkføre her. Nummer tre, ein hund og eg tok oss ein koseleg tur på den gamle sparken til farfar og systera hans. Den er frå 1950-talet, og vi burde nok ha kjøpt oss ein ny, men dei er vanlegvis svært raske til å sande vegane. Det passa godt med julemiddagsrestar på ein slik dag.

søndag 23. mars 2008

Dåp på 15-årsdagen


Det var ein stor dag for eldstejenta i dag. Ho hadde bursdag og vart 15 år, og i tillegg var det dåpsdagen hennar. Gubben og eg har alltid vore imot at borna skal døypast før dei får sjanse til å gjere seg opp ei sjølvstendig meining, og vi har aldri gått inn for at dei skal få ei kristen oppseding. Likevel er vi kanskje oftare i kyrkja enn mange andre. Når eldstejenta bestemte seg for å døype seg og konfirmere seg i kyrkja vart vi ikkje overlukkelege, men vi respekterer henne for det valet ho har gjort. Ho er ei kjekk og modig jente som gjerne ville vere i fokus på denne for henne viktige dagen. Besteforeldra stilte som fadrar, og Hareidsgjengen stilte som gjester.

fredag 21. mars 2008

Langtur på langfredag


I og med at meldingane var bra, vart det tur innover til Movatnet i dag. Nummer 2 og 1 gjekk først, deretter Gubben med to bikkjer framme og ein pulk med nummer 4 i, og til slutt nummer 3 og Gamla. Vi hadde ein slik tur i påska i fjor òg, med like strålande sol, og det er berre fantastisk. Skikkeleg påskeklisjé, kanskje, men dog. Minigrillen kom fram, så det var svarte pølser på menyen i dag òg. Vi brukte 2 1/2 time inn til vatnet, og dei fremste brukte 55 minutt ned att. Eller for å seie det litt annleis: 7000 skritt inn til vatnet, og 2000 ned att.

torsdag 20. mars 2008

Hundeliv


Då vi flytta til bygda, hadde vi bestilt oss ein kvelp som vi fekk seinare same sommaren (2000). Det var den før omtala Ariel, som var ein bearded collie. I den tida budde det fem andre hundar her, men no er alle dei borte. I vinter fekk næraste naboane seg ein nydeleg border collie kvelp, så no er det totalt tre hundar her.

Ennå er det vinter












Det har ikkje blitt mange turar hittil i påska, for no bur vi midt i påskeidyllen! Snøen lavar ned, og det er ikkje grenser for kor mykje kjekt ein kan finne på like utanfor stovedøra. I dag har vi til dømes hatt vår årlege påskeaktivitet "ete ute saman med naboane" i skogen rett oppom huset deira. Nabodama hadde med nybakte bollar og kaffi, Gubben hadde laga pinnebrøddeig og saft, alle hadde med pølser og så måtte vi til å jukse og hente ved til eit triveleg bål. Det bur ikkje så mange her på staden, og då er det jammen flaks at naboane er så greie!

tirsdag 18. mars 2008

Men solskinn kan det jo også bli...




Vi har visst ikkje hatt så mykje uteliv i snøen hittil i år, men i dag slo vi til med dei kjende og kjære snøaktivitetane våre. Først bygde ungane skihopp i bakken oppom huset, deretter var det blinkkasting på lødeveggen (som nesten skrik etter eit strøk måling no...). Det vart litt tid for Gamla å sitje ved husveggen og nyte vårsola, men veret var noko ustadig. I kveldinga gjekk eg tur med hundane, så det er blitt mykje frisk luft. Mykje kjekkare enn å sitje her og rette...

mandag 17. mars 2008

Nummer tre i svevet!


Ein tradisjon viss det er snø, er å hoppe frå garasjetaket til mormor og morfar. Det var kjekt på 70-talet òg, forresten. Som de ser, det var full vinter i Ørsta i dag. Kanskje kjem vi oss på ski i løpet av påska?

Søskenbarntreff i Ørsta


Det er ikkje så ofte vi møtest, men ungane finn fort tonen og leikar fint saman. Vi snakkar om sommarferie saman i år òg - kanskje kombinert med enda fleire søskenbarn?

Happy St Patrick's Day, everybody!


Denne kledelege hatten fekk eg tilsendt saman med eit hefte med irske songar for ei tid sidan. Bakgrunnen for dette var at ein kollega og eg var i København med elevar for tre år sidan, og på hotellet møtte vi ein lystig gjeng med eldre irske menn som hadde vore ute på byen og feira St Paddy. Vi kom i prat, og lenge etter kom altså den nemnde pakken i posten.

søndag 16. mars 2008

Og så var det attende til vinteren....

Biletet over syner minstemann etter ein hektisk utedag etterfølgt av kveldskos med popcorn og TV. Det som ligg på magen hans er ein pistol, viss du ikkje ser det. Ingenting er som frisk luft når det gjeld å bli trøytt til kvelden! Dei to eldste, gubben og eg kosa oss med "lange flate ballær". Ein fantastisk dag som lova godt for påska spesielt og våren generelt.

Så vart det snø. Og hagl. Og vind. Særemne måtte rettast, hus måtte ryddast, klede måtte vaskast, hundar måtte trenast. Feriekjensla vart noko redusert i dag tidleg, for vi har nok å stresse med i ferien òg. Eldstejenta og eg fekk tid til ein lang tur i skogen og ein kortare tur på vegen. Skritta skal teljast i ferien òg, og sykkelturane frå i går gav ikkje utteljing i det heile.

Våren er her!


Palmelaurdag var det sol frå skyfri himmel, og då passa det godt å montere opp trampolina for sesongen. Det vart òg tid til å sitje litt i solveggen og å sykle med hundane før sola gjekk ned.

Piker, vin og...mat?



Legg inneit par bilete frå vinklubben fredag som bevis: vi vart 11 til bords, og det nye temaet denne gongen var at eg hadde fått tak i nokre hefte frå Polet der ein skal fylle ut skjema for smak og lukt m.m. Viss glasa ser tomme ut, er det fordi vi heldt på å smake den første vinen då biletet vart tatt, og viss fata ser tomme ut, er det fordi maten alltid blir servert etter vinsmakinga. Då blir det ny smaksrunde, for all vin endrar karakter til mat. Kvitvinen passa best til maten etter mitt syn, og maten var god. Eg fekk heilt sansen for indisk, som eg ikkje trur eg har prøvd før. Men det var godt med ein litt frisk salat til (sukkererter, mango, kiwi, paprika m.m.) Og dei nanbrøda var berre kjempegode. Ho er ikkje så verst kokke ho der Santa Maria.

fredag 14. mars 2008

"Piker, vin og sang"


Folk på jobb reagerer med overrasking når eg fortel at vi i den vesle heimbygda mi har ein oppegåande vinklubb. Særleg viss eg nemner talet på medlemmer. I kveld er det min tur å vere vertinne, og på menyen står indisk kyllinggryte og diverse vinar frå Italia og Portugal. Internasjonalt må det vere, når 11 bygdedamer møtest. Vi starta vinklubben hausten 2000, då eg nyleg hadde flytta hit, og vi har treff om lag ein gong i månaden. Då vi starta, valde vi namnet "piker, vin og sang", men vi har ofte vitsa om at vi burde ha skifta namn til "Vinklubben Clearblue". Rykta går temmeleg fort viss ein uteblir frå klubb utan gode grunnar. Mann og barn har rømt frå huset, og eg ser fram til ein hyggeleg kveld med mat, prat og høg latter. Legg merke til hønene på bordet - dei er symbolske. Elles er ikkje borddekking mi sterkaste side - det heller.

onsdag 12. mars 2008

Teacher Man


Etter eit par timar i solveggen har eg avslutta den sjølvbiografiske trilogien til Frank McCourt. Denne siste boka gir eit illustrerande bilete av high school-livet i USA, og ein får både gode råd og episodar til ettertanke. Den raudøygde fattigguten er i denne romanen blitt lærar, og mot slutten pensjonerer han seg for å få tid til å lese bøker og kanskje skrible litt i notatbøker. Det er utruleg rørande å tenkje på at han seinare mottok Pulitzerprisen for "Angela's Ashes". Og så er det rørande å lese om elevlagnader og undervisningsopplegg som tek andre retningar enn først tenkt.

Fridag


I dag har skulearbeidet fått ligge til kvelden, for veret har vore så nydeleg. Sola kjem ikkje på garden før nærare 13.00, så vi gjekk tur med bikkjene til skogsvegen, der sola kjem før 11. "Vi" var i dag hundane, nummer 3 og 4 og eg, og ungane hadde med seg syklar. Eg hadde sett i gang "maskinparken" med klede og oppvask før vi gjekk ut. Vi kom heim litt før sola kom, og då nytta eg tida til å lage ein enkel lunsj medan ungane henta fram nokre møblar vi kjøpte i fjor. Vi har eit lite hjørne mellom overbygget på oppsida og plattingen, og der var det akkurat plass til eit bord og to lette stolar. I den kråa er det lunt og fint, og vi fekk nyte livet der ei stund før det skya over. Minstemann meinte dei burde få bade i basseng i hagen, eller i alle fall få gå berrføtt, men fjella er framleis dekte av snø, så vi må ikkje bli overmodige heller. Då nummer to kom heim frå skulen, hadde vi posesuppe til middag med lovnad om vaflar etter solnedgang. Det gjeld å nyte dei augeblikka ein får når dei er der, i staden for å skulle vere superhusmor først og så gå ut. Då er det oftast for seint.

tirsdag 11. mars 2008

The times they are a-changing


Filmen "Cry Freedom" frå 1987 tek føre seg hendingar frå 1976 -1977, då avisredaktøren Donald Woods (Kevin Kline) vart kjend med Steve Biko (Denzel Washington), ein svart fridomskjempar/terrorist. Dei var begge oppvaksne under Apartheid i SørAfrika, og ein får eit sterkt innblikk i korleis det kvite, rike mindretalet hersa med, forfølgde og drap svarte. Sidan vi skulle lese om Sør Afrika i engelskboka, fall eg for freistinga og viste denne 2 1/2 timar lange filmen til førsteklassingane mine. Mange av dei uttrykte etterpå at det var ein god film, og dei hadde mange gode spørsmål som eg kunne svare meir eller mindre godt på. Ein av mine pedagogiske hovudtankar i år er at ein skal lære med hjartet, ikkje berre med hovudet, og eg trur den kunnskapen dei no sit med om Sør Afrika er meir verd enn det dei las i boka si. I ettertid skal vi ta fram att boka og lese omatt, og eg er allereie i gang med å finne ut meir om kva som har skjedd siste femten åra. Mellom anna vert Zuma, han som er spådd å bli Sør Afrikas neste president, kritisert fordi han ikkje slapp inn kvite journalistar på eit møte i ANC.

søndag 9. mars 2008

Leseopplæring


Då eldstejenta var to og eit halvt, kjøpte vi bokstavlotto til henne og trena seint og tidleg. Sommaren før ho begynte på skulen, tok eg henne føre meg og lærte henne å lese. Ho skulle gå i ei stor klasse, og eg var redd læraren ikkje ville få tid nok til henne. Nummer to kunne ingenting då han begynte, for eg vurderte det slik at han trengde noko å bryne seg på. Han skulle gå saman med fem andre, så han fekk rikeleg oppfølging. Det har vore så som så med leselysta til desse to, men vi hugsar godt då nummer to skulle på fotballcup ei helg og pakka med seg tolv faktabøker... Nummer tre fekk nokre bøker om bokstavar (Alf og Bett) før ho begynte på skulen, og plutseleg hadde ho lært seg sjølv å lese. No i helga oppdaga vi at minstemann, som vart fire i november, kan å lese han òg. Han las overskriftene i Dagbladet, som har store, tydelege bokstavar. Om det er trening i barnehagen som har gjort utslaget veit vi ikkje, men vi veit at nummer tre har lese høgt til han i dei "barnslege" Alf og Bett-bøkene. Ho har hatt eit skulefrøkenuttrykk sidan ho vart fødd, og det skulle ikkje forundre meg om ho endar opp som lærar, slik som mesteparten av morsslekta.

lørdag 8. mars 2008

Ros og roser til bukett med tre søte småbarn









Kyrkja i bygda har ikkje noko fast opplegg for borna, men innimellom arrangerer dei kyrkjeveker, kor o.l. i ein avgrensa og hektisk periode. I dag var det tredje korøving og konsert, og i morgon skal dei delta i gudstenesta. Opplegget har vore korsong for born i 7 - 12 årsalderen, og så skulle konfirmantane vere med på arrangementet med song, musikk og dans. Vi hadde tre born i målgruppa, og dei var flinke alle tre. Eldstejenta deltok som koreograf, nummer to song i kor og spelte trommer og nummer tre song i koret. Alle tre fekk kvar si rose som takk, så det vart nesten ein bukett då dei kom rett bort til mora med rosene. Lukka var fullkomen. Det vil seie; min beste bukett er dei fire rosenknoppane mine.

fredag 7. mars 2008

Opplading til kvinnedagen


I tidlegare innlegg har eg skildra jobben min som "verdas beste". Sidan eg no har brukt hittil (er halvferdig) 30 timar på evaluering av særemne, og det i tillegg til anna arbeid siste veka, vil eg ikkje gå så hardt ut, men jammen har vi det kjekt innimellom. Å sjå film i arbeidstida er eitt av privilegia i yrket, og no har eg avslutta vising av "Kristin Lavransdatter" med avgangselevane mine. Dei hadde stor sympati med Kristin når ho vel å følgje hjartet i staden for hovudet, så og seie. Sjølv er eg blitt så gammal at eg held ein knapp på Simon Darre. Dessutan har eg alltid syntest at Undset er for sjølvhøgtideleg på kvinnene sine vegner, og at det er for mykje skam og kjensle av å ha svike nokon i bøkene hennar. Eg trur faktisk at eg var meir kritisk enn 19-åringane til denne gamle boka, men så er det noko med at menneskehjartet ikkje endrar seg, då. Eg var nok for gammal då eg las "Kransen" første gong, for den har gjort stort inntrykk på mange ungjenter. Sjølv syntest eg den var altfor pompøs, og eg hadde meir sansen for "Jenny". Filmen vart uansett eit høvande apropos til i morgon!

onsdag 5. mars 2008

Impulsiv? Moi?

Småbarnsmødrer kan sjeldan karakteriserast som impulsive. Sjølv har eg kanskje ei helg eller to før sommarferien då det enno ikkje ligg inne ei framsyning, utstilling, konfirmasjon eller liknande, og alle kvardagar inneheld kjøring til fritidsaktivitetar anten for Gubben eller meg. På jobb går ein etter klokka, etter vekeplan og etter heilårsplan. Ferjene går òg etter ein plan, og denne planen har vi etter kvart lagt inn og samkjørt med alle andre ting som skal skje. I går, tysdag, var det kurs etter ordinær arbeidstid, og så sat eg resten av kvelden med evaluering av særemne så eg skulle ha nokolunde fri i dag.

Og kva skulle fridagen brukast til? Klesvasken hadde hopa seg opp sidan søndag, minstemann skulle på helsestasjonen og eldstejenta skulle på fotballtrening etter ein dag med snøholegraving (uteveke på skulen). Planen var klar, og alarmen stod på. Etter to netter med 3 timars søvn på grunn av stress såg eg fram mot ei god natts søvn då eg la meg.

Ein halvtime seinare spydde minstemann i senga.

Det høyrer med til historia at han har den vanen at han oftast ligg i senga mellom Gubben og meg. Klesvasken vart med eitt framskunda og utvida, for ikkje å snakke om helgavasken, og alle planar måtte omkalfatrast, ombookast og avlysast. I tillegg må ein no vurdere kva ein skal gjere dersom ein sjølv blir sjuk, dersom Gubben blir sjuk og dersom dei tre eldste blir sjuke. Dei skal på Reset på skidag i morgon, og så er det ballett, hip-hop og musikkskule... Og kva med fotballcupen i helga? Og korøvinga laurdag med påfølgjande konsert? Og gudstenesta søndag der ei skal synge og ei anna danse? Og Gubben, som skal jobbe heile laurdag og delvis på søndag?

Eg berre spyr...

søndag 2. mars 2008

Beautiful boy

Ein norsklærars sikraste vårteikn



28. februar var ein merkedag for mange - blant anna mine 28 norskdisiplar og meg. Då var det nemleg innleveringsfrist for særemna deira. I lengre tid har dei lese og streva med å finne stoff om det dei skulle skrive om og deretter prøvd å formulere vettuge setningar i veldisponerte oppgåver. Sjølv har eg gått rundt med ei irriterande roleg maske og leika analyseguru. 17 av dei 28 leverte før helga, og her sit eg, ikkje lenger roleg, men framleis irriterande. Kvart særemne tek om lag 1 1/2 time å lese og vurdere, og laurdag kom eg meg gjennom 7. Då var klokka 0.30. Ikkje det at eg hadde sete heile dagen - det skal eg ikkje skryte på meg - men eg sat lenge. Eg måtte ha ein TV-pause for å presentere meg for ungane, som eg ikkje hadde sett særleg til, og så måtte eg sjølvsagt lese for dei på senga. Vi held på med den første boka i serien om Anne frå Bjørkely; ei bok som fell i smak hos oss alle, sjølv om minstemann truleg ikkje forstår noko særleg i og med at der verken er bilar, båtar eller tog. Eg har ein glimrande idé til særemne, forresten: samanlikning av bøker der hovudpersonen er ei jente med raudt hår og fletter. Fram til eg får det drøymesæremnet i hende, får eg kose meg med mine 28 om hekseprosessar, fødselsdepresjon, fantasylitteratur, Ellingfilmane, Anne B Ragde, Nynne-bøkene, krimbøker, forbodne bøker, etc etc etc i det uendelege.