onsdag 30. juli 2014

Bok 61 2014: "Det siste barnet" av John Hart

Tvillingsystera til 13 år gamle Johnny forsvinn. Eit år seinare har faren forsvunne, mora dopar seg og det meste i Johnnys liv er trasig. Han bruker dagane til å leite etter systera saman med ein litt pussig kompis, og dei kjem bort i mykje elende undervegs.

På vaskelappen står det at boka er spennande, men eg syntest den var noko langdryg (som vanleg). Spesielt midtpartiet var omstendeleg, og eg gløymde karakterane etter kvart som nye kom til. Mot slutten tok det seg noko opp, men så flata det ut att. Når alt dette er sagt om spenningskurva, må eg legge til at det er ei krimbok med "noko attåt". Ein får reist ein del etiske spørsmål, og ein får noko å tenkje på når det gjeld kvifor menneska handlar som dei gjer. Konklusjonen min er at den er høgst lesverdig, men som krim er den litt stilleståande til tider.

tirsdag 29. juli 2014

Bok 60 2014: "Ren samvittighet" av Jan Mehlum

Mehlums helt, advokat Svend Foyn, er ein av mine favorittar. Mehlum tillegg han ein ironisk tone som er svært underhaldande å lese, og i tillegg er eg sjølvsagt begeistra for hunden Hulda. Sjølve forteljinga i denne romanen begynner med at ei ung jente kjem til Foyns kontor for å finne ut noko om eit slibrig fotografi som storesystera har motteke på mobilen sin. Foyn avviser jenta, men får fornya interesse for henne og saka når jenta døyr få dagar seinare.

Av og til vert ein så opphengd i ei bok at ein utset alle trivielle gjeremål ein kan berre for å lese. Dette vart ei slik bok for meg, både fordi den er lett å lese, lett å følgje med i og interessant når det gjeld tematikk. 440 sider gjekk unna på rekordtid, og no har eg fått hjelp til å skaffe ein heil bunke med Mehlum-bøker som eg skal kose meg med framover.

søndag 27. juli 2014

Charlie på postvegen






Endeleg kom vi oss ut på noko anna enn lokale rusleturar med hunden. Vi slit litt med bilsjuke, men i dag tok vi sjansen på å køyre opp skogsvegen til "Langedalsbroe" og gjekk deretter tur inn til fylkesgrensa. Fordelen med å gå der, er at der er naturleg vatn nesten heile vegen, og vi tok dessutan eit badestopp undervegs.

Vel heime sette vi oss på verandaen med kaffi og is, og då begynte eit utruleg rabalder. Vi såg sikk-sakk-lyn og høyrde torevêr lenge før det begynte å regne. Det regna først, så høljeregna det. Hagen har vore temmeleg tørr, så nedbøren kom vel med. Det vart eit spektakulært syn å sjå det heile frå den overbygde verandakråa!

Charlie sov seg gjennom heile rabalderet.

lørdag 26. juli 2014

Bok 59 2014: "Ved elven" av John Hart

Adam Chase kjem attende til heimbyen etter å ha blitt frikjend for eit drap som ikkje er oppklart. Menneska i byen har ikkje frikjent han frå mistanken, og han har problem med å ta opp att kontakten. Ekstra vanskeleg er det at stemora hans vitna mot han i rettssaka, og at faren valde å tru på kona framfor sonen. Når nye brotsverk finn stad, er Adam lett å mistenkje. Han prøver sjølv å finne løysingar, og finn fleire løyndomar enn han hadde forventa.

Boka er til dels spennande, men eg syntest nokre av løyndomane og forklaringane var litt usannsynlege. Eg skal ikkje gå inn på kvifor, for då røper eg handlinga, men eg kan seie at avsløring av sanninga får somme personar til å overreagere.

torsdag 24. juli 2014

Bok 58 2014: "Gunnlöth's Tale" av Svava Jakobsdóttir

Den islandske forfattaren er mellom anna kjend for ei noko makaber og surrealistisk novelle som heiter "Saga handa börnum" på islandsk, og som finst i nokre tekstsamlingar for norskfaget i vidaregåande. Den har eg lese mange gonger og likt godt. "Gunnlöth's Tale" er ein heilt annleis tekst, sjølv om den òg handlar mykje om morskjensla og -rolla.

Eg-personen er ei mor som opplever at dottera blir arrestert etter å ha stole ein eldgamal gjenstand på eit museum. Når dottera forklarar brotsverket ut frå ei mytologisk forteljing, vert mora usikker på om dottera er gal. Viss ikkje dottera er kriminell, er ho altså gal, og må uansett plasserast på ein institusjon. Ei tredje forklaring er at dottera kan ha blitt overført til ei anna tid, og at ho dermed snakkar sant om korleis ho måtte hente attende gjenstanden som Odin hadde teke frå Gunnlöth.

Parallelt får vi høyre meir om livet til mora, og om notida (1980-talet). Mora er ei forretningskvinne som må ta eit oppgjer med seg sjølv, og ektemannen seier han har det for travelt til å kunne ta seg av problema til dottera. Forfattaren får dermed sagt noko om si eiga samtid, samtidig som ho dreg fram den mytologiske forteljinga om Gunnlöth og Odin.

Dette er inga enkel bok å forhalde seg til, men forfattaren skriv godt. Den engelske omsetjinga har i alle fall eit poetisk og vakkert språk, spesielt når det gjeld stemningsfulle naturskildringar.

Hundedagar i hagen







tirsdag 22. juli 2014

Bading på Botnasanden

Etter ei helg i storby var det godt å kunne slappe av heime i hagen, ha ei heil strand for seg sjølve og gå tur med hundane.


Femtiårsfeiring på Frogner

Sist helg var eg i Oslo for å feire ei venninne som vart 50 år. Vi starta med sprudlevatn på takterassen, heldt fram med talar, middagsservering og gåver på fredag ettermiddag/kveld. Laurdag tok damene med seg ein enorm kjølebag til Gressholmen, der vi hadde piknik. Feiringa heldt fram attende i byen etterpå, og vi fekk servert meir nydeleg mat og drikke. Vi var fem damer som heldt saman gjennom heile feiringa, og eg kjende berre jubilanten frå før. Etter å ha blitt kjend med dei andre, kjenner eg meg som eit rikare menneske. Det var høgst oppegåande og underhaldande damer med sans for den gode samtalen.





fredag 18. juli 2014

Oppdatering om Charlie

Veslejenta kom attende etter å ha vore borte frå hunden i fire dagar. Ho synest han har blitt større, og han blir stadig tøffare. Han går til angrep både på større hundar og på leiker, og det ser ut til at han må bremsast litt. Eg er mest redd for at han skal bli pysete og sky, men det verkar det ikkje som om han har anlegg for. Han går gjerne tur, men vil helst gå på heimveg, ikkje forlate heimen. Dessutan kan han snuse i det uendelege på noko han finn i vegkanten. I Mjeltvika har han faste plassar der han drikk frå bekken og gneg på lyng. Han går gjerne langt, men eg ber han over brua og når vi kryssar hovudvegen. Det hender at han blir trøytt eller somlar så mykje at eg ber han berre for å få litt mosjon, men han blir sprekare for kvar dag som går.

I dag sat Veslejenta og eg og åt, då han plutseleg stod midt på kjøkengolvet. Då hadde den vesle fyren brote seg ut av inngjerdinga si og sprunge opp trappa til andre etasje. Ei stund etter hoppa han rett opp på salongbordet i stova.

Eg har meldt han på kvelpekurs - her trengst ein del kustus.

torsdag 17. juli 2014

Bok 57 2014: "Leve posthornet" av Vigdis Hjorth

Ellinor er ei einsam kvinne i 30-åra som saknar meining i tilværet. Då ho får i oppgåve å støtte Postkoms arbeid mot innføringa av EUs tredje postdirektiv, går ho opp i denne oppgåva med mot og kampvilje.

Kva skal ein seie om ein roman som handlar mykje om EUs postdirektiv, men som òg rømer ei anna forteljing, om den single, barnlause kvinna i 30-åra? Hjorth skriv underhaldande og lettleseleg, og vrien med postdirektivet er veldig artig. Ei politisk sak vert løfta opp frå det grå og keisame byråkratiet til å verte noko rørande, viktig og meiningsfylt. Når det gjeld den single kvinna, synest eg at eg har lese tallause romanar og sett like mange filmar om akkurat henne. Eg synest ikkje forfattaren legg til noko nytt når det gjeld meininga med tilværet, bortsett frå det tidlegare nemnde postdirektivet. Trivialitetane elles var nesten klisjéar, og hovudpersonen temmeleg stereotyp.

Konklusjon? Ei absolutt lesbar bok, med ei litt original vinkling på eit oppbrukt tema.

onsdag 16. juli 2014

Hundeliv

Vêret skifta, med ausande regn og svermande knott. Det er  derfor ikkje så lett å få gjort anna fornuftlig ute enn å lufte og trene hundar, noko som tek langt meir tid enn det kan høyrast ut som. Hundekvelpar er nesten like krevjande som andre babyar. Det er mykje kos òg, for all del, og Charlie er berre heilt super på alle vis.

søndag 13. juli 2014

Bok 56 2014: "Hauk og due" av Henrik H Langeland

Då eg las "Verdensmestrene" i fjor haust, var eg ikkje særleg begeistra. Likevel plukka eg med meg framhaldsromanen "Hauk og due" frå biblioteket for ei tid sidan. Forventningane var ikkje heilt på topp, men eg vart positivt overraska. I motsetnad til den første boka, opplevde eg denne boka som heilskapleg. Sjølve starten var såpass spennande at eg vart svært interessert i å lese vidare: to gutar syklar av garde for å bade, den eine har veslesystera sitjande fastspend bak på sykkelen sin. Gutane syklar og kapp og kappast i tillegg om å kome seg først ut i vatnet, og dermed er dramaet i gang. Etter denne episoden hoppar vi framover i tid og følgjer nokre av personane i den første boka på byrjinga av 90-talet.

Eg likte boka svært godt og tykte mange av episodane var direkte morosame. Eitt av høgdepunkta er påsketuren på fjellet. Samtidig har boka eit alvorleg fundament, for å seie det slik. Tidskoloritten er artig for oss som var om lag jamgamle med personane i boka, men miljøet er sjølvsagt relativt ukjent. Eg synest også om denne at den minner om Saabye Christensen, men min konklusjon er altså at den andre boka er betre enn den første. Begge bør sjølvsagt lesast for å få samanhengen.

lørdag 12. juli 2014

Charlie i Brundalen

Minstemann hadde blitt med naboane på hytta i går og overnatta der. Mora var litt spent på korleis dette hadde gått, og eg ville derfor gå tur på setra. Ungdomane i huset hadde absolutt ikkje lyst til å vere med, så då var det frykteleg greitt å ha ein villeg hund i heimen.

No skal det seiast at eg bar han opp dei tyngste bakkane i solsteiken, og gjennom det høge graset, men han fekk vasse litt og leike på stranda før han gjekk heile vegen ned att sjølv. Det ser ut til at han har forstått kva som er "heimveg", noko som er langt å foretrekke framfor å gå på tur ut i det ukjende. Ikkje ulikt slik min første hund, Nadja, oppførte seg.

Elles har vi sola oss i hagen, ete restar og feriert. Ungane har langt kortare dagar enn mora, som gjerne har lese ei halv bok ute i sola før dei vert vekte.

fredag 11. juli 2014

Charlie på stranda

Storegut skulle i studio i dag, men resten av familien + naboguten gjekk ein tur på badestranda. Gutane nekta å bade der, men ville heller på småbåthamna. Det var sjølvsagt greitt, men Charlie fekk rusle litt rundt på stranda før vi gjekk derifrå. Eg prøvde å få tatt nokre bilete av han, og nokre av dei vart faktisk fine.



Elles har vi kosa oss med restar av selskapsmat, sola oss og slappa av. Det er ein fantastisk sommar vi har, og det gjeld å nyte dagane. Minstemann fekk vere med naboguten på overnattingstur på hytta deira, og det blir sikkert veldig kjekt.

torsdag 10. juli 2014

Familieselskap i Casa Margarita

I den sunnmørske greina av slekta er det mange bursdagar å halde greie på, og mange ungdomar som er opptekne med eitt og hitt både her og der. Gleda var derfor stor i dag då det viste seg at heile Hareidsgjengen + besteforeldra i Ørsta tok seg tid til å kome på barselvisitt/bursdagsfeiring her hos oss. Hareidsgjengen hadde med seg ei kake, noko vi nesten kan seie er ein tradisjon i familien, og den var noko meir avansert pynta enn mine pavlovakaker.

Elles vart det utveksla nokre gåver, og eg fekk ei nydeleg retro-kofte som systra mi hadde strikka. Eg vart nesten mållaus, og no ser eg nesten fram til hustrige haustdagar. Fargane og mønsteret var heilt annleis enn eg truleg ville ha sett meg ut sjølv, og nettopp derfor blir dette heilt sikkert haustens favoritt som noko sprekt og annleis enn alt det blå og svarte eg elles plar fylle skapa mine med.

Viktigast av alt: vi fekk prate hyggeleg saman slik vi gjer når vi er samla. Slike stunder set ein stadig meir pris på.






Takk til alle frammøtte!

onsdag 9. juli 2014

Bok 55 2014: "Flaskepost fra P" av Jussi Adler-Olsen

Av ein eller annan grunn har eg gått rundt og trudd at eg har lese denne boka. Ein dag sjekka eg her på bloggen, og fann då ut at eg må ha hoppa over den. Dermed hadde eg til gode å lese ein knallgod krimroman med spenning frå første til siste CD.

Handlinga tek utgangspunkt i ein flaskepost, som tittelen seier, og snart har Avdeling Q eit mysterium å løyse. Kva står på flaskeposten? Kven har sendt den, og kvifor? Ei rekkje spørsmål er knytt til dette, samtidig som vi får lære å kjenne andre historier parallelt.

Denne bør ein få med seg dersom ein likar krim!

Heitt nok

Som vanleg tenkte eg å ha ei roleg stund i sola før ungane stod opp, men i dag vart det rett og slett for heitt til å ligge i solsteiken. Derfor vart det ein handlerunde på føremiddagen, der eg handla inn diverse til familieselskap. Storegut vart med som kombinert privatsjåfør og berehjelp. Vel heime fekk vi besøk av ein annan god hjelpar, som hadde teke på seg å handle for meg. Ærendet var eit ekstra kjøleskap, som vi plasserte i kjellarbuda. Deretter vart det ein tur til småbåthamna, der gutane og hjelparen bada. Det har vore ekstremt varmt og vindstille i dag, så det har ikkje blitt servert annan mat enn is sidan frukost. 

tirsdag 8. juli 2014

Charlies første dag på Straumshamn



I dag vart det nydeleg sommarvêr. Veslejenta har hatt mykje arbeid med vesle Charlie, som fekk sove på rommet hennar første natta, i eit bur ved senga hennar. Det er kanskje ein uvane, men vi let det passere. Minstemann har vore saman med ein kompis det meste av dagen, og Storegut reiste i studio rett etter at han stod opp. Gamla sjølv har stort sett slappa av i sola, før eg i kveldinga gjekk tur saman med Charlie og Veslejenta. Vi bar han langs den traffikkerte vegen, men i Mjeltvika fekk han gå sjølv, både med og utan band. Han har elles møtt hunden Aron, men noko vennskap er det slett ikkje snakk om enno.

Hundehenting i Holmestrand

Laurdag reiste dei to yngste og eg til Gol, der vi overnatta på Pers hotell og bada i Tropicana, før vi avslutta kvelden med middagsbuffet. Om dei hadde usannsynleg god sushi der, eller om eg berre var uhorveleg svolta, veit eg ikkje, men det vart i alle fall ete ein heil del, for å seie det slik.

Søndag køyrde vidare til Kongsberg, der vi besøkte broren min, svigerinna mi og dei tre kjekke gutane deira på 4, 8 og 12 år. Dei hadde nett kome heim frå ferie i Danmark, men tok likevel imot gjester. På toppen av det heile hadde Eldstejenta avtala å kome til Kongsberg ho òg, utan at eg visste det - det vil seie: vi hadde snakka om det tidlegare, men til meg hadde ho sagt at det ikkje vart noko av.

Måndag føremiddag køyrde vi så til Holmestrand og henta Charlie hos oppdrettaren. Vi traska deretter rundt i ein park i Holmestrand for å vere meir saman med Eldstejenta før ho tok toget til Kristiansand att. Klokka var nærare 14.30 då vi reiste frå Holmestrand, og eg var sikker på at turen ville bli noko langdryg. Første timen sikla hunden fælt, men så roa han seg, og vi fekk ein fredeleg tur og var heime att 23.00. Då venta Storegut med middag, og så har vi styra mykje med hunden etterpå. Det blir truleg sein kveld før det blir stille i huset...
Pause i Lærdal

Hotellrom. Mora hamna i sovesofaen.

Ungane fekk dobbeltsenga med god utsikt til tv-en

Utsikt frå balkongen
Søskenbarntreff
Tur i parken i Holmestrand




Eldstejenta fekk treffe Charlie før ho tok toget attende til Kristiansand
Pause i Lærdal igjen