mandag 29. mai 2017

Veslejenta 17 år

I dag begynte morgonen med styrtregn og bursdag, då Veslejenta fekk overrekt ein liten presang på senga. Resten av gåvene har bestått av pengar, men ein liten pakke måtte det no bli. Ho sat på med meg til skulen, og etter skuletid stakk vi til ørsta på pizzarestaurant saman med brørne. etter det besøkte vi besteforeldra, og der kom tanta òg, såpass det vart eit heilt selskap. I tillegg har ho fått mykje merksemd på skulen i løpet av dagen, så alt i alt trur eg ho fekk ein fin dag. Det fortener ho!

søndag 28. mai 2017

Bok 32 2017: "Håndbok for vaskedamer" av Lucia Berlin

Når ein les om livet til Lucia Berlin, ser ein at ho har henta mykje inspirasjon frå sitt eige liv når ho har skrive noveller. Dette gir tekstane ein autensitet, men ikkje nødvendigvis eit eigna språk - det har ho lagt til sjølv. Med atterhald om at omsetjaren har gjort ein god jobb, må eg seie at eg har late meg inspirere og imponere av stilen til Berlin meir enn av handlinga i tekstane.

Novellene fortel om alkoholiserte menneske, ei valdeleg mor som truar med å ta livet av seg sjølv, ei kreftsjuk syster og ein eg-person som er ramma av pukkelrygg og får fleire søner utan å leve i eit stabilt ekteskap. Alt dette er henta frå røyndomen. I tillegg møter vi ei vaskehjelp, ein sjukepleiar og fleire andre som med sine kvardagstankar og kvardagsopplevingar er langt frå trivielle.

Kort oppsummert kan eg seie at eg likte denne novellesamlinga svært godt, sjølv om det berre var ei bok eg nappa med meg frå ei hylle på biblioteket utan å vite noko om den.

tirsdag 23. mai 2017

Bok 31 2017: "Levende og døde" av Han Kang

Sør-Korea 1980: 15 år gamle Dong-ho leitar etter venen sin i haugane med uidentifserte lik etter eit militært angrep der motstandsrørsla er blitt nedkjempa. I neste del har liket sjølv synsvinkelen, og seinare møter ein både ein redaktør, ei mor og forfattaren sjølv i denne noko forvirrande boka, som er ei tidsreise frå 1980 fram til notida. Handlinga er mindre sentral enn kjenslene, mareritta og skildringane. Noko er direkte vondt å lese, men likevel så engasjerande at det er vanskeleg å legge frå seg boka.

mandag 22. mai 2017

Levert!

I dag hadde eg min siste heimeeksamenspermisjonsdag. Den brukte eg mest til å kvile, men òg til å lese gjennom oppgåva ein gong til og ta ein skikkeleg språkvask før eg leverte.

Om kvelden var det gruppemøte i forkant av det komande kommunestyremøtet, og eg tok ei tidlegare ferje slik at eg nådde å stikke ein snartur innom Plantasjen. Eigentleg hadde eg vurdert enda ei ferje før, men då hadde eg kanskje gått konkurs. Der var mange freistingar, og stauder og busker er ikkje akkurat billeg.

Ærendet mitt var ny plantespade, sidan eg ikkje fann den gamle (eit årvisst problem, den dukkar nok opp), i tillegg til plengjødsel. No når eg både har ny klippar og tenestedreng med fast oppdrag er det berre å strø om seg, bokstaveleg tala. I tillegg kjøpte eg mold og gjødsel til å fylle på i det store bedet, der eg likar best å lage til, sidan det syner så godt frå fleire sider. Så kjøpte eg ein sekspakning med steinbedplantar, sjølv om eg ikkje har steinbed, og i tillegg ein stor blå klokkestaude. Eg såg etter løytnantshjarte, som er favorittblomen min, men dei hadde berre kvite. Eg kunne ha gått ut og planta allereie i kveld, men eg utset det til etter jobb i morgon. Å styre i hagen er noko av det finaste eg veit, og det er noko eg har sett fram til å gjere no når min eigen eksamen er unnagjort.

søndag 21. mai 2017

Løndalen

I dag skulle laget til Veslejenta spele heimekamp, og ho ville vere der for å sjå på. Minstemann og eg gjekk oss ein tur i Løndalen med Charlie under første del av kampen. Dagen i dag var gråare enn i går, men mildt og fint var det no likevel.Kampen gjekk ikkje så bra, men vi fekk rikeleg frisk luft og litt mosjon.
Mobil panorama

torsdag 18. mai 2017

Eksamenspermisjonsboble

Nyordet i overskrifta dekkjer livet mitt frå og med torsdag til og med måndag. Leveringsfrist er tysdag, og det bør gå bra. Eg har snart skrive så mange ord eg treng, men må sjølvsagt passe på å ha dei rette orda òg. I tillegg må teksten vere nokolunde samanhengande og ha korrekt layout. Livet...
Frå 17. mai føremiddag

onsdag 17. mai 2017

17. mai

Så kom nasjonaldagen, varm og vakker som eit prospektkort. Småungane reiste av garde for å spele i korps, og mora kom etter eit par timar eksamensskriving og vart med dei over fjorden til Volda. Der såg vi folketoget og høyrde russetalen, blant anna. Etterpå for vi til Ørsta der vi besøkte besteforeldra og fekk full forpleining med middag og dessert.











tirsdag 16. mai 2017

16. mai på Volda vgs

Som tradisjonen tilseier samla vi alle elevane og lærarane i Voldahallen, der vi hadde dans, tautrekking, premieringar, fotballkamp og volleyballfinale. Veslejenta si klasse deltok med hippiedans, og russen hadde sin eigen dans. Det er eit fredeleg og fint arrangement som høver for ei skulemarkering av endt russetid. Ungdomane våre er stort sett svært greie og veltilpassa, sjølv om unntaka finst.
Veslejenta framme til venstre

Russedansen

mandag 15. mai 2017

Beste utsikta frå verandaen

I dag var det full fres attende på jobb. Etterpå fall eg for freistinga og køyrde til Felleskjøpet for å kjøpe ny plenklippar. Gutane prøvde utan hell å få liv i den gamle i går, og den var ikkje min eingong, så no får eigaren få den attende og sjå om han greier å få liv i den.

Min nye klippar kan koplast om frå vanleg klipp til bioklipp, noko som blir meir aktuelt når eg har fått litt meir stell på hagen. Elles bør eg snarast råd gjødsle mosen. Etter eksamen, som så mykje anna.

Minstemann er nøgd med reiskap og tariff, og han synest òg at gjødsel er ein god idé, kremmar som han er.

lørdag 13. mai 2017

Heimeeksamen

Eg har gått inn i ei boble. Måndag og tysdag var eg student, men retta på kveldstid, sjølv om vi fekk eksamensoppgåvene tysdag. Onsdag, torsdag og fredag var eg på jobb som normalt, men retta på spreng i ledige stunder slik at eg skulle bli ferdig med tentamensbunkane før helga - noko eg greidde. Fredag kveld sette eg meg til med pensum og skreiv dei første tusen orda. I dag, laurdag, stod eg tidleg opp og begynte på oppgåva att, sjølv om sola skein nydeleg ute. På eit tidspunkt fann eg ut at eg kunne lese ute og skrive inne, men då fekk eg hovudverk og måtte gå ein tur med Charlie for å klarne hjernen.

I bloggande stund har eg fått ned i dokumentet litt over 2000 ord, og kravet er 4000. Problemet er ikkje å få nok ord, men å få med dei rette orda og lage flyt i teksten. Erfaringa mi tilseier likevel at det er om å gjere å skrive mange ord for deretter å stryke og redigere. Eg har større kompetanse i å skrive godt enn i sjølve faget, der eg er langt meir usikker på om eg har forstått alt rett.

Og igjen minner eg meg sjølv på at eg berre treng ståkarakter, men det er "ittnå som kjem ta sæ sjøl". Dei 4000 orda må på plass, og eg må svare skikkeleg på oppgåva. Det er trass alt masternivå, dette her....

mandag 8. mai 2017

Konfirmasjon på Kongsberg

Både Systa og Besta har skrive og lagt ut bilete frå den store dagen, så eg skal berre supplere litt. Det er første gong eg har vore i borgarleg konfirmasjon, og det var ein høgtideleg og stemningsfull seremoni der ein vektla viktige saker som til dømes eit prosjekt dei hadde hatt der dei skulle leve som flyktningar ("Camp refugee"). Det var òg musikk og talar. Dagen var elles strålande, og vi fekk for første gong oppleve ein konfirmasjon der heile selskapet var flytta ut. Middagen vart servert i partytelt, og vi var ikkje fleire enn at alle fekk snakke med alle. Ein svært kjekk dag for oss gjestane, i alle fall, og så håpar eg at konfirmanten òg var nøgd.






Bok 30 2017: "Verden som var min. Sekstitallet" av Ketil Bjørnstad

Denne tjukke boka har eg halde på med ei stund, og då passa det godt med ein lang biltur for å få unna dei siste cd-ane i lydboka. Ketil Bjørnstad fortel om sitt eige liv, og så plasserer han det inn i den større historia slik at fleire kan ha interesse av stoffet. Det er ei bok som eignar seg godt som lydbok, fordi det er relativt lett stoff som ein greier å halde tråden i sjølv om ein køyrer bil eller liknande. Det er Anders Ribu som les, og han les godt. For meg er det likevel litt forvirrande at han også var stemma til Karl Ove Knausgård sine "Min kamp"-bøker, somm på ein måte er litt beslekta i innhaldet. Bjørnstads bok er meir ei skildring av tidskoloritt, og for meg er Knausgård i ein heilt annan divisjon når det gjeld å vrenge innsida si ut, sjølv om Bjørnstad gjer noko av det òg.

Tur til Kongsberg

 Fredag reiste dei to yngste og eg til Kongsberg. Vi starta heimanfrå nærare 9.30 og kom fram 18.30, etter å ha stogga for å kjøpe is i Lærdal og gått på McDonalds i Flå. I Lærdal gjekk vi oss ein runde i den gamle delen av staden, noko vi gjer kvar gong vi er der. Det er om lag halvvegs på turen, og etter begge ferjene når ein køyrer austover, så det passar godt å strekke på beina og kvile hovudet litt. Då vi kom til Flå, var eg så trøytt at eg måtte stogge av den grunn og få i meg litt kaffi, og ungane sa ikkje nei takk til burgermeny heller.

Vel framme på Kongsberg fekk vi eit fint tremannsrom med eiga gutaavdeling til Minstemann. Vi var berre så vidt innom rommet før vi gjekk over brua til ein park der vi møtte Bror min og alle tre sønene hans. Det var veldig kjekt å treffast att, og for gutane spesielt var det kjekt å kunne bli litt betre kjende dagen før det store selskapet.
På ferja Lote-Anda (biletet er spegelvendt, det var Gamla som køyrde)

Is i gamle Lærdalsøyri

Grensa på Hemsedal. Dagens kaldaste: 7 grader


Ved bjørneparken i Flå
Jenteavdeling

Utsikt frå jenteavdelinga

Gutaavdeling

Kongsberg

Slektstreff og pizza

fredag 5. mai 2017

Bok 29 2017: "Historia om det tapte barnet" av Elena Ferrante

Så las eg endeleg ferdig "Napoli-kvartetten". Den siste boka var på nesten 600 sider, og eg må innrømme at eg var grundig lei mot slutten. Eg hadde forventa meir av serien enn det eg opplevde at den utvikla seg til. Den tredje boka vart veldig triviell etter min smak, og den fjerde kom ikkje med det overraskande sluttpoenget eg hadde håpa på, men noko langt mindre spennande. Det vart dessutan altfor langdrygt for meg, for eg likar best bøker som kan slukast i løpet av eit par kveldar eller ein dag i sola. Lesinga blir då meir intens, og ein får eit betre tak om stoffet enn når ein les litt kvar dag i ein lengre periode.

Uansett: serien begynte svært bra, og eg likte dei to første bøkene svært godt. Dei to siste vart mest trivielle og lite engasjerande. Folk fekk ungar, gifta seg, skilde seg og døydde, men det gjekk liksom ikkje inn på meg. Eg sukka letta då eg endeleg vart ferdig - nok er nok.

mandag 1. mai 2017

1. mai i Volda

I år som i fjor vart 1. mai feira med talar av DNA, SV og Amnesty, og vi fekk i tillegg høyre stilig tangomusikk frå ei strykargruppe. Det var svært givande alt saman, og ei fin innleiing til den komande valkampen, som vi hittil berre så vidt har begynt på.



Etter arrangementet tok vi med oss ungane på Landscape, som er den lokale kinarestauranten. Der har vi ete middag dei to førre 1. mai-ane, så då er det brått ein tradisjon med kommunistisk middag, som eg kallar det.

Ungane og eg tok oss ein svipptur til Ørsta, der vi stakk innom sjukeheimen og besøkte besteforeldra før vi stakk heim.