søndag 28. mai 2023

Genser nummer 51: "Kvitebjørn" til Veslejenta

Genser nummer tre til barn nummer tre vart ferdig akkurat i tide til bursdagen hennar! Fargane har ho valt sjølv.



torsdag 18. mai 2023

Genser nummer 50: "Afmæli" til meg sjølv


Afmæli betyr noko slikt som "fødselsdag" eller "jubileum", og det passar godt når ein rundar femti. Genserar, altså. Dette var eit sideprosjekt til bjørnegenserane, for både bol og ermar er blitt strikka i ferjekø, på jobb eller på ferja. Mønsteret måtte eg ta heime, men det går rasande fort, samanlikna med bjørneprosjektet. 

Fargane sette eg saman sjølv, mykje ved bruk av restar. Eg kjøpte berre botnfargen (marineblå) og halsfargen, som også er brukt mellom dei andre fargane (lys askegrå). Inspirasjonen var nordlys, men eg er ikkje heilt sikker på at det vart så vellukka. Genseren vart i alle fall heilt ulik dei to andre afmæli-genserane mine, og eg har allereie tankar om fleire. Mønsteret har i alt ni fargar, men det var ikkje noko stress å feste trådane på denne dagen etter at eg festa trådar på ein bjørnegenser. Minn meg på at eg snart strikkar noko einsfarga!

onsdag 17. mai 2023

Genser nummer 49: "Kvitebjørn" til Storegut


Bjørnunge nummer 2 får ein brun versjon av Kvitebjørngenseren. Garnet er léttlopi, og fargane var eigentleg litt tilfeldige, då eg etter kvart har opparbeidd eit visst lager av restar i dette favorittgarnet mitt. Genseren har i alt åtte fargar, og tråden må ofte klippast mellom kvar gong ein farge er brukt. Dette medfører ein heil del festing av trådar i etterkant, så det tok si tid før eg orka den jobben. Løysinga vart multitasking, der eg har sett elevpresentasjonar på video medan eg festa. I den perioden eg har sete og retta skriftlege produkt, har eg ikkje orka keisamt handarbeid i "fritida", så eg har fleire ferdigstrikka prosjekt liggande på vent. Uansett er dette eit kjekt mønster å strikke, spesielt med raglanfellinga på slutten. Eg tilpassa også denne gongen mønsteret slik at det vart meir symmetrisk enn det opprinnelege mønsteret. No får eg berre håpe at genseren passar, og at eigaren ikkje får bruk for den på ei stund. 

16. mai 2023


I år, som i fjor, feira jobben min siste dagen med russefeiring i den nye idrettshallen i bygda. Klassene laga faner, og vi hadde aktivitetar som tautrekking, innebandy, russerulling og russedans. 

Bok 17 2023: "Brorskapet - en historie om drapet på Benjamin Hermansen" av Anne Bitsch


I tillegg til å fortelje historia om dette rasistisk motiverte drapet, fortel også forfattaren om bakgrunnshistoriene til drapsofferet og dei som stod bak. Ein får eit grundig innblikk i framveksten av nynazistiske miljø i Noreg på 80- og 90-talet, og det er ei interessant og tankevekkjande bok.