mandag 31. januar 2011

Bok 7 2011: "Eg elska ho" av Anna Gavalda

Tobarnsmora Chloé er lei seg og fortvila fordi mannen har forlate henne til fordel for ei anna kvinne, og for å trøyste henne tek svigerfaren henne med ut på landet der dei tilbringer tid saman. "Du vart ikkje elska slik du fortente", seier han, og så fortel han si eiga historie om ei kvinne han elska og deretter gjorde det slutt med for å bli i ekteskapet.

Dette er ei rørande og tankevekkjande lita bok, men utan å bli særleg sentimental. Arnhild Litleré passar godt til å lese boka, som er omsett frå fransk til ein velklingande nynorsk. Dette er ei "løp og les"-bok!

søndag 30. januar 2011

Sleepover

Det er ei stund sidan sist eg overnatta hos Eldstejenta, men laurdag passa det veldig godt. Eg skulle på dametreff eit steinkast frå hybelen, og ho skulle på ein annan fest. Ut i "de små timer" møttest vi i gangen då vi kom att samtidig, og det vart litt småsludring på senga før vi somna. Katten Lola underheldt oss med akrobatikk før frokost, sidan ho er den mest morgonfriske av oss, og så såg vi MGP på nett-tv før eg vende nasen heim.

Irsk aften med Superdamene



Det er halvanna år sidan ein damegjeng frå jobb reiste til London, og no leikar vi med idéen om å reise til Dublin. I høve planlegginga opna ei av damene den (i dette høvet) grønpynta heimen sin for oss andre laurdag kveld, og vi hadde ein triveleg kveld med alt frå quiz og diktlesing til ei felles filmoppleving som ikkje akkurat gav oss mindre lyst til å reise. Filmen heiter "Leap year", og det er ein skikkeleg søt og morosam damefilm.

Takk, superdamer, for nok ein hyggeleg kveld!

lørdag 29. januar 2011

Bok 6 2011: "Jordmor på jorda" av Edvard Hoem

Forfattaren har dikta ei historie basert på historiske fakta om tipp-oldemora si, som var blant dei første utdanna jordmødrene i Romsdal amt. Resultatet er ein "dokumentar-roman" som er både lærerik og underhaldande. Dei høge dødstala blant fødande og spedbarn er eit fjernt fenomen i vår del av verda i dag, og det er interessant å lære meir om korleis folk for 200 år sidan ikkje hadde tiltru til fagfolk, men heller ville ha hjelp av litt heksekunnige hjelpekoner når dei skulle føde. Vi får dessutan innblikk i ei tid med omgangsskule, fjerne krigar og militærteneste og om korleis dei såg på born fødde utanfor ekteskap.

Dette er ikkje noka stor og prangande bok, men ei jordnær forteljing om ei sterk kvinne, og særleg mødrer kan ha glede av å lese den. Ein bør forresten høyre lydboka, for Hoem les sjølv med passeleg innleving og ei nydeleg stemme.

fredag 28. januar 2011

Bok 5 2010: "Lucifers evangelium" av Tom Egeland

La det vere sagt med ein gong: eg likar best realistiske bøker, og styrer som regel unna science fiction, varulvar og fantasy. Dan Brown's "Da Vinci-koden" las eg derimot med stor entusiasme allereie før den kom ut på norsk, sjølv om den ikkje akkurat er realistisk. Det er noko ved det okkulte som tiltrekkjer meg, og eg synest den katolske kyrkja og frimurarordenar har mykje spennande ved seg.

Tittelen "Lucifers evangelium" gav meg assosiasjonar i retning "Da vinci koden". Første delen minner også mykje om stilen til Dan Brown, men så tek det heilt av, og det i ei for meg totalt feil retning. Etter å ha lese meir om forfattaren og bibliografien hans ser eg at dette kunne forventast, men eg var totalt ukjend med han frå før. Eg er ikkje sikker på om eg kjem til å lese fleire bøker av han, men boka hadde noko spennande ved seg når ein berre opna opp for det totalt uventa og fantasifulle.

torsdag 27. januar 2011

Sært jubileum

Nokre elevar klaga si naud på Facebook over kor mykje slit det er med særemnet - no kalla "fordjupingsemne i norsk". Eg vart sitjande og tenkje over alle særemnekull eg har følgt opp gjennom mi meir enn 14 år lange lærargjerning, og fann fort ut at dette er min tiande bunke med meir eller mindre sære emne.

Der har vore mange perler gjennom åra, etter månader med mykje stress og nokre tårer. Eg kan telje på ei hand dei særemna som ikkje vart fullført, men har ikkje fingrar nok til å telje opp dei gode opplevingane. Tidlegare valde elevane oftast norsk litteratur, men no har Kunnskapsløftet opna for at dei også kan velje internasjonal litteratur. I tillegg vel dei filmar, Tv-seriar og dataspel.

Elevane skal levere ei skriftleg oppgåve på 10 - 15 sider, og i tillegg skal dei halde ein kort presentasjon (10 - 15 minutt) for klassen. Slik får dei øve seg både i akademisk skriving og i det å tilpasse innhaldet til eit publikum som ikkje kjenner emnet deira frå før. Dei får dermed ta del i kvarandre sitt arbeid, og det kan vere ekstra interessant. Alt saman skal vere ferdig innan påske, og då skal eg òg ha vurdert det heile. I forfjor rekna eg ut at eg brukte om lag to timar per elev når eg vurderte dei to produkta, og i tillegg les eg tre utkast og gir tilbake- og framovermelding på desse. Det er 29 elevar i klassen, og i dag skal dei levere andre utkast.

onsdag 26. januar 2011

Frionsdag med besøk, ballett og balltrening

Minstemann fekk i dag besøk av to kompisar, og eg fekk triveleg selskap i dei medbragte mødrene. Då besøket for, var det på tide å kjøre Veslejenta på ballett i Ørsta. Vi høyrde på lydbok i bilen. Minstemann og eg nytta ballett-timen til å gå i møbelbutikkar, utan å kjøpe noko, men med nye draumar og planar for framtidige prosjekt. Attende på rett side av fjorden skyssa eg dei to små heim, henta Storegut hos ein kompis og kjørte deretter Minstemann på fotballtrening. Treningstida (ein time) nytta eg til å gå meg ein tur frå Folkestad skule til Krumsvikneset og attende, på gamlevegen. Resten av kvelden vart brukt til lekser, matlaging, pakking av skulesekkar og total avslapping i godstolen med data og lydbok.

tirsdag 25. januar 2011

Maskinpark i heimen

Noko av det beste som finst i livet som husmor anno 2011, er å setje i gang vaskemaskin, oppvaskmaskin og brødmaskin, og deretter la kaffimaskina brygge ein kopp kaffi så ein kan setje seg i godstolen med beina høgt og vente på lukta av nybaka brød. Eigeninnsatsen består stort sett berre av å drysse rett pulver på rett stad.

Når eg så sit her og vaskar opp/vaskar klede/bakar brød, slår tanken meg at ein absolutt burde ha fleire maskiner i huset. Ryddemaskin, til dømes, og vekkje-tenårings-maskin - for ikkje å snakke om ei brette-reine-klede-maskin, og ei sjekke-at-ungane-har-gjort-leksa-maskin. Hittil har vi klart oss med ei gammal, manuell allroundmaskin som heiter "Mamma".

mandag 24. januar 2011

Maraton-måndag

Veka begynte med ein trasig episode på jobb - av og til får ein ei påminning om at skulen vår er ei lukkeleg boble utan dei heilt store problema. Før jul var eg på kurs på ein annan skule, og der hadde dei faktisk ein vektar gåande rundt i gangane. Hos oss har vi det eigentleg både trygt og godt, og episoden i dag var ikkje stor sett i den store samanhengen. Likevel blir det trist at vi ikkje kan stole på at alle elevane vil halde den nyoppussa skulen fin og rein.

Etter jobb henta eg ungane på kai og hybel, fekk klipt Minstemann og så besøkte vi besteforeldra i Ørsta. Der fekk vi både middag og dessert, så vi fekk slappa godt av før Veslejenta skulle på ballett. Medan ho var der, handla vi hine, og så kom vi heim nærare 20.30. Då var det eit visst styr med å bere inn alle sekkar og varer, få alt på plass, gjere lekser og deretter gjere seg klar for natta. I bloggande stund er vi i sluttfasen, håpar eg, for no hadde det gjort godt med ei lita stund aleine før eg sjølv legg meg.

Minstemann fekk ein presang i dag. Han er stor fan av Toy Story no, etter å ha fått eitt PS-spel og to filmar om Woody, Buzz og alle dei andre, og han ønska seg ein Lego-Buzz. Det var kanskje i overkant mykje betalt for en "tannpremie", men mora er litt svak for sin sære son. Han poserer villeg for å vise fram Buzz, medan mora er mest oppteken av å vise fram hans kule, nye sveis.

søndag 23. januar 2011

Det enkle er ofte det beste

I går kveld irriterte eg meg over MGP. Igjen. Programma er flottare enn nokon gong, med flinke programleiarar, god lyd, flotte sceneshow, fantastiske kostyme og til dels ok artistar. Men kva så med songane? Den eine etter den andre går inn det eine øyret og ut det andre utan at eit einaste refreng festar seg. Tekstane er platte, melodiane einsformige. Eg var einig i dei to bidraga som gjekk vidare, men berre fordi dei var "mindre verst" enn dei hine.

Som illustrasjon legg eg i dag inn eit døme på det motsette; ein fomlete mann som sit på scenen med ein gitar og manglar det meste av karisma, glamour og sceneshow. Ikkje syng han så pent heller. Men SONGEN er uforgløymeleg - ein av mine absolutte favorittar. Denne gløymer ein ikkje.

Bok 4 2011: "Little Bee" av Chris Cleave

På mange måtar føyer denne romanen seg inn i rekkja av søtladne romanar som tek føre seg samfunnsspørsmål gjennom å skildre einskildlagnader. Vi møter den engelske journalisten med eit skrantande ekteskap og ein jobb som ho finn mindre meiningsfylt enn før, og som blir konfrontert med "den verkelege verda" når ho reiser til Nigeria på ferie saman med mannen og blir kjend med jenta som seinare oppsøkjer henne i England. Det er lettlest og til tider klisjéfylt, men boka har likevel noko ved seg som rører ved ein. Ho er dessutan meir komprimert enn ein del andre bøker i same sjanger, og dei to forteljarstemmene er ulike, men truverdige.

Det er så lett å tenkje seg asylsøkjarar som ei gruppe menneske med ønske om å utnytte eit system for å ta del i goda i samfunnet vårt, men denne boka viser at ein asylsøkjar er eit menneske med vonde minne som prøver å stable på beina eit liv. Eg likte den godt.

lørdag 22. januar 2011

Dagen derpå

Barnefaren er vakt på skitrekket denne helga, og eg bad pent om å få ta ansvar for Minstemann, som neppe ville halde ut to heile dagar på ski - og det attpåtil i pøsregn. Han og eg hadde i staden ein roleg kosedag med mykje inneliv, men òg med ein tur i skogsvegen saman med hundane. Det var frykteleg glatt somme stader, men i skogsvegen var det mogleg å gå på skaren. Både hundane og vi folka sette pris på dette, og så kosa vi oss inne med film og PS3 etterpå.

Vinklubb i januar


Fredag var det igjen på tide med ei samling av vindamene i bygda. Vi vart tolv til bords denne gongen, og på menyen stod kyllingsuppe og italienske vinar (ein kvit og to raude). Alt smaka nydeleg, og praten gjekk som vanleg høglydt om laust og fast til ut på natta ein gong. Neste gong er det min tur å vere vertinne, og eg lurer allereie på kva tema og mat skal vere. Forslag?

torsdag 20. januar 2011

Dagens dose med Beatles: "Across the universe"



Filmen har ei syltynn historie, men mange fantastiske danse- og animasjonsinnslag. Musikken er sjølvsagt god i utgangspunktet, men ikkje alle coverversjonane er like gode. Eg hadde tenkt å kjøpe filmen sjølv, men han var utseld på CDON, der eg plar handle. Eit lite spørsmål til kollegavenninne K førte til at filmen handla på pulten min innan eit minutt eller to - arbeidsmiljøet på jobben min er upåklageleg!

Eg ladar opp til musikalen på jobb, sjølv om eg ikkje har noko med den å gjere. Det har derimot lærarane på "nedre" (den tidlegare handelsskulen). I dag var eg på eit møte på nedre, og då gjekk først to musikklærarar forbi og song "Nowhere man" tostemt. Deretter kom ein annan kollega forbi og nynna "Strawberry fields". Eg blir så glad når fleire enn eg er litt småsprø og har Beatlesdilla!

onsdag 19. januar 2011

Nei-mat? Ja takk!

Minstemann og eg hadde ein roleg, nesten lat, frionsdag i dag. Det vart mykje inneliv, men òg ein liten tur ut for mellom anna å teste den nye spaden min. Det ligg framleis ein leidning gøymd under snøen og isen etter at vi tok ned ute-julelysa sist onsdag, og vi hadde som prosjekt å prøve å få den laus. Det var mislukka, men vi fekk ein del frisk luft.

Veslejenta skulle på ballett etter skulen, og eg hadde lova henne pannekaker til middag når ho og Barnefaren kom hit etter balletten. Vanlegvis bruker eg to steikepanner når eg lagar pannekaker til familien, men i dag var vi berre fire til bords, så eg brukte berre ei. Det tok dermed om lag ein time å steike pannekakene, så eg fekk rikeleg med tid til å rydde kjøkken, brette ein klesvask, henge opp ein annan klesvask og lese eit par kapittel i ei bok medan eg laga middag. Minstemann bygde lego.

Når eg lagar pannekaker, bruker eg ein del egg (i dag vart det 7 egg og ein liter mjølk). Eg begynner med å steike bacon, deretter steiker eg pannekakene i vekselvis smør og fleskefeitt og legg dei i ein Tupperwareboks med bacon strødd innimellom. Blandinga av bacon og blåbærsyltetøy er fantastisk, og i min familie har vi tradisjon for å ta ein kopp kaffi til den siste pannekaka.

Etter middag gjekk eg ei mil, men eg var framleis mett etter middagen då eg kom heim.

Beatlesmusikal på jobb! Hello hello - I say go go go!

Eg har i lengre tid høyrt mykje på Beatles, noko som skuldast at eg har lese Saabye Christensen og fått tilgang til alle Beatlesplatene i originalutgåve. No viser det seg at fleire enn eg er i Beatles-modus; musikklinja på jobb skal setje opp ein musikal basert på Beatlessongar, noko inspirert av filmen "Across the Universe" (som eg enno ikkje har sett). Gjett om eg gler meg!

tirsdag 18. januar 2011

18. januar: Nevø 3 17 år

I dag gratulerer vi yngstemann på Hareid med dagen! Som "Besta" hadde eg spara kakebiletet frå feiringa søndag til blogginnlegget i dag, og de kan i tillegg sjå korleis Systa matchar kaka med duk og bordpynt.

mandag 17. januar 2011

Bok 3 2011: "Kniplingenes hemmelighet" av Brunonia Barry

Vaskelappen på lydboka gav store forventningar til denne romanen om synske kvinner i Salem. Her er både hekser og religiøse grupperingar med, og historia er grei nok, men av ein eller annan grunn fenga ikkje romanen meg noko særleg. Nokre av sluttpoenga gissa eg tidleg, og til tider greidde eg ikkje å konsentrere meg om kven som hadde synsvinkelen. Det kan ha vore opplesaren som vart for monoton, men det kan òg ha med meg å gjere, så de får lese og dømme boka sjølve, viss de gidd. Eg fann den relativt uinteressant.

søndag 16. januar 2011

Søndag med slekta




I dag har vi vore i selskap hos Systa på Hareid, noko de kan lese meir om på bloggen hennar. Ungane styrte med ulike syslar som brettspel, data og TV, medan Minstemann fann den kassa med Harry Potter-lego han hugsar frå førre besøk. Som vanleg vart det nydeleg mat og hyggeleg prat - tanken slo meg på heimveg at kanskje ikkje alle diskuterer kommareglar i familieselskap, men slik blir det når dei fleste vaksne i familien er/har vore norsklærarar...

Laurdag med Lola

Etter ein noko sein frukost kasta eg meg over rydding, husvask, klesvask og andre nødvendige husmorgjerningar. Eldstejenta og eg gjekk oss ein tur på glattisen, deretter laga ho middag medan eg henta Storegut hos ein kompis. Vi kosa oss med lasagne, såg MGP og etterpå har dei to store og eg kosa oss med "Nightmare on Elm Street" - dei to første filmane.

Katten Lola er eit hyggeleg supplement til flokken. Ho er interessert i alle syslane i heimen, bortsett frå støvsuging, og ho leikar løve som jaktar på kaninen Madeleine (som berre trampar litt og skremmer vekk katteløva). Legoen til Minstemann er spennande katteleiker. Skrekkfilm har ho ikkje særleg sans for, men ho ligg trygt på fanget til Storegut. Om natta søv ho saman med Veslejenta, som hadde to andre grå kattar som "dyne" då ho låg i bagvogn som baby.

lørdag 15. januar 2011

MGP - vårens vakraste eventyr?

I dag var det første delfinale i Melodi Grand Prix. I familien er vi ihuga fans av musikk-konkurransar generelt, og av MGP spesielt. Ja, kanskje ikkje alle i familien, men i alle fall Eldstejenta og eg.

Songane i kveld var stort sett skuffande. Showa blir betre for kvart år, scenen var stilig, men dei minneverdige refrenga uteblir berre. Vi heldt med dei to som gjekk vidare fordi det var dyktige songarar, men vi er ikkje akkurat begeistra. Kanskje blir det finare songar i seinare delfinalar - det er lov å håpe...

Overraskande kveld

Ein god kollega skal flytte frå bygda, og landet, og i det høvet hadde vi fredag kveld ei samkome hos ei av superdamene. Festen var ei overrasking for hovudpersonen, men han hadde nok lukta lunta siste dagane. Uansett vart det ein vellukka kveld med mykje god mat, prat og latter.

torsdag 13. januar 2011

Wivianns ostekake

Botn:
1 pk Bixit-kjeks
100 gram smør

Knus kjeksa i food processor, smelt smøret og bland. Legg blandinga i botnen av ei form.

3 1/2 dl fløyte
100 gram melis

Pisk til krem og tilsett
3 1/2 dl seterrømme

I mellomtida:
1 pk sitrongelé løysast opp i halv mengd kokande vatn (2 1/2 dl)
1 pk philadelphiaost løysast opp i den varme, flytande geléen

Rør den flytande gelé/osteblandinga forsiktig inn i kremblandinga. Tøm blandinga over kjeksbotnen og la det stå kjølig til kaka er stivna.

Pynting av ostekake kan gjerast enkelt, med hermetiske mandarinar eller eit tynt lag sitrongelé. Ein kan òg pynte med friske jordbær, eventuelt med gelé over (praktisk dersom kaka skal fraktast). I dag vel eg frosne skogsbær og jordbærgelé (halv mengd vatn, kjølast ned før ein har den på kaka).

Denne kaka er ein av familiens store favorittar, og for oss som likar ostekaker finst der inga betre oppskrift. I tillegg bringer den gode minne om då vi budde i Ulsteinvik på 1990-talet, og ei spesielt god nabo/kollega/venninne som introduserte kaka for oss, og som konkurrerte med Gubben om å lage den fortast mogleg. Rekorden hans var 13 minutt...

Turbo-torsdag

Somme dagar imponerer eg meg sjølv med arbeidslyst og pågangsmot. I dag var det ein slik dag. Først var eg på jobb og fekk unna noko undervisning, førte nokre terminkarakterar og fekk lese gjennom nokre (få) særemneutkast. Tredjeklassen min hadde innleveringsfrist på sitt første utkast i dag, og dei skal i alt levere tre slike utkast før dei leverer det endelege produktet. Eg prøvde denne framgangsmåten for to år sidan òg, og det fungerte etter mitt syn langt betre enn å ta inn tradisjonelle rapportar.

Etter jobb fann eg vegen til TREN, der eg brukte ein time på å gå og jogge 8 kilometer. Eg vekslar mellom å gå og deretter jogge ein kilometer, framleis utan å kome av flekken. Det gjorde uansett svært godt for kropp og sjel.

På hi sida av fjorden henta eg gutane og handla litt før vi for heim. Medan eg laga middag greidde eg å få laga ei kake, sett på brød i brødbakemaskina og støvsuga stova.

I bloggande stund har eg vore ute på Folkestad og henta Veslejenta på fotballtrening, og no er eg klar for meir særemnelesing og førebuing til timane i morgon. Eigentleg burde eg ha sett meg føre med ein roman i staden, men det er best å bruke energien medan ein har han...

onsdag 12. januar 2011

Noko å glede seg til

I posten i dag kom noko vi ser fram til. Ungane skal endeleg få sjå "Toy Story", og den skal dei spare til Eldstejenta skal sitje barnevakt på fredag. Resten av filmane er til meg, og eg ser spesielt fram til dei sju skumle "Nightmare on Elm Street"-filmane. "Rabbit Proof Fence" høyrde vi om på engelskkurs før jul, og "Blair Witch Project" har eg ikkje sett før, sjølv om den er godt kjend. Dei hine filmane var "bonustilbod".

Hadde eg rekna konsum av film og litteratur som "jobb" - det er trass alt ein del av jobben min å vere orientert om både filmar og bøker - kunne eg ha ført mange overtidstimar kvart år. Eg er heldig som delvis lever av å snakke om hobbyen min.

Nittandedags-Sam grev jula fram?



I dag var det fri-onsdag, og ein nydeleg vinterdag. Det store prosjektet var å ta vekk utelysa vi har hatt hengande i desember og fram til no. I og med dei mange temperaturskifta, hadde nokre av leidningane festa seg godt i is og snø, så vi hadde litt av ein jobb med å grave dei fram. Den eine måtte vi faktisk berre gi opp. Vi tok oss ein tur bort og helste på naboungane, og så vart det på tide å lage ein rask middag og styrte av garde på ballett i Ørsta. Ja, det var berre Veslejenta som dansa, medan Minstemann og eg handla litt og stakk oppom "Besta" for å hente nokre attegløymer frå måndag.

Vel heime fekk vi unna lekser og dusjing før Gamla gjekk seg ein tur langs vegen med lydbok og refleksvest. Deretter vart det kveldsmat, og så var det Gamlas lekser som stod for tur. Det er harde tider med terminslutt og mappevurdering, og i morgon kjem dei første innleveringane i høve fordjupingsemna i norsk. Det er interessant, men arbeidskrevjande både for elevane og læraren. Eg reknar med det vert full rulle fram til påske, og då begynner vi på tentamensperioden. Det er vel berre å henge med og ta noko kvar dag, så det ikkje hopar seg opp aldeles.

tirsdag 11. januar 2011

Er det underlig man lengter bort iblant?

Det er mørkt, kaldt, glatt, vått - og av og til snør det. I ei ledig stund i dag såg eg gjennom nokre nettsider med Sydenturar for store og små. Eg kunne så gjerne ha tenkt meg å ta med gjengen eit par veker til garantert sol og varme i sommarferien. Det kjennest som om frosten sit i kroppen frå i fjor vinter, som ein tundra, og eit par veker med total avslapping ved bassengkanten kunne kanskje ha tina opp ei frostig sjel? Det er lov (og gratis) å drøyme seg vekk, i alle fall, og så finst det alltids ei trøyst i at vårsola snart blenkjer i bakkane så vi får hug til vår heimlege strand. Det går mot lysare tider.

mandag 10. januar 2011

Julemat og kasserte julestjerner

I dag var det årets første ballettmåndag, med innlagt middagsbesøk i Ørsta. Nevø 1 var òg der, og det var no ekstra triveleg. Vi kosa oss med god mat (svineribbe) og prat, og så tok eg med meg flokken ned til sentrum. Veslejenta dansa i ein time, og i løpet av den timen fekk eg handla inn mat/daglegvarer, blomar, nytt sengetøy til meg og ein film til ungane. Vel heime fekk eg kassert julestjernene (sjølv om dei var like fine) og erstatta dei med kvite fredsliljer. Ungane var veldig hjelpsame og raske til køys, sidan dei har TV på rommet og har lyst å sjå film. Det var kanskje eit simpelt triks for å få ei rask kveldsavvikling, men det er no kjekt for dei òg.

søndag 9. januar 2011

Brennsnut jagar jula ut?

Slik laga eg brennsnut i dag:

Kokte ein røykt svineknoke i ein time og let den stå og bli kaldare medan eg laga dessert, gjekk tur og skrella grønsaker.

Tok ut svineknoken og tok vekk noko av feittet og litt kjøtrusk som var i krafta. Smaka på krafta og fann ut at den var salt nok.

Kutta opp grønsakene og hadde dei i krafta.
1 kålrot
1 1/2 potet per person
1 gulrot per person

Reinska kjøtet av knoken og kutta det i mindre bitar. Det var rikeleg med kjøt på knoken.



Suppa kokte i ein halvtime. Siste ti minutta tilsette eg 1 1/2 grillpølse per person og om lag ein halv purre.

Det er borna i familien som gjerne vil ha pølse i suppa, så eg kunne godt ha tenkt meg å erstatta pølsebitane med meir kjøt.

Eigentleg hadde eg tenkt å ha byggryn i suppa, men så fekk eg lyst å prøve Solveigs oppskrift på byggrynkrem til dessert.

Både middag og dessert fall i smak hos store og små.

No i ettermiddag har eg planar om å pakke vekk julepynt, brenne opp julelys og legge på nye dukar. Vi får sjå om det blir ei fullstendig fjerning av pynt, eller om det blir litt gradvis.

Bok 2 2011: "Visning" av Lars Saabye Christensen

Romanen er frå 2009, men handlinga er lagd til 1990-talet. Ein kjenner att mykje av tankegodset frå den tida, får presentert filmtitlar og problemstillingar som til dømes om kor vidt ein burde skaffe seg ein mobiltelefon. Noko av det eg hugsar frå den perioden var fokuset på "virtual reality" og ein slags filosofiske vurderingar av kva som skjer og kva som er illusjon. I "Visning" møter ein noko av det same.

Will og Cathrin er eit barnlaust par som i 20-åra, og dei begynner å gå på visningar som eit erotisk spel fordi dei kjedar seg. Så forsvinn hunden deira, og Cathrin. Det heile utviklar seg til ei slags kriminalhistorie, men det er mindre viktig enn den måten forfattaren leikar med fenomenet "fiksjon".

I motsetnad til dei fleste nyare bøker av Saabye Christensen har denne boka fått negativ kritikk. Sjølv likte eg den godt.

lørdag 8. januar 2011

"Macca" på TV fredag kveld

Fredag kveld såg eg konsertopptaket frå New York der Paul McCartney, snart 70, imponerte med stor stemme og forrykande sceneshow. Eg er inne i ein Beatlesperiode etter lesing av Lars Saabye Christensen, og Paul har alltid vore min favoritt. Eg greier ikkje å plukke ut nokon favorittsong, men fekk "I'm Down" på hjernen etter konserten fredag. Dei hadde blanda konsertopptak med gamle opptak av The Beatles som aldeles ikkje såg særleg "down" ut.

Når barnlause omtalar morsrolla

Fredag hadde eg laga eit norskopplegg om retorikk som eg tenkte eg skulle dele med blogglesarane. Bakgrunnen for opplegget var at eg har vore oppteken av den morosame, men ondskapsfulle, parodien på Marie Simonsen i programmet Storbynatt.

Opplegget var kort fortalt slik:
1. Fakta om Ingunn Yssen og Marie Simonsen 
    Kva inntrykk får vi av desse kvinnene ut frå dei fakta vi får presentert?

2. Lesing av kronikk (VGnett 8. mars 2010)
    Kommentarar om illustrasjonsfotoet
    Kommentarar til innhaldet, diskusjon av emnet
    Vurdering av kor vidt ei barnlaus kvinne på nesten 50 har truverd/etos i denne saka

3. Lesing av artikkel om reaksjonar (VGnett 8. mars 2010)
    Samanlikning av illustrasjonsfotoa
    Kommentarar til innhaldet (mange av elevane var meir einige med dei siterte kvinnene)

4. Avspeling av den omtala parodien på Marie Simonsen
    Kor morosamt er dette, og kor øydeleggjande kan dette verke for Marie Simonsens truverd/etos?

Eg var svært nøgd med opplegget, og eg fann diskusjonen svært nyttig og interessant, men størsteparten av elevane var truleg meir opptekne av russeturen dei skulle på seinare på dag. Neste norsktime skal eg bruke til å tolke ordtaket "perler for svin"...

torsdag 6. januar 2011

Kven er det som går, går og går og sjeldan kjem av flekken?

Tysdag var eg frykteleg forkjøla, og det vart til at eg droppa treninga. Kosetysdagen saman med Minstemann vart for det meste brukt til å sitje og kope i godstolen, i tillegg til litt jobbing, og det same skjedde på fridagen. Ut på kvelden kom eg meg heldigvis ut på tur att, og det gjorde utruleg godt i kropp og sjel. I dag trassa eg meg av garde på jobb att, og etter ein engasjert debatt om livsstil og kosthald stakk eg av garde og TRENa. Det vart ni kilometer i dag, noko som tilsvarar 10 000 skritt med mi beinlengde. To av kilometrane jogga eg faktisk, men eg er såpass tett i pappen at kondisen kjennest mildt sagt roten. Etter TRENingsøkta var eg så nøgd med meg sjølv at eg tok meg ein liten shoppingrunde, så det vart 2000 skritt til, i tillegg til litt styrketrening i og med at eg måtte bere handleposen eit stykke.

Sidan eg har kjøpt meg nytt lok til koppen min, stakk eg ein snartur opp på Statoil for å tanke opp litt varm drikke.

Så skjer følgjande:
1. Fingeren min bommar på "kaffi utan sukker eller mjølk" og hamnar på "varm sjokolade". Sett slikt.
2. Eg ser på utvalet av wienerbrød, sjokoladebollar, hamburgerar, julemarsipan til halv pris - men motstår freistinga. Så vidt.
3. Eg kjører ned til ferjekaia, stiller meg i kø og kjenner plutseleg at eg er usannsynleg svolta. Desperat tenkjer eg at eg faktisk ikkje har noko etande i bilen, verken i veska, hanskerommet eller.... Jau, vent no litt!

Som takk for ei bittelita teneste hadde ei av superdamene på jobb lagt ei øskje med sjokoladehjarte og ein utruleg hyggeleg post-it-lapp på pulten min i dag tidleg. Då svara eg med "you made my day", men no kunne eg ha lagt til "you saved my life".

Note to self: always carry food in your handbag..

Flora til jul



Eg fekk nokre nye Flora-delar til jul, og legg dei ut på bloggen, mest til orientering for folk som plar kjøpe gåver til meg. No har eg ni fat og seks krus, så eg kan dekke eit bord.

Tjuandedagsknut jagar jula ut - eller var det sjuandedagsknut?

Frå første januar har det vore ein jamn straum av statusoppdateringar på facebook som handlar om at ein endeleg har rydda ut jula. ENDELEG? Etter gammal skikk skal jula vare lenger, og "siste frist" for å rydde den ut er framleis tjuande dag jul, altså 13. januar. No verkar det som om fleire begynner tidlegare på jula enn før, gjerne i oktober, og då er dei tydelegvis lei av den når nyttårsfeiringa er overstått. Eg greier ikkje å bli einig med meg sjølv om kva mitt standpunkt i saka skal vere. Vanlegvis har eg pynta med lilla til advent og venta med julepynten til etter fjerde søndag i advent. I 2011 skal eg droppe lilla, det bestemte eg meg for i desember. Vi er altfor lite i heimen i desember til å nyte to sett julepynting. Og så får vi sjå kva tid vi skal rydde vekk nissar og englar. Eg var fast bestemt på å la denne jula vare til tjuandedag, men eg innrømmer glatt at eg blir påverka av facebook, og at pynten truleg forsvinn til helga. Problemet då er at det vert så tomt i hyllene og vinduskarmane...

tirsdag 4. januar 2011

Stakkars folk

I dag vil eg kort og godt uttrykkje bid ebpati og sybpati med folk sob er bykje sjuke. Sjølv er eg sjeldad skikkeleg sjuk; eg er beir av ded sorted som har dokre sbåplager sob eg bit teddede sabad og igdorerer etter beste evde. Akkurat do er eg forkjøla på tredje eller fjerde daged, og eg held rett og slett på å bli sprø. Alt blir så tugt og vadskeleg, og eg føler beg skikkeleg uappetitteleg og trasig. Orkar eg å TREDe i dag? Det blir i tilfelle eid lited tur på tredebølla... Legtar eigedtleg heib til varb suppe og eit pledd...

Så slår altså tadked ded i beg: dokre beddeske har det slik krodisk, bed plager sob allergiar, astba og bigrede sob gjer at dei sjeldad føler seg heilt i slag. Sjølvsagt fidst det dei sob er sjuke av lagt beir alvorlege lididgar, bed bide tadkar går i dag, sob kodged plar seie, til dei sob har krodiske lididgar som gjer dei ute av stadd til å spridge opp ei trapp, jogge, gå på fjellet eller addre tidg sob eg vadlegvis gjer bed stort pågaggsbot og glede. Det kad ikkje vere greitt å sydast livet er eit ork på perbadedt basis - eg sydest det er ille dok bed eit par dagar i dy og de.

Eg skal uadsett stikke iddob apoteket og kjøpe litt dasespray før eg går på TRED...

mandag 3. januar 2011

Striskjorte og havrelefse

Så var ferien over. Mange ryddar jula ut allereie, verkar det som, men eg har valt å ha pynten ståande nokre dagar til. Kvardagen begynte med planleggingsdag på jobb, deretter nokre timar med førebuing av dei komande dagane. Det blir ein hektisk vinter med mellom anna 29 fordjupingsemne som skal gjerast ferdige, det skal lesast romanar og skrivast stilar - mange ballar vert kasta i lufta, og ein stakkars lærar får nok å gjere med å sjonglere dei rundt omkring.

Etter jobb trassa eg den irriterande forkjølinga eg har plagast med siste dagane og tok meg ein tur på TREN. Det vart ikkje mykje jogging, men desto meir rask gange (dei som har prøvd å gå tur saman med meg, veit at eg går fort når eg vil). Deilig å få sveitte og trene litt, sjølv om eg i motsetnad til dei fleste ikkje slit med uønska vektauke etter jula, og sjølv om forma var så som så. No har eg bunkra papirlommetørkle med balsam og halsdrops, drukke store mengder te og trøstespist sjokolade for å samle krefter til ein heil dag på jobb i morgon, før eg igjen får ein fridag...

Bok 1 2011: "Min kamp 4" av Karl Ove Knausgård

Mitt første fullførte leseprosjekt i det nye året vart nummer 4 i serien om ein manns liv. I detalj får vi presentert små og store hendingar i livet til Karl Ove Knausgård, og denne gongen handlar det mest om perioden 1987 - 88. Tematikken er nokså einspora; det handlar mest om alkohol og sex. Det interessante ligg etter mitt syn mykje i den spenninga som finst mellom farens gryande alkoholisme og hans eige aukande alkoholforbruk. Ein møter òg ein gryande forfattar som reiser til Nord-Noreg for å arbeide som lærar og legge opp pengar til komande prosjekt, samtidig som han prøver å skrive noko som kan bli publisert.

Ein irriterer seg meir over denne Knausgård enn den ein møtte særleg i bok 1 og 3, men ein kjenner seg òg att ungdomens sjølvsentrering. Eg har ikkje gått lei enno.

lørdag 1. januar 2011

Nyttårsfor(t)sett 2011

Ved årsskifte kjem det gjerne nokre djupe, melankolske eller optimistiske tankar sigande.

Kva har ein fått til i året som gjekk?
Kva gjekk gale?
Kva kan bli betre?

For å gripe fatt i det siste, og tenkje framover, vil eg gjerne halde fram med mange av dei positive gjeremåla eg trass alt har i livet. Eg vil framleis arbeide hardt på jobb, TRENe, gå turar og lese bøker. Eg vil framleis setje familien høgst, men òg lage små lommer i livet som berre skal vere mine eigne pustepausar. Kanskje skal eg bli flinkare til ikkje å ville vere så flink heile tida, men heller slappe av og late meg litt meir - noko eg faktisk tvilar på at eg får til. Eg veit at eg stiller altfor høge krav til omverda, og mest av alt til meg sjølv.

Det er umogleg å nullstille seg berre fordi ein blar opp ein ny kalender, men eg har i alle fall nullstilt blogg-teljaren min. Det er kjekt å følgje med i talet som stadig stig, sjølv om ein enorm lesarskare aldri har vore målet for blogginga mi, som meir enn noko anna er blitt ein hyggeleg vane som eg gjerne held fram med vidare. Eg håpar at det komande blogg-året vil bli fylt av turbilete, bilete frå familietreff, bokomtalar og kulturelle hendingar. Går det som eg vil, blir det òg nokre reiser i løpet av året - eit par slike er allereie under planlegging.

Eg las ein stad om ein som hadde sett på året 2010 som ein vanskeleg utforbakke med humpar og hinder, men som no kjende at han var i ferd med å ta trekket oppover att. Sjølv om eg er totalt ukjend med utforkjøring, hadde eg sans for denne metaforen. Som nyfrelst turski-entusiast håpar eg at 2011 blir som ein vakker tur i solskin innover ei opptrakka løype, utan dei store hindringane, og med nokre slakke nedoverbakkar eg kan renne i utan å vere redd for å dette.

Nyttårsaftan 2010



Etter fleire nydelege, stjerneklåre kveldar i romjula slo nyttårsaftan inn med regn og vind. Dette sette ein liten dempar på feiringa, men elles kosa vi oss med brettspel, spel og lydbok (gjett kven) etter ein aldeles nydeleg kalkunmiddag. Vi har funne ut at det passar betre å kjøpe ferdige stykke av kalkun enn å steike ein heil fugl, og denne gongen konkluderte vi med at den ferdigmarinerte fileten smaka best.

Dei to yngste gjekk nyttårsbukk saman med ei venninne av Veslejenta, og ved midnatt reiste vi innover i bygda og skaut opp rakettar saman med andre bygdefolk. Det vart ei fredeleg og triveleg feiring, og eg håpar det er slik 2011 vil bli òg; triveleg og fredeleg (om enn helst utan så mykje regn og vind).

Eg vil med dette ønskje alle blogglesarar eit godt nytt år!