lørdag 28. februar 2009

Bok 11 2009: "Popsongar" av Frode Grytten


Grytten er ein fantastisk forteljar, og denne boka er nesten like god som "Bikubesong" (den er ein av mine favorittar). Forteljingane/novellene/tekstane er inspirerte av songar, og sidan eg høyrde boka som lydbok, kunne eg godt ha tenkt meg desse songane innimellom. Eg trur eg kjem til å lese den i papirutgåve seinare, for eg er ingen god lyttar. Lydbøker fungerer dessutan som sovemedisin på meg når eg sit på buss, tog, flyplass eller fly...

Bok 10 2009: "Devil's Work" av Margaret Yorke

Det vart mykje venting på reisa vår, og då passa det godt med noko lett lesestoff. Denne boka las eg som engelsk papirutgåve. Litt spennande der og då, men ikkje stor litteratur, akkurat.

Londonturen vel overstått
























På grunn av mykje venting på buss vart turen unødvendig lang, men no er vi altså vel heime. Eg skal ikkje trøytte lesarar med detaljerte skildringar, men her er eit stikkordsmessig oversyn over turen vår:

Søndag kveld:
Nattbuss frå Folkestad til Gardermoen

Måndag:
Mykje tid på Gardermoen før flyet gjekk 18.30 norsk tid
Tog og tube til Paddington - budde på hotell i same gate som i vinterferien i fjor
Middag: Cottage pie på Garfunkel's i Paddington

Tysdag:
Madame Tussaud's
Museum of London
Natonal Portrait Gallery
National Gallery (Trafalgar Square)
Middag: kyllingrett på Bella Italia
Musical: Billy Elliot

Onsdag:
London Dungeon (veldig endra sidan 1996!)
Brick Lane
Middag: Chicken Korma i Brick Lane (eit høgdepunkt!)
London Eye
Musical: Les Misérables

Torsdag:
shopping
Covent Garden, Regent Street, Oxford Street og New Bond Street
Middag: Wraps på Garfunkel's i Paddington

Fredag:
Victoria and Albert Museum
Hyde Park
Harrods
Middag: blekksprut på italiensk restaurant i Kensington
Reiste til Stansted Airport
Sat oppe om natta og venta på bussen

Laurdag:
Buss frå gardermoen 10.15
Familien henta oss på Eid 19.10

Gamlas beste Londontips er å ha ein grovplan over kva ein skal gjere, og ei lang liste med ting ein har lyst til å gjere. Madame T og London D er ganske dyrt, og der kan vere mykje kø, så vi valde å legge dei aktivitetane tidleg på dag og heller fylle på med gratisaktivitetar så mykje ein har lyst og ork til etterpå. Eldstejenta vart temmeleg sliten dei to første dagane, medan Gamla heldt på å dåne på handledagen. Det var veldig lurt å setje av ein heil dag til shopping, og å reise tilbake til hotellet for å lesse av seg litt midt på dag. Dersom nokon treng selskapsdame på ein tur, er det berre å seie ifrå - eg seier nemleg som Eldstejenta: "Ej elska London!"

søndag 22. februar 2009

...og ikkje berre reisefeber...

No er det like før vi reiser, og kva har skjedd sidan i stad sidan eg fann det nødvendig med eit lite innlegg til? Jau, gutane ligg strak ut med god gammaldags spysjuke... Det blir lite farvel-klemming, kan eg love dykk! Vi kryssar fingrane for at det blir lite sjuke på oss - i alle fall medan vi sit på nattbussen. Reisesjuketablettar og spyposar er pakka i handbagasjen "just in case"...

Ha ein strålande ferie alle saman!

Datatrøbbel og reisefeber

Dataen min har sagt takk for seg (igjen) og kollapsa totalt - akkurat i dag når eg skulle jobbe meg frampå såpass eg slepp altfor mykje stress når eg kjem att. Ikkje når eg tak i mailen min, ikkje facebook, ikkje bloggen - utanom på den vanvittig treige stasjonærmaskina som ungane plar spele på. Ikkje har eg sånn moderne mobil med internett på heller. Faktisk får eg berre til å sende og motta heilt enkle meldingar utan bilete eller særleg mange symbol. Sukk.

Sel dei slikt på flyplassen, skal tru?

Ja, for i bloggande stund er det fire timar til nattbussen går frå Folkestad. 4-5 hektiske dagar i storbyen ventar oss (sjølv om eg kanskje hadde hatt meir godt av eit opphald på spa). Returen blir laurdag kveld, og då satsar eg på å ha ein datamaskin som eg får lagt inn bilete på. Ha ei strålande veke, alle saman!

Nevø nummer 2 19 år


Vi gratulerer så mykje med dagen! Nevø 2 er ein aktiv fyr, og biletet er henta frå ein klassetur til Spania (knabba frå bloggen til Systa). I år skal han vere russ, så han har eit hektisk og spennande år på mange måtar.

lørdag 21. februar 2009

Utklassing

Det er ikkje ofte eg heiar på Noreg i den internasjonale finalen i MGP anna enn for å vere patriotisk, men i år kjem vi til å ta heilt av her. Heiar nemleg på denne karen

Bok 9 2009: "Afrika - en vakker dag" av Tomm Kristiansen


I det siste har eg hatt med meg Tomm Kristiansen på tur. Han har fortalt meg om kvardagsliv, historie og storpolitikk på det afrikanske kontinentet, og det har vore både interessant og engasjerande. Det aller verste, var å høyre om valdtekt av kvinner under konfliktane i Kongo - då var det like før eg svima av inne i Geislida - og korleis desse kvinnene evna å tilgi gjerningsmennene. I det heile får ein ei forståing av at afrikanarar tenkjer ulikt europearar på godt og vondt.

Eg har lese ein god del afrikansk litteratur tidlegare (jfr nokre vekttal frå 1989, blant anna), og det er eit kontinent som fascinerer meg, og som eg godt kunne ha tenkt meg å reise til.

fredag 20. februar 2009

Nagle ømt fast i rytmer? Hallo?

Å avslutte siste veka før vinterferien med ein dobbelttime i norsk, er i seg sjølv ei stor utfordring. Når temaet i tillegg er dikttolking, må det heile seiast å vere kamikaze.

I dag stod eitt av favorittdikta mine på planen, og du kan lese det her

Eller les Ariels kortversjon:
Ein fyr ser på solnedgangen og føler seg lykkeleg og forelska,
så gjer han den tabba å spørje dama kva HO tenkjer på
(og dette må de lære av, folkens: spør ALDRI nokon om slikt dersom de er lukkelege)
Det viser seg at dama er deppa og tenkjer på at dei skal døy medan verda rundt dei held fram med å leve vidare
Han blir trist av det ho seier, held rundt henne men finn ikkje på noko å seie

Elevane ville i utgangspunktet heller spele data, men dei kom på gli etter kvart, og det heile toppa seg då eg stilte dei spørsmålet som stod i boka: "Hvordan er det mulig å leve et lykkelig liv når utfallet alltid er døden"? ("Spenn 3" side 395)

Heldigvis er elevane fantastisk opne for det meste, dei tolka og funderte og konkluderte så flott at ein gammal lærar vart rørt i hjarterota. Då timen var slutt, hadde vi akkurat blitt einige om å leve i nuet, gripe dagen og fokusere på det positive. Eg hadde starta timen med å forklare kva metaforar og klisjéar var for noko.

torsdag 19. februar 2009

Jealousy

Høgdepunktet på musikalen i går, i alle fall etter mitt syn, var då Camilla song denne

Ho har ei fantastisk stemme, og bruker den på ein profesjonell, men samtidig kjenslevar måte.

onsdag 18. februar 2009

2 x Killer Queen



I dag har eg hatt ein (enda) meir hektisk fridag enn vanleg - eg ofra fridomen og gjekk på kurs 9.00 - 16.00. Det var eit engasjerande og tankevekkande kurs om dysleksi, men fokus vart òg sett på lærarrolla. Kurshaldaren er ei tøff dame som mellom anna har arbeidd med å lære fengselsinnsette å lese og skrive, og ho hadde mange gode og nokre forenkla løysingar på korleis ein gir elevar sjølvtillit, mellom anna. Ho var kanskje den beste kurshaldar eg har opplevd, med praksis frå yrkesfagleg vidaregåande, fire born og diverse fosterbarn., og med klare meiningar om motefenomen innan pedagogikken. "Ansvar for eiga læring" slakta ho så det heldt.

Det var lite vits i å reise heim etterpå, for vi hadde kjøpt billettar til "Killer Queen", som er årets musikklinjemusikal. Som vanleg var det ei fryd å sjå og høyre ungdomane boltre seg på scena, sjølv om nervar øydela ein del einskildprestasjonar. Det var berre Minstemann som ikkje var med i år - han fekk som kjent overdose med kultur på laurdag og fekk slappe av saman med farmor og farfar. Vi takkar for pass - veldig greitt å ha heimeverande besteforeldre så nær!

Lenkje til biletserie i Sunnmørsposten

tirsdag 17. februar 2009

Minst, men med størst underhaldningsverdi


Etter at biletet til førre blogginnlegget var teke, vart (sjølvsagt) alle dei 21 fastelavnsrisa liggande i ein haug på buffeten til høgre på biletet. Nummer 2 gjorde store auge då han kom inn og såg haugen: "he an E laga alle dissa risa i barnehagen?"

Minstemann omtalar seg sjølv som "gullet ditt" (altså mitt, som i "mamma, gullet ditt må på do") for tida, og er i det heile merkeleg oppteken av si gamle mor, som han forresten trur er 29 år (skal tru kven som har innbilt han det). "Mamma, kor monge daga de e te du blir 30?" Svaret mitt er 447, uansett. "Når ej blir 60, skal ej gifte mej me dej, mamma", kjem det med eit lite sukk.

60 er det magiske talet, inspirert av den fjerde Indiana Jones-filmen. I jula laga han ein ny julesong: "en skulle vøri 60 år i romjuln".

Det er berre ein ting Minstemann ønsker seg som souvenir frå London, nemleg meir Indiana Jones-lego. Når han blir stor, vil han reise til Berlin saman med mora si - det var der Eldstejenta og eg kjøpte den første pakken med slik herlegdom i fjor haust. Eit anna mogleg reisemål er USA, og dei mest oppvakte blant dykk kan sikkert gjette kven vi skal leite etter der.

mandag 16. februar 2009

Framtid i Saniteten?


Eldstejenta skal selje ris for fotball-laget, og Minstemann har laga eit nydeleg ris i barnehagen. Sjølv har eg planar om å bake bollar og piske krem ein dag. Det går mot fastelavn, karneval, musikal og mykje moro. Og vinterferie, sjølvsagt, med Londonturen som det heilt store. Nedteljinga er i gang for lengst, og planane er snart i boks. Kanskje skulle eg laga nokre ris og selt eg òg, for £4 per stk, til dømes.

Bok 8 2009: "E for Eksplosiv" av Sue Grafton


Det blir ikkje høve til å lese så mykje anna enn elevtekstar for tida, men eg har no lide meg gjennom denne femte boka i alfabetserien til Sue Grafton. Igjen heilt grei krim, men det er noko med at ho ikkje greier å etablere karakterane slik at ein festar seg ved dei. Personar ein har sett føre seg som 25, viser seg plutseleg å vere 52, andre har ein gløymt på vegen. Ikkje forstår ein heilt kva drivkreftene bak ugjerningane er heller. No avsluttar eg alfabetprosjektet, som eg i utgangspunktet var svært fascinert av.

Konklusjon: god idé, men dårlege bøker.

søndag 15. februar 2009

Grillsesong 2009 erklært opna

















Endeleg kom vi oss ut på ski igjen! Unge Indiana fekk seg nye turski laurdag, og han var dermed litt meir motivert for turgåing. Dei to eldste og eg gjekk innover til Sagesetra med ein hund, medan Gubben og dei to yngste heldt seg på Tua med den andre hunden. Då vi snudde nedatt, sende vi melding om at det berre var å lage klar grillen. Grillhytta på Tua er koseleg, og det passa fint å ta ein tidleg søndagsmiddag der.

lørdag 14. februar 2009

Overdose med kultur?


Kva ønskjer ein seg mest av alt etter ein kveld med vin og prat? IKKJE konsert i Volda kyrkje, det er i alle fall sikkert! Heldigvis varte ikkje konserten meir enn tre kvarter, men då hadde ein fått med seg ein god dose hornmusikk og fiolin. Nokre er veldig flinke, for å seie det slik, men slike konsertar får gjerne presentert både nybyrjarar og vidarekomne. Nummer 3 gjorde ein strålande innsats saman med dei andre messingaspirantane. Etter konserten skunda vi oss til Samfunnshuset, der det var UKM. Folkestad skulekrins var godt representert, med 4 sceneinnslag og ein programleiar. Elles var der mykje morosamt og bra - eg er svak for rockeband, og sjølvsagt bygdeborna. Eldstejenta dansa medan venninna song "Somebody to love" (Queen), og det gjekk heilt flott. Dagen gjekk med, og hovudet er ikkje heilt bra, men no er vi snart klare for MGP...

Lenkje til Sunnmørsposten

Vinklubb på vift























Ei av vinklubbdamene har flytta frå bygda til Folkestad. Likevel held ho kontakten med oss bygdekjerringane, og fredag var det hennar tur til å ha vinklubb. Denne gongen var vi 14 til bords (eg har begynt å ta bilete for å dokumentere det utrulege faktum at vi er såpass mange), og som vanleg smakte både mat og vin nydeleg. Diskusjonane gjekk høglydt om såpass varierte tema som husvask og Kvivsvegen. Konklusjonen vart at begge delar er temmeleg oppskrytte og eigentleg unødvendige.

torsdag 12. februar 2009

Klovneri og koreografi






Etter nyttår starta vi oppatt barneklubben til ungdomslaget i bygda. Kvar torsdag møtest vi for å øve inn program til ein fest som skal vere seinare på vinteren, og borna har sjølve kome fram til at temaet skal vere sirkus. Kvar gong finn vi noko nytt sirkusrelatert å øve på, og denne gongen var det klovneri, som munna ut i eit levande kjempetusenbein bygd av 15 bygdeborn. Etterpå delte dei seg inn etter kjønn for å øve på dansar. Eldstejenta mi stiller sjølvsagt velvillig opp som koreograf, med veslesystera som assistent.

onsdag 11. februar 2009

Meir drama enn forventa












I dag skulle eg vere superhusmor og supermamma. Det begynte bra, med ein heil del husarbeid, og så sette eg ein bolledeig før eg gjekk ut til ungane. Dei hadde gått ut i førevegen, og planen var at dei etter eit par timar skulle få gå innatt for å trille ut bollane. Alt var berre fryd og glede, MEN: så ramla Minstemann og slo seg. Eg er verken hysterisk eller redd for blod, men når såra er så nær auget som dette, blør dei svært mykje, og eg torde ikkje anna enn å kjøre på Legevakta med han. Der vart han limt saman, og så fekk han gå på leikebutikk og kjøpe Lego som premie for å ha vore kjempeflink. Det var ikkje lite blod han hadde kvitta seg med på halvtimen rundt fjorden, for å seie det slik, og guten kunne lett ha fått panikk. Etter to timar var vi heime att, og då såg deigen ut som på biletet ("Kem ditta e", spurde Minstemann då han såg biletet). Nummer 3 vart att i Volda, dei to eldste er på fotball, Minstemann bygger Lego og eg har trilla bollar med venstrehanda. Ikkje så fine, kanskje, men dei smakar himmelsk. Det er trass alt nokre timar sidan frukost...