fredag 30. oktober 2015

Halloween-fest

I år er eg ikkje med å arrangere fest, sidan vi i fjor innførte ein ny tradisjon: arrangørar er niande klasse, som samlar inn pengar til neste års Polen-tur. Mine to heimebuande var klar til å kle seg ut, men særleg skumle vart dei ikkje. Noko sminke ville dei ikkje høyre snakk om. Eplet fell langt frå stammen nokre gonger...

Bok 93 2015: "Din nestes hus" av Jette A Kaarsbøl

Københavnsungkaren Laus får eit lite samanbrot då faren døyr, noko som fører han til ein småby, der han vil få faren gravlagd. Etter kvart kjem han i samtale med presten, som blir ein god ven. Og den unge, vakre prestekona. Laus får nokre oppdrag i småbyen, og han viklar seg inn i ein del hendingar som endrar livet hans radikalt.

Boka har nokre positive sider, og eg likte den godt medan eg las. Når eg no er ferdig, ser eg ikkje heilt kva poenget med den var, noko som irriterer meg.

onsdag 28. oktober 2015

Fri-onsdag

Dagens fri-onsdag starta med at vi stod tidleg opp sjølv om vi hadde fri. Derfor kom vi oss relativt tidleg ut på tur òg, og vi gjekk på "Solsida" til Mjeltvika, der sola kjem mykje tidlegare enn heim til oss. Vi filosoferte om mangt og mykje i finevêret, spesielt om kva som er kjekt med jula. Det går mot dei tider att.

Vel heime har eg spretta ein ny rettebunke og laga klar ei pannekakerøre. Veslejenta har nemleg bestilt pannekaker til middag når ho kjem heim frå skulen.

Det er siste året Minstemann har fri-onsdagar på skulen, så neste år søkjer eg meg truleg opp i full stilling. Enn så lenge nyt vi kvardagsluksusen me denne fridagen midt i veka. Den gjer utruleg godt, spesielt når vêret slår til som i dag.






tirsdag 27. oktober 2015

Doktor Proktors tidsbadekar

I dag fekk eg overtala ungane til å bli med meg på kino. Vi likte godt den første Doktor Proktor-filmen, og eg hadde derfor lyst til å få med meg oppfølgjaren òg. Trass i at eg sakna Kristoffer Joner, var dette òg ein godt laga og morosam norsk film.

søndag 25. oktober 2015

Innesyssel

Sånn apropos ikkje kjede seg: her er Minstemanns nyaste gaffateip-prosjekt. Det skal bli eit Halloweenkostyme til festen på fredag.

Om keisemd

Eg plar seie at eg aldri kjedar meg. Det kan høyrast noko sjølvforherligande ut, men sanninga er at eg alltid har noko å finne på, om nokre ting kan vere keisame i seg sjølv.

For det første har eg familie og vener. Med fire born er det alltid nokon å snakke med eller ta seg spesielt av. Oppfølging treng dei òg, noko det aldri blir nok tid til. Husarbeidet blir eg sjeldan ferdig med.

For det andre har eg hund. Charlie får mykje merksemd og mange turar, og det blir aldri for mykje av det heller.

Jobben krev òg ein del; denne helga har eg retta ein bunke engelskstilar, og eg har planlagt undervisninga måndag. Det tek ein del tid, men heldigvis har eg ein jobb eg likar. Eg er i tillegg tillitsvald på jobb, noko som medfører ekstra møteverksemd og lesing av diverse dokument.

Studiet mitt krev merksemd, men der er eg absolutt i rute. Tilbakemeldinga på utkastet eg leverte var veldig gode og konstruktive, så det er mest flikking som må til. Pensumlitteraturen les eg mellom slaga, og det meste er svært interessant og relevant for jobben min.

Neste veke skal eg på konstituerande kommunestyremøte, så eg har hatt nokre hundre sider med saksdokument å gå gjennom. Det blir ein del møteverksemd i partiet, og eg ser fram til å ta fatt på nye oppgåver.

Når eg ikkje styrer med alle desse tinga, og kan velje heilt sjølv, er det alltid ei bok eg vil lese, ein serie eg vil følgje med i eller ein film eg vil sjå. Eg er gjerne asosial når eg tek heilt fri, og kosar meg med rolege aktivitetar.

Døgnet har for få timar, og eg skulle gjerne hatt fleire som eg kunne bruke til trening, til dømes. Slik det er no, er eg heldig om eg rekk å gå ein gong eller to i veka på treningsstudio. Sist tysdag begynte eg å ro på romaskin, noko eg trur eg vil ha godt av å gjere meir av. Dei problematiske armane mine er betre enn på lenge, noko eg trur kjem av ein betre situasjon på jobb og ein lang og sløv sommarferie. Når ein slepp å vere frustrert og å verke, blir det frigjort mykje energi som kan brukast til langt hyggelegare ting.

Denne veka prøvde eg å lære eit nytt ord: "prokrastinering". Dette var ikkje berre eit framandord for meg, men òg eit ukjent fenomen. Viss eg skal skryte av meg sjølv, noko eg altså skal, vil eg seie at nøkkelen ligg i å få unna bunkar og andre oppdrag i god tid. Stresset ligg ikkje i å gjere mykje, men i å ha mykje som skal gjerast.

Skreiv Gamla, som tok ein pause i husvask, klesvask og brødbakst for å setje ord på noko av det ho gjekk og tenkte på.

lørdag 24. oktober 2015

Bok 92 2015: "Historia om det nye namnet" av Elena Ferrante

Andre bok i serien fortel om den hardt studerande og skuleflinke Veslelena, og den nygifte Lila, som har sans for drama og rotar seg bort i det mest utrulege. Handlinga er lagd til slutten av 1960-talet, hovudsakleg i Napoli. Det er ei lettlesen bok som eg har hatt problem med å legge frå meg, og no fryktar eg å måtte vente lenge på dei to neste bøkene i serien.

fredag 23. oktober 2015

Bok 91 2015: "Øyne i Gaza" av Mads Gilbert og Erik Fosse

Av ulike grunnar har eg vore oppteken av konfliktane i Midtausten den siste tida, og eg valde å lese denne boka for å få eit innblikk i kva palestinarane i Gaza har gjennomlevd. Gilbert og Fosse les sjølve sine eigne tekstar, og det dei skriv er ein slags augevitnerapportar frå arbeidet dei har gjort blant skadde og drepne palestinarar i Gaza. Eg skjønar at det er svært subjektivt framstilt, men eg syntest det var interessant å lese om forferdelege ting som er blitt gjort mot sivile.

Altfor mange vel å lytte til den eine sida i konfliktar og berre avvise informasjon frå den andre sida som reinspikka propaganda.

onsdag 21. oktober 2015

Postvegen på Bjørkedalen

I og med at vêret var både vått og vindullt i dag, vart det til at vi gjekk på vegen frå Langedalsbroe til fylkesgrensa. Det er kjekt å ha nokre turmål som verken er våte eller bratte, og i dag møtte vi verken dyr eller folk, så hundane kunne springe lause utan problem.

søndag 18. oktober 2015

Straumsdalen

I dag pakka vi med oss eingongsgrill, pølser og pølsebrød og la ut på tur. Vi gjekk opp skogsvegen til Straumssetra, deretter opp til demninga og inn langs det oppdemde vatnet i Straumsdalen. Det vart ein herleg tur i nydelege haustfargar!





lørdag 17. oktober 2015

12-konsert og fotballkamp




"Hvor er Willy?"

Laurdag føremiddag skulle Storegut jobbe, men dei to yngste vart med meg over fjorden for å gå på 12-konsert i kyrkja. Første helvta av konserten var det kulturskuleelevar som stod for, og ei nabojente deltok med vakker song. Andre del var det koret "Ervingen" som stod for, og det var imponerande og kjekt å høyre på. Dei hadde litt uvanleg repertoar, og spesielt timinga deira var fin.


Attende på Folkestad skulle Veslejenta spele fotballkamp. Laget hennar var i storform og slo dei besøkande spelarane frå Hovdebygda heile 5 - 2.

Etter ein betre middag (nachos-form) har vi kolva oss ned i sofaen for å kose oss med tv og digg. Det har vore ein fin dag, og no håpar vi at kvelden blir like fin. Familietid er noko av det finaste livet byr på.

Vinklubben 15 år

Fredag kveld var eg på vinklubb, noko eg har hatt for vane om lag ti gonger i året sidan oktober 2000.

Vi fekk servert ost m/tilbehør og vinar av drua Syrah, og så hadde vi ein triveleg kveld med god prat og litt mimring.

tirsdag 13. oktober 2015

Flinkis

To dagar på skulebenken, og eg har lært mykje. først og fremst har eg fått kjenne skikkeleg på kroppen korleis det er elev. Eg har vore fylt av ærefrykt når lærarane var flinke og kunnskapsrike, eg har syntest noko var keisamt og eg har grua meg for å ha framføring. På tampen av dagen i dag lærte eg mange nyttige triks når det gjaldt utforming av akademiske oppgåver, og då eg kom heim var eg så oppglødd at eg tok fatt i teksten eg har arbeidd med og fiksa den til med tekniske triks slik at den brått var såpass god at eg leverte den inn. Fristen for levering av utkast er om vel ein månad.

Frå studietida mi på 80- og 90-talet kan eg hugse dei kvinnene som tok utdanning i godt vaksen alder. Dei var alltid irriterande pliktoppfyllande og stressa, men dei gjorde det aldri så godt som oss ungdomane til eksamen.

mandag 12. oktober 2015

Bok 90 2015: "Plogjernet" av Johan Falkberget

"Plogjernet" er andre band i serien "Nattens brød". Handlinga er lagd til eit isolert norsk gruvesamfunn på 1600-talet. An-Magritt har bygsla ein plass inne i fjellet, og der dyrkar ho jorda medan ho drøymer om fridom. Midt i boka vert ho stilt for retten, og dette er den mest spennande delen av boka. Kjærleiken til Johannes er framleis sterk.

Eg hadde ein plan om å lese heile serien, men det spørs om eg tek ein pause no. Det vart litt for mykje rauting på lydboka etter min smak, og handlinga vert noko stilleståande i lengda.

søndag 11. oktober 2015

Bok 89 2015: "Om høsten" av Karl Ove Knausgård

Denne vesle boka er starten på ein ny serie frå Knausgård. Den inneheld små tekstar om alt frå svært trivielle ting som eting av eple til meir svevande og krevjande emne som Julia Kristeva. Eg er usikker på kva eg eigentleg meiner om boka, for den er alt frå absurd triviell til pretensiøs og pompøs. Poenget er at han vil skildre verda rundt seg for den ufødde dottera, og ein kan få ei slags Obstfeldersk kjensle av "Jeg ser", der konklusjonen er "her er så underlig". Som eit døme kan eg nemne då han etter å ha skildra telefonane slik dei såg ut og fungerte på 1970-talet, i detalj, reflekterer over telefonens status og funksjon før og no. Det syntest eg var ein fantasisk tekst. Men då den lange sekvensen om oppkast vart konkludert med at han ikkje syntest det gjorde noko at dottera hans spydde på han fordi han elska henne så høgt, melde eg pass. I tillegg ser eg nokre språklege manglar, som oppstylta syntaks og ein irriterande repetisjon av ordet "likesom". Kan hende vert slikt forsterka i lydbøkene, det veit eg ikkje. Eg er uansett stor fan av Knausgård og ser fram til fleire bøker.

Kos, mat og drikke

Vi kom fram til Oslo torsdag kveld, og då møtte vi Eldstejenta og ei kollektiv-venninne og gjekk ut og åt pizza saman med dei (sjå blogginnlegg frå Grünerløkka).

Fredag var vi på sightseeing til langt ut på ettermiddagen, så åt vi middag på TGI Friday på Karl Johan, før vi reiste ut att til Grünerløkka. Der for vi på kinopremiere for "Villmark 2".

Laurdag la vi inn cafébesøk mellom slaga, noko som var ganske lurt. Energien blir noko redusert når ein trakkar rundt heile dagen (over 20 000 skritt fredag, og 18 000 på laurdag). Etter Vigelandsparken tok vi trikken til Majorstuen, der vi fann ein indisk restaurant som heiter Gandhi. Der var berre fantastisk nydeleg mat, i eit skikkeleg koseleg og avslappande lokale. Vi fekk sitje lenge, utan at nokon antyda at vi burde kome oss derifrå.

Då vi følgde Eldstejenta heim til kollektivet, fekk vi helse på ei anna venninne av henne som vi har høyrt mykje om, men som vi aldri har møtt. Det var veldig koseleg.

Det vart nokre intense dagar, men utruleg koseleg å vere saman på den måten. Eg kom heim utan å ha handla ein einaste ting, ikkje så godt som ein kjøleskapsmagnet eingong, så Eldstejenta har ein del gåvetips fram mot jul. Det var utruleg godt å sjå at ho har det så bra der ho er no, og å ta litt del i hennar liv eit par dagar. Samtidig fekk vi henne med på noko ho ikkje hadde gjort før, og vi fekk le, diskutere og kose oss skikkeleg. Det blir fine minne å sjå tilbake på.

Vigelandsparken











Siste turistattraksjonen vi fekk med oss denne gongen var Vigelandsparken. Der var nydelege haustfargar, men dessverre ikkje så mykje sol. Vi hadde vore innom Munch-museet der nokre verk av han var utstilte, og vi hadde sett og lært ein del om norske nazistar, så dette gav ein ekstra dimensjon til opplevinga av parken. Elles var det artig å sjå på alle turistane som poserte på og ved skulpturane.

Akershus festning: Hjemmefrontmuseet og slottet

På Akershus festning hadde vi valt ut å sjå Hjemmefrontmuseet, som var svært interessant. Eg likte spesielt godt å sjå utstilt illegale aviser og opprop, og så var det interessant å sjå språkbruken på informasjonsplakatane. Det var langt frå objektivt, for å seie det slik. Eldstejenta og eg gjekk innom slottsdelen òg, når vi først var i området og hadde Oslo-pass.
Gravkammeret til kongefamilien


Bartebilete





Munch-museet

På Munch-museet hadde dei stilt ut kunstverk av Munch saman med verk av Gustav Vigeland, for å syne at dei to arbeidde parallelt med ein del tema og motiv. Dette var spesielt interessant for oss fordi vi hadde tenkt oss i Vigelandsparken seinare på dagen.

Grünerløkka


Eldstejenta bur på Grünerløkka, like ved Olaf Ryes plass. Det er sentralt når det gjeld trikk og buss, og vi hadde gangavstand dit over elva frå Hotell Vulkan.

22. juli-senteret

Restane av bombebilen

Eit armband Gjerningsmannen hadde på seg

Mobilar og kamera som miste eigarane sine på Utøya

"Politi"-ID-en til Gjerningsmannen
Bøker om 22. juli eller høgreekstremisme