lørdag 31. oktober 2009

The hills are alive!

Nummer 3 og eg sit klistra og ser "Sound of Music" - eg lurer på kor monge gongar eg har sett den sidan eg såg den på kino i barndomen saman med nabovenninna. Ho hadde dessutan plata, så songane kan eg. Til ikkje så veldig stor glede for resten av familien, som må lide seg gjennom mine Julie Andrews-imitasjonar. Når eg er stressa eller frustrert, eller på annan måte treng å utagere, stemmer eg nemleg rett som det er i med "the hills are alive..." Og eg manglar talent, ser det ut til.

Filmen er uansett "one of my favourite things", og eg frydar meg over den søte romansen mellom Liesl og Rolf, den sukkersøte vimsa Maria og den strenge enkemannen...

Mennene i huset sit med data og headset.

Ut på tur i full mundur




I dag var det litt meir overskya enn vi har vore vane til i det siste, men mildt og fint turvêr. Også i dag prøvde eg meg med ein del spenstige forslag til turmål, men dei to yngste var klare på kva dei ville. Det enda altså med at Gubben kjørte oss til enden av skogsvegen, og så gjekk vi heimatt (ein tur som vanlegvis tek 45 minutt når eg går aleine, men som vi glatt bruker to timar på når vi skal leike Indiana Jones, "gøyme-og-leite" og flukt frå kjemper og skjelett).


Det er forresten svært praktisk med kamuflasjeklede når ein skal gøyme seg i skogen (sjå illustrasjonsfoto), men Indianas nye frisyre er ikkje så praktisk.

Minstemann bestemte i dag at vi alle skulle få velje oss nye superkrefter, men han godtok verken mine eller Nummer 3 sine forslag utan vidare. Til slutt enda eg opp med "fripant-krefter".

Bok 62 2009: "Tolv vandrehistorier" av Gabriel García Márquez

Av desse tolv novellene er fleire så gode at dei festar seg på minnet - andre kjem nok til å forsvinne fort. Márquez greier på ein unik måte å etablere personlegdomane til dei fiktive karakterane sine, som i denne boka er latin-amerikanarar i Europa. Sjangeren er igjen magisk realisme, og ein bevegar seg i eit univers som etter kvart er velkjent, sjølv om miljøet er eit anna enn i dei bøkene eg har lese tidlegare.

Novellesamlingar passar godt som sengelektyre, og det er dessutan meir overkomeleg å lese enn dei tjukkaste bøkene, som ein bør lese på terassen late sommardagar.

fredag 30. oktober 2009

Halloweenfeiring på Folkestad


På bloggen min i fjor på denne tida skreiv eg om mi heilhjarta rolle i den lokale Halloweenfeiringa. Det fell så naturleg for meg å vere heks... I år skal nabobygda arrangere fest, så då skal eg berre sende av garde ein gal mann, ein katt og ein militærmann. Heksekjolen heng klar i skapet viss og når høvet skulle by seg...

King Lear


Eg er genuint og entusiastisk oppteken av både Ibsen og Shakespeare - to av dei største dramatikarane i verdslitteraturen. Dette hjelper på når ein skal vie mykje av livet sitt til å undervise om slikt.

I den eine norskklassen min har vi, som døme på renessanselitteratur, sett "King Lear" på dvd. Den las eg på engelsk mellomfag hausten 1989, og det var kjekt å jobbe med den att. Eg blir enno gripen av Lears såra stoltheit når Cordelia ikkje vil smigre han, og rørt av Edmunds ord i det han døyr. Og så fascinerer det meg at tragedie ligg så nær komedie, og at det ikkje er mykje overspeling som skal til før ein er langt inne i ein parodi.

Eg er ikkje så blåøygd at eg innbiller meg at min entusiasme på nokon måte smittar over på elevane. Dei spurde meg kor lang filmen hadde vore, og eg svara, som sant var, at den var på nesten to klokketimar. "Vakje det meir," sa elevane.

torsdag 29. oktober 2009

Pinner som Knerten vokser ikke på trær




Det er jammen greitt å ha ungar. Korleis elles skulle eg ha rettferdiggjort at eg ville sjå denne filmen? Merkeleg i grunnen, for eg har aldri vore spesielt begeistra for Anne Cath Vestly (tvert imot). Men filmen har fått mykje omtale, og eg var rett og slett nysgjerrig. Og det var verkeleg ein fin film, med morosame poeng for vaksne i tillegg til fart og spenning for borna.

Før filmen begynte, fekk vi akkurat nok tid til å spurte innom biblioteket og låne den store boka med alle Knertenhistoriene i. Det kan bli mange kosestunder med lesing framover!

Middagsselskap hos Eldstejenta


Når mora kjem på besøk saman med Nummer 3 og Minstemann, må Eldstejenta vise sine kunstar som husmor. Ferdigpizza og vårrullar stod på menyen i dag, og Gamla kjøpte med salat og juice i tillegg til sjokoladepudding/vaniljesaus. Sidan vi skulle på kino ei stund etter balletten, var det freistande med eit stopp på hybelen. Det vart tid til både middagskvil og oppvask, og deretter var vi innom biblioteket før filmen begynte. Ingen av dei to små ville snope på kinoen, så middagsselskapet var vellukka, det.

onsdag 28. oktober 2009

Fleire framtidsplanar

Minstemann: Når ej blir store, skal ikkje ej skyte folk, slik som han Indiana Jones. Ej skal berre skyte hjorta.
Nummer 3: Ja, det skal ej med. Og so skal ej gi kjøtet til folk som ikkje he det so bra.
Minstemann: Då kan vi gjere det ilag.
Nummer 3: Vi kan sende det til Afrika, for der e monge folk som svelte...

Gamla lurer på om dei har tenkt å sende nedover litt rømme, fløyte og tyttebærsylte òg, slik at dei stakkars afrikanarane får lage seg skikkeleg god hjortegryte.

Indiana Jones med ny "look"

Etter å ha gått utan cowboyhatt i lengre tid, fann Minstemann for nokre dagar sidan ut at han sakna hatten sin. Den var sporlaust forsvunnen, og etter å ha endevendt utkledningsutstyret, fann han ein klovnehatt som no gjer nytta som superhelt-hatt.


Nokre vil meine at Gamla er føreseieleg både når det gjeld turval og val av fotomotiv (sikkert ein del andre ting òg, når sant skal seiast), men ungane var heilt klare i talen i dag: dei ville gå tur til "Trollskogen" og leike "gøyme-og-leite" med hundane. Vi var Indiana Jones med følgje på heile turen innover, men på tur utatt var vi plutseleg romskip som flykta frå hundre flygande skjelett. Ei viss trøyst er det vel at ungane har så mykje fantasi, når mora er så gørr...

tirsdag 27. oktober 2009

Til duk og dekka bord!


"Besta" inviterte oss til middag i dag, sidan vi har gjort det til ein vane å ete ute på tysdagar. Og i dag fekk Minstemann vere med òg, sidan Gubben jobbar seinvakt.

Vi fekk servert deilig brennsnut, og deretter eplekake med krem/is. Det er deilig å gå til dekka bord og få servert mat som det tek mykje tid å lage. Nummer 3 synest det ser kjekt ut å vere pensjonist, for då kan ein slappe av og sjå masse tv. Pensjonistane, på si side, ville nok gjerne ha bytta til seg energinivået til ungane. DET er nemleg beundringsverdig. På ferja heim måtte dei få springe av seg litt av den oppdemde energien, medan mora sank ned i ein stol og lengta heim til godstolen. Etter ein heil undervisningstime i dag var det ikkje rart eg var sliten?

mandag 26. oktober 2009

Framtidsplanar


Minstemann synest det er litt spennande at systera har fått eiga leiligheit, og han ser tydelegvis fram til at han skal bli stor han òg. I går erklærte han følgjande: "når ej fe eiga leiligheit, skal ikkje ej gjere noke, berre sitte ved bordet og drikke". Mora er litt bekymra.

Gratulerer til den kjekkaste broren min!

Ein intern spøk, den overskrifta: eg har berre ein bror, men han har to systrer...

Vi har hatt mykje moro opp gjennom tida, frå felles-plaging av storesystera og sliting av fiskeslukar i barndomen til nattlege måltid (t.d. råmelkspudding) og campingliv. Fordi avstandane er lange, blir treffa få. Då hjelper det fint å feriere saman, for å få nokre dagar i samanheng.


Sist sommar var vi alle tre søskena med nesten heile familiane + foreldra våre på ferie ilag nokre dagar, og biletet er henta frå den dagen vi var i Wadstena. Eg har forresten knabba det frå bloggen til Besta, for mine eigne feriebilete gjekk med i eit datakræsj tidlegare i haust.

Vi gratulerer han som er 45 i dag!

søndag 25. oktober 2009

Korpsbasar


Noko av det eg syntest var mest merkeleg med å flytte på bygda for ni år sidan, var basarpresset. Kvar organisasjon med respekt for seg sjølv har to basarar i året, og det kan fort bli sju - åtte basarar i løpet av eit år, med åresal, matsal og trekking av bok. På korpsbasar blir det sjølvsagt musikalske innslag, og i dag vart det dessutan delt ut medaljar til dei ungane som var med på tur tidleg i haust.

lørdag 24. oktober 2009

Ein fin, liten haustsong - sungen av ein av mine favoritt-vokalistar

Dametreff med påfyll





Fredag kveld samlast vi seks damer heime hos K, til nydeleg mat, vin og triveleg prat. Det er eit privilegium å jobbe på ein arbeidsplass med så mange spennande, hyggelege og morosame kollegaer som det finst på jobben vår. Vi kan snakke om jobbrelaterte tema, men òg heilt trivielle ting. Eit evig tilbakevendande tema er: kva meir skal vi gjere? Neste post på programmet kan bli ein konsert i lokalmiljøet, for det kjem snart ein slik konsert som vi kan tenkje oss alle saman.

K kjøpte seg hus i sommar, og det er artig å kome heim til kvarandre og sjå korleis dei andre har det i heimen sin. Det er dessutan deilig å kunne snakke uforstyrra vaksenprat med folk som ein ofte berre treff i kaffipausar og i lunsjen.

Bok 61 2009: "Det tause huset" av Orhan Pamuk


Forfattaren er ein av Tyrkias best kjende, og han vart tildelt Nobelprisen i 2006. Bøkene hans er visstnok delvis fletta inn i kvarandre, med personar og handlingar som opptrer i fleire tekstar. Han nyttar dessutan noko som i eit interessant etterord i boka vert kalla "dobbeltgjengarmotiv", og boka kan lesast som ei framstillinga av moderniseringsprosessen i Tyrkia på byrjinga av 1900-talet.

Sjølve handlinga i boka er temmeleg lett å følgje, sjølv om det fungerer dårleg med synsvinkelskifte i lydbøker. Det går ein del tid før ein skjønar kven av personane som fortel. Sentral i boka er ei 90 år gammal kvinne som har levd i eit ulukkeleg ekteskap med ein mann som dessutan fekk born med tenestekvinna. Dei sentrale menneska i boka er for det meste etterkomarar, og vi møter dei fleste gjennom indre monolog.

Eg likte boka godt, sjølv om eg trur eg ville ha fått meir ut av ei papirutgåve.

fredag 23. oktober 2009

Operasjon dagsverk


På skulen vårhar vi Operasjon Dagsverk i dag, fordi den eigentlege datoen passa dårleg inn i systemet vårt. Årets prosjektpengar går til å hjelpe handikappa skuleungdomar i Afrika.

Vi lærarane har planleggingsdag medan elevane arbeider, og mykje av dagen er via til datamaskinen, og dei mirakel den kan utrette. I tillegg kavar vi med å få dei same maskinane til å forstå oss, i og med at vi har innført eit nytt system for føring av karakterar og fråvær. Vi skjønar eigentleg ikkje kvifor, for det gamle systemet fungerte heilt fint.

Eldstejenta deltek ved å bruke dagen til å jobbe på Folkestad skule, der ho mellom anna skal ta seg av Minstemann. Det er sikkert meir givande enn mitt dagsverk (hadde eg hatt litt energi att, kunne eg ha funne på eit ordspel om "makkverk" og "hovudverk"...)

torsdag 22. oktober 2009

Hvor er Minstemann? Kan du finne ham?


Fetter nr 3 på Hareid har inspirert minstemann til å arrangere "Hvor er Willy"-bilete. Illustrasjonsfotoet er eit slikt, men det poenget forsvann i blogginnlegget i går då eg ikkje kommenterte det.

onsdag 21. oktober 2009

Super-Mom



Minstemann er inne i ein superheltperiode, og lagar legofigurar som kan skremme vettet av dei fleste. Kva trur de til dømes om eit skjelett med kinesarhatt?

Superheltar er frykteleg tøffe, og så har dei superkrefter. Då eg bar poden på ryggen heim frå skogsvegen i dag, meinte han at eg hadde "sterkekrefter". Etter nokre hundre meter måtte eg innrømme at det hadde eg ikkje, og at han no måtte bruke sine eigne "raskekrefter" til å gå heim på eiga hand (eller eigne bein). Litt mutt sa eg noko om at eg visst ikkje hadde superkrefter likevel, men då kom det frå Minstemann: "du he no flinkekrefter og kosekrefter, du då!"

Tur i Trollskogen





Sjølv om mykje av dagen er blitt brukt på hus- og skulearbeid, vart det også i dag tid til ein skogstur. Det var berre Minstemann og eg som var heime i dag, så han fekk bestemme at turen skulle gå til "Trollskogen" (det heiter visst "Kriken" der, og der står att ein del av den gamle setrevegen).

Eg køyrde inn til "Sinsenkrysset" og parkerte bilen (der skogsvegen deler seg med ein sideveg til Geildalen), og så gjekk vi heimatt. Seinare i dag skal eg gå med Bianca og hente heimatt bilen.

tirsdag 20. oktober 2009

Ungdomsopprør


Når mamma nektar å spandere frisørtimar, og dessutan har sterke meiningar om kor vidt døtrene skal klippe seg pannelugg eller ikkje, kan følgjande skje:

1. Absolutt ingenting skjer. Dottera finn seg i at mora er fødd til å sjefe.
2. Dottera betaler for frisørtime med eigne pengar.
3. Dottera tek saka i eigne hender. Bokstaveleg tala.

Eldstejenta har no pannelugg, etter det eg kan sjå på bloggen hennar. Gamla har møtt - eller avla fram - sin overmann når det gjeld å vere sta og økonomisk. Eigentleg burde eg vere stolt.

Pretty in pink (and blue)


Medan Nummer 3 var på ballett, gjekk Eldstejenta og eg amok og kjøpte henne (den yngste) ny jakke, hue, "hals", vottar og leggvarmarar. Ho vart veldig glad for alle tinga, og både fin og varm. Då ho kom heim, fann ho fram ein matchande neglelakk...

Viva Volda












Vi har visst gjort det til ein tradisjon med våre internasjonale tysdagstreff. I dag var dei tre eldste og eg på Viva Volda; noko så sjeldan som ein italiensk restaurant driven av tyrkarar. Sidan vi hadde ete pizza både fredag, laurdag og søndag, var valet av mat veldig enkelt. Ein stor pizza var nok til oss fire, og varianten heitte Roma (utan sopp).

mandag 19. oktober 2009

Julestemning i finansdepartementet?


I dag ser eg nyheitene på tv med uvanleg stor entusiasme. Den nye regjeringa vert presentert, og tidenes comeback må vel vere Sigbjørn Johnsen, som no skal bli ny finansminister. Han var alltid min favoritt; ikkje så mykje for det han sa, som for måten han sa det på. Dialekten hans gir assosiasjonar til "Snekker Andersen og julenissen", og då vert dei fleste økonomiske problem ufarleggjorde.

Det einaste vi manglar no, er ein helseminister med sørlandsdialekt. Då tenkjer eg det blir slutt på svineinfluensaen. Eg ser i alle fall føre meg ein viss nedgang i stressrelaterte plagar.

Bloggtips



Ein kollega nemnde denne bloggen for meg i dag, og den bør de sjekke ut! "Nienie" vart hardt skadd i ei flyulukke, og på bloggen deler ho tankane sine om korleis det er å leve vidare etter å ha blitt så vansira som ho er blitt. Etter å ha lese mange av innlegga hennar, synest eg faktisk at ho er litt vakker likevel...

Den nya människan


Laurdag kveld begynte eg å sjå denne filmen, men så utsette eg slutten til søndag fordi det berre vart for dystert. Etter filmen såg vi den før omtala shopaholic-filmen for å debriefe oss litt. Det er nemleg ei sterk historie, dette, frå Sverige på 1950-talet. Hovudpersonen er ei ung kvinne frå ein fattig, barnerik familie, og ho vert send til ein institusjon for å få arbeidstrening og lære god moral. Kvinnene på institusjonen har variert bakgrunn, men hovudtematikken er at mange vanskelegstilte kvinner vart tvangssteriliserte for å forhindre at dei formeira seg vidare.

Filmen vert samanlikna med "Gjøkeredet", men den manglar totalt innslag av humor. Dette er berre tragisk, men like fullt ei viktig historie som fortel mykje om menneskesyn og menneskenaturen.

søndag 18. oktober 2009

Shopaholic?


Nokre lesarar vil kanskje hugse at eg las shopaholic-bøkene og resten av produksjonen til "Sophie Kinsella" i fjor vår/sommar. Årsaka til at eg begynte å lese serien, var at der var eit utdrag i ei engelskbok for VG1. I år underviser eg i engelsk på VG2, og i læreboka der finst nok eit utdrag frå ei shopaholic-bok. Då var saka klar: eg måtte kjøpe filmen! Nyleg hadde eg meg ein raptus og bestilte filmar på Amazon, og i kveld fekk eg høve til å sjå Shopaholic-filmen saman med Eldstejenta.

Bøkene er herleg britiske, med lokale stadnamn og butikknamn frå London. Eg var derfor svært skeptisk til amerikaniseringa av filmen. Men hovudrolleinnehavarane er berre så utruleg søte og sjarmerande at ein tilgir at historia er tynn, og at ein så altfor gjerne skulle ha sett scenar frå Londongatene.

Elevane mine i internasjonal engelsk kan sjå fram til nokre kjekke undervisningstimar når det lid på - denne blir pensum!

Bok 60 2009: "Beretningen om et varslet mord" av Gabriel García Márquez


På bryllaupsnatta vert det avslørt at bruda ikkje er jomfru, og ho vert pressa til å fortelje kven "den skuldige" er. Ho slengjer berre ut eit namn, men lokalsamfunnet samlar seg bak blodhemnen som må til for å gjenopprette æra til familien.

Sjølve historia er ikkje så spennande, men miljø- og personskildringa er fantastisk.

Søndagsturen går til.....Brundalen, sjølvsagt....







Etter to netter med overnattingsbesøk kunne det vere nødvendig å lufte seg litt. Turen gjekk difor også i dag til Brundalen, der det var snøfritt og mildt, men med litt is på søylene såpass ein hadde den å leike med. Det har vore sol både før og etter turen, men akkurat medan vi var i dalen, var det overskya.

Eg er i ferd med å gå meg inn i eit spor både når det gjeld fotomotiv og turmål, men mi erfaring er at ungar set pris på å gå til same staden ofte, og at dei likar å vite kvar dei skal. Det kan dessutan hende at eg har litt dårleg fantasi.