søndag 31. mars 2019

Feiring av Besta 79

I dag har dei to yngste og eg vore i familieselskap hos mormor, saman med ein delegasjon frå Hareidsklanen. Vi fekk mykje og god mat, som vanleg, og vi fekk snakka om mange tema i løpet av ettermiddagen. Neste gong vi møtest mange er det påske.

Bok 9 2019: "Mrs Dalloway" av Virginia Woolf

Clarissa skal arrangere eit selskap for å støtte opp om mannens politiske karriere. Til selskapet skal òg ungdomskjærasten Peter kome. I tillegg til desse to personane får vi òg innblikk i livet til ein krigsveteran frå 1. verdskrig.

Boka er interessant og godt skrive, men den hadde nok gjort seg betre i papirformat. Opplesaren las ganske fort, og boka treng litt meir ro.

lørdag 30. mars 2019

Oppdatering

Det har gått over ei veke sidan eg blogga sist, så eg tillet meg å oppsummere den daglege donten i dagane som har vore.

Fredag 22. mars: Ungdomsskulen på Folkestad hadde musikal. Minstemann hadde rolla som Jan Eggum, som på mirakuløst vis og ved hjelp av magi og pengar hjalp hovudpersonane ut av diverse kniper.

Laurdag 23. mars: Korpset spelte på 12-konsert i Volda kyrkje. Det var veldig fint å høyre på, og både Minstemann og Veslejenta deltok. Etterpå tok eg med Minstemann til frisør, for "Jan Eggum"-sveisen var noko raggete.



Søndag 24. mars: Basar på Folkestad. Korpset og Migraine spelte, eg hadde baka, smurt og kjøpt gevinstar.

Måndag: Gruppemøte. Viktige og vanskelege saker vart debatterte.

Tysdag: Folkemøte i Volda, der temaet var kommuneøkonomi.

Onsdag: Årsmøte i Utdanningsforbundet. Lokallaga i Hornindal og Volda vart nedlagde, for så å gjenoppstå som eit nytt, samla lokallag. Eg er framleis vara til styret, som representant for vidaregåande.

Torsdag: Kommunestyremøte. Vi vedtok å legge ned ein barneskule i Volda sentrum, men òg å bygge ny ungdomsskule der. Mange er skuffa over nedlegginga, men det politiske fleirtalet såg desse to sakene i samanheng.

Helg: Elendig vêr med tanke på uteliv, men godt mastervêr. Eg held på å skrive metodedelen til oppgåva mi, og det er slett ikkje lett. Talet i dag er 29800, og eg er over minimumskravet. Det er ikkje dermed sagt at oppgåva er ferdig, men eg har snart grovkladden klar.

fredag 22. mars 2019

Are Kalvø: Hyttebok frå Helvete

Torsdag tok eg turen til Nordfjordeid saman med to kollegadamer for å høyre Are Kalvø frå scenen i Operahuset. Det var ustyrteleg morosamt, samtidig som han sjølvsagt sette på spissen nokre teikn i tida med ein alvorleg undertone. Eg lo nesten samanhengande gjennom heile forestillinga, må eg innrømme. Salen var fullsett for andre gong på ein kveld, så det er tydeleg at eidarane er flinke å bruke kulturhuset sitt. Eg såg fleire eg kjenner eller veit kven er både frå Volda og Hornindal, så det er tydeleg at folk gjerne tek seg ein tur når det er kulturtilbod som freistar. For oss som bur på denne sida er det kortare og enklare å reise til Eid enn til Ørsta og Volda.

Før showet tok me ein tur til konarestauranten, der me bestilte sushi. Det var stappfullt av folk, og vi venta nesten ein time før me fekk mat, så det var bra me var tidleg ute. Maten var nydeleg.


tirsdag 19. mars 2019

Migraine vidare til fylkesmønstringa

Måndag kveld var Minstemann og eg ute og gjekk ein tur med hunden då telefonen ringde. Det var ei av dei ansvarlege for UKM som kunne gratulere med at bandet kom vidare til fylkesmønstringa med songen "Are you all right?".

Teksten til songen er det Minstemann som har laga. Den er inspirert av ein artikkel han hadde lese om ein religiøs mann som hadde torturert barnet sitt til døde utan å ville det. Sånn kan det gå!

Fylkesmønstringa blir første helga i mai, i Kristiansund. Det spørs om Gamla må på weekendtur dit då.

søndag 17. mars 2019

Riddari frå Besta

Eg har spamma facebook i lengre tid med genserbileta mine, men i dag fekk ungane overrekt dei flotte Riddarigenserane som Mamma har strikka. Mitt bidrag har vore å kjøpe garn og sette saman fargar (med god hjelp frå kollegaen min som driv strikkebutikk). Vi er alle svært nøgde og takksame, og det skal bli meg eit styr når vi skal få islendarar til å ta familiebilete av oss når vi fær på tur i sommar!

UKM 2019

Søndag var det tid for årets UKM i Ørsta/Volda. Minstemann deltok saman med bandet Migraine, og i tillegg spelte dei for ei jente som song. Det var svært mange flinke med i år, og eg vil påstå at nivået var høgare enn på fleire år. Det er utruleg kjekt å sjå og høyre dei mange talenta i dei mange sjangrane!

Laurdag på latsida

Etter ei veke som hadde vore temmeleg innhaldsrik, med møte, jobb og studium, flata eg litt ut fredag ettermiddag før vinklubben. Laurdag var eg òg lite motivert for studium, så det vart til at eg roa heilt ned med husarbeid og denslags i staden. Ein lang tur med Charlie innover forbi Kile vart det òg tid til.

Vinklubb mars 2019

Fredag var det duka for ny vinklubb - eg hadde gått glipp av den førre, så det var lenge sidan sist for min del. Vi var ni damer samla til festleg lag, med god mat og italienske vinar. Sidan vi har 20-årsjubileum neste år, planlegg vi å reise på tur til det store utland. Samtalane rundt bordet dreia seg derfor ein del om dette, men som vanleg var vi innom det meste av tema i løpet av kvelden.

tirsdag 12. mars 2019

Slapp søndag

Søndagen kom, og Veslejenta heldt fram med å skrive på skuleoppgåva si. Ho skreiv den faktisk ferdig medan Minstemann og eg på nytt gjekk tur innover forbi Kile.

Lat laurdag

Veslejenta skulle skrive ei skuleoppgåve i helga, så det vart til at Minstemann og eg gjekk ein tur laurdag. Vi gjekk innover forbi Kile, der vi fann ei mark der Charlie fekk springe laus og leike. Seinare på dag køyrde vi ein tur til Eid for å bunkre mat. Ingenting spesielt skjedde, men det var ein god dag med gode samtalar, god mat og seriesjåing om kvelden.

fredag 8. mars 2019

Bok 8 2019: "Sommerlys og så kommer natten" av Jón Kalman Stefánsson

I denne boka fortel eit "vi" om ulike menneske som bur i ein liten by eller bygd på vestkysten av Island. Historiene er trivielle, men gripande, og eg skal lese meir av denne forfattaren. Det er kjekt å lese bøker frå eit land ein skal reise til, for ein får eit slags innblikk i korleis folk tenkjer og oppfører seg der.

søndag 3. mars 2019

Fastelavn

I år vart det til at me feira slutten på vinterferien med krembollar. Ferien har eg for det meste brukt til å lese teori og skrive på masteroppgåva mi, og eg er no oppe i 27100 ord (kravet er 32000). Eg sende av garde til rettleiaren min det eg har skrive i ferien, så no får me sjå om det blir ros eller ris frå den kanten. Målet er å ha grovkladden ferdig før sommarferien, og så å bruke ferien på finpuss og språkvask. Eg kunne kanskje ha klart å bli ferdig før sommaren, men det stresset orkar eg ikkje.

Laurdag måtte eg bunkre inn litt mat og denslags, og då tok eg like godt turen over fjorden. Mamma mangla noko garn, og eg kjøpte like godt inn garn til ein genser til. ikkje fordi eg vil drive med strikkepress, men fordi eg har ei viss medkjensle med andre som blir oppslukte av prosjekta sine.

I dag er det søndag, og som vanleg rydda og vaska eg før ungane kom. I tillegg baka eg bollar, så då dei kom vart det tradisjonelle krembollar med jordbærsylte og melisdryss. Nokre tradisjonar er kjekkare å halde i hevd enn andre. Faste bryr vi oss til dømes ikkje med å markere.

fredag 1. mars 2019

Bok 7 2019: "Til fyret" av Virginia Woolf

Eg prøvde først å høyre den engelske lydboka, men då eg fekk den norske versjonen i hende, gjekk eg over til å høyre den i staden.

Boka handlar om ein familie med åtte born som ferierer på øya Skye saman med nokre vaksne vener av familien. I starten handlar boka om små pg store hendingar, tankar og trivialitetar, men så får handlinga ei uventa vending.

Boka er ein klassikar, og den har absolutt sine kvalitetar. Den er veldig visuell, og eg ser føre meg ei filmatisering som eg ikkje veit om finst.