fredag 15. oktober 2021

Genser nummer 14: Tirilgenser til Veslejenta


Dette var den første Tirilgenseren eg strikka, i storleik small med pinnar 2,5 og 3. Garnet er Sandnes Alpakka, fargen er lys lilla. Storleiken var om lag lik med den eg strikka til Eldstejenta, der eg brukte ein storleik mindre, men tjukkare pinnar. Eg har lyst til å strikke ein slik genser til meg sjølv, men har eit par, tre andre prosjekt òg. 

Veslejenta kom heim på haustferie nokre dagar, og det var sjølvsagt kjekt av fleire andre årsaker enn at ho fekk seg ny genser. Eg har ikkje tørna heilt.

Bok 61 2021: "Hør her'a" av Gulraiz Sharif

Dette er verkeleg ei fin bok som godt kunne ha blitt lese i skulesamanheng, tenkjer eg. tenåringsguten Mahmoud lever i ein familie med mor, far og ein veslebror som vil vere jente. Foreldra har innvandra til Noreg frå Pakistan, og familien vert noko stereotypisk skildra med ein far som arbeider alt han kan, og som stadig held på verdiar og haldningar frå gamlelandet. Dette vert forsterka når broren hans kjem på ferie frå Pakistan. 

Det om først og fremst er bra med boka, er skrivemåten. Syntaks og ordforråd etterliknar drabantbyspråket i Oslo, og det er fornøyeleg direkte og frå ein for meg noko ukjend synsvinkel når det gjeld omtale av det pakistanske miljøet og skildring av det norske samunnet. Innlesaren gjer ein fantastisk jobb med å levandegjere språket og karakterane. Denne boka er verkeleg ei "løp og les"-bok.

Bok 60 2021: "Unlimited Power" av Tony Robbins


Eg er ingen storlesar av sjølvutviklingsbøker, men igjen var det ein elev som skulle fordjupe seg i boka, og eg ville gjerne vite meir om den. Robbins er visstnok ein kjend førelesar og forfattar, berre sjekk youtube, og han har ein del interessante og gode idéar til korleis ein kan tenkje om livet sitt. Sidan eg las boka av jobbmessige årsaker, er eg kritisk til mykje av det han skriv, men eg har òg sansen for ein del av forenklingane og retorikken. Det gir ei positiv og konstruktiv haldning til å få til noko i livet, og det tenkjer eg alle kan ha bruk for innimellom.

Bok 59 2021: "Arven etter Arn" av Jan Guillou

Denne boka handlar om tida etter at Arn er død, og er dermed litt mindre interessant dramatisk sett. Likevel er det greitt  ha lese den òg, sjølv om det vart mykje maktkamp og kriging og lite anna i denne fjerde boka i serien. Serien er filma, i alle fall noko av den, og ved høve skal eg få med meg desse òg. Det er kjekt å lære historie gjennom historier.

Bok 58 2021: "Riket ved veiens ende" av Jan Guillou


I den tredje boka om Arn er han attende i Sverige, og boka handlar mykje om maktkamp og utvikling av metodar, avvikling av slaveri og liknande. Arn er sjølvsagt den store helten, men også andre går føre i utviklinga. Tanken slo meg medan eg las at eg kan veldig lite om svensk historie, mykje mindre enn til dømes britisk hitorie. Å lese slike bøker som dette kan gi ein noko innsyn på ein lettlesen måte.

Bok 57 2021: "Tempelridderen" av Jan Guillou

Som tittelen røpar, er Arn no tempelriddar, og i Midtausten utrettar han mykje, mellom anna gjennom ein venskap med fienden Saladin. Dette er ein del av historia eg ikkje har lese mykje om før, så den historiske delen av boka er interessant.

Bok 56 2021: "Veien til Jerusalem" av Jan Guillou


Serien om Arn er ein bokserie eg lenge har tenkt eg skulle lese, og no fekk eg eit påskot i og med at ein elev skal skrive fordjupingsemne i norsk om bokserien. Handlinga er lagd til om lag år 1200, og det meste av handlinga går føre seg i dagens Sverige.

I første bok vert vi kjende med barnet Arn, som overlever ei ulukke ved eit mirakel, og som det dermed vert knytt store forventningar til sidan Gud tydelegvis har ein plan med livet hans. Han vert opplært i eit kloster og blir både språkmektig, flink til å synge og flink til å slåst. Vel ute av klosteret er han klar til å starte eit verdsleg liv, men lagnaden ønskjer det annleis. 

onsdag 13. oktober 2021

Oslotur

Sidan eg hadde fri fredag, sette eg meg på nattbussen allereie torsdag kveld, så vi fekk ein lang og kjekk fredag i storbyen. Eldstejenta og venninna har delt bustad i fleire år, men flytta nyleg inn i ei fin og nyoppussa leilegheit i Biermannsgate på Grünerløkka, og der var det plass for Gamla å overnatte. 





Fredag vart Nobels fredsprisvinnar kunngjort, så vi tenkte det var passande å gå til Aker brygge og stikke innom Nobelsenteret. Det var sant å seie ikkje så mykje å sjå der, men det var ein hyggeleg ting å gjere for å markere dagen. Deretter åt vi ein liten lunsj, før vi tok trikken "heim" til heimebaka eplekake og is. Det pøsregna, men letta heldigvis ut på kvelden. då hadde vi billettar til framsyninga "Stardust" med Hilde Louise Asbjørnsen. Det var ei flott  framsyning med interessant innhald og fin musikk. Kvelden vart avslutta med middag på indisk restaurant, og då vi kom heim, var vi så trøytte at vi tok tidleg kveld.










Laurdag tok vi trikk til Kjelsås, og så gjekk vi tur nedover langs Akerselva. Eg hadde blitt anbefalt Hønse-Lovisas hus, der caféen "Anne på Landet" ligg. Der kunne vi sitje ute og nyte nydeleg haustvêr like ved elva, og så kjøpte vi oss vaflar og kaffi. Caféen låg berre nokre få minutt frå leilegheita deira, så jentene kjem nok til å fare attende til denne koselege staden. Denne kvelden vart det sushi og kino, og det var både kjekt og trist, sidan filmen var "Ingenting å le av".













Søndag rusla vi ein tur til Arbeidermuséet, som låg like ved, på Sagene. Deretter gjekk vi ein lang tur for å leite opp statuen av Bokken Lasson ei av kvinnene Hilde Louise Asbjørnsen hadde nemnt i framsyninga på fredagen. På veg dit gjekk vi også gjennom Vår Frelsers gravlund, der vi leita opp nokre kjendisar. Eg er som kjent glad i gravplassar, så eg syntest det var hyggeleg. Vi passerte dessutan Kunstnernes hus, så då stakk vi innom Høstutstillingen. Til middag møtte vi ei anna venninne av Eldstejenta som eg møtte i Trondheim for tre år sidan, og denne dagen fann vi ein mathall der vi kunne velje mellom mange ulike rettar. Eg landa på indisk denne dagen òg. Desserten tok vi på caféen "My Ugly Baby", der dei har fantastiske donuts. 



Søndag kveld sette eg meg på bussen heim, etter ei innhaldsrik og triveleg helg. Det var fire år sidan sist eg var i Oslo, trur eg, så det var på høg tid. 







Genser nummer 15: Tirilgenser til Eldstejenta

Ein søndag snakka eg med Eldstejenta på telefon, og vi vart samde om at eg skulle kome til Oslo den helga ho var ferdig med ferien og eg skulle til å begynne på min. Etter samtalen la eg opp brotet til ein genser eg hadde lyst til å ha med nedover 2 1/2 veke seinare, og så fekk eg nokre travle dagar. Nøyaktig to veker seinare monterte eg genseren og festa alle trådar. deretter vaska eg den og la den til tørk, så då hadde eg ei fin gåve å ta med då eg kom på besøk. 

Det er fleire genserar med same namn, men denne er strikka i Sandnes Alpakka på pinnar nummer 3 og 3,5. Fargen heiter isturkis, men det ser ut til at den no har skifta namn til havbris. Genser nummer 14 er ein av same sort, men det biletet kjem seinare, når modellen har fått den på. 


tirsdag 5. oktober 2021

Genser nummer 13: Hopi til meg sjølv

Biletet er ikkje all verda, men her er altså genseren eg fekk garn og mønster til av Systa til bursdagen min. Genseren var veldig kjekk å strikke, og garne


t var Hillesvåg og veldig god kvalitet å halde på med.