lørdag 5. juni 2021

Bok 36 2021: "Oppdageren" av Jan Kjærstad


Så var eg framme ved den boka eg allereie hadde lese, og som eg heldigvis hadde gløymt mykje av. Noko av det eg hugsa, var ei skildring av korleis Jonas Wergeland vaska prisma i ei lysekrune heime hos bestemora. Dette kan høyrast trivielt ut, men Kjærstad skildrar så godt korleis barnet Jonas ser på verda gjennom desse prisma, ei kjensle som eg tenkjer er lett å kjenne att frå eigen barndom, der små gjenstandar kan vere svært interessante og dermed inspirere fantasien. I tillegg er desse prisma eit godt symbol for korleis røyndomen vert "broten", slik lyset vert det, alt etter korleis ein dreiar på prismet. Dette er eit døme på korleis Kjærstad har skrive denne romanserien. Noko av det kan verke litt ute på dato, for eg hugsar godt den litterære trenden med å vise at den store forteljinga ikkje fanst, berre små delar, og dessutan tanken om at eit menneske er ein lauk, slik Peer Gynt var det. Samstundes har romanserien mange kvalitetar som minner om kriminallitteratur, der ulike små hendingar får ei heilt ny meining etter kvart som ein får ny, supplerande kunnskap. 

Det tok si tid å lytte seg gjennom alle dei tre bøkene, men eg har kosa meg veldig undervegs. Jan Kjærstad er ein forfattar eg har lese ein del av, men desse bøkene er det beste eg har lese av han. Dei er òg det beste eg har lese på lenge. 

Bok 35 2021: "Erobreren" av Jan Kjærstad


Forteljarstemmene i denne andre boka i trilogien er ein slags dokter eller psykolog, i tillegg til ei mystisk kvinne som kjem til denne personen og fortel om Jonas Wergeland. Han sit no i fengsel for drapet på kona, og han har såleis mist den heltestatusen han hadde i Noreg. Den mystiske kvinna prøver å forklare omstenda rundt det mystiske dødsfallet.

Ein stad såg eg bokserien omtala som ein mosaikk av historier, og det synest eg var ein særs treffande karakteristikk.

Bok 34 2021: "Forføreren" av Jan Kjærstad


For mange år sidan melde eg meg inn i ein bokklubb, og som velkomsttilbod fekk eg ei bok som eg las og likte godt. Det viste seg å vere tredje bok i ein trilogi på tre tjukke bøker, og det vart ikkje til at eg las dei to første. No har det gått mange år, og bøkene dukka brått opp på storytel. Dermed begynte eg på trilogien som lydbok, og heldigvis hadde eg gløymt mykje av den tredje boka eg allereie hadde lese. Jan Kjærstad fekk mange lovord og fleire prestisjefylte prisar for serien, og det forstår eg godt. Dette er berre ei fantastisk leseoppleving, sjølv om noko av innhaldet er ute på dato, som til dømes "fjernsynet" si rolle i den første boka. Heile serien kan oppsummerast kort med at ein ved å få innblikk i ulike hendingar i livet til eit menneske, sett frå ulike perspektiv, og at personen Jonas Wergeland dermed blir i fri flyt frå start til slutt. Samstundes viser forfattaren fram ulike sider ved det norske samfunnet og norsk historie.

I denne første boka i trilogien møter vi ei mystisk forteljarstemme som kommenterer hendingane ut frå sin ståstad som "ikkje heilt norsk". Vi blir kjende med Jonas Wergeland gjennom denne forteljarstemma, og mykje handlar om tv-serien han vart kjend for å lage. I tillegg får vi høyre at kona hans vart funnen skoten hieme i huset hans.