mandag 30. januar 2017

Bok 10 2017: "Et hummerliv" av Erik Fosnes Hansen

Handlinga i denne romanen går føre seg på eit høgfjellshotell på 1980-talet. Eg-personen Sedd er ein ung gut som veks opp hos besteforeldra, som driv dette hotellet, der ein serverer gourmetmat og køyrer ein luksuriøs stil, trass i sviktande kundegrunnlag. Fordi Sedd samlar på frimerke, oppdagar han at bestefaren får mykje post han ikkje opnar, og lesaren forstår dermed at økonomien truleg er i fare.

Sedd fekk meg til å tenkje på "Lillelord" allereie før den boka vart nemnd, og dette vert forsterka ved at han les "Lille Lord Fountleroy". Livet med besteforeldra er prega av manglande realisme og fornuft, men med sans for forfina kvalitet.

Eg hadde stor sans for boka, men ser at den får terningkast 4 og ein heller lunka omtale i VG. Det bryr eg meg lite om, så lenge eg sjølv likte den godt. Stemninga i romanen var veldig spesiell, og eg blir ikkje forundra om dette blir ein film på sikt.

lørdag 28. januar 2017

Bok 9 2017: "Læringsprosesser - dybdeforståelse, danning og kompetanse" av Siv Måseidvåg Gamlem og Wenke Mork Rogne

Det meste av det eg les av pensum er artiklar, men i vår skal eg lese eit par heile bøker òg. Denne boka var ei lita fagbok som fletta saman mykje eg har lært tidlegare om motivasjon og meistring med lese- og skrivestrategiar. Det nye emnet eg studerer skal dreie seg om "literacy", som er eit faguttrykk ein har omsett mellom anna til lese- og skrivekunne, og denne boka er skriven av emneansvarleg og ei anna som òg har doktorgrad. Boka tek føre seg eit vidare emne, og den var relativt lett å lese.

torsdag 26. januar 2017

Blackadder Revisited

Storegut fortalde med ein viss iver om korleis dei hadde fått sett eit klipp frå Blackadder på ei forelesning, og då vart Gamla så nostalgisk at ho bestilte samle-DVD-boksen på CDON. Eg har eigd ein slik for mange år sidan, men den har gått tapt på vegen. Eit par dagar etter låg det pakke i posten, og no har gutane og eg mykje god underhaldning i heimen. Heldigvis synest dei det er morosamt òg.

søndag 22. januar 2017

Tramp på Trump

Denne helga har eg brukt mykje tid på nyhende. Fredag vart eg sitjande og sjå på innsetjingstalen til den nye presidenten, og laurdag var det store demonstrasjonar over heile verda mellom anna mot kvinnesynet hans. I tillegg har eg lese meg opp på ein del kommentarfelt, der motaksjonane vert avfeia med at ein heller burde aksjonere mot kvinnesynet innanfor islam. I det heile er det mykje hat mot islam no for tida, medan ein skal unnskylde politikarar som har uheldige uttalar og gjerningar på samvitet. For meg handlar dette mest av alt om ein uheldig retorikk og ei høgreorientering som eg fryktar vil føre til ytterlegare polarisering i verdspolitikken.

Vinklubb januar

Fredag var vi ti bygdedamer til bords og fekk servert viltgryte og raudvin: ein sørafrikansk, ein italiensk og ein spansk. Det vart ein fortreffeleg kveld, men eg har ingen bilete som kan bevise det. Vi har det frykteleg kjekt ilag etter alle desse åra, men så proffe vinsmakarar blir vi visst aldri.

Som kuvertpynt hadde vertinna strikka nydelege klutar i ulike mønster som vi fekk med heim. 


fredag 20. januar 2017

Bok 8 2017: "En blå kjole fra herr Hitler" av Toril Brekke

Då eg las denne boka i 2013, skreiv eg følgjande:

"Ei suicidal ungjente får ansvaret for å hjelpe ei eldre kvinne med å handle matvarer. Dei to kvinnene begynner å snakke med kvarandre, men ingen av dei lyttar særleg godt til den andre. Dei har nok med sine eigne tankar og minne begge to, kan det verke som. Den eldre kvinna er tysk, og har vore medlem i Bund Deutcher Mädel og dessutan arbeidd ved Victoria Terasse i Oslo under okkupasjonen. Den unge jenta si historie kjem gradvis fram gjennom små fragmentariske tankereferat.

Det er ei pussig lita bok, heilt ulik "Gullrush"-serien av same forfattar. Eg likte den ganske godt, sjølv om eg måtte høyre slutten eit par gonger for å få den heilt med meg. Som lydbok fungerer den godt, spesielt i og med at opplesaren les på noko gebrokkent norsk når ho les replikkane til den tyske kvinna. Slik kjem kontrasten mellom dei to ekstra godt fram."


No har eg lese boka på nytt, og då synest eg den suicidale jenta vert lite truverdig, medan den eldre kvinna er ein betre karakter. Ei interessant bok er det uansett, og eg har allereie begynt på ei ny bok av same forfattar.

tirsdag 17. januar 2017

Bok 7 2017: "Den japanske elskeren" av Isabel Allende

Denne romanen er noko komplisert, men likevel ikkje tung å lese. Det er vanskeleg å samle dei ulike forteljingane i eitt, for her er det fleire ulike menneskelagnader som står i fokus. 

Hovudpersonen er ei eldre kvinne, Alma, som har bakgrunn som polsk-jødisk flyktning. Ho bur no på ein eldreheim, der ungjenta Irina arbeider. Ho har òg ein dramatisk bakgrunn, noko som gjer det vanskeleg for henne å etablere nære forhold til andre. Alma hadde eit forhold til ein japansk mann i ungdomen, og vi får òg innsyn i korleis japanske innvandrarar vart behandla i USA etter angrepet på Pearl Harbor. Forholdet mellom Alma og japanaren var svært nært, men likevel utenkjeleg i samtida. 

Boka er ein nydeleg demonstrasjon av korleis livet ikkje blir slik ein skulle ønske det blei, men likevel vert godt dersom ein let det få ein sjanse. Absolutt lesverdig, og meir lik dei gode, gamle Allendebøkene enn "Amandas gåte", som eg las for ei stund sidan.

mandag 16. januar 2017

Bok 6 2017: "The Complete Short Stories Volume Two 1954 - 1988" av Roald Dahl

Det tek si tid å lese ei novellesamling på 800 sider! Ein kan liksom ikkje lese mange i slengen. Nokre av forteljingane/novellene er ikkje så gode heller, for å vere ærleg, så det har vore ein møysommeleg prosess å lese gjennom heile boka. To velkjende noveller i samlinga er "The Landlady" og "Mrs Bixby and the Colonel's Coat", og desse er verkeleg gode. I tillegg hadde eg den store gleda av å finne att ei novelle som eg underviste om som vikar i 1993, som eg no ikkje visste kven som hadde skrive. Den heiter "Genesis and Catastrophe", og sluttpoenget er verkeleg godt. "Say no more".

Og apropos "no more", så trur eg at eg har fått ein stor nok dose av Roald Dahl for ei stund.

Bok 5 2017: "En nåde" av Toni Morrison

I denne boka møter vi ulike kvinnelagnader i Amerika på slutten av 1660-talet. Slavekvinnene står mest sentralt, men òg den engelske jenta som får valet mellom å vere tenestejente, prostituert eller gifte seg med ein bonde i Amerika. Morrison er genial når det gjeld å skildre slike kvinnelagnader, mykje fordi ho ikkje skriv sentimentalt og heller forenklar hendingane reint språkleg, noko som ofte har meir effekt. Som døme kan eg nemne at ho omtalar korleis ei gruppe slavekvinner vert valdtekne av ei gruppe menn ved at "mennene sa at de skulle ri dem inn", og at den eine ikkje veit kven faren til barnet hennar var fordi "det var så mørkt, og de var så mange". Elles las eg på nettstaden til forlaget at det er ein roman om "indre og ytre slaveri", noko eg synest var ei fin skildring.

torsdag 12. januar 2017

Dagens post

I 2001 var eg på tur til London saman me ein kollega og 30 elevar. På hotellet der vi budde, budde òg ein familie med far og nokre born, eg trur det var tre eller fire. Eg tenkte då at ein gong skulle eg ta med meg flokken min til London.

Det skulle gå mange år. Eldstejenta og eg var i London i 2009, men då var det umogleg å sjå føre seg at heile gjengen skulle bli store nok til at dei skulle ha glede av denslags ferieturar. Dessutan ville det koste ein formue.

Før jul tenkte eg ut at eg kunne gi ungane Londontur i julegåve frå meg og besteforeldra. Eg klarerte reisedatoen og snakka med ungane om det, for det burde no passe for dei og vere noko dei ønska seg. Dei syntest det var ein glimrande idé.

I dag kom ein kjekk pakke i posten som inneheldt Londonpass og Oystercards - desse skal la oss kome gratis inn på ein del aktivitetar og gi oss uavgrensa med transport. Saman med vaksenpassa følgde små brosjyrer som viser kva ein kan kome inn på, kart m.m. Det er berre å begynne å glede seg!

tirsdag 10. januar 2017

Kvardag med Gutta

Ny veke, nye mulegheiter: jobb, politikk, middagslaging, handling, rettssak (som meddommar) og sjukehusbesøk er blant syslane til Gamla, og enno er det berre tysdag. Innimellom blir det tid til litt kvardagskos, og gutane er svært flinke til å kose seg dei òg. Denne veka spelar dei ikkje instrument, men data. Dei er ein slags motstandarar, men sit saman og kosar seg og seier ting som "ej trenge mat!", så Gamla svarar "skal ej lage noke?" eller "me hadde no nettopp middag". Mest for moro, eigentleg. Det er langt verre når dei seier ting som "kan du gjere slik at ej kan drepe mej sjøl og fare heim?"

Og sånn går no dagane.

mandag 9. januar 2017

Bok 4 2017: "Rydde ut" av Helene Uri

I denne boka vekslar Uri mellom å fortelje si eiga familiehistorie, med utgangspunkt i at mora nyleg
har gått bort, og ei oppdikta forteljing om ei nyskild kvinne som heiter Ellinor, og som reiser til Finnmark for å skrive ein rapport om samisk språk.

Eg har før sagt at Uri sine bøker er noko varierande i kvalitet, og ved minst eitt høve hadde også denne gongen eg ei kjensle av "déjà lu" - at eg har lese liknande bøker for lenge sidan, utan at eg klarer å nemne nokre av dei. Temaet verkar oppbrukt, men også komposisjonen. Dessutan syntest eg forteljinga om Ellinor var ein einaste stor, kjedeleg klisjé. Uri kunne med fordel ha skrive med fokus på familiebakgrunnen sin, men det har allereie Hoem og Knausgård hatt enorm suksess med.

Beklagar, men dette var ikkje ei bok eg sette særleg pris på, sjølv om den ikkje var spesielt vanskeleg å følgje med i og var passeleg lang. Den vart berre noko uinteressant.

Bok 3 2017: "Amandas gåte" av Isabel Allende

Eg las ikkje så nøye på omslaget av denne boka før eg begynte å lese, for forfattarnamnet er kvalitetssikring nok. Derfor var det ikkje før eg hadde lese ei stund at eg forstod det var ei krimbok, og det ei bok så spennande at den kosta meg ei halv våkenatt då eg berre MÅTTE lese den ferdig.

Handlinga er henta frå San Fransisco, der unge Amanda lagar ei nettgruppe som ser nærare på nokre drap som dei finn ut må kunne setjast i samanheng. Faren til Amanda er politimann, og samspelet mellom han og dottera vert sentralt. Mora og hennar ulike kjærastar vert òg sentrale. Spenninga er stor, og eg tenkjer at Allende er ein fantastisk forfattar som også beherskar denne sjangeren.

søndag 8. januar 2017

Ut med jula, og inn med...

...lilla blondegardiner og kvite dukar. Ikkje så sært som det kan virke, og veldig lettvint med blondegardiner som ikkje treng stryking.

torsdag 5. januar 2017

Bok 2 2017: "Alt jeg ikke husker" av Jonas Hassen Khemiri

Denne boka kan minne litt om "Innsirkling"-trilogien i stil, men handlinga er heilt annleis og mykje meir forvirrande. Forteljarstemma vekslar fort og ofte, så ein må konsentrere seg for å vite kven som "har ordet". Dei mange små historiene dreiar seg rundt ein forfattar som prøver å finne ut samminga om ei ulukke som har skjedd og forholda rundt. Lesinga vert som løysinga av ei gåte, eller eit puslespel, der ein gradvis forstår meir om korleis ting heng saman. Noko heilt klar forklaring av handlinga opplevde ikkje eg å få, men det kan hende eg ville ha sett meir viss eg las boka om att.

Denne boka er svært ulik "Et øye rødt", og er ikkje skrive på "innvandrarspråk". Eg har stor sans for Khemiri som forfattar, men denne boka er såpass vanskeleg å få samanheng at eg ikkje utan vidare trur den vil fenge så mange som "Et øye rødt". For urøynde lesarar vil den bli for forvirrande, og den krev at ein er i modus for ei bok som ikkje fortel ei historie frå A til Å men tvertimot serverer mange usamanhengande tekstar som det blir opp til lesaren å sette saman.

tirsdag 3. januar 2017

Bok 1 2016: "Fru Marta Oulie" av Sigrid Undset

Det passar godt med ein debutroman som første ferdiglesne bok i året, og denne gongen er det sjølvaste Sigrid Undset si debutbok eg har lese. Historia fortel at Undset hadde med eit manuskript til ein historisk roman, men det vart refusert og ho vart rådd til å skrive noko meir moderne. Slik kom "Fru Marta Oulie" til, med den berømte opningssetningen: "Jeg har vært min mann utro". Boka er skrive i dagboksform, og den er meir interessant og spennande ein skulle tru. Marta Oulie fortel historia om korleis ho møtte mannen, vart forelska og lukkeleg gift, innleidde eit forhold til ein annan mann og fekk eit barn med han. Spørsmålet er kva som skjer når ektemannen blir alvorleg sjuk...