søndag 20. november 2022

Ut på tur


Eg kan oppdatere eventuelle lesarar på situasjonen i Casa Margarita siste vekene. 31. oktober stengde Telenor koparnettet i bygda med umiddelbar verknad. Dette betydde at frå og med 31. oktober var vi utan internett, og dermed også tv, på ubestemt tid. Utover veka fekk nokre naboar installert fiber, men vi måtte vente heilt til 14. november før vi var påkopla att. Heldigvis har eg hatt diverse møte, eit teaterstykke og ein bunke bøker å kose meg med, men det vart noko stusseleg i lengda, må eg innrømme. Nokre lange telefonsamtalar vart det òg høve til, så eg har ikkje vore einsam.

Ungdomane forsvann like etter internettet, og kom att like etter. Det er ein viss samanheng. No kosar eg meg med tv, nyhende, nettshopping og diverse, og eg håpar fiberløysinga vert stabil og god for oss alle. Eg har heldigvis hatt rettefri medan eg var nettlaus, men snart brakar det laust med innleveringar og denslags. Vi er avhengige av nett, så enkelt er det.

Siste fredag var eg på vinklubb, og laurdag feira vi Thanksgiving med kalkun og fløytepoteter. I da, søndag, har Minstemann og eg gått tur i Mjeltvika. Det er lenge sidan eg var der sist, for vi plar unngå all flåtten der om sommaren. Det er litt sol og litt under 0 grader for tida, men medan eg var nettlaus var det både nedbørsrekord og flom- og rasvarsel. Livet er betre no,og med skapet fullt av strikkaklede skal ein sleppe å fryse.

Genser nummer 41: "Soft" i Lace Kid Mohair


Eldstejenta nemnde tidleg i haust at ho ville ha ein pastellfarga genser. Eg kjøpte ein strikkepakke på tilbod og trudde den sulle vere lyserosa, men den er meir gamalrosa, så vi får sjå om den fell i smak. Tidlegare har eg strikka to genserar med dobbel tråd der den eine var lodden, men i denne oppskrifta var det to tynne, lodne trådar. Dette vart dermed eit prosjekt eg hadde liggande heime, der eg kunne legge nøsta ryddig vekk, ikkje eit "bilprosjekt" som eg kunne ta med meg kvar som helst. I og med at eg vart utan internett (og dermed tv) i ein periode, fekk eg konsentrert meg om mønsteret og lytta til ein del lydbøker. Mønsteret var ikkje frykteleg komplisert, men ein må no konsentrere seg om slikt.

Bok 40 2022: "Det som aldri dør" av Øistein Borge


Denne boka likte eg enda betre enn den førre av same forfattar - mykje fordi handlinga er lagd til Nord-Irland. Det historiske bakteppet er Belfast på 1970/80-talet, og dette er noko eg er svært interessert i i utgangspunktet. Hemntankar og terrorplanar står sentralt, og her er òg skildra verkelege hendingar frå perioden. At ein gissar litt av mysteriet, får så vere. 

Bok 39 2022: "Den syvende demonen" av Øistein Borge


Eg blir alltid glad når eg finn ein ny krimforfattar, slik at eg kan lese fleire bøker på rad om same detektiv. Denne gongen er detektivhelten Bogart Bull, ein enkemann med anar i Irland. I denne først boka blir han send til den franske rivieraen for å oppklare eit drap på ein rik, eldre mann. I huset til mannen finst kunst for mange millionar, men berre eit lite bilete er vekk. Det er signert med talet 7, og historia går mange, mange år attende i tid. 

Denne boka var både spennande og interessant - spesielt forteljingane frå fortida, synest eg.

Bok 38 2022: "The Ice Twins" av S. K. Tremayne


Eit ektepar har opplevd ein tragedie i livet då den eine av to tvillingdøtrer døyr i ei ulukke. Etter 14 vanskelege månader med sorg og alkoholmisbruk sel dei leilegheita i London og flyttar til ei aude halvøy utanfor Skye. Halvøya blir ei øy når sjøen står høgt, og huset er i dårleg forfatning, så stemninga er uhyggeleg. Verre blir det når dottera begynner å påstå at systera er på øya, og at ho sjølv ikkje er Kirstie, men Lydia. Finst det spøkelse, eller er nokon i ferd med å miste grepet på røyndomen?

Ei uhyggeleg og spennande bok!

Bok 37 2022: "Aldri tilgi" av Trude Teige


Kajsa Coren arbeider med ein dokumentar om #Metoo, men samtidig blir ho vikla inn nokre dødsfall i Asker der noko er drap og anna sjølvmord. Noko er dessutan forsvinning, utan at ein veit om dette har samanheng med dei andre sakene.

Også i denne boka var forklaringane og oppklaringane relativt lette å gjennomskode, men boka er likevel underhaldande.

Bok 36 2022: "Jenta som sluttet å snakke" av Trude Teige



Ei kvinne blir funnen drept i si eiga stove i den idylliske kystbygda Losvika. Ho sit i ein stol ved vindauget med utsikt til alle som kjem og fær. Kvinna er dotter til ein predikant som ble drepen i same hus eit år tidlegare. Drapet er ikke oppklart, og folk i bygda fryktar at det går ein drapsmann laus blant dei. Journalisten Kajsa Coren begynner å grave i drapsofferets fortid. Folk omtalar kvinna som einsam og annleis. Ho hadde nesten ingen kontakt med andre menneske, og ho snakka aldri. Snart forsvinn ei ung jente, og Kajsa må finne ut av mysteriet.

Eg gissa mysteriet svært tidleg, men boka var lettlesen og underhaldande.

Bok 35 2022: "Jente, 1983" av Linn Ullmann

I denne boka fortel forfattaren om ein periode i livet då ho var 16 år og aleine i Paris, fordi ho skulle bli modell. Ho går seg vill, innleier forhold til eldre menn og opplever bransjen frå innsida. Boka er utruleg godt skrive, både om notid og fortid, og eg synest det er ekstra interessant fordi eg er på same alder og hugsar korleis Linn Ullmann vart presentert som modellkjendis i ungdomsblada i den tida. Eg er så glad for at ho begynte å skrive i staden, for ho er ei av våre absolutt beste forfattarar.

Bok 34 2022: "Christine" av Stephen King


Eg  lenge tenkt eg skulle lese bøker av Stephen King, kanskje spesielt boka bak filmen "The Shining". Filmar og seriar basert på bøkene til King er eg nokså oppdatert på, men det er mange år sidan eg såg filmen "Christine", om bilen med overnaturlege evner. Lydboka fanst på engelsk på Storytel, så då fekk eg inn litt meir engelsk på kjøpet. Boka var litt langdryg, synest eg, så prosjektet blir ikkje vidareført med det første.

Bok 33 2022: "Min skyld" av Abid Raja


Vanlegvis les eg ikkje så mange sjølvbiografiar eller politiske biografiar, men denne gongen gjorde eg eit unntak. Venstrepolitikar Abid Raja er ein person eg har hatt stor respekt for, trass i at dei politiske meiningane hans ikkje alltid samsvarar med mine. Mange med innvandrarbakgrunn tek den klassereisa som norsk arbeidarklasseungdom har gjort for ein generasjon eller to sidan, og det er akkurat det denne boka tek føre seg. I tillegg kjem forteljinga om korleis det er å vekse opp med skam knytt til ein sjukdomstilstand, og sjølvsagt forteljinga om kjærleiken mellom han og kona. Ei svært interessant og lettlesen bok.

Bok 32 2022: "Fred" av Arne Garborg


Då vi såg Garborgheimen og Knudaheio i sommar, begynte vi også å lytte til lydbokversjonen av boka "Fred". Denne romanen er mykje basert på Garborgs eigen oppvekst med ein far som var psykisk sjuk med religiøst tungsinn. Eg las denne boka for meir enn 30 år sidan, og den gjorde sterkt inntrykk. Boka var kanskje enda betre no, og lydboka gav betre inntrykk av dialekten.