mandag 31. august 2009

Ønskereprise: sidan Eldstejenta sletta desse frå bloggen sin



Bok 52 2009: "Teori og praksis" av Nikolaj Frobenius


Etter å ha lese (og likt) "Jeg skal vise dere frykten", var det freistande å lese fleire bøker av same forfattar. Denne boka er blitt karakterisert som ein nesten sann roman, ein løgnaktig sjølvbiografi, og den fortel historia om Nikolaj, som veks opp i drabantbyen Rykkin. Faren er ein av dei ansvarlege arkitektane bak byggeprosjektet, men han passar likevel ikkje inn i det sosialdemokratiske likskapsidealet. Blant anna skjønar han ikkje kvifor dei som bur der berre vil ha plen og krokus i hagane sine, når han sjølv vil dyrke frukt og bær. Unge Nikolaj og jamaldringane hans har ein hard oppvekst, sjølv om tilhøva eigentleg ligg til rette for at alle skal vere likeverdige og ha det godt.

Sjølve historia i boka er ikkje akkurat original; gutane interesserer seg til dømes for pønkmusikk og eksperimenterer med narkotika, men hippie-faren gir eit artig perspektiv til det heile.

søndag 30. august 2009

Jau, det finst dårleg vêr...


I dag skulle eigentleg dei to eldste og eg på fjelltur, men det regna så ufyseleg at vi ikkje såg oss syn med å trakke rundt i myr og mose. Alternativet var å gå ein stad der det var skogsveg, og då kom eg på at vi kunne gå til Movatnet (på Stigedalen). Nummer 2 ville heller sykle, så då gjorde vi det. Grusvegen går ikkje heilt inn til vatnet, og ingen av oss orka tanken på å gå stien vidare. Det regna samanhengande frå vi starta til vi kom nedatt, og eg likte kommentaren frå Nummer 2 då han kom inn i bilen: "Mamma, ej e tørre på knena".

lørdag 29. august 2009

Apropos regnbogar - her er ein fin song om regnbogar av eit band som naturleg nok heiter "Rainbow"

Barn av regnbuen




























Eldstejenta
hadde ikkje vore med på Bjørnasethornet før, og derfor var det eit naturleg turmål-val i dag når ho og eg skulle lufte hundane. I dag sleit eg med å finne råsa både oppover og nedover, det både regna og bles, men vi hadde faktisk ein fin tur. Då vi stod på toppen, var himmelen full av regnbogar.

Feminin føremiddag


Med Nummer 2 på fotballkamp var vi damene i fleirtal - endeleg. Og finst det då ein betre måte å markere dette på enn med muddermaske, hårkur, blogging og nedlasting av musikk? Berre synd vi ikkje kan smile - her gjeld det å halde maska, bokstaveleg tala!

"Far away" med Nickelback - fin song som Nummer 2 har dilla på og øvar attåt...

Sesongstart for vinklubben


Fredag kveld var det klart for første vinklubb i sesongen, med spanske vinar og pastasalat på menyen. Vi var 13 til bords, men det gjekk heilt flott. Skravla gjekk om nye og gamle tema, og lydnivået var som vanleg høgt til tider. Det var mykje som hadde skjedd sidan så mange av oss var samla sist, og mykje som skulle luftast og oppdaterast. Fleire hadde born som hadde flytta, born som hadde begynt på skule og i barnehage, og nokre hadde begynt på jobb att etter fødselspermisjon. I tillegg har her vore ei bilulukke, vi har vore på diverse ferieturar og det har skjedd ting i nærmiljøet som måtte debatterast. Dei mest filosofiske og alvorlege samtalane kjem alltid etter at det har blitt færre ved bordet, og nabodama og eg var dei siste som gjekk. Sjølv om vi, fann vi ut på heimveg, var dei to eldste til stades.

torsdag 27. august 2009

Skal tru kva gutane fekk til kveldsmat?



Etter å ha tenkt på pannekaker i fleire dagar medan eg planla norsktimane, googla "pannekake +dikt", snakka om pannekaker og til og med blogga om pannekaker, gav menyen seg sjølv i kveld.

Dikt om pannekaker av Sylvelin Vatle (skulle eigentleg vise det til elevane, men dataen min var kræsja)

PANNEKAKER

Når Onkel Oskar baker pannekaker, blir eg alltid kvalm.
Han har så mykje rart i røra:
Dopapir og halm.
Ein leppestift og rottegift.
Kattemat og slapp salat.
Ei hattefjør og tigersmør og slips og slikt.
To gamle dikt.
Eit dyr som klør og barn som spør.

Det er ei oppskrift han har arva frå si gamle Oldemor.
Ho som sat i fengsel og song bass i Sjømannskoret,
før ho fekk jobb på sirkus og lærte løvene å klore.

Når Onkel Oskar lager pannekaker, blir eg sjuk i magen.

Men når Pappa baker pannekaker
blir eg spretten heile dagen!
For HAN bruker oppskrifta til FARMOR.


NAM!
Slurp …

Norsktime

Lærar: no skal de, utan å snakke med nokon, skrive ein tekst som heiter "Pannekake"

Elev 1: Må vi lese den opp i klassa?
Elev 2: Skal den leverast inn?
Elev 3: Må den ha ei handling?

Dermed gjekk dei i gang. Nokre skreiv dikt, andre forteljingar, ei skreiv ei novelle. Nokre frivillege las opp tekstane sine. Deretter drog eg opp ei kokebok og ei eventyrbok, som begge hadde tekstar om pannekaker. Vi diskuterte skilnader mellom dei ulike tekstane, og vi var einige om at tekstane vanskeleg kunne ha bytta plass.

Kva var dagens tema?

Kontekst og sjangerkonvensjonar, først og fremst. Mitt vesle "stunt" skulle vise elevane at dei er prega av den konteksten dei skriv i som elevar, der føremålet med skrivinga vert vurdert som privat eller offentleg. Dei legg meir flid i å skrive ein tekst som skal leverast inn, og dei ville kanskje vere mer kreative viss dei skreiv heilt privat.

Årets personlege pedagogiske storsatsing er å få elevane til å tenkje sjølve før dei begynner å lese om eit nytt emne, og å øve dei til å setje ord på meir eller mindre sjølvsagde tankar og meiningar.

Om elevane såg verdien av timen, veit eg ikkje, men eg sjølv hadde det ganske så interessant. Det er vel halve vitsen med jobben, er det ikkje?

tirsdag 25. august 2009

We'll meet again some sunny day






Eigentleg skulle Gubben til Trondheim i dag og i morgon, og eg hadde lagt planar om henting av Minstemann, ferjetur og besøk for dei to mellomste. Då Gubben likevel vart i heimbygda og såleis tok seg av Minstemann, var det ille å snyte resten av gjengen for ein "bytur". Eldstejenta og eg møtte derfor Nummer 2 og 3 på ferja, og så gjekk vi på kinarestaurant før vi drog til Ørsta på shopping og bibliotekbesøk (mitt andre i dag; eg har lånt seks García Márquez-bøker...) . Nummer 3 hadde sin første time i klassisk ballett denne sesongen.

Etter balletten kjørte vi Eldstejenta "heim", der vi såg barne-tv og la på nye putetrekk i sofaen. Det er lilla som er den gjeldande fargen, viss nokon skulle lure på det.

Det var ei veke sidan jentene hadde sett kvarandre, og eg ser fram til å ha heile gjengen samla til helga.

mandag 24. august 2009

Bok 51 2009: "Kjærlighet i koleraens tid" av Gabriel García Márquez


Etter å ha lese over hundre sider av denne romanen, begynte eg frå byrjinga att. Årsaka var at eg hadde lese så lite kvar gong eg las at eg ikkje hadde fått med meg samanhengen. Andre gongen vart det noko lettare å sjå sjarmen i personportretta, som er forfattarens sterke side, ved sida av miljøskildringa. Det er mykje realisme og lite magi her, så nokon god representant for sjangeren "magisk realisme" er det ikkje. Her er derimot uendeleg mykje romantikk. Forfattaren Levi Henriksen har uttalt at boka gjorde så sterkt inntrykk på han at han tenkjer på den som ein gammal kjærast, noko som høver godt til tematikken.

Eg likte boka godt, men trur ikkje eg hadde orka for mange bøker av dette slaget.

søndag 23. august 2009

TURsøndag i Sandviksdalen










Volda kommune arrangerer for femte år på rad noko dei kallar "ti TURmål". Dette er ti planlagde turar som vert arrangerte i lokalmiljøet. Kjentfolk er med som guidar, og det er gratis og uforpliktande å vere med. Deltakarane registrerer seg ved å skrive namnet sitt i ei bok, og det vert trekt ut vinnarar på slutten av sesongen.

No var det ikkje akkurat håpet om premiering som motiverte meg til å drage med dei tre yngste på tur i dag, men eg har lenge hatt lyst til å gå på ein slik arrangert tur. Det er ein fin og sosial måte å oppdage nye stader på. Og når TURmålet var såpass lokalt, var det ekstra freistande.

Vi kjørte til Bjørkedalen, tok av oppover mot skytebanen, men svinga til høgre ved oppgangssaga. Deretter kjørte vi eit stykke på ein bomveg før vi parkerte ved ei bru. Sjølve gåturen var litt bratt midt i, men elles ein lett og fin tur på om lag ein time. Ved vatnet sat vi samla og rasta - ungane fann mange kompisar og hadde det kjekt. Eg høyrde ein mann seie at det var over 80 namn oppskrivne i boka i dag, og det må no vere bra. I alle fall for dei som eig bomvegen.

lørdag 22. august 2009

Leilegheita i Volda anno 1992


Film med noko attåt



Skuleåret 1999/2000 hadde eg full jobb, var gravid og var mykje aleine i helgane med dei to eldste, som då var to og seks år gamle. Eg har eit minne frå laurdags- og søndagsmorgonar det året, og det er at eg vakna til songen "alle ønsker at de var en katt". Ungane hadde lært seg til å gå ned i stova, setje på videoen og sjå ein film slik at Gamla fekk ligge litt til...

Med Eldstejenta ute av huset har det no blitt interessant for dei resterande ungane å leite fram gamle VHS-filmar som ho har nekta å sjå fordi ho rett og slett er lei av dei. "Aristokattene" er ein av dei, og i kveld kosa vi oss med filmkveld etter ein nydeleg dag med sol og god klestørk. Nummer 3 sa, etter å ha sett reklamesnuttane på videoen, at ho aldri har sett "Pinocchio". Eg trur vi har eit nytt satsingsområde.

Gode hjelparar





Inga stor sak å smelle ihop eit par pizzaer når ein har gode hjelparar med kjevle og røreskei! Maten smakar som kjent ekstra godt når ein har laga den sjølv, og eg har to stk i heimen som vil starte pizzarestaurant når dei blir vaksne. Nummer 3 kommenterte at hennar pizza såg mykje finare ut enn Nummer 2 sin, men han syntest ikkje det gjorde noko sidan han ikkje skal starte pizzarestaurant når han blir vaksen, men bli elektrikar.

Fest og hybelliv


I går var eg på ein koseleg kollegafest i Volda. Eigentleg var eg så sliten etter veka at eg burde ha halde meg heime, men så var det så freistande òg...

Sidan Eldstejenta no disponerer ei heil leilegheit aleine, spurde eg om eg kunne overnatte der. Det gjorde kvelden langt trivelegare for meg enn den elles ville ha vore, for vanlegvis tenkjer ein mykje på returen heim når det er eit stykke å reise. Svigers baud meg frukost og kaffi laurdag morgon, så eg fekk prøve litt hybelliv eg òg.

Leilegheita er den same som Gubben budde i på slutten av 80-talet, og som han og eg budde i frå 90 - 92. Elles har eldste sonen til Strikkemor(o) budd der, og Nevø 1 har budd der siste året. No er det altså Eldstejenta sin tur, og ho har allereie fått opp eit par bilete av si store heltinne Marilyn Monroe i staden for landskapsmaleria som hang der før.

torsdag 20. august 2009

Første skuledagen min, ikkje rart at sola skin...









I dag var det mange spente born som møtte til første skuledag på Folkestad. Ja, heilt nye var det ikkje så mange av, for der er berre fire førsteklassingar. Men det var mange som møttest for første gong på lenge, og rektor tok så fint imot alle saman med ein tale om empati og hygiene og handhelste deretter på dei etter tur, berre for å demonstrere at vi ikkje skulle overdrive influensafrykta.

Minstemann og medelevane i første og andreklasse fekk høyre eventyret om Geitekillingen som kunne telje til ti, og så teikna, klipte og limte dei eit fint bilete saman. Deretter vart det eit langt friminutt, og etter det gjekk vi foreldra og let dei små klare seg sjølve, saman med dei tilsette ved skulen.

Vi har tre born ved skulen no, og det skal vi ha i fire år. Det var eit yndig syn då dei gjekk inn på bussen ilag, leiande på kvarandre, men eg fryktar at idyllen ikkje varer så lenge.

onsdag 19. august 2009

Bok 50 2009: "Den elskelige giftblandersken" av Arto Paasilinna


For dei av oss som er glade i litt svart humor, er dette ei bok som ein kan få sansen for. Ei eldre kvinne kjem i konflikt med fostersonen, som er det næraste ho kjem å ha ein slektning. Kvinna vil ta livet av fostersonen, medan han på si side konspirerer med kameratane for å få tatt henne av dage. God underhaldning for dei som har sansen for humor kombinert med ein slags krim. Stor litterær verdi har den ikkje, etter mitt syn, men grei nok som lydbok. Dei skikkeleg gode, kompliserte bøkene bør lesast i papirformat, medan lette og enkelt komponerte bøker høver godt som lydbøker.

Vår nye nabo Scott


Naboen har kjøpt seg ein labrador retriever kvelp. Er han ikkje fin?

Skulen er ikkje heilt den same utan elevar...


Så var det tid for skulestart, og alle elevane var samla i Voldahallen for å bli ropte opp og førte til sine respektive klasserom. Det var kjekt å sjå att ungdomane, og særleg i år, når eg stort sett skal ha kjende fjes frå i fjor å ta meg av. Nokre av dei får kanskje overdose etter kvart, med ti timar Gamla-undervisning i veka, men sjølv er eg van til slike dosar frå fleire år som norsklærar på påbygging.

Faga mine i år er engelsk og norsk i andre klasse på media og kommunikasjonslinja og studieførebuande. I alt skal eg undervise 14 timar i veka, noko som utgjer om lag 83% stilling. Eg skal framleis ha fri onsdagane.

Eldstejenta har hatt sin første skuledag i dag, og det gjekk greitt. Ho loppa mora for pengar i lunsjen, og etter skuletid har vi kjøpt henne datamaskin og ny sekk. Deretter kjørte eg henne til leilegheita, der besteforeldra tok seg av middagslaging og tilknyting til det trådlause nettet. Ho hadde allereie fått på plass Marilyn Monroe, men elles kjem ho sikkert til å setje meir preg på leilegheita etter kvart.

Vi kjem nok til å sakne henne her heime, men eg reknar med å sjå mykje av henne på jobb når kantina opnar att.

tirsdag 18. august 2009

Det er ikkje kvar dag ein sender rundt hasjklumpar når kollegiet er samla...

Dagens høgdepunkt på jobb var eit besøk frå politiet, som kunne fortelje mykje interessant om narkotikabruken i bygdene her. Vi lærarar er kanskje noko naive når det gjeld denne problematikken; vi trur at det finst misbruk, men ikkje at våre elevar er blant dei aktive i miljøet. Eg har vore kursa i symptom på og verknader av ulike narkotiske stoff fleire gonger før, men det er viktig å halde seg oppdatert. Det skjer dessutan ei utvikling innan dette området òg, og det som gjorde sterkast inntrykk, var å høyre om omfanget av bruken. Politimannen som innleidde var godt informert, og han hadde ei fornuftig og temmeleg nøytral haldning til narkotika som fenomen.

Det er ein jungel der ute; farar lurer bak kvart hushjørne - og dette er verda som eg skal sende jenta mi ut i. Ein får berre håpe ho har med seg anna enn sminke og klede i bagasjen når ho reiser herifrå...

mandag 17. august 2009

She is leaving home...

Flytteklar? Njææææ....


Dei som les Eldstejentas blogg har truleg fått med seg at ho snart skal ut av reiret. Det var eigentleg meininga at ho skulle ha ei seng i beredskap hos besteforeldra, men plutseleg var det bestemt at ho skal bu i sokkelleiligheita deira i staden. Ho gler seg veldig til dette, og mora slit med å venje seg til tanken. Skal babyen min plutseleg klare seg på eiga hand, no liksom? Utan å lengte heim til mammas middag (i dag hadde vi Grandiosa), mammas faste leggetider (som dei fleste ignorerer - også mamma sjølv) og mammas jamne, koselege mas om rydding og pass av småsøsken?

Onsdag vert det alvor; då flyttar ho herifrå. Ho skal heldigvis gå på den skulen der eg arbeider, så eg kjem til å ha ein viss kontroll. Og så kan vi møtast etter skuletid - onsdag ettermiddag skal vi på shopping, til dømes. Gamla har sin verdi, bokstaveleg tala.

Ei klok dame eg kjenner seier at der finst noko som er verre enn at borna flyttar heimanfrå; nemleg at dei IKKJE gjer det...

søndag 16. august 2009

Sommaren var kort - det mesta regna faktisk bort...


Til og med skuleferiar tek slutt ein gong.

Det har blitt færre late dagar på stranda enn ein hadde håpa på, men svært mykje mosjon for folk og dyr. Ungane har hatt ein aktiv sommar, spesielt Eldstejenta, men det er deilig å sleppe å stresse med treningstider og denslags nokre veker.

Kjøleskapsdøra er fylt opp med nye meldingar om treningstider, gitartimar og kornettøving. Alt skal plottast inn på timeplanar og tilpassast arbeidstider og bussruter.

I morgon skal Gamla på planleggingsdag, og denne veka skal eg faktisk jobbe fem dagar i strekk frå litt over åtte om morgonen. Korleis skal det gå, når både store og små har snudd døgeret slik at åtte er midt på natta?

Eg har kjøpt meg ny vekkjarklokke.

Bok 49 2009: "1964" av Ragnar Hovland


Då eg skreiv om den førre boka eg las, nemnde eg at eg blir sjarmert av barnleg synsvinkelbruk. I boka "1964" skaper Hovland eit truverdig og humoristisk bilete av korleis det var å vere tolv år i året 1964, og persongalleriet er mildt sagt fascinerande. Her er ikkje så mange innslag av surrealisme som ein ofte finn hos denne forfattaren, men eitt døme er at dei brått får inn signala frå ein episode av fjernsynsserien "Dynastiet", som vart laga tjue år seinare. Elles inneheld boka nokre dramatiske episodar, men det er personskildringane og tida dei levde i som står i sentrum.

Vi har tidlegare brukt eitt av kapitla som analyseoppgåve på jobb, og det er kanskje eit høgdepunkt i romanen. Det kapitlet handlar om korleis tolvåringane ikkje får til å leike cowboy og indianar slik dei gjorde førre sommar, og er ein nydeleg illustrasjon av korleis det er å gå frå barndom til ungdom.

Forfattaren les sjølv på lydboka, og han har ein lesemåte som minner om Are Kalvø. Dette gjer dei humoristiske innslaga meir morosame.

Boka er ikkje noko epokegjerande litterært verk, men absolutt ei bok ein kan ha glede av å lese.

Korpstur på Flatøya



Gjengen er samla att, og gleda er stor!

Det er vanskeleg å få ut av dei noko om korleis dei har hatt det, og kamera hadde dei gløymt, men nokre kjekke sambygdingar har sendt mms-bilete så eg veit litt om aktivitetane på turen...