Viser innlegg med etiketten gamle bilete. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten gamle bilete. Vis alle innlegg

søndag 12. januar 2025

Genser nummer 72: Fanagenser til meg sjølv

I ungdomen hadde eg ein kvit og grå fanagenser som eg brukte mykje. Eg vart faktisk avbilda i lokalavisa iført same genseren med to års mellomrom, så det seier vel sitt. No har eg strikka meg ein kvit og grå fanagenser - mjukare enn den gamle, men ikkje fullt så fin. Rundfelling er kjekt å strikke, men isette erme er penare, i alle fall på Fanagenser.

1985 - eit møte om gjenopning av kommunal fristidsklubb


1983, i samband med ungdomsspalte i avisa

mandag 23. mars 2020

Andre koronaveke, dag 1

Gamla 27, Eldstejenta 2 - Jersey 1995

Eldstejenta 27

I dag er det bursdagen til Eldstejenta, og eg veit ho gjerne skulle ha feira den på ein kjekk og sosial måte. Planane måtte utsettast, og den nye planen var å gå i parken og feire med vener på avstand.

Sjølv har eg sete med heimekontor mykje av dagen, då eg mellom anna har retta stilar. Etter kvart gjekk vi oss ein tur i vinden. Vi gjekk etter vegane, for Veslejenta hadde med seg skateboard på delar av turen.

Dagens store høgdepunkt er middagen for tida, og i dag ville ungane ha vaflar. Problemet vårt er at vi ikkje orkar både vaflar og middag, så då droppa vi middagen. Når pannekaker er middag, kan vaflar vere det òg. Så får vi heller knaske ei gulrot og eit eple når det lid på. Vi kan no skulde lettsindigheita på at vi ville feire Eldstejenta in absentia.

lørdag 26. januar 2019

Meir slektsprat

Onkel sa dette biletet er frå hans tid i marinen
I samband med prosjektet "historisk person" besøkte Veslejenta og eg Onkel og Tante på Eid. Mora mi har ikkje fleire søsken, og det var kjekt å høyre ei anna side av familiehistoria. Tante har dessutan vore i familien svært lenge, og ho kjende faktisk Mormor og arbeidde saman med henne før ho vart saman med Onkel. Mormora mi budde i andre etasje hos dei i sytten år, etter at ho vart pensjonist. Det vart mykje mimring og interessante forteljingart, så Veslejenta har mykje å skrive om i prosjektet sitt. Vi fekk dessutan sjå mange gamle bilete, og vi hadde det veldig hyggeleg. Besøket vart meir langvarig enn vi hadde tenkt på førehand, så dei var vel noko letta då vi gjekk. Vi har ein tendens til å bli oppslukte når vi held på med noko.

lørdag 16. april 2016

Storegut 19 år

Fredag var det bursdagen til familiens Storegut. Han har vore sjuk i lengre tid, noko som gjorde bursdagen litt spesiell, men det kjem nye høve til å feire.

Storegut er ein frykteleg kjekk gut. I år er han russ, og det blir spennande å sjå kva studium han endar opp med til hausten. Vi er i alle fall glade for at han har valt å halde seg her i distriktet eit år til, så får vi sjå korleis det blir på sikt. Han har mange talent og interesser, men må på sikt finne ut kva han vil studere, arbeide med og ha som hobby. Eg prøver å legge meg minst mogleg bort i kva ungane mine vel av yrke og studium, men eg svarar ærleg når dei spør meg til råds. I tillegg har eg hatt nokre tips om kva som er lurt å søke om. Søknadsfristen til høgare studium er 15. april, som altså er bursdagen til Storegut, så det er lett å hugse.

Det blir rart når Storegut ikkje er på jobben min meir, saman med dei to andre i bandet som framleis er elevar der, men han er absolutt klar til å gå vidare i vaksenlivet.

Sist han var russ...

fredag 6. februar 2015

Onedrive overrasking

Eg har ein svært datakyndig elev som syner meg eitt og anna om deling av dokument. I dag var det noko som heiter Onedrive vi skulle bruke, og der dukka det opp to mapper med nesten 300 bilete i kvar. Bileta var frå 2006 og 2007, og eg trur det er digitale bilete eg tok på den tida og la inn på msn. Den tida chatta ein litt på messenger, og ein kunne legge ut bilete òg - svært mykje vart lettare og kjekkare på facebook, og msn vart gløymt. Bileta eksisterer tydelegvis enno, og eg fekk ei fin mimrestund med å sjå gjennom alle bileta i kveld. Dei fleste er turbilete av ungar og hundar, og eg trudde dei var tapte for alltid.

mandag 24. november 2014

Minstemann 11 år


Etter å ha blitt feira i to store selskap, vart kanskje sjølve bursdagen ein nedtur. Minstemann måtte vere aleine heime med hunden medan mora køyrde ballerinaer, men han hadde kosa seg saman med naboguten og ete opp snoprestane frå selskapet laurdag. Elles har vi berre slappa av etter skule og jobb, for det er travle tider både her og der.

Nokre gamle bilete må til på ein bursdag - vi gratulerer den superkjekke nerden vår med dagen.
Straumsdalen juni 2007

fredag 2. august 2013

Regnvêr og nostalgi

Farmor Fredrikke Johanna (kalla Johanne) og farfar Rasmus Martin Elias
Vêret er ikkje all verda å skryte av for tida, men det er nok å ta seg til inne. Vi har mellom anna snakka mykje om slekt siste dagane, etter at det kom opp som tema på eit besteforeldrebesøk. "Besta" har sendt meg ein del scanna bilete på mail, og eg deler dei no med blogglesarar fjern og nær. Det rare med gamle bilete er at ein plutseleg ser noko kjent i eit blikk, eit smil eller ei spesiell form på eit øyre, til dømes. Bortsett frå bestemødrene mine har eg ikkje noko minne om desse menneska anna enn gjennom historier formidla av familien.
Mormor Amanda Margrete

Morfar køyrer, mor hans sit aller bakerst på sjåførsida

Morfars mor Hilda Marie


Morfars stefar Eivind

Morfars mormor Ellen, som var så lita at ho måtte stå på ei kasse for å nå opp til telefonen

Morfar Storm Wilhelm

Morfars far Olaus med morfar på fanget

mandag 15. april 2013

Storegut 16 år

Den kjekke, snille og flinke sonen min fyller 16 år i dag!

Biletet er frå 1-årsfeiringa hans. Ho vesle blonde i bakgrunnen er no i Peru, og det er i dag nøyaktig ein månad til ho kjem heim. Vi ser fram til ein triveleg dag, med shopping og feiring av bursdagsbarnet.
No har vi kome heim etter feiring og ballett i Ørsta, der Mormora hadde laga nydeleg middag og blautkake til bursdagsbarnet med familie. Til gjengjeld har eg knabba eit bilete av jubilanten frå bloggen hennar.

mandag 1. april 2013

30 år sidan Nadja vart fødd

Vi minnest min første hund, ein Old English Sheepdog, som vart fødd 1. april 1983.


søndag 24. juni 2012

Familieselskap på Hareid

I dag tok eg ikkje eit einaste bilete då vi var i selskap på Hareid, men det var ein nydeleg dag med sol, god mat og god prat. Les meir på Solveig si side

Eller på Besta sin blogg

Eg har forresten som mål for sommarferien å lære meg å lage Pavlova med heimelaga vaniljekrem...

Biletet er gammalt, men viser dei to eldste nevøane mine for nokre år sidan. No er dei vaksne, kjekke menn, og det er ei glede å sjå.

søndag 29. mai 2011

Veslejenta 11 år!

Det er tid for mimring att, sidan vi i dag kan gratulere Veslejenta med 11-årsdagen. Eg hugsar svært godt den vinteren eg gjekk gravid og skulle ha henne, for det var ein usannsynleg slitsam periode i livet. Gubben var oppteken med speling 30 helgar i 1999, og då han slutta i bandet, via han helgane til å renovere hus. Sjølv hadde eg full jobb på Ulstein vgs, og dei to eldste ungane var seks og to år. Kvardagane var relativt tøffe, og det vart ikkje betre av at svangerskapet var relativt tungt, med sterke kynnarar og fare for hastekeisarsnitt på grunn av ei morkake som låg feil. Eit keisarsnitt ville ha forkludra flyttearbeidet relativt mykje. Fødselsterminen var 17. mai, men ho venta til ho var klar, tolv dagar på overtid. Vi fekk ekstra nattferje for å nå fram til sjukehuset, men fødselen tok si tid, og ho kom ikkje ut før i 13-tida neste dag.

Namnet var bestemt på førehand - eg ville kalle henne opp etter mormora mi viss ho var ei jente. Amanda Margrete var fødd i 1904 og døydde i 1991, og ho var lita, rund og mørk. Namnet viste seg å passe godt, sidan Veslejenta såg ut som ein eskimo ved fødselen: rund og mørk med raude kinn. Og så såg ho litt alvorleg og streng ut. Etter som åra har gått er ho blitt både lysare og mindre alvorleg - få kan tøyse som henne når ho slår seg laus. Ho var dessutan svært roleg som baby, og gjekk ikkje før ho var 17 månader gammal. No er ho aktiv i fotball og ballett, som de sikkert har fått med dykk. Ho har dessutan fleire fritidssyslar, og er til dømes svært flink til å spele kornett. Om vinteren renn ho på ski - skitrekk var noko som appellerte til henne frå første stund.

Av heile flokken er det Veslejenta som liknar mest på meg - i sinn og skinn, som eg plar seie. Vi deler interessa for dyr, kan furte ein heil del og likar å ha kontroll over omgjevnadene våre.  Likevel ryk ikkje vi ihop så ofte som ein skulle tru.

Bursdagen skal feirast med ballettshow og restaurantbesøk, og vi håpar det blir ein fin bursdag. Gåve skal ho få vere med å kjøpe på onsdag, då ho i tillegg skal få klippe det lange håret sitt etter eige ønske.


Gratulerer med dagen, Snuppa!

torsdag 24. juni 2010

Gratulerer, Nevø 1!

I 1987 kom min første "tanteunge" til verda, og i dag fyller han 23 og er ein vaksen mann med utdanning og jobb. Gratulerer så mykje med dagen!

PS: eg fann det biletet på Facebook, og anar ikkje kva det er han demonstrerer. Eg trur det må vere at han er fornuftig kledd etter vêrtilhøva. Årsaka til at eg knabba akkurat det biletet, er at det viser Nevøen i ein samanheng han trivst godt i.

...no var eg innom bloggen til "Besta" og fann eit koseleg bilete av Nevø 1 og meg sjølv, så eg knabba like godt det òg. Det må vere frå vinteren 1989, trur eg.

fredag 18. desember 2009

Team Simone


Snart er det avspark for ein nye serie med "det store korslaget" på TV, og Volda-kjendis Simone Larsen skal vere med, saman med diverse ex-sambygdingar. I dette høvet vil eg setje inn eit bilete av bandet "Rain Dogs" som eg tok hausten 1986. Nokre av dykk kjenner kanskje att fleire enn kordama (ho var faktisk ikkje hovudvokalist i bandet eingong) Simone?

onsdag 23. september 2009

Råsarampen anno 1995 eller 1996

Jenta som er nummer 2 frå høgre, er "vennen min" på facebook. Dette skuleåret er ho utvekslingselev i USA. Jenta heilt i midten er russ i år, og Eldstejenta, som her sit ytst til venstre, har begynt på vidaregåande. Biletet vart teke ein gong desse ungane hadde leita fram att "lær-å-gå"-bilane sine og kjørte i flokk rundt i Hofsetråsa byggefelt i Ulsteinvik, der husa stod tett og det fanst mange ungar i same aldersgruppe. Eg fann biletet på Facebookprofilen til ho som er utvekslingselev, noko som tyder på at ho, og sikkert dei andre på biletet òg, tenkjer attende på den tida som fine barndomsminne.

lørdag 22. august 2009

mandag 3. august 2009

Gubben 44

"Fint hår", sa Eldstejenta då ho såg dette biletet. Og der var ingen tvil om at ho meinte det ironisk. Uansett: biletet viser ein ung gubbe i 1986 eller -87, då skinnbukse og lang, svart frakk var blant favorittrekvisittane. Dei mest skarpsynte vil kanskje legge merke til sminka, men eg kan roe dykk med at den berre vart brukt når han stod på scenen. Ikkje så unormalt på 80-talet, men ikkje nokon vane det vil vere lurt å drage fram att.

Vi gratulerer med dagen!

Bryllaupsdag


Systa og Svoger på Hareid har i dag vore gifte i 24 år! Vi gratulerer!

onsdag 15. juli 2009

fredag 3. juli 2009

Gratulerer med dagen, Systa!


Som eldst i flokken tok ho tidleg ansvar, og eg kan hugse at eg til tider hadde meir respekt for Systa enn for mamma. Systa var for meg personifisert fornuft, og det er framleis lite vits i å krangle med henne, sidan ho som regel har rett. I utgangspunktet hadde vi svært ulike personlegdomar, men med åra har vi blitt "likare", som elevane ofte skriv. Systa har lært meg mykje - eg har mellom anna fått mange gode tips om barnestell, som er eit endelaust tema for oss firebarnsmødrer. Vi kan dessutan diskutere hagestell, data, litteratur, jobb og matlaging, for å nemne noko. Humoren er aldri langt unna, og Eldstejenta her i huset plar herme etter måten vi systrene ler ilag på.

I fjor feira vi dagen hennar i Örebro, og vi får ta eit oppsamlingsheat der i år òg. Vi gratulerer, og gler oss til trivelege dagar ved bassengkanten.
Illustrasjonsbiletet er forresten frå 1981 og er teke same dag som ho tok biletet av meg i den lyserosa gensaren. Posituren er nokolunde den same, og det er truleg ho som har stått for arrangementet. Systa jobba på den tida som ekstrahjelp på ein fotobutikk der eg òg fekk jobb etter kvart.

torsdag 2. juli 2009

21 års bryllaupsdag


I dag er det 21 år sidan Gubben og Gamla gifta seg - noko eg vel å markere med eit bilete frå ein søndagstur i Lisjedalen våren 2003.

Vi brukte å vitse om det før, at vi skulle "ete ute" - personleg er eg glad i både fine restaurantar og turar i skog og mark.

Bryllaupsdagen blir feira med pakking og ferieførebuing...