lørdag 18. mai 2024

Dennis 1 år 18. mai 2024



Albert og Dennis fyller 1 år i dag, 18. mai. Eg tjuvstarta markeringa med å ta bilete av han i krone i går, i tilfelle det vart vanskeleg, men han poserte så fint som berre det. Då eg i dag skulle setje han ved bordet på verandaen for at han skulle ete "kake" slik Charlie plar gjere, vart han derimot så ukomfortabel at eg måtte gi opp og la han stå på golvet.

Albert er ikkje heime i helga, så gåvene får vente til i morgon.

Bok 11 2024: "The Breeding Pig" av Celin Ringseth


Denne boka fortel historia om paret Hanne og Fredrik, og vi får vite litt om korleis dei møttest, vart kjærastar og etablerte seg. Når så Hanne er nesten 40, begynner ho å ville ha born. Ho vert temmeleg oppslukt av tanken, medan Fredrik vert skremd av ein kollega som fortel om kor gal kona har blitt av å vere gravid og få born. I tillegg til å ta opp dette temaet, handlar boka òg om å bli vaksen og gi slepp på kven ein er og det ein har i livet. 

16. mai-feiring med flott fane


Tradisjonen tru hadde elevane på skulen i oppgåve å lage ei fane til klassen som taudragarlaget skulle marsjere inn med på 16. mai-feiringa. Eg må seie eg skvatt litt då eg brått fann ein pappkopi av meg sjølv som faktisk var litt større enn meg... Vi er heldigvis to kontaktlærarar per klasse, så vi delte på merksemda. Merkeleg nok vann ikkje klassen vår premie, men det får så vere. Ein har ikkje meir moro enn ein lagar sjølve, og dagen vart som vanleg fylt med taudragarkonkurranse, innebandykamp mellom russen og lærarane, russedans, russerulling (ein elev ligg oppå femten andre, som rullar framover) og diverse helsingar frå rektor, russepresident, elevrådsleiar o.l. Dette var tradisjon då eg begynte å jobbe ved skulen i 2002, og berre små justeringar er gjorde undervegs. 

mandag 13. mai 2024

Brundalen 12. mai





Søndag føremiddag retta eg ferdig og delte ut resten av heildagsprøvene. Tre bunkar på to veker har kravd sin del av tida mi, og det har vore nydeleg vêr det meste av tida, så det kjendest fantastisk å ta fri om ettermiddagen og gå ein tur med hundane saman med Veslejenta. Småhundane hadde ikkje vore i Brundalen før, men det kjem nok til å bli mange turar dit. Vi hadde dalen for oss sjølve mykje av tida, og det vart både springing og bading. Dennis hadde litt vannskrekk først, men det gjekk fort over.

fredag 10. mai 2024

Tur på Tua og innover Fladalen

Kristi Himmelfartsdag var 9. mai i år, og eg bruker all fritid til å rette heildagsprøver. Likevel prioriterte vi å gå ein lang tur med hundane for å lufte oss sjølve og dei. Det er perfekt å gå tur innover Fladalen no; skiløypene har smelta og kyrne har ikkje blitt sett ut enno, så det er fredeleg og fint å gå innover den 6 kilometer lange vegen. Meldingane var at skodda skulle lette, men den vart berre tjukkare medan vi gjekk. Det var veldig trolsk å sjå på, men vi fekk litt frosten i oss. Vi folka, altså, ikkje hundane. 





Genser nummer 63: "Perlepuffgenser" til Veslejenta

Eg syntest dette mønsteret var så kjekt å strikke at eg like godt strikka ein til Veslejenta i ein mørk mosegrøn farge. Det passa perfekt til henne! Garnet er framleis Alpaca Bris, og det gjekk med litt meir enn 6 nøste i storleik medium.


1, mai 2024

 


Volda har fått sin eigen "marching season". 8. mars var det kvinnedagstog, 1. mai var det arbeidardagstog, vi har bygdeprideparade og nasjonaldagstog. 1. maitog har det ikkje vore arrangert sidan 2007, og det var stor stas å få gå i gatene med parolar og hornmusikk. Etter toget var det tradisjonell markering på Rokken, der vi også feira 8. mars. Veslejenta og eg var aleine frå familien i år, og vi gjekk på tradisjonell middag på kinarestauranten etterpå.