søndag 31. juli 2011

Sommarsveis for firbeinte

Sidan sommarvêret uteblir, vart det kjøtkaker til søndagsmiddag i dag. Jordbæra til dessert var det einaste som minte oss om at dette faktisk er juli!



Hunden Bianca har lenge hatt ein tung og trasig pels, og no har ho like godt fått sommarsveis ho òg. Det er utruleg kor personlegdomen hennar er endra - hunden verkar mykje gladare, meir leiken og meir aktiv enn før. Ho ser kanskje komisk ut, men det gjorde tydelegvis godt å bli klipt. Etter middag gjekk vi tur i skogsvegen, og Bianca tok heilt av med å springe og bade.

lørdag 30. juli 2011

Lang, lat laurdag



Storegut og resten av fotball-laget skal delta på Norway cup for første gong, og i dag tidleg kjørte eg han til avtala møteplass etter ei natt med relativt lite søvn. Vel heime var eg både rastlaus og lat på ein gong; eg begynte på fleire prosjekt samtidig og fekk ikkje gjort noko skikkeleg. Til slutt hadde eg likevel rydda og vaska huset, og då var det på tide å handle laurdagsgodt og hente Eldstejenta på kaia. Deretter gjekk vi oss ein tur innover langs fjorden. Skodda låg tjukk og tung heile dagen, men temperaturen var på 16 grader og det var vindstille, så det gjekk fint an å gå tur utan ytterjakke. Minstemann gjer små framsteg med sykkeltreninga, men vi gir oss ikkje. Løn for strevet var markjordbæra vi fann langs vegen.

I kveldinga kosar vi oss med lasagne og laurdagsgodt, ser på tv og er saman. Livet kunne nesten ikkje vore meir innhaldslaust, men det er akkurat slikt vi set pris på for tida.

Bok 57 2011: "Nattefokk" av Johan Theorin

Eg har tidlegare skrive at eg går fort lei av kriminalsjangeren, som eg ofte finn temmeleg føreseieleg. Theorins andre bok frå Öland er ei blanding av ein tradisjonell kriminalroman og ei spøkelseshistorie, og eg burde derfor ikkje vere så begeistra. Likevel er det noko som tiltalar meg ved boka, og det er først og fremst stemninga. Eit ektepar har kjøpt ein forfallen eigedom som dei skal pusse opp og bu i. Kona har reist i førevegen saman med borna, og det er mannens historie vi får servert, saman med dagbokutdrag og parallelle historlier om politikvinna Tilda og nokre kunsttjuvar. Vekslinga i synsvinkel gir boka framdrift, og naturen og vêret set ei uhtggeleg stemning. Nokre av trådane vert ikkje heilt nøsta opp, og eg kunne godt ha klart meg utan gjenferda - elles likte eg boka og skal snart lese den tredje i serien.

fredag 29. juli 2011

Andre bollar når Broren kjem heim

Dagen starta med ein lang og sakte frokost. Ingen planar var lagde, og vêret skulle vere kaldt og overskya, men opplett. Etter litt fram og tilbake sanka dei to små og eg saman eit par plastnett med tomflasker, og så sykla vi til butikken. Minstemann sat i tilhengaren og passa tomflaskene, og på tilbakevegen passa han varene. Då angra eg på at eg hadde handla både mjølk, mjøl og frukt, for eg måtte gå av sykkelen fleire gonger. "Det er i motbakke det går oppover" - er ikkje det eit ordtak?

Etter middag for dei to små og eg ut på ein ny tur, medan Storegut besøkte ein kompis. Denne gongen skulle Minstemann øve meir på sykling. Vi ser absolutt ingen teikn på verken auka entusiasme eller betra motorikk, men under kan framleis skje.

Sidan sykling ikkje gir utslag på skritt-teljaren, vart det til at eg gjekk ein tur aleine òg, og så sette eg ein bolledeig så småungane fekk bake skulebollar til oss til kvelds. Dei fleste var oppetne før dei var så kalde at vi kunne ha melisglasur og kokos på dei, for dei var veldig gode. Eg brukte sånn juksebollemjøl som berre skal tilsetjast vatn og gjær, så det var veldig lettvint. Storegut reiser til Oslo på Norway cup i morgon, og planen var å sende med han nokre bollar. Det ser ikkje ut til at vi løyver...

torsdag 28. juli 2011

Nothing's gonna change my world

Det er alltid noko som skal handlast. Og ordnast. I dag var det passeleg vêr til å ta ein tur av stad for å klippe gutta og kjøpe inn litt stæsj og styr som kan vere kjekt og nødvendig å ha når ein skal på Norway cup, til dømes skor. Det var dessutan sal av sommarklede på alle butikkar, billeg solkrem og anna som kan vere kjekt for dei som har spara sommaren til slutten av ferien. Storegut vart godt skodd med både fotballskor og joggeskor, så no skal han sleppe å gå i converse-skorne sine på fjellet meir, eller låne fjellskorne til faren. For ikkje å snakke om å spele fortball med for små skor. Litt klede vart det òg kjøpt, og Minstemann fekk seg ein ny legofigur. Alle fire ungane var med på raidet, så vi hadde det sosialt i tillegg.

I staden for å fare på visitt i Starevegen, vart det til at vi stakk innom den tyrkiske restauranten og kjøpte pizza og barnespagetti. Tilvenning, kallar vi det.

onsdag 27. juli 2011

Ein dag slik kvardagane pla vere

Sidan vêret skulle bli nokolunde i dag, sette vi nasen mot Brundalen. Gradestokken stogga på 16, men det var litt sol og enda mindre sol, så ungane fekk både bada og sjøsett gummibåten. Grilling av pølser vart det òg, og så gjekk vi heile vegen heim (Barnefaren hadde kjørt oss til vegs ende).

Vel heime braut eg meg over plenklipping såpass det var gjort, og så sette eg meg ned for å slappe av litt. "Mamma, var det ikkje du som skulle lage vaflar" kom det då frå eit lite fjes med bedande, lyseblått blikk. Vi sette til livs ein gigantisk stabel, og denne gongen var dei skikkeleg gode med rømme både i og oppå.

Energinivået mitt har vore på minus siste dagane, og det gjer godt å kunne vere ute og gjere kjekke og nyttige ting igjen. Vi tek kvardagen tilbake.

tirsdag 26. juli 2011

Det er ingen hverdag mer

I dag hadde eg ein frisørtime og eit besøk på programmet. Hendingane i Oslo og på Utøya står i fokus same kvar ein er, og vel heime sette eg raskt på TV-en for å bli oppdatert. Tv-kanalane legg gradvis inn nokre andre program, radioen spelar stort sett passande musikk og facebookstatusane handlar om litt anna enn sympatierklæringar. Eg føler meg framleis noko handlingslamma, og eg tenner framleis eit lys til minne. Denne nasjonale sorgprosessen kjem til å ta tid.

Mange av landets leiande menn og kvinner seier kloke ord i desse vanskelege tidene, og internasjonalt vert Noreg sett på som eit unikt land der folket går i tog med blomar og vakre ord om kjærleik, i staden for å rope etter hemn. I bloggande stund omtalar reportarane på TV2 korleis politikarar, kongefamilien og prestane har takla situasjonen. Folk i gata har stor tillit til Stoltenberg, uansett kva politisk ståstad dei har, og ein mann kommenterer at kongen hadde ekte sorg i tårene sine.

Slagorda og sitata haglar, i likskap med dikt og songar. Eitt av sitata som vil stå att etter at landesorga har gitt seg noko, er dette:

“If one man can show so much hate, think about how much love we can show together”

mandag 25. juli 2011

Roser og faklar i Ørsta

I dag deltok vi i ei minnemarkering i Ørsta. Meir enn 3500 menneske gjekk i tog med faklar og roser, og demonstrerte for demokrati og medkjensle i denne vanskelege tida her i Noreg. Tankane gjekk først og fremst til familien til den jenta som enno er sakna, og det var godt å dele sorga med så mange andre.

søndag 24. juli 2011

Sorgtyngd søndag

Nyheitene står framleis i fokus. Nye fakta, meir usikkerheit, rykte som vert avkrefta - lista over oppdateringar er lang. Eit godt innslag i dag var minnegudstenesta i Oslo som vart send på TV. Både prestar og politikarar sa kloke ord - ja, er det noko ein har høyrt desse dagane, så er det gode og trøystande ord frå landets fremste.

I løpet av dagen letta skyene, så eg fekk kople av nokre timar utan nyheiter. Det gjorde godt. Ungane var opptekne med fotball, kunnskapsspel og gitarspel, og etter at eg var lei av å sole meg vart det tid til ein liten sykkeltur. Minstemann har enno ikkje lært seg å sykle, og no er målet å prøve litt kvar dag (same metode som eg gav opp i fjor). Sykkelen gjer guten til ein ekte hypokonder; han drog fram gamle blåkular og skrubbsår på leggane, og då det ikkje hjalp, klaga han over altfor hardt sete. Eg minner både han og lesarane om at han i løpet av ei helg i vinter lærte seg å ta skitrekket på Reset, så det er håp for sykkelkarrieren òg. Kanskje.

Bok 56 2011: "Kongepudler" av Anonym

I 2006 kom denne politiske "røvarromanen" frå norsk storpolitisk miljø, der handlinga er lagd til 2007. Trond Giske og Ari Behn vil overta makta etter Jens Stoltenberg, men Gerd Liv Valla stikk kjeppar i hjula for dei. Handlinga er eit harselerande eventyr, der til og med ein gammal journalist-kjenning av meg blir nemnt, og underhaldningsverdien var truleg mykje større før tida hadde synt at til dømes Valla fekk ein langt meir dramatisk lagnad enn ein kunne ha dikta opp.

I lys av det som har skjedd siste dagane, og ikkje minst politikarane si takling av situasjonen, kjendest det nesten respektlaust å fullføre lesinga av romanen. Både Stoltenberg og Gahr Støre er karakterar i romanen, men framstår no som svært dyktige leiarar og gode medmenneske i røyndomen. Eg trur ikkje eg skal lese resten av trilogien på ei stund.

Bok 55 2011: "Frukthagen" av Sa'di

I desse tider, då islam vert mykje omtala, har eg lese ei persisk bok frå 1200-talet som omhandlar verdlege og religiøse levereglar og visdomsord. Mykje av det forfattaren skriv er allment, som at ein skal vere audmjuk, gavmild og vennleg. Metaforane er lette å forstå, både i prosaforteljingane og dei lyriske innslaga. Berre kvinnesynet er temmeleg antikvert, der menn som ikkje er modige, gavmilde og kloke vert samanlikna med kvinner. Kvinnene skal strebe etter å vere lojale og vennlege mot ektemannen, og kan då vere til glede og nytte. Det er underforstått at kvinner slit med å fylle denne rolla. Bortsett frå dette, kan vi alle ta til oss det meste av det forfattaren skriv.

"Har ikke hjertet nådd ønsket sitt, så fortvil ikke.
Natten er svanger med dagen, å venn"

Til minne om dei ramma i tragedien og i djup respekt for dei som hjelper og trøystar

lørdag 23. juli 2011

Å vakne frå eit mareritt som ikkje var ein draum

Korleis taklar ein vanskelege stunder? Ufattelege nyheiter slo imot oss før frokost i dag. Barnefaren henta Eldstejenta heim frå festival, og ho og eg gjekk ein lang tur med hundane og snakka oss nesten tomme for ord og tankar. Familien var fulltallig ved middagsbordet. Det finst inga trøyst, men ein kan vere saman.

fredag 22. juli 2011

22. juli 2011 - ein dag vi seint vil gløyme

Dagen begynte med irritasjon over skodde og kulde, ei tannfylling som hadde falle ut, bekymringar og planar. Brått vart heile landet endra; ei bombe vart sprengd i Oslo sentrum, og nokon skaut ungdomar på Utøya.

Facebook vart raskt fylt opp av usaklege og usmaklege kommentarar, men òg av medkjensle og oppmoding om samhald. Mistanken fall straks på muslimske fundamentalistar, men i bloggande stund er ein etnisk norsk nordmann pågripen.

Livet blir aldri det same igjen - området der bomba vart sprengd ligg like ved der vi låg på hotell for ein månad sidan, og tanken på bomber var svært fjern då. Eldstejenta hadde tenkt seg på Utøya - eg kunne ha vore blant dei engstelege pårørande som ringde dottera mi utan å få svar. Nokre har mist livet, fleire er skadde, mange har fått ein skrekk i livet. Alle er påverka av dette.

Bok 54 2011: "Bikubesong" av Frode Grytten

Denne boka har eg lese i papirutgåve før, men den var verkeleg verd å lytte til òg. Novellene er i lydbokutgåva lesne av ulike skodespelarar og andre dyktige opplesarar, og spesielt lesinga til Jon Eikemo gir tekstane ein ekstra dimensjon. Andre kjende namn blant opplesarane er Hildegun Riise, Lasse Lindtner og forfattaren sjølv. Handlinga i novellene er lagde til "murboligen" i Odda, og nokre av personane opptrer i fleire tekstar. Tematikken er varier, men ser ein boka under eitt, handlar det om kor vanskeleg livet kan vere å forhalde seg til i ulike livsfasar og situasjonar.

torsdag 21. juli 2011

Stigedalen til Movatnet




I kveld gjekk turen til Stigedalen, der det går grusveg nesten heilt inn til Movatnet, og der det dermed er svært lett og fint å gå. Den siste biten på sti var relativt fuktig og ufyseleg, men så var det fint å kome heilt ned til vatnet. Eg har ikkje vore så langt før, anna enn på ski, og det er rart å sjå det same terrenget i sommarskrud. Det vil seie; sommar og sommar, fru Blom. Det var 12 - 13 grader, skodde og meir haustleg enn sommarleg. Blåbæra, derimot, var små og grøne enno, så ein kunne sjå at hausten er eit stykke unna likevel.

onsdag 20. juli 2011

Kinarestaurant og akvarium


Etter museumsbesøket tok vi turen til ein kinarestaurant nede ved kaia i Ålesund, der vi åt sist vi var på byatur, og så drog vi ein snartur til akvariet, der vi har årskort. Ein innhaldsrik og koseleg dag for store og små!

Sunnmøre museum: Borgundgavlen













Eg kan hugse at eg i min barndom var på tur til "Borgundgavlen", som vi kalla museet. I dag tok familien turen dit, og der var verkeleg mykje å sjå og gjere for store og små, både inne og ute. Eg let bileta tale for seg sjølve, men må berre fortelje at dei to små kom gledesstrålande og fortalde at dei hadde funne ein eldgammal CD-spelar...

tirsdag 19. juli 2011

Å få passet sitt påskrive

I dag var det eigentleg litt fint ute, men eg fann ut at eg skulle gå tur etter vegen, og ta på softshelljakke - sånn i tilfelle regn. Og regnet kom; ikkje som yr, men som øsande pøsregn. Torevêr var det òg. Typisk nok var eg 5 km unna heimen då regnet begynte, så eg var temmeleg gjennomvåt då eg kom heim. Eg stogga for å ta med posten inn, og der fann eg det nye passet mitt, som ei trøyst i regnvêret og ein lovnad om at det kjem fine dagar etter dette!

På Vigra, med utsikt mot Erkna fyrstasjon









Måndag vart det uventa fint vêr, og etter nokre timar i sola tok utferdstrangen overhand. Turmålet var ein eller annan stad på Vigra - eg var der i fjor òg, men veit framleis ikkje kva det heiter der. Eg trur turløypa gjekk frå Synnesvågen, ut på nokre svaberg med utsikt mot Erkna fyrstasjon og ein nydeleg solnedgang.