søndag 31. mars 2013

Første påskedag: Kong Vinter på besøk

I dag snør det tett, ikkje ulikt første april i fjor, då vi hadde den store barnedåpen.
I mellomtida er Eldstejenta og venninna i Cape Town, men i natt reiser dei vidare til Sør-Amerika.

lørdag 30. mars 2013

Påskeaftan på Eika









Då Eiksundsambandet vart bygt, kom det fastlandssamband også til øya Eika, som ligg i ytre enden av den undersjøiske tunnelen. Eg har ofte sagt at eg har hatt lyst til å gå tur på øya, og i dag baud høvet seg. Medan "folk flest" valfartar til skiløypene i det strålande påskevêret, har eg hatt nok med å nyte våren i låglandet og i ytre strok. Våren ute i øyane er noko heilt for seg sjølv, og det var fantastisk utsikt i fleire himmelretningar på denne vesle perla av ei øy.

Langtur på langfredag: Åheim og Selje

Turen gjekk i dag først til Åheim, der vi såg den gamle St Jetmundskyrkja, eit olivinbrott og ein dobbeltmordåstad frå 1979. Deretter gjekk turen til Selje, og til Skårbø og den fråflytta garden Aardal, der vi fekk sjå sola gå ned i havet.





I dette grøne huset på Eikremseter skjedde ein grusom tragedie 29. september 1979. Ei 16 år gamal jente var sambuar med guten i huset, men han enda opp med å skyte henne og hennar nye kavaler då dei kom for å hente tinga hennar. Ein 16 år gamal gut sat i baksetet på bilen dei kom i, men han vart ikkje skoten. Kommentaren frå drapsmannen var: "Du hekje gjort mej noke". Etter å ha levd nokre dagar på rømmen i fjella mellom Syvde og Åheim, vende han attende til barndomsheimen for å få mat. Faren ringde då politiet, og guten vart pågripen.

Straffa vart ti års fengsel, og i 1989 flytta han heim att. Det var ikkje enkelt å kome attende til nærmiljøet, og til slutt forsvann den drapsdømde. Levningane hans vart funne i ei steinur eit år senare. Han hadde skote seg sjølv.







I Selje sentrum står eit skilt som peiker mot Skårbø. Det er berre 4 km dit, og då sluttar vegen. Derifrå kan ein gå utover fjøresteinane til ein nedlagd gard, der ein dreiv med geitehald fram til 1957. Garden ligg i ei bratt ur, og der var ikkje akkurat lettstelt. Utsikta, derimot, var fantastisk. Ein kunne mellom anna sjå Selje, Selje kloster, Kråkenes og ein nydeleg solnedgang i havet.





torsdag 28. mars 2013

Feiring på Hareid

I dag har vi feira Mor/Mormors  bursdag på Hareid. Systa serverte nydeleg lammesteik til middag, og jubilanten hadde med tre kaker. I tillegg serverte Systa heimebaka brød, og det var så godt at ungane fekk med seg eit eksemplar heim til farmora og farfaren.

Av dei sunnmørske barnebarna stilte heile sju stk - Eldstejenta er i Cape Town for tida.


Takk for god mat og prat!

onsdag 27. mars 2013

Den dagen det var overskya

Etter ein handletur til Eid vart det ein tur ut i overskya vêr. Turmålet var Lisjedalen, deretter Geildalen og skogsvegen ned att. Ikkje så vakkert som dei tidlegare dagane, men fint å lufte seg likevel.

mandag 25. mars 2013

Når "alle andre" går på ski...

Det er fantastisk flotte dagar, og slik skal det visst halde fram. I følgje facebook er eg nesten den einaste i distriktet som ikkje nyttar dagane til ski og fjell. Eg gjorde eit forsøk søndag, men det vart berre ein fottur i lavlandet då òg. Turmåla mine er ikkje så interessante som fotomotiv lenger heller, og det er lite å blogge om. Føremålet med turane er å få mosjon og å lytte til Knausgårds "Min kamp 6"; ei lydbok som det tek lang tid å lese (45 timar og 20 minutt, faktisk).

Søndag og måndag har eg dessutan arbeidd hardt og intenst med rettebunkane mine, og no ser eg enden på skulearbeidet. Ei lita økt med kontroll-lesing og karakterføring er alt som skal til før eg kan ta ferie på alvor. Då skal det bli skikkeleg påskekos - med eller utan ski.




lørdag 23. mars 2013

Bok 20 2013: "Fasandreperne" av Jussi Adler-Olsen

Eg har tidlegare lese to bøker i serien om Avdeling Q, og eg må seie at eg likte dei betre enn denne. Historia er for så vidt dramatisk nok, men det meste vert røpa for tidleg. Noko av det er føreseieleg på grensa til å vere klisjéfylt, som til dømes kvinna som aldri kjem over aborteringa av barnet sitt.

Eit lyspunkt i boka er Assad, assistenten til hovudperson Carl Mørck, som har mange morosame replikkar. Språkleg sett er òg bøkene til Adler-Olsen i særklasse, spesielt den kreative bruken av språklege bilete.

fredag 22. mars 2013

Eldstejenta 20 år 23. mars!

Det er no 20 år sidan Eldstejenta mi kom til verda, 16 dagar på overtid, etter ein lang og lite dramatisk fødsel. Det var diverse kurar og kjerringråd inne i biletet før fødselen endeleg kom igang, men etter 30 timar kom ho endeleg ut. Min kommentar var: "ei lita pie - det va det ho mamma sa, det!" - dette vart festa til film. Dei tretti vonde timane var gløymde tvert.

Ingen kjærleik kan måle seg med morskjærleiken; den er altoppslukande, altoppofrande og kan ikkje truast av ytre faktorar. Eg er sjølvsagt like glad i alle mine søte små, for kjærleiken vert berre større for kvart barn, slik at dei tidlegare borna ikkje har mist noko når nye kom til. Likevel skal det seiast at den største opplevinga var å føde Eldstejenta, sidan ho var den som gjorde meg til mor. Eg hadde kjent meg som mor i månadsvis, men først den 23. mars 1993 vart det offisielt. Då fekk eg sjå den vesle babyen, og resten av verda fekk òg bli kjende med henne.


Etter årevis med blogging kjenner lesarane Eldstejenta godt, og eg skal derfor ikkje mimre så mykje her og no. Fokuset skal vere på mi kjære vesle jente som eg er så uendeleg glad i, og som skal feire 20-årsdagen sin i Singapore saman med venninna. Søskena og eg sender mange gode tankar og ønskjer henne ein strålande bursdag!

torsdag 21. mars 2013

Av barn og fulle folk

Å ha ein ungeflokk i hus, medfører mange morosame stunder. Her er eit lite knippe frå dei siste dagane:

"Mamma, sånn berre for å oppmuntre mej litt, kankje du sei på første april at ej ikkje skal til tannlegen tredje april likevel?"

 "Dei mummitroll-episodane der Hufsa e med burde ha hatt 18-års aldersgrense"

Sms frå Storegut seint tysdag kveld:
"Ej fe sitte på med J heim, so du kan berre bjønde å drikke dej drita no"

Og dagens Minstemann, til si forkjøla mor:
"Mamma, du ligna på han der Gollum i Ringenes Herre. Jaffal når du nyse"

Førre torsdag vart det gjort narr av barnekommentarar på facebook i programmet "Torsdag kveld fra Nydalen", eitt av yndlingsprogramma mine. Eg følte meg litt truffen, men kjem truleg til å halde fram med å dele dei gode kommentarane. For ordens skuld legg eg til at eg spør dei to mellomste om det er ok. Dersom dei hadde sagt nei, ville eg ha utelate kommentarane deira. Det same gjeld sjølvsagt bilete av borna.

Illustrasjonen er eit bilete av Gollum, ikkje ein av ungane. Eller meg, trass i at eg er svært forkjøla.

tirsdag 19. mars 2013

Bok 19 2013: "Jeg nekter" av Per Petterson

To menn i femtiåra møtest tilfeldigvis på ei bru. Det viser seg at dei har vore kompisar, men at dei ikkje har sett kvarandre på meir enn tretti år. Den eine er shabby kledd, medan den andre kjem køyrande i Mercedes, og han kommenterer at ting er blitt akkurat omvendt.

Pettersons bok fortel om bakgrunnen og oppveksten til desse gutane. Mykje av det er sårt og vondt, men forfattaren skriv i den vanlege, litt kvardagslege, stilen som han er så kjend for. Boka får såleis eit vemodig og melankolsk drag, heller enn djup tragedie. Hovudpoenget, slik eg ser det, er at livet ikkje blir slik ein forventar.

Når eg les Pettersons bøker som lydbøker, endar eg som regel opp med å høyre om att den siste cd-en, eller leite rundt i coveret for å sjå om der er ein cd til. Det kjennest nemleg som om eg har gått glipp av eit sluttpoeng eller ei oppklaring. Bøkene er skrivne med ein slags open slutt, og eg blir derfor litt skuffa når dei er slutt. Dette har med mine forventningar som lesar å gjere, ikkje med kvaliteten på bøkene til petterson, for han er verkeleg ein stor forfattar.

Artikkel om boka her

Lyrikk i læreplanen

Den eine norskklassen min fekk for ei veke sidan ei innføring i kva lyrikk er for noko. Dei verka mildt sagt lite interesserte, og eg tenkte derfor at eg skulle sleppe dei litt lause i den vidare gjennomgangen av stoffet. Som lekse til i dag hadde dei førebudd seg ved å finne fram ein norsk songtekst som dei synte, las opp eller fortalde om teksten til. Deretter spelte vi musikken og såg musikkvideoar.

Akkurat denne klassen er litt spesiell i og med at vi har heile seks nasjonalitetar i tillegg til dei etnisk norske, og derfor var det ekstra spennande å sjå kva norsk musikk som fall i smak hos dei som ikkje har vakse opp med norsk kultur rundt seg før i seinare år.

Her er songar som vart valde:
"Forelska i lærern" (The Kids)
"Bestevenn" (Odd Nordstoga)
"Halleluja" (parodivarianten med Hallelujakameratene)
"Hvem er han" (Keem One)
"Æ har itj sagt" (DDE)
"Adjø" (Jahn Teigen og Anita Skorgan)
"God morgen Norge" (Vinnies variant)
"Kjører på" (Madcon og Timbuktu)

DDE-songen var veldig populær blant alle elevane, og eg ser at teksten er lett å tolke. Ein får til dømes flotte døme på bibelske allusjonar. Hadde eg vore litt meir kritisk, kunne eg òg ha hevda at den er eit godt døme på klisjéar, men elevane har ikkje høyrt nok til å forstå kva ein klisjé er.

Vanlegvis er eg ingen stor fan av DDE, men denne var ikkje så verst.

søndag 17. mars 2013

"Ukens kaktus"

I følgje Storegut har vi aldri hatt kaktusar i heimen, men desse tre var berre for flotte til å gå forbi!

Søndagstur til "Langedalsbroe" i Bjørkedalen





I dag vart det ein lang og litt tung tur til fots i snø som gradvis vart djupare og mjukare etter kvart som vi kom nærare toppen. Eg synest dei gamle steinbruene på "Brekka" (eller "Vasslia"?) er så fine, men i dag vart det snudd ved den første, ved skiltet "Langedalsbroe". Då var eg så varm at eg måtte lage englar i snøen berre for å kjøle meg ned litt.

lørdag 16. mars 2013

Vinklubb hos meg 15. mars





Fredag kveld kom ti kjekke, blide bygdedamer på besøk for å ete ost og kjeks og drikke vin til. Vi testa ut to sortar Amaronevin og ein kartongvin som er produsert på same måte, av tørka druer.

Takk for ein triveleg kveld, damer!