tirsdag 28. april 2015

Charlie 1 år!

I dag vart mitt yngste "barn" eitt år! Dagen vart feira saman med Eldstejenta, som er heime og les til eksamen. Om ettermiddagen tok eg han med til Ørsta på hundetrening, og i kveldinga fekk han "kake" av ein boks med gourmetmat pynta med hundesnop.

Livet har fått ein ny dimensjon etter at eg fekk meg hund att, det skal innrømmast. Han er så kosete og morosam at det er mykje selskap i han inne i hus, samtidig som det er langt kjekkare å gå tur når ein har hund. Vi håpar på mange gode år saman med godguten.



søndag 26. april 2015

Dåpsfest for Veslejenta

I dag har vi feira dåpsdag for nummer 3. Sjølve dåpen gjekk føre seg i den lokale kyrkja, og det vart ein fin seremoni. Ho fekk i tillegg ein fin fest med mange gjestar, gåver og kaker, og søskena stilte opp med tale, songar og vitseforteljing. Etter selskapet var det så mykje kake att at vi fekk servert ein stor del av bygda òg. Vêret var ikkje all verda å skryte av, men det er heilt sekundært. Vi har hatt ein fin dag, og eg nyttar høvet til å takke for frammøte, kaker og gåver!
Dåpskandidaten saman med presten og fadrane/besteforeldra

Hovudpersonen
Dåpsbarnet og presten

Systa, niesa, døtrene og meg

Mitt kjære firkløver

onsdag 22. april 2015

Bok 31 2015: "Sannheten og andre løgner" av Sascha Arando

Henry er ein suksessrik forfattar med eit godt ekteskap og ingen problem i forhold til kollegaer eller andre rundt han. I alle fall ser det slik ut. Vi får tidleg vite at han har ei elskerinne, og at nokon andre skriv romanane hans. Snart er vi midt inne i ei litt pussig katt-og-mus-jakt, der vi berre ventar på at det heile skal bryte saman rundt Henry, samtidig som vi heiar på han og ønskjer at han skal sleppe unna.

Eg likte boka ganske godt. Eigentleg er eg litt lei av krim, men denne var såpass annleis at den fenga meg.

tirsdag 21. april 2015

Master of the Universe

...eller master i undervisning...


I dag fekk eg mail om at eg har kome inn på det studiet eg søkte på: master i undervisning i norsk. Det var inga bombe at eg kom inn, etter 17 års praksis, men det vart likevel meir konkret og verkeleg for meg at eg skal bli student att. Det er tjue år sidan førre gong eg tok eksamen, så det er kanskje på tide å fornye seg. Ikkje det at eg har stått fagleg stille i tjue år, men det er noko anna med formalisert kunnskap.

Dei siste tjue åra har eg vore oppteken av borna mine, å få jobbe der eg ville og å halde hovudet over vatnet på ulikt vis. I småbarnsperioden var det til dømes problematisk å få nok søvn, eller få lese anna enn stilar og barnebøker. No er ungane større, og det er på tide for Gamla å prioritere seg sjølv og eigen kompetanse. Eg må likevel tilstå at terskelen har vore høg berre for å søkje, då eg veit at dette vil føre til meir stress og arbeid framover.

Kan hende gir eg opp undervegs, men eg skal i alle fall prøve.

søndag 19. april 2015

Våre vårdagar

Vi har ei nydeleg helg med strålande sol ute, men dessverre også mykje innearbeid som må gjerast. Det blir derfor berre turar i nærmiljøet, og ingen spektakulære turmål.

Eg har, i eit anfall av overmot, meldt på hunden Charlie på ei stor hundeutstilling i Ålesund, så i dag trua eg med meg småungane på tur og påfølgjande utstillingstrening. Eg synest sjølvsagt han er ein svært vakker hund, men han er ikkje heilt proff i ringen verken aleine eller på trening. Vi får berre øve så mykje vi rekk innimellom dåp, heildagsprøver og konfirmasjon, og så får forventningane vere på eit lavmål. Rasen er uansett så stor at det ikkje er håp for oss amatørar, men det hadde vore gøy om han ein gong kunne få ei raud sløyfe.

fredag 17. april 2015

Endeleg helg

Dette har vore ei travel veke med mykje jobbing, sidan det går mot heildagsprøver og eksamen, og sidan eg fekk inn ein bunke på måndagen. Eg likar å rette unna etter kvart, så den bunken skal ut før eg får inn tre nye på tysdag. Dei bunkane lyt nok vente ei stund, sidan det skjer mykje anna neste veke.

Etter jobb stakk eg og handla før Storegut slutta på skulen og vart med heim. Vi var innom han og gratulerte på sjølve bursdagen, men det vart høve til litt feiring i heimen, med tacos og brownies på menyen.

Nytt elles i dag var at eg var innom banken og fiksa litt på bilforsikringa mi, slik at det er mogleg for yngre sjåførar å køyre bilen. Av same grunn har tunet vore tomt mykje av kvelden, sidan poden køyrde på bandøving og køyrde ein kompis heim. I bloggande stund hentar han Eldstejenta på kaia, noko ho ikkje veit om. Det vert ei ekstra bekymring i heimen når han er ute på vift, men det er òg ei viss avlasting dersom han kan køyre litt rundt på søskena.

Bok 30 2015: "Parissyndromet" av Heidi Furre

I denne boka møter vi ein eg-person som reiser til Paris etter at det er blitt slutt med kjærasten. I Paris får ho vener og bygger eit slags nettverk, og langsamt stablar ho seg sjølv på beina att. Ein får ei slags kjensle av stemninga i byen, som forfattaren har budd i i to år i følgje ein nettstad, og sjølve tittelen viser til den kjensla japanske turistar får av vonbrot når dei ser at "kjærleikens by" er full av hundeskit og søppel. Det blir såleis ein slags metafor på livet, men som i livet finn eg-personen mykje fint i Paris òg.

Eg likte boka ganske godt. Ytre sett hadde den ikkje akkurat spennande handling, men eg likte bruken av enkle symbol som globus, verdskart, Trollmannen frå Oz, Seinfeldt, tidskapsel og språklæring. Tolkinga av desse symbola var ikkje så vanskeleg, og eg tenkjer at eg kan anbefale boka til særemnebruk ved seinare høve.

Bok 29 2015: "Den grenseløse" av Jussi Adler Olsen

I denne sjette boka om Avdeling Q kjem Carl Mørck og kollegaen Assad opp i dramatiske hendingar knytt til ei hippierørsle. Det heile begynner med at Carl er litt avvisande i telefonen, og at den han avviser kort etter tek livet av seg. Hendingane finn mellom anna stad på Bornholm, og vi møter mange interessante karakterar og lagnader som vert og har blitt fletta inn i kvarandre på ein spennande og gjennomført måte.

Helge Winther-Larsen les bøkene av Adler Olsen svært godt, spesielt gir han Assad og Carl liv. Eg kjem aldri til å lese desse bøkene som anna enn lydbøker. Det er god krim med ein humoristisk undertone, og språket er kanskje det eg likar aller best - ikkje minst Assads kamelordspråk eller mistydde metaforar.

onsdag 15. april 2015

Storegut 18 år

Min vesle baby er blitt 18 år og myndig. Det er ikkje lenge sidan han var skalla og tannlaus, eller sidan han som treåring ropte på "Satan" med sjørøvarsverdet i handa. Eg minnest "våpenskapet", der alle beslaglagde leikesverd hamna, og leiken "tistel-karate", som skulle hjelpe han til å bli kvitt noko av den energien han hadde så altfor mykje av i tidleg barndom.

No er han kanskje energisk, og det er mykje lyd i han, men han er først og fremst ein snill og fredeleg gut som eg sjeldan kranglar med eller er sint på. Han er ofte hjelpsam utan at eg treng be han om det, spesielt når det er "mannfolkarbeid".

Vi har lærekøyrt mykje den siste tida, og eg var temmeleg sikker på at han kom til å greie oppkøyringa i dag. Han har trass alt god trening i å køyre under ekstremt stress, som han sa då søskena bråka i baksetet i påska. Og oppkøyringa gjekk bra den, så no er han ein myndig mann med "license to drive".

Vi gratulerer!

søndag 12. april 2015

Tante 80 år

Vår tøffe og spreke tante feira på laurdag 80-årsdagen sin ein dag på førehand. Frammøtte var brørne med koner, to nieser (systa og eg), dei tre barna, svigerbarn, barnebarn, svigerbarnebarn og oldebarn. Det var kjekt å møte slekta, og mange hadde vi aldri møtt eller ikkje møtt på svært lenge. Dess eldre ein blir, dess meir set ein pris på slekt.  Vi hadde ei kjekk feiring av den strålande jubilanten, og takkar slekta for laget!





fredag 10. april 2015

Hardbakke i Solund

I dag reiste systera mi, foreldra mine og eg til Hardbakke i Solund. Ærendet er å feire tanta mi sin store dag. Det blir ikkje så ofte vi reiser ut til øyriket, som var feriemål sommarane og av og til i påska i heile min oppvekst. Då besøkte vi farmor i Ytre Solund, medan vi no har teke inn på leilegheitshotell i kommunesenteret Hardbakke i Indre Solund. Vi har hatt ein fin tur i nydeleg vårvêr, og hotellromma er fine og noko oppussa sidan sist vi var her.





torsdag 9. april 2015

Bok 28 2015: "Segelfoss by" av Knut Hamsun

Dette er forfattarens andre roman om det oppdikta nordnorske samfunnet Segelfoss. Mange av karakterane frå "Børn av tiden" er med i denne boka òg, og dei vert vidareutvikla som personlegdomar på ein svært underhaldande måte. Her er oppkomlingar, som oppkomlingen Hamsun paradoksalt nok lattarleggjer, omreisande teaterfolk som ler av dei fastbuande og litt enkle og naive bygdefolk som gjer sitt beste for å følgje med i tida. Miljøskildringa står i sentrum, og ein kan sjå linjer framover mot seinare nordnorske diktarar. Eg kosa meg stort med denne boka, som er glimrande innlesen på lydbok.

onsdag 8. april 2015

Rundtur i Hovdebygda

I ettermiddag gjekk vi ein ny, fin tur i nærområdet. Vi parkerte ved møbelfabrikken i Hovdebygda og gjekk på sti opp på Indrehovdeåsen, der det er laga til ei skikkeleg lærerik naturfagløype langs stien. Vidare gjekk vi på ein gjørmete sti over til Ytrestøyl, vidare over hovudvegen og over til vegen langs Hovdevatnet og Ytrehovden. Der gjekk vi blant anna forbi eit nedlagt kunstatelier og ein bauta for Anders Hovden. Ein lett og interessant tur i nydeleg vårvêr!






mandag 6. april 2015

Siste feriedagen

Når ein har fem undervisningstimar dagen etter, vert fridagen noko amputert. Heldigvis har eg gjort klart det meste av undervisningsopplegg før ferien, så eg trengde eigentleg berre eit par timar til å friske opp att stoffet til i morgon. Likevel legg det ein dempar på fridagen når ein skal innstille seg på jobb att. Eg må innrømme at eg snik-kika på kalenderen for å finne ut kva tid eg får fri att. Vi går ei travel tid i møte på jobb, med heildagsprøver og eksamensførebuing, så fridagane vert ekstra kjærkomne.

Elles har vi brukt ein del tid i hagen i dag. Hundegarden trengde reparasjon etter nokre vindfulle kveldar i vinter, og den er snart klar til bruk att. Ein heil del rusk er blitt fjerna frå plen og bed, sjølv om det vart vanskeleg å rake når det bles så mykje. Visna buskar og stauder må røskast vekk og gi plass til nye spirar, og denne prosessen har eg i det minste starta på. Eg er litt redd å starte for hardt, i og med at eg plar få vondt i armane, og fordi eg har ein lei tendens til å gå hardt ut og gå lei undervegs. Hagestell er noko eg likar å styre med, spesielt når eg får litt hjelp til dei tyngste taka.

Eigentleg burde eg ha teke nokre før- og etter-bilete, men det såg ganske ille ut før, og ikkje heilt fantastisk ut etter. Av og til er det berre ein sjølv som forstår kor mykje som er blitt gjort. Uansett er det meir synleg resultat enn av skulearbeid.

søndag 5. april 2015

Middag i Starevegen

I dag var vi heldige igjen - vi vart inviterte på middag hos besteforeldra i Ørsta, der det stod potetball (ballj) på menyen. Storegut fekk lærekøyre både til og frå, rundt fjorden begge vegar. Det er berre ti dagar til han skal køyre opp, og kanskje den siste gongen han fekk lærekøyre med mor si.

lørdag 4. april 2015

Jakt på påskeegg 2015

I og med at Eldstejenta var på jobb og i stallen, vart det kveld før vi kunne drage i gang den store jakta på påskeegg. Eldstejenta fann det første, så ho vart årets vinnar (om enn ikkje i Yatzy).

Bok 27 2015: "Herre min hatt" av Arto Paasilinna

Gud er utbrend, og det vert leita etter eit menneske som kan vere vikar for han i eit års tid. Den utvalde er den finske kranføraren Birger, som får makt til å ordne opp i verdsproblem og reiser verda rundt for mellom anna å avverge tredje verdskrig.

Denne boka kom ut i Finland i 1989, men er nyleg utgitt på norsk. Paasilinna er morosam og samfunnskritisk i denne boka, meir tydeleg samfunnskritisk enn i andre bøker eg har lese av han, men det fungerer litt dårleg når dei omtala politiske sakene var brennheite i 1989, men ikkje er det enno. Til dømes skriv han om den sovjetiske invasjonen i Afghanistan og uro i Nord-Irland.

Eg likte idéen og utgangspunktet for boka, men gjekk grundig lei etter kvart.

Påskeaftan i Lisjedalen

I dag skulle dei to yngste og eg gå tur med hunden, men så var vi så heldige at vi møtte venninna til Veslejenta som òg hadde tenkt å gå tur med hund. Vi fekk dermed kjekt turfølgje til Lisjedalen. Det er ikkje mogleg å få med seg gjengen på ski, og Minstemann har berre hatt tøyskor i påska, men i dag trua eg på han joggeskorne til Eldstejenta så han kunne gå litt i snø. Det er mogleg å køyre heilt opp viss ein har dertil eigna bil, og vi nyt sauefrie markar så lenge det varer.Vi har det så vakkert i nærmiljøet at det ikkje er nødvendig å reise langt av garde, men sjølv kunne eg tenkt meg litt meir spektakulære turmål.



Bok 26 2015: "1983" av Jonny Halberg

Robert veks opp hos faren, som er yrkesmilitær. Sjølv vil Robert bli militærnektar og forfattar, men slit med å finne seg sjølv. Der er mange rundt han som fortel han at klesstilen hans er feil, at han ikkje les dei rette tinga eller skriv på den rette måten. Alle andre osar av sjølvtillit, medan han sjølv slit med å verte intellektuell nok og å bli akseptert av dei rette menneska.

Eg likte denne boka godt. Spesielt møta mellom Robert og somme særskilt pretensiøse menneske vart godt og humoristisk skildra. Ein er spesielt sjølvsikker, sidan han har fått publisert ei novelle, medan ein annan har fått rosande omtale av tre dikt, men ikkje publisert dei. Desse set seg sjølv langt oppe på rangsstigen, medan dei latterleggjer Robert. Her er òg nokre fine scener der Robert nesten duellerer med andre gjennom å ramse opp forfattarnamn. Her gjeld det å seie dei rette tinga, om dei rette personane. Robert les tidsskrift der han plukkar opp kommentarar han kan kome med sjølv seinare.

Boka gir eit artig tidsbilete av 1980-talet, så den passar godt som mimrebok for dei av oss som hugsar tiåret. Den er òg tidlaus i ein del av tematikken, spesielt konflikten mellom Robert og faren.

fredag 3. april 2015

Familietreff på Hareid


I dag var vi så heldige at vi vart inviterte i familieselskap på Hareid. Storegut var sjølvsagt sjåfør, sidan mora er oppteken av at han skal få lærekøyre så mykje som mogleg, og med oss hadde vi elles dei tre søskena, ein hund i bur og ei kaketine med kake i. Det er ikkje ofte vi har det så trangt i bilen.

Tanta diska opp med deilig middag, medan kaffimåltidet var litt meir prega av spleiselag. Besteforeldra kom til dømes med restar frå 75-årsdagen, og vi hadde altså med ei ostekake. Vi kosa oss stort med mykje mat og prat, slik det plar vere, og vi takkar igjen for ein triveleg dag.

På heimveg sette vi av Eldstejenta i Volda, sidan ho skal jobbe i morgon. Storegut reiste på fest, og vi hine har kosa oss med film og hatt ein roleg kveld i heimen.

torsdag 2. april 2015

Påskelam

Ungane og eg har ikkje hatt så faste tradisjonar i påskeferien, verken når det gjeld mat eller aktivitetar. I år tenkte vi at vi skulle ha pinnekjøt, sidan det er lenge sidan jul og Rema hadde kjøt på tilbod. Det er enkel mat å lage, men det vart litt seint før det vart ferdig, sidan vi var på langtur først. Vi har ikkje handla inn så mykje pynt i år heller, så det var dårleg med bordpynt. Storegut tilbaud seg å halde ein lighter, sidan eg ikkje hadde laga til gule lys på bordet eingong. Serviettar hadde eg heldigvis på lager, og maten smakte godt, sjølv om vi sakna høgtidsstemning og gåver.

Roadtrip til Flø

Storegut har knappe to veker til han skal køyre opp, så mora tilbaud han i dag å køyre ein tur utover mot Flø, så kunne vi gå tur der ute. Vêret var ganske skiftande på turen, så det var godt å kome i hus att etterpå.