torsdag 29. mars 2012

Bok 17 2012: "Siste natt i Twisted River" av John Irving

Eg har lese nokre av bøkene til Irving tidlegare, og likt dei svært godt. "En bønn for Owen Meanie" er ei av dei bøkene som har gjort størst inntrykk på meg, og som eg godt kunne ha lese igjen. Problemet med Irvings bøker er at dei oftast er svært voluminøse.

Lydboka "Siste natt i Twisted River" er på heile 19 CD-ar, til saman om lag 23 timar. Dette er absolutt i meste laget, men den er drivande god frå byrjing til slutt. Boka har fått blanda kritikk, men eg er berre positiv - ikkje minst fordi eg hadde slik sans for "Ketchum", ein av karakterane i boka.

Handlinga går, kortare fortalt enn av forfattaren gjer, ut på å skildre ein periode på om lag femti år i livet til ein ung mann som blir forfattar. Han og faren er blant anna på flukt frå ein mann som dei trur er ute etter å drepe dei, og dei flakkar derfor rundt, møter nye menneske og opplever mykje både på personleg og historisk nivå.

Romanen seiest å vere mykje sjølvbiografisk, og det vert brukt mot Irving som forfattar. Dette interesserer meg eigentleg ikkje, men eg tenkjer at ein karakter som Ketchum kanskje må vere basert på ein verkeleg person - viss ikkje, er han godt dikta.

onsdag 28. mars 2012

Gratulerer Besta!

I dag har mor mi, som på bloggen sin kallar seg "Besta", fødselsdag. Det er tett mellom festdagane for tida, så noko markering vert det ikkje før i påska, når alle er samla.

Mamma er ein aktiv og oppdatert pensjonist med interesse for litteratur, Tv, mat og strikking, for å nemne noko. Ho er aktiv i pensjonistlaget, der ho mellom anna er med på å arrangere senior-kino.

Biletet er frå då ho heldt tale i selskapet sitt for eit par år sidan.

tirsdag 27. mars 2012

Lommerosk i lokalavisa

I dag stod det om basaren sist søndag i eit stort oppslag i lokalavisa, der bandet Lommerosk fekk rosande omtale. På framsida var det eit lite bilete av ein kar vi kjenner frå før.

mandag 26. mars 2012

Oppgradering av sofakroken

I dag fekk eg melding om at siste rest av stovemøblar var leverte heime hos meg. Eldstejenta vart med meg ein snartur på Møbelringen, der eg betalte møblane og kjøpte eit matchande teppe. Eg kjøpte ikkje flossteppe fordi eg er redd det blir vanskeleg å halde reint, og vi fall eigentleg for eit lysegrått med litt svarte spettar i. Fargeklattar kjem etter kvart, i form av dukar, lys og puter, men førebels har vi andre, viktigare ting på agendaen.

Feiring av Eldstejenta

Etter basaren tok familien turen over fjorden for å feire Eldstejenta, som vart 19 sist fredag. Turmålet var kinarestauranten "Landscape", etter jubilantens ønske. Ei fin avslutting på ei aktiv helg for store og små.

Basarsøndag på Folkestad

Etter ein roleg fridag med tur og lite anna var det tid for korpsbasar på Folkestad. Lommerosk spelte fleire songar - mellom anna denne coverversjonen av Foo Fighters' fantastiske "Bridge burning".

lørdag 24. mars 2012

Javisst kan Minstemann sykle!

I ein alder av nøyaktig åtte år og fire månader lærte Minstemann seg i dag å sykle!

Storegut skulle av garde i kyrkja i dag, og vi hine for til vår tidlegare heim for å halde fram med nedvasken. Det var ein nydeleg dag, og ungane ville heller leike enn hjelpe til. Gamla hadde ikkje hjarte til å tvinge dei til å vere inne, så dei styrte på ute medan eg vaska ned badet, kjøkenet og stova. Barnefaren stakk innom eit par timar og hjalp meg med å vaske alle roma på loftet. No står eg att med eit par rom i første etasje, så er eg ferdig! Eg vil helst vere aleine når eg avsluttar prosessen, for då reknar eg med at eg må sjå over alt og vere heilt sikker på at eg ikkje har gløymt noko. Kanskje greier eg det før dåpen, viss helsa held!

Den nybakte syklisten er veldig stolt og glad, og han har allereie sykla på besøk og henta hit ein kompis - under streng overvaking av Veslejenta.

Eg må for skams skuld legge til at dei faktisk gjorde ein innsats i huset dei òg i dag. Dei fekk oppgåva med å rydde og koste utanfor dørene, og det greidde dei å fullføre NESTEN utan gråt og tenners gnissel.

Lommerosk på Rokken

Gamla fekk dessverre ikkje vere til stades då Storegut og kompisane i bandet "Lommerosk" fekk varme opp for sine store heltar i bandet "Fatty Sunroad". Ein halv times konsert for folk over 18 er ikkje dårleg når du sjølv ikkje har fylt 15, og gutane var visst rimeleg stolte og takksame for denne mulegheita. Vi foreldra synest det var hyggeleg gjort av "Fatty"-gjengen å la gutane sleppe til! Mange musikarar har opplevd gleda ved å bli høyrt og sett pris på av eldre musikarar, men ikkje alle er like flinke til å bruke den røynsla til å motivere neste generasjons musikarar seinare i livet. Gutane var uansett storleg nøgde etterpå, og dei hadde fått både ros og brus.

Vi hine sat heime og skulle kose oss med den lokale songhelten på TV, men han gjekk dessverre ikkje vidare i "The Voice". Høgst ufortent, og svært skuffande.

Seint på kveld kom Storegut heim saman med Barnefaren, som hadde filma heile seansen på Rokken såpass Gamla fekk eit visst innblikk likevel. Noko av det kjem truleg på youtube etter kvart.

fredag 23. mars 2012

Eldstejenta 19 år!

Ingen stad kan vere kjekkare å feire bursdagen sin enn i London! Eldstejenta har det supert på skuletur i storbyen, der sola skin og det er deilig temperatur. Eg snakka med henne i ettermiddag, og då var ho på veg inn i Madame Tussaud's vokskabinett. Elles skulle dei i the Tower. Vi gratulerer så mykje!

torsdag 22. mars 2012

Lommerosk varmar opp for Fatty Sunroad på Rokken 23. mars!

Vårteikn: fuglesong, snøsmelting og prøvebunkar

Bloggen har ikkje blitt oppdatert sidan tysdag morgon på grunn av ekstremt tregt Internett i heimen, så det er på tide med ei lita oppdatering.

Tysdag etter jobb tok eg meg ein tur til frisør, deretter på TREN, for så å stresse rundt i butikkar saman med dei tre yngste og Barnefaren. Vi enda opp i Ørsta, der vi avslutta shoppingrunden med pizza på den tyrkiske restauranten (noko eg heilt sikkert hadde fotografert dersom eg hadde hatt kamera).

Seinare på  kveld retta eg 1/3 prøvebunke, før det vart tv-kveld og total avslapping resten av kvelden.

Fri-onsdagen starta med retting av 1/3 prøvebunke, før eg tok med dei to yngste til frisør i Volda. Også denne dagen vart det tid til noko shopping, blant anna kjøpte eg ei øskje med Hardangerbestikk (Silje) på tilbod. Eg har tidlegare begynt å samle på Carina, men det er sjeldan eller aldri på sal. Der og då bestemte eg at det er fullt mogleg å kombinere dei to mønstera. Tilbodet var for godt til å gå frå, og vi var leie av å ha bestikk berre til seks personar.

Seinare på dag vart det høve til ein gåtur for Gamla medan dei to yngste var på fotballtrening. Det var vårleg ute, med fuglesong og brusande bekkar, og for første gong i år var det dagslys under heile treninga, som slutta 18.45.

Når eg til slutt tek med at eg om kvelden retta 1/3 prøvebunke, kan matematikkgenia blant dykk trekkje ein konklusjon når det gjeld den bunken. Eg har to til liggande på vent, og eg håpar på å få dei ut att før påske. Etter påske kjem heildagsprøvane ramlande inn, i tillegg til praksisrapportar og munnlege framføringar. Eit sikkert vårteikn!

tirsdag 20. mars 2012

Fattig illustrert blogg?

Denne veka er kameraet mitt i London, og eg unngår dermed den før nemnde problematikken rundt kva og kven ein kan legge ut bilete av på bloggen.

Det første biletet som ikkje vart teke, og som dermed ikkje vert lagt ut, er av gjengen på middagsbesøk i Ørsta. Måndag er som kjent ballettdag, og for ein gongs skuld skulle eg ha med alle fire avleggarane til middagsbesøk hos Mormor og Morfar. Litt før 14.30 ringde Veslejenta frå ferja. Ho hadde fått melding frå ballettskulen om at læraren var sjuk, så ingen av jentene skulle danse. Eg slo straks på tråden til "Besta" og spurde om vi kunne kome likevel. Det var greitt, og nesten nødvendig, så mykje mat som dei hadde klar. Sidan Minstemann, som den einaste, ikkje hadde vore overbegeistra for menyen sist vi var der, slo "Besta" til med blomkålsuppe, pølser og potetstappe. Suppegjøken sjølv slurpa i seg fire porsjonar med suppe, så han måtte stå over hovudretten. Til dessert fekk vi sjokoladekake, så det var eit perfekt måltid!

Vel heime trudde eg først at det var innbrot, men så var det Barnefaren som hadde teke seg til rette og montert opp ringeklokke m.m. Fyrt i omnen hadde han òg gjort, så det var ekstra koseleg å kome heim.

Tysdagen begynte tidleg for min del, for eg skulle mellom anna ringe til ho som no er på veg til London. Eg må innrømme at eg er frykteleg misunneleg, men unner sjølvsagt gjengen ein flott tur. Både engelskklassen, musikk-klassen og ein gjeng frå realfaggruppene på jobb er i London denne veka, medan ein idrettsklasse er i Sør-Spania. Vi kryssar fingrane for at alle turdeltakarane får gode minne frå reisene - alle gruppene har i alle fall flotte og interessante opplegg, men av erfaring veit eg at det heile kjem an på korleis deltakarane oppfører seg.

mandag 19. mars 2012

Bok 16 2012: "Det røde huset i skogen" av Arne Garvang

Forfattaren er truleg betre kjend som "Pelle Parafin", og han les lydboka sjølv. Den er med i serien "Svart Lesehest", som er skumle historier for born i 5. - 7. klasse. Eg høyrde boka saman med mine to yngste, som går i 3. og 6. klasse, og den var passeleg skummel for dei.

Hanne flyttar motvilleg til eit gammalt hus langt ute på landet saman med foreldra sine. Skumle ting skjer - nokre av dei har ei naturleg, truskuldig forklaring slik vi forventar i ei krimbok for born, men andre ting er minst like fæle som frykta. Noko får vi ikkje forklaring på i det heile, og dette er noko som irriterer meg. Sjangerkravet til krim, anten det er for born eller vaksne, er at vi får forklaring på alt. Eg er noko gammaldags på den måten.

søndag 18. mars 2012

Times like these make me live again

Søndagen begynte relativt tidleg, i og med at Storegut skulle på temagudsteneste. Vi hine rusla etter - vi bur berre ti minutts spasertur frå kyrkja, og vêret var flott.

Gudstenesta vart noko utanom det vanlege. Ein tok i bruk nye "reglar" for tekstlesing, der presten gjekk ned i midtgangen for å lese blant menneska i kyrkjelyden. I tillegg hadde vi ikkje den vanlege organisten, men ein annan, og han hadde med ein trompetist. Dette gav ei spesiell stemning - ikkje minst då dei slo over til gladjazz i posteludiet. Konfirmantane deltok med dramatisering, dans og opplesing, og dei tre konfirmantane som er med i Lommerosk spelte og song ein nydeleg akustisk versjon av Foo Fighters' "Times like these". Instrumenta var kassegitar og eit lite sett med to trommer, og Storegut song utan mikrofon. Myrsnipa syntest sjølvsagt det innslaget var det absolutte høgdepunktet. Minstemann hadde meir sansen for kyrkjekaffien etterpå.

Før middag henta eg Eldstejenta, og det er berre så ufatteleg koseleg å ha alle fire samla. Eg hadde gjort meg ferdig med ein bunke, så vi brukte ettermiddagen til kos og prat. Ein liten tur til ballbingen vart det i dag òg, og vaflar til kvelds.

No har eg kjørt Eldstejenta på ferja, i eit frykteleg vêr med snø og vind.

lørdag 17. mars 2012

Best utan ball


Dagen begynte fint med sol og vindstille, og eg kjende energien kome attende for fullt. Etter nokre småjobbar i heimen sette eg derfor av garde til "gamleheimen" der eg pussa alle vindauga etter beste evne. Ikkje så lett i strålande sol, men ei desto finare utsikt. Etter eit par timar med effektivt arbeid i einsemd kom Barnefaren med småungane. Dei hjalp til med å henge opp nyvaska gardiner og sortere ein del ting og tang. Eg fekk vaska ned eit par kott - planen er å ta sjølve romma til slutt, men gjere seg ferdig med nedvask av skap og denslags først. Framdrifta er ikkje så imponerande, men eg har ein krevande jobb og fire ungar som eg bruker mykje tid på.

Vel heime laga eg pizzabaguettar. Vi åt oss nesten forderva, så etterpå gjekk vi ein tur ned til ballbingen. Dit kom det òg nokre andre, så det er tydeleg at bingen fungerer som samlingsplass for bygdeungane.

I kveldinga kosar vi oss med TV, dataspel og musikk - huset fungerer fantastisk godt etter alle sine behov.

Vinklubb på Neset

Fredag kveld var 11 bygdedamer samla til god mat, prat, og ikkje minst vin. Samtalane gjekk på høgt (lyd)nivå, som vanleg, og vi kosa oss stort.

Ein debatt i bygda for tida er bruken av sosiale media og misbruk av foto på Internett. Skepsisen er stor både blant vaksne og unge. Eg har derfor ikkje tenkt å legge ut anna enn bilete av ei rose i dag - ein nydeleg bukett eg fekk som stå-på-gåve tidlegare i veka.

torsdag 15. mars 2012

Please don't let me be misunderstood

Tysdag trena eg saman med Eldstejenta etter jobb, før eg henta Minstemann på SFO. Vel heime laga eg mat til oss, rydda opp og begynte på dagens dont  del 2. I løpet av kvelden fekk eg sortert, kassert og plassert tre sekkar og ei kasse fulle av diverse ting og tang - ikkje minst tok det tid å få gått gjennom ein meterhøg papirbunke med alt frå reklame til brev frå offentlege kontor. Då det leid mot leggetid, laga eg meir mat, følgde Minstemann til senga og las ei bok til han før eg parkerte i godstolen.

Frionsdagen gjekk òg med til syslar av ulike slag. Minstemann og eg henta Kompisen på SFO, så gutane kosa seg med "frileik" både ute og inne. Sjølv retta eg stilar, vaska hus, laga middag, steikte vaflar og bretta klesvask.

Då eg kjørte Minstemann og Veslejenta på fotballtrening seint på ettermiddagen, spurte ho han om kva vi hadde gjort på på Kosetysdagen og Fri-onsdagen.

"Ho Mamma sitte no berre med facebook", kom det frå Poden.

Open dag 2012

Tysdag arrangerte skulen eg er tilsett ved "open dag" for niandeklassingar i nærområdet. Målet er å få dei unge til å bestemme seg for "rett" vidaregåande utdanning allereie eit år før dei skal velje på alvor. Altfor mange elevar ombestemmer seg og let vere å fullføre vidaregåande, og dette vil ein unngå både frå sentralt hald og lokalt på skulane. Eg var blant lærarane som snakka om fag ved skulen, og i løpet av ettermiddagen hadde eg i alle fall overtydd meg sjølv om at norskfaget både er interessant og viktig.

Les meir om "Open dag" her

Storegut var til stades på arrangementet, men han har bestemt seg for lengst for kva han vil søkje. De kan no gisse kva det kan vere.

tirsdag 13. mars 2012

Bok 15 2012: "Jeppe Jansens giraff" av Odd Eidem

Som forfattar var Odd Eidem mildt sagt produktiv og mangfaldig, og dette er ei av dei i alt tre barnebøkene han skreiv. Opplesinga i lydboka er utført av legendariske Rolf Just Nilsen. Boka kom ut i papirutgåve første gong i 1969.

Ein mann fyller hundre år, og vi får vite at han for eit år sidan var ein gretten gammal gubbe som ikkje fann noko i livet interessant meir. Så møter han ein sjiraffunge, og denne fortel han ei historie om to vassdropar. Det heile er noko filosofisk, og eg trur bodskapen er at menneska er samansette av både noko lystig og noko deprimert. Boka er dessutan ganske lyrisk i forma, noko som vert understreka av opplesaren.

Ungane mine (dei to yngste, på 8 og 11 år) er meir i målgruppa enn eg, og dei hadde sansen for boka. Det einaste dei uttrykte seg negativt om, var språket. Odd Eidem var ivrig riksmålsforkjempar, og boka inneheld mange antikverte ord og uttrykk som eg måtte forklare. I tillegg bruker forfattaren nokre utanlandske ord, noko som er med på å understreke det lyriske preget.

mandag 12. mars 2012

Sveisen konfirmant

Storegut og eg tok oss ein runde i butikkar laurdag for å kjøpe serviettar, lys m.m. til den store dåpsfesten. Han fekk velje fargar og mønster sjølv, og guten har ikkje så verst smak. Medan systra og familien elles, inklusiv besteforeldre, var på konsert i kyrkja, fekk guten innvilga ønsket om å klippe seg.

12-konsert i Volda kyrkje

Sist laurdag var det Veslejenta sin tur til å stå framfor publikum. Ho framførte "Mull of Kintyre" av Paul McCartney, ein av mine favorittsongar, og folketonen "Den bakvende visa". Det første nummeret var desidert best, og læraren hennar hadde funne nydeleg "komp" som vart spelt på CD. Den same læraren og eg hadde hatt ein prat på facebook om nettopp denne melodien, og nummeret var såleis innøvd delvis etter mitt ønske.

Lokal helt i "The Voice"

Vi heiar sjølvsagt på vokalisten i Broadline, som vert presentert som den eldste deltakaren i konkurransen på TV2. Etter vårt syn burde han haldast fram som ein av dei flinkaste! Både Knut Eilefsen og Ida Glomnes, begge frå Volda, gjekk vidare til neste runde i programmet, og vi håpar at vi får høve til å stemme på dei om ikkje så lenge.

onsdag 7. mars 2012

Fri-onsdag med skulearbeid, pannekaker og fotballtrening


Etter eit par dagar med sol og fint vêr vart det no regn og vind att. Vi satsa derfor på ein innedag med diverse aktivitetar. Veslejenta sat med lekser i over fire timar, medan Minstemann fekk besøk av kompisen. Gamla pakka ut nokre fleire sekkar, vaska og bretta klede - og steikte pannekaker, som tradisjonen tilseier på onsdagar. Storegut kom heim til ferdig middag etter skulen, men forsvann fort ut døra att for å fare på bandøving og på besøk til ein kompis. Det er kjekt for han å ha gangavstand både til øvingslokale og kompisar.

I kveldinga var det ei litt spesiell fotballtrening for dei to yngste, med filmframsyning og popcorn. Ei av fotballmødrene er ivrig med filmkamera, og no fekk vi sjå gamle og litt nyare filmklipp frå kampar og turneringar. Noko trening vart det også tid til.

Etter treninga gjekk eg ein liten tur ut i regnet, før eg sette meg til med meir skulearbeid og avslapping i godstolen.

tirsdag 6. mars 2012

Bok 14 2012: "Himmelstormeren" av Cecilie Enger

Ellisif Rannveig Wessel var ei overklassejente som gifta seg med ein lege og flytta til Kirkenes. Etter å ha opplevd fattigdom på nært hald vert ho ein glødande sosialist, noko ho gir uttrykk for i skrift, fotografering og anna politisk retta handling. Aktivitetane fører til mykje motgang, særleg blant andre overklassekvinner.

Cecilie Enger har skrive ein roman om denne spennande kvinna. Romanen er interessant på grunn av temaet, men elles er det vanskeleg å sjå kor stor litterær verdi den har. Noko av grunnen til dette er at forfattaren sjølv har lese inn lydboka. Ikkje alle forfattarar er like gode opplesarar, dessverre. Likevel må det seiast at Enger har gjort ein flott innsats for å løfte fram denne pionéren av ei kvinne.

mandag 5. mars 2012

Lommerosk vidare i UKM med songen "Social Education"

Lommerosk i media

I biletserien til Sunnmørsposten frå UKM i Volda 2012 er det bilete av mange av deltakarane, og Lommerosk er med i bilete nummer 4. I papirutgåva av same avis er der dessutan med eit intervju med bandet.

Her skriv nærnett om UKM, og dei har òg mange flotte bilete

No skriv dei på facebookstatusen sin at dei er vidare i UKM. Eg håper verkeleg det stemmer!

søndag 4. mars 2012

Bacalao og blautkake

Av og til må ein få unna arbeid på søndagar - anten det er skulearbeid eller anna. Barnefaren og småungane brukte mykje av dagen til å rydde opp etter orkanen Dagmar, medan eg flytta rundt på sekkar og kasser, vaska hus og rydda ting på plass i skuffer og skap.


Barnefaren hadde laga deilig bacalao til middag - det var eg som sette han på idéen då eg hadde lyst å lage bacalao, men ikkje hadde kjøkenvifte. Vi likar godt å ete salat og brød til.


Dagens vesle irritasjonsmoment var då eg skulle lage til ei blautkake. Eg hadde kjøpt ein ferdig botn og fylte den med frukt (kiwi og banan) og vaniljekrem. Då eg skulle til å piske fløyte til å ha på toppen, viste det seg at fløyten var sur - heile tre (3) dagar før stemplingsdato! Heldigvis skulle eg hente Eldstejenta på kaia, så ho kjøpte med seg ein ny fløytepakke frå ein bensinstasjon i tettbygde strok. Slik gjekk det til at ho fekk pynte kaka. Eg hadde falle for freistinga og kjøpt jordbær, og dei eigna seg godt til å pynte med. Mi erfaring er at ei kake vert meir populær dersom ein pyntar med jordbær - uansett om det er sjokoladekake eller kremkake.

Nokre av oss gjekk tur med hundane mellom måltida, og dermed gjekk det med mykje kake etterpå. Den smakte fortreffeleg, trass i at eg altså brukte ein billeg ferdigbotn (13 kroner). Kven gidd å bake når det enkle ofte er like bra - og billegare?

Yngste nevø 2 år!

Eg har seks nevøar, og den yngste fyller i dag to år. Vi ser Kongsberg-gjengen altfor sjeldan, og guten har truleg utvikla seg mykje sidan sist vi såg han. No håpar vi at vi snart får sjå dei att, både store og små!

Gratulerer med 2-årsdagen!

lørdag 3. mars 2012

UKM i Volda 2012

Det er bra typisk; i dag var det strålande vêr, og eg vakna med dundrande hovudverk. Og skulle på UKM. Det var berre å stålsette seg og knaske ein tablett, og så gjekk turen til tettbygde strok. I forbifarten kan eg nemne at eg fekk tre kvarter til overs, og då planla eg ein del når det gjeld den komande barnedåpen. Innkjøp vart det ikkje, men eg fekk nokre (gode?) idéar til pynt.

Eldstejenta og Venninna var først ute på scenen med ein sjølvkoreografert dans. Elles vart det mange band før pausen, og fleire av dei var flinke. Vi heiar sjølvsagt på Lommerosk, som er bandet der Storegut er vokalist/gitarist. Etter pausen kom fleire gode innslag med alt frå klassisk piano til jojo-triksing. Ungdomane er veldig flinke, så juryen får inga lett oppgåve. Personleg held eg som favorittar (utanom mine eigne myrsnipekyllingar) Pernille/Benjamin og vår lokale stjerne Jeki.

 Her er ein førehandsomtale om Eldstejenta og Venninna.
Og her er ein video av dansinga deira

Gratulerer med vel overstått til alle deltakarar og alle i publikum!

Bok 13 2012: "En svunnen tid" av Kate Morton

Denne romanen føyer seg inn i rekka av eventyr for vaksne, med mysterier frå fortida som gradvis vert avslørte gjennom ulike parallelle historier. Tre eldre systrer bur saman i eit slott, ei ung kvinne oppsøkjer dei for å finne ut meir om mora sitt opphald på slottet under andre verdskrig og om ei gammal barnebok forfatta av faren til dei tre systrene. Alle dei involverte personane har ei spennande fortid, og ingen av dei er dei dei ser ut til å vere.

Dette er kanskje ikkje stor litteratur, men det er god underhaldning for lesaren.

torsdag 1. mars 2012

Koseleg nabobesøk!


Etter endt arbeidsdag tok eg igjen turen til min tidlegare heim for å fylle opp Lillebil. Vel heime pakka eg ut nokre fleire kasser, og så fekk eg triveleg besøk av min nye nabo. Ho hadde med ein nydeleg Ekelund-løpar til meg som innflyttingspresang - i akkurat dei fargane eg har sett føre meg skal dukke opp ved vindauga om ikkje så altfor lenge, og i slik stil eg likar.

Ikkje verst med fine presangar og gode naboar - det varmar hjartet!