fredag 30. november 2012

Tjuvstart på jula 2

I dag laga eg medisterkaker med diverse tilbehør til middag og dekte på ved spisebordet i stova. 

Ungane var travelt opptekne med å få opp utelys, noko som vart ein liten nedtur då lysa i bjørka plutseleg ikkje ville lyse. Storegut hadde nemleg gjort ein viss innsats før han kom så langt.

Plast-granbar-girlanderen har vi fått opp, men der var ikkje nok, så vi bør investere i eit par pakkar til. Og nye lys til bjørka, sjølvsagt.


Den andre nedturen var då vi skulle bake julemenn, og Eldstejenta brått spurde om vi har former. Det viste seg at vi har EI form. Den er forma som ein liten katt, og veldig fin, men vi skulle gjerne hatt nokre store gris-, hjarte-, mann- og koneformer òg.

Siste dag med studenten

Det var lenge sidan sist eg hadde hatt student, for eg likar best at dagane går som normalt. I år har eg berre fag eg har hatt fleire gonger tidlegare, så eg kjende at eg kunne ta på meg noko anna i tillegg for å få litt variasjon. Eg sa derfor ja til to ting i haust: å ha student og å skulere meg i "Ny giv".

Fem veker saman med studenten har gått relativt raskt, og det har vore ei svært positiv oppleving. Han har vore fagleg flink, og vi har hatt god kjemi og reflektert saman om undervisninga og elevane. Då han i dag sa han hadde lært mykje og sett pris på rettleiinga mi, måtte eg innrømme at eg har lært mykje eg òg. Lærargjerninga er litt einsam på den måten at ein sjeldan har andre lærarar til stades i timane sine, så eg sette pris på å kunne føre samtalar om elevåtferd og pedagogiske tilnærmingsmåtar.

På toppen av alt fekk eg som avskilsgåve ei bok eg har ønskt meg. Den skal eg kose meg ekstra med no i adventstida, og så skal eg sende gode tankar til han som er attende i sin daglege dont ei erfaring rikare.

onsdag 28. november 2012

Bok 79 2012: "Menneske uten hund" av Håkan Nesser

Dette er den første boka i "Barbarotti-serien" til Håkan Nesser. Den er godt komponert og interessant, men eg merkar at eg ofte synest at kriminallitteratur vert unødvendig langdryg.

Ein familie skal ha stor fødselsdagsfeiring like før jul, og i høve dette selskapet samlar dei seg i huset til ekteparet der mannen er jubilant. Natta før selskapet forsvinn sonen deira, og natta etter forsvinn barnebarnet. Gunnar Barbarotti er sentral i oppklaringa av forsvinningane, og vi får sjølvsagt vite ein del om privatlivet hans òg.

Boka kan anbefalast, men den er ikkje skremmande på nokon måte, noko som passar godt når ein for det meste høyrer lydbok på tur ute i mørkret.

Tjuvstart på jula



På frionsdagen denne veka passa det godt å drage fram ein del julepynt og begynne å lage julestemning. Jentene lasta ned julemusikk, og då gjekk stryking og anna som ein leik.

tirsdag 27. november 2012

Hei sveis!

Eldstejenta har ikkje vore til frisør på halvanna år, men i dag tok ho og venninna turen. Resultatet var svært vellukka!

mandag 26. november 2012

Nerf for the Nerd

Minstemann fekk mykje pengar til bursdagen sin, blant anna frå besteforeldra, som hadde fått beskjed om at han sparar til ny sykkel. I dag var det den store shoppingdagen, og han fekk ta seg ut ein flott 2013-modell med kraftige hjul. Barnefaren har stor nok bil til å frakte vedunderet heim til oss i morgon.

Guten vart litt betutta då han oppdaga at alle sparepengane gjekk med til sykkel, men så kom vi på at Mamma ikkje hadde kjøpt gåve enno. Dermed fekk han ta med seg heim ein  skytar etter eige ønske. Lukka er stor.




søndag 25. november 2012

Ein historisk dag med (fot)ballett

I dag var vi opptekne med ballettshow i Ørsta det meste av dagen, blant anna då Hødd vann cupfinalen mot Tromsø. Trass i den spennande finalen var teatersalen fullsett på begge showa.

Les meir om balletten her 

eller her

lørdag 24. november 2012

I Straumsdalen på Minstemanns 9-årsdag





Sidan eg likevel gjekk glipp av Minstemanns store dag, vart det ein tur i den lokale fjellheimen i dag. Ikkje det dummaste ein kan ta seg til dagen etter ein rangel! Det vart ein fin tur i Straumsdalen, med eit lite stopp ved ein gard som ligg midtvegs oppe i bakken. Bonden der har gjort ein imponerande innsats når det gjeld å halde det fint rundt dørene og å sikre vinterveden.

Vinklubb i november

Verdas beste vindamer var igjen samla til hyggeleg samkvem fredag kveld. Praten sat laust, maten var god og vinane smakte fortreffeleg. All takk til vertinna og dei hine bygdedamene for ein triveleg kveld!

torsdag 22. november 2012

Nokre tips til vellukka stilskriving

  • Les nøye over oppgåvene så du er sikker på at du har forstått kva dei inneber
Drøft: diskusjon med seg sjølv, vise fleire sider av ei sak
Samanlikn: presentere begge tekstane først, deretter vise kva som er likt og ulikt
Analysere/tolke: finne særtrekk i teksten når det gjeld form og innhald
Sjangrar: essay, artikkel, kåseri
  • Vel ei av oppgåvene, les denne ekstra nøye fleire gonger
  • Dersom oppgåva inneheld ein tekst som skal analyserast, må du lese denne svært nøye. Det kan vere nyttig å skumlese den først, for deretter å lese nøye gjennom, streke under og notere i margen.
  • Bruk anten pc eller eit ark til å skrive ned stikkord og idear du kjem på i farta («idémyldring»). Nokre gonger kan det passe godt med tankekart – andre gonger er det nyttigare med ein punktvis disposisjon av stoffet.
  • Sjå på kvart einskild moment med tanke på om du kan seie meir om det, om der finst motargument o.l.
  • Skriv ein tekst med utgangspunkt i disposisjonen/tankekartet
  • Les nøye gjennom teksten og sjå om der er noko du vil seie meir om, noko som verkar ulogisk eller noko du tek opp fleire gonger.
  • Sjekk at oppsettet ser ryddig ut, og at avsnitta er rett markerte.
  • Sjekk rettskriving, og sjå spesielt etter ord du har skrive feil i tidlegare tekstar (til dømes og/å, vil/vill).
  • Les gjennom teksten ein gong til for å sjå om du kan variere språket meir, bruke meir dekkjande ord eller lage kortare/lengre setningar

onsdag 21. november 2012

Bok 78 2012: "Hypnotisøren" av Lars Kepler

Bak psudonymet "Lars Kepler" står ekteparet Alexander og Alexandra Coelho Ahndril. Dei har hatt stor suksess med kriminalbøkene sine, og det kan eg godt forstå etter å ha lese denne dramatiske og spennande boka. Likevel må eg få lov å seie at slutten blir altfor langdryg, og at delar av handlinga er føreseieleg.

Eg vil ikkje seie for mykje om kva boka handlar om, men eg kan nemne at hypnotisøren opplever at sonen vert bortført, og at ti år gamle hendingar står sentralt.  Eg kjem nok til å lese fleire bøker av forfattarane, og eg ser fram til  å sjå filmatiseringa.


Fruen fra havet

Ibsen er ein av mine favorittforfattarar, og eg har lese dei fleste stykka hans fleire gonger. "Fruen fra havet" er eitt av dei mest gripande stykka hans, men eg har aldri sett det på scene før, berre den gamle filmatiseringa med Liv Ullmann. Då Riksteatret kom på turné, var eg forventningsfull og litt skeptisk.

Dette er ei av dei beste Ibsenoppsettingane eg har sett. Kulissane var enkle, men effektfulle, skodespelarane dyktige og det heile så enkelt og tekstnært at dei ulike historiene fekk stå i sentrum utan unødvendig staffasje.

Teksten er i høgste grad dramatisk og gripande nok i seg sjølv. Alle personane som er med har si eiga bakgrunnshistorie, og ein skiftar på å kjenne empati og irritasjon for kvar einskild. Mest sentral står ellida Wangel, som har vore gift med mannen sin i ti år. Eigentleg hadde ho lova seg vekk til sin sjelefrende sjømannen, men så vart ho gift fordi Wangel ville ha henne. Når handlinga i stykket tek til, kjem sjømannen attende for å hente henne, og Ellida krev å få velje fritt kven av dei to mennene ho vil vere hos. Mykje minner om "Et Dukkehjem", men kjensler og begjær står meir i sentrum. 

Les meir om oppsettinga til Riksteatret her
 

lørdag 17. november 2012

Jul i november



I slekta har vi som tradisjon å ete julemiddag i høve pappa/morfar sin bursdag og farsdag. I år feira vi i tillegg Minstemann, som blir 9 år neste laurdag. Rundt bordet sat besteforeldra, halve gjengen frå Hareid og alle vi minus Eldstejenta, som er på konsert i Oslo.

På menyen stod pinnekjøt, karamellpudding og blautkake, mellom anna, så no sit heile gjengen min relativt sløve framfor tv-en for å sjå andre danse.

Takk for oss til vertskapet, og takk for laget til dei hine gjestene.

torsdag 15. november 2012

Heim til ferdig middag

Torsdagar er det ballett like etter mi arbeidstid, og i dag utnytta eg den timen jentene dansa til å handle inn nokre julegåver og juleutstyr. Då vi kom over med ferja, ringde Storegut så eg kunne ta med meg han òg heim (etter ein snartur på butikken).

Heime venta eit koseleg dekka bord, ferdig mat og ei særs hyggeleg vertinne. Det er ikkje ofte eg kjem heim til ferdig middag, og eg set desto større pris på det.

onsdag 14. november 2012

Reisen til julestjernen

Vi har som tradisjon å gå på kino heile familien og sjå ein julefilm i førjulstida. I år var det "Reisen til julestjernen" som peika seg ut som eit naturleg val. Eg har aldri sett den eigentlege "Reisen til julestjernen" frå ende til annan, men noko har eg plukka opp. Derfor var det interessant å sjå om det var noko poeng i å lage ein ny versjon.

Dommen i bilen heim var einstemmig. Historia er noko tynn, og der er nokre logiske brestar. Korleis greier til dømes Sonja å halde gullmedaljongen hemmeleg for røvarane i ti år? Kostyma og landskapsbileta var derimot imponerande og stemningsfulle. Vi trur ikkje det blir ein ny klassikar, men vi hadde absolutt ei hyggeleg oppleving.


Fri-onsdag i førjulstida

Dagane går fort for tida, og det er mykje skulearbeid både for min eigen del og ungane. Eg har brukt dei tre siste kveldane til å vere konsulent for ein som skriv stil, ei som les til eksamen og ei som gjer lekser, og på jobb har eg student i tillegg til min vanlege hektiske skulekvardag. Det går mot heildagsprøveperioden, og prøvene skal både lagast og kvalitetssikrast.

I dag fekk eg unna skulearbeidet på føremiddagen, og så ville eg ha med ungane ut på tur. Dei ville heller leike i hagen, så då vart det til at eg raka litt lauv, skar ned nokre busker og vaska bilen.

På menyen stod pannekaker med bacon og blåbær, og det tek si tid å lage til ein stor flokk. Før brukte eg å setje i gang to steikjepanner, og den skikken vurderer eg å starte opp att.

No i ettermiddag/kveld skal vi på kino. Vi har som tradisjon å fare heile familien på kino og sjå ein julefilm, og i år blir det den nye innspelinga av "Reisen til julestjernen".

Det er forresten bursdagen til pappa/morfar i dag, og vi gratulerer!

søndag 11. november 2012

Bok 77 2012: "Svik" av Trude Teige

Dette er tredje kriminalromanen til Teige, og igjen er hovudpersonen jurnalisten Kajsa. Handlinga føregår på Sunnmøre, der liket av ein eldre tysk turist vert funne drivande i ein båt. Etter kvart vert historier frå andre verdskrig dregne inn, og mange løyndomar vert avslørte.

Eg likte boka godt. Den er overkomeleg lang og har eit interessant tema, og historia er samanhengande og lett å følgje. Sidan eg har lese mykje krim synest eg at det meste innan sjangeren er føreseieleg og klisjéprega, men på grunn av emnet vart eg likevel engasjert.

fredag 9. november 2012

Bok 76 2012: "Imot naturen" av Tomas Espedal

I denne boka fortel Espedal om fleire kjærleiksforhold. Vi møter att den heilsprø, avdøde ex-kona og får høyre om forholdet deira, men meir sentralt står eit nyare forhold som eg-personen har hatt til ei svært mykje yngre kvinne. I tillegg dreg han historiske parallellar til Abélard og Héloïse, som eg nyleg har undervist om, og til Marguerite Duras, som har skrive om sitt forhold til ein eldre mann då ho sjølv var ung (i boka "Elskeren", som eg har lese).

Espedal kan minne om Knausgård, men han er langt meir ordknapp. Etter å ha lese tre av bøkene hans, har eg inntrykk av at dei er noko korte og lette å lese, men at dei krev tid og ettertanke på same måte som poesi. Eg liker dei godt, men innser at ein må vere i rett modus for å få rette leseopplevinga.

Bok 75 2012: "Sluk" av Lars Saabye Christensen

Romanen er tredelt, der den første og tredje delen dannar ei slags rammeforteljing. I desse delane møter vi Chris, ein typisk Saabye Christensen-karakter som i godt vaksen alder ser attende på oppveksten i Oslo. Også denne hovudpersonen har ein fysisk "skavank", nemleg ein fot som han sleper etter seg. I den tredje delen møter vi ein vaksen Chris som har fått psykiske problem etter at eit manuskript han har skrive er blitt sletta. Mykje av denne delen av boka handlar om korleis Chris gradvis vert betre ved å snakke om tankane sine, og motviljen mot terapien skaper spenning og høve til refleksjon.

"Jeg lurer på om man kan skrive godt, selv om man er ond"

Del to i romanen er ei forteljing frå ein stasjonsby i USA, der hovudpersonen Freddie arbeider som "mellommann", noko som inneber at han på vegner av sheriff, dokter og prest bringer dramatiske nyhende til pårørande etter ulukker og dødsfall.

Eg har lese boka med interesse og ein viss entusiasme, men eg skal ikkje påstå at eg skjønar den fullstendig. Eg reknar med at parallellane mellom Chris og Freddie er det sentrale i tematikken, men ein bør truleg lese boka grundigare dersom ein skal få full innsikt i dette.

Saabye Christensen er ein av våre største norske forfattarar, og Kim Haugen les lydboka på ein glimrande måte.

torsdag 8. november 2012

Å gruble på kva statane i USA heiter

I høve presidentval og læreplan fokuserer vi for tida på USA i to av klassene eg har engelskundervisning i. Ei oppgåve som alltid er morosam og engasjerande, er å finne namn på statane i USA. Her er ei lenkje til Gruble.net som eg plar bruke med ein viss suksess.

Lærar: Oj, no er visst timen slutt for lengst...
Elev: Vi treng ikkje pause!

onsdag 7. november 2012

VØL, venn og Bison

Dei siste to dagane har eg vore på "Ny GIV"-kurs i Ålesund. Føremålet med kurset var å lære nokre knep for å gjere det lettare for elevar å lese og skrive, og eg kom heim med hovudet og notatblokka fulle av idéar og refleksjon. Ei av dei store aha-opplevingane var såkalla venn-diagram, som kan brukast til samanlikning av det meste. No står det berre att å lære å lage slike diagram på data... I tillegg har vi mellom anna lært om førlesingsaktivitetar, motivasjon og lesestrategiar. Kurshaldarane var to dyktige damer som heldt oss i ande på ein glimrande måte. Slikt ofrar ein gjerne ein fri-onsdag på!

Lenkje til Bison

søndag 4. november 2012

Solsidevegen

I dag var det strålande sol på den andre sida av fjorden, så det vart til at vi gjekk oss ein tur der. Ungane vart att i ballbingen medan Gamla gjekk i Mjeltvika, og då vi kom heim kom sola også hit til gards. Vi har ikkje sol meir enn ein time no, så det gjeld å utnytte kvar stråle maksimalt.






lørdag 3. november 2012

Roadtrip til Stryn



I dag skulle vi ha ein roleg dag etter gårsdagens rangel, og vi valde å køyre Kvivsvegen til Hornindal (eller Honningdalen, som nokre av oss sa) og vidare til Stryn. Det vart berre butikkbesøk og eit måltid mat i Stryn, og eg presterte å bruke 60 kroner i handelslekkasje på Grodås (ei tube fugemasse). Bileta er frå stoppet på Grodås.

Ikkje akkurat ei amerikareise, men ein koseleg dag der vi var samla heile familien.

fredag 2. november 2012

Halloweenfest

Her i bygda har vi etter kvart ein tradisjon for å feire Halloween med ein fest for ungane, i staden for den tradisjonelle tigginga etter godteri på dørene. I år var eg ikkje med i arrangementskomitéen fordi Barnefaren skulle vere der, og Veslejenta og Storegut har hjelpt til med å avvikle arrangementet. Minstemann har nyinnkjøpt kostyme, og alle tre er i bloggande stund på festen, som skal vare frå tidleg til sein kveld.

Konsert med Dumdum boys

Min venn Bladfyken fyller år, og kva betre gåve kunne eg gi han enn ein konsertbillett til årets store happening i Volda? Dumdum boys innfridde alle forventningar med nye og gamle schlägers på repertoiret, og med fantastisk lyd i det vesle lokalet. Ein topp kveld, berre så synd det er torsdag og ny arbeidsdag i morgon. Det blir kanskje paracet på nista i morgon...