mandag 27. juni 2022

Første tur på postvegen i år


Etter ei hektisk veke med avslutningar og familieselskap vart det ein nydeleg søndag som ein kunne bruke til det ein ville. Det var meldt regn ut på ettermiddagen, så vi gjekk ein tur i nærområdet. Eg tenkte det var vått i marka, så då vart det grusvegen over Brekka for første gong i sesongen. Det var varmt og mykje sol, men styrtregnet kom då vi var trygt heime att og kunne nyte uvêret frå verandaen.

Skuleslutt 2022


Kvar vår sender skulen frå seg eit årskull med ungdomar. I år takka eg av ei klasse som har vore heilt spesiell, noko eg sjølvsagt føler kvar gong, men kanskje spesielt denne gongen. Eg kan hugse korleis eg la ut lappar på pultane deira før skulestar, og prøvde å plassere dei saman med nokon dei ikkje kjende. Nokre hadde særskilde behov som skulle takast omsyn til, og eg la ein del arbeid ned for å trygge elevane best mogleg frå starten av. Førsteinntrykket var veldig godt, og utover hausten på vg1 merka eg at stemninga i klasserommet var uvanleg god. Ikkje det at alle var vener med kvarandre, for det er umogleg, men det var berre ei udefinerbar kjensle av tryggleik og godheit, på ein måte. Då vi fekk besøk av PPT i høve VIP-prosjektet same haust, utbraut ei av PPT-damene etterpå: "FOR ei fantastisk klasse!", og eg kan hugse at eg var stolt som om det var mine eigne born som fekk denne rosen. På foreldremøtet hausten på VG1 sa eg til foreldra at eg er "mom away from mom" for elevane, og det kjende eg tidleg at det stemde. Sjølv om det var overveldande å ha 28 kontaktelevar, var det ei fin klasse å vere saman med.

Våren 2020 var, som vi alle veit, svært spesiell. Som lærar vart eg sitjande mykje i godstolen med pc-en i fanget, og eg laga undervisningsopplegg, la ut meldingar og hadde elevsamtalar svært mange timar i døgeret. Ein sat der likevel, det meste av tida, så ein kunne like godt svare på spørsmål når dei dukka opp på Teams. Dette heldt ein i stor grad fram med etter at skulane opna att, og det vart mange timars arbeid med å sikre og trygge elevar som lurte på alt frå trafikklysmodellen til norskleksa. Dette gjorde at eg kom tettare på desse elevane enn noko anna klasse før, for vi følgde kvarandre inn på privaten med kamera og kommentarar tett på. 

Vg 2 og Vg3 har gått fort, og det har vore mykje styr med fråvær, fråværsreglar, sjukdom og sosiale problem. Motivasjon og psykisk helse har vore svingande, og no mot slutten av vårterminen har vi hatt eit svare strev med å hanke inn alle elevar til ekstra prøver for å kunne sette karakterar. Til dømes måtte heile 18 elevar ta utsett heildagsprøve i norsk, fordi dei hadde vore sjuke på ei av dei ordinære heildagsprøvene. Det har vore heilt vanleg med ti fråverande elevar for dag, både på grunn av korona og anna. 

Men vi kom i hamn til slutt, og nokre har svært gode vitnemål med seg vidare i livet. Andre har lågare poengsum, men like mykje meistringskjensle. Nokre skal studere og veit kva dei vil bli, mange skal ta seg eit friår og kjenne etter kva dei har lyst til. 

Avslutningsfesten heldt vi på høgskulen i år, og heile kullet var samla i kantina. Dette kohort-kullet har ikkje vore samla så ofte som tidlegare kull, så det var ekstra rørande å sjå dei samla i finstasen. Ingen av dei har hatt ein einaste ordinær eksamen i heile vgs-tida si, som det første kullet nokon gong, så dei vil måtte lære seg det i framtida. Det dei har lært meir enn nokon andre kull, er at det ein gledar seg til kan bli avlyst, og at det ein gruar seg til òg kan bli avlyst, eller utsett. Det kom ingen deadline for å levere før den dagen karaktermøtet vart halde. Dei har òg kunna seie dei var sjuke, og dermed har fråværet blitt nulla ut så det ikkje kjem på vitnemålet. Mange går ut med 0 i offisielt fråvær etter knapt å ha vore på skulen. Dei må altså lære seg noko om arbeidsmoral framover, ingen tvil om det.

Eg gav dei alle ein god klem til avskil, og let meteren vere eit tilbakelagt stadium. No er det framtida som gjeld, og eg ønskjer dei sjølvsagt alt godt. Det er merkeleg stille på Teams no, men etter ein lang ferie er eg nok klar for å ta imot nye elevar. Dei blir truleg ikkje like kjekke som dette kullet, men det tenkjer eg kvar gong eg sender frå meg ei VG3-klasse. 

Bok 23 2022: "En tid for å leve" av Jan Kjærstad



Kjærstad er ein av mine favorittforfattarar, så det var naturleg for meg å plukke opp denne boka, trass i den lite lovande tittelen. Den gir assosiasjonar til lykkeskrift og kvinner med ryggen til iført flagrande gevantar, og ein kan tenkje seg at den røper slutten av boka. Men likevel, Kjærstad er som sagt ein forfattar eg gir ein sjanse. 

Eg kan røpe mitt eige sluttpoeng med det same: denne boka er noko av det beste eg har lese på lenge. Kort fortalt handlar den om fleire ulike menneske som skal i teatret og sjå ei framsyning av "Hedda Gabler", i tillegg til nokre som skal spele i stykket. Dei ulike forteljingane flettar seg inn i kvarandre og har delvis felles referansar til musikk, stadar og liknande, i tillegg til at tematikken dreiar seg om det evige spørsmålet om kva meininga med livet er. Ein kan òg finne referansar til Kjærstads tidlegare bøker, som prismelysekrona, i tillegg til andre litterære referansar  som "det var den tiden jeg virret rundt på Blindern". Eg oppfatta sikkert ikkje alle heller. 

Eg er svak for bøker (og filmar) med spennande komposisjon, og denne har ein vekslande synsvinkel som gjer det spennande å halde fram med å lese. I tillegg er eg godt kjend med Ibsens drama, så det er artig å lese dei ulike personane sine haldningar til stykket og karakteren Hedda Gabler. Vil skodespelaren Hedda tilføre karakteren Hedda noko heilt nytt? Den som les, får sjå, og det bør ein absolutt gjere. 

Bok 22 2022: "Uelskbar" av Harald Vestgöte Kirsebom


Undertittelen på denne boka er "om psykopater, narsissister og andre relasjonstyranner", og det seier det meste om tematikken. Boka er både lærerik og underhaldande for dei som er interessert i relasjonar og menneskeleg åtferd, men eg vil understreke at eg las denne boka av allmen interesse for tematikken, ikkje fordi eg opplever noko eller nokon som samsvarar med skildringane i boka.

Bok 21 2022: "Gjenferdet av Alexander Wolf" av Gajto Gazdanov


Ein mann plagast av minnet om eit drap han utførte då han var ung. Ein dag les han ei novellesamling, og ei av novellene skildrar i detalj den opplevinga han sjølv vert plaga av minnet om. Etter dette vert han besett av å finne forfattaren, Alexander Wolf.

Boka er frå 1947, og den skildrar mellom anna det eksilrussiske miljøet i Paris. Dette er ikkje kvardagslektyre for meg, men det var ei annleis og god leseoppleving likevel.

Bok 20 2022: "304 dager" av Simon Stranger


Nicholas er ein ung gut som har bestemt seg for å avslutte livet sitt. I ein samtale med mora lovar han henne å halde fram med å leve ei tid til, og han set ein dato 304 dagar fram i tid. Boka tel ned medan ein får høyre om livet til Nicholas som ung gut, soldat og tida etter krigsopplevingane i Afghanistan. 

Dette er ei svært god og viktig bok, og eg tenkjer at ein eigentleg burde ha lese den saman med elevar. Skrivemåten er enkel og komposisjonen tydeleg og spenningsskapande, og eg tenkjer det er ei bok yngre og urøynde lesarar vil kunne ha utbytte av å lese.

Bok 19 2022: "Helgenkongen" av Vera Henriksen


I denne siste boka i trilogien må Sigrid frå Bjarkøy mellom anna flykte til Orknøyane på grunn av usemje mellom mannen og ein hovding etter slaget på Stiklestad. 

Eg har aldri lese Vera Henriksen  sine bøker før, men dei er underhaldande og velskrivne nok til at eg kan tenke meg å lese fleire liknande bøker ved eit seinare høve. Litt gamalmodige kan dei nok verke, og Henriksen er ingen Undset, men for all del ein god forfattar i sjangeren.

fredag 17. juni 2022

onsdag 1. juni 2022

Genser nummer 29: "Killian" til Minstemann (?)

Denne genseren har eg hatt liggande ferdigstrikka ei stund, men eg grua litt for trådfesting. Ved å dele jobben i to vart det meir overkomeleg, men det var mykje arbeid. Ved første augekast ser det enkelt nok ut, men det er tre ulike grånyansar i mønsteret både på ermar og bol - i tillegg til ein aldeles nydeleg blågrå botnfarge. Garnet er lettlòpi, min favoritt, og eg strikka den i medium storleik. I utgangspunktet har eg tenkt at den skal vere til Minstemann, og fargen kjem til å passe svært godt til "my blue-eyed son". Så spørs det om storleiken er ok. Viss den er for liten, beheld eg den sjølv.


Første tur til Movatnet i år

Veslejenta kom heim nokre dagar etter 17. mai, og Kristi Himmelfartsdag 26. mai gjekk ho og eg tur innover frå "Tua" til Movatnet. Denne vegen er skiløype i vinterhalvåret, og det låg att noko snø nokre stader. Turen er på om lag 11 km tur/retur, og det er relativt flatt det meste av vegen. Ein fin turveg når ein skal prate og kanskje ikkje er heilt i toppform.




17. mai 2022

 Etter to år med relativt rolege 17. mai-feiringar var det i år mogleg å møtast som ein ville. Minstemann spelte i korpset både i Volda og på Folkestad, og eg gjekk i tog på Folkestad. Deretter reiste vi til Ørsta, der vi møtte Bladfyken, Mamma og to nevøar då vi sette oss føre i Laguneparken. Der var det folkefest i nydeleg vêr, og Minstemann og nokre kompisar spelte. Etter denne folkefesten var det rett heim for å rette vidare for min del - det er den tida på året.