tirsdag 31. mars 2009

Til lags åt alle? Neppe...


Nummer 3 har ein god eigenskap som innimellom blir eit problem: ho er stille på butikkar. Det er så og seie uråd å vite kva ho meiner, for ho har pokerfjes og nedslått blikk uansett. Nokon kan ha observert Gamla i det ho seier, med nesten uvenleg og lite moderleg stemme: "Lika du dinna buksa, eller lika du den ikkje? SVAR!".

I går hadde vi eit nytt shoppingprosjekt: nye øyreproppar til MP3-spelaren hennar. Midt inne på El-kjøp erklærte Veslejenta at DER var slike ho hadde lyst på. Det var ikkje proppar, men eit headset, og i lukkerus over at shoppingrunden var over på to minutt, kjøpte eg det ho peika på.

Ute i bilen oppstod eit nytt problem: pluggen passa ikkje til MP3-spelaren. I fortviling lånte ho min, der det berre var lydbok, men det var vel nok så lenge. I heimen fann vi ein I-pod som Gubben kjøpte til meg ein gong, men som eg aldri fekk til å virke. Der passa headsettet fint. Jenta var strålande blid, i motsetnad til storesøskena, som syntest det var altfor råflott å spandere på Veslejenta skikkeleg "Skullcandy".

Går det an å gjere noko rett som firebarnsmor?

mandag 30. mars 2009

Monopol på kule skor?



Etter vel ei veke dukka skorne våre opp - mine diskrete svart-og-kvitstripete og Eldstejentas ikkje fullt så diskrete gule og blå. Reebok har ein heil serie med skor dekorerte med ulike motiv frå brettspelet Monopol, og eg skulle gjerne hatt nokre eg òg. Men så syntest eg at yrke og alder tilsa at eg skulle ha noko mindre iaugefallande.

Når dei fleste kollegaene og nokre av elevane møtte meg med replikken: "Hei, M, nye skor?" forstod eg at vi har ulik oppfatting av omgrepet "diskret".

søndag 29. mars 2009

Ein varm applaus for Sirkus Kokos!





I dag feira vi endeleg det nye grendahuset i bygda - ein nedlagd skule der mange har lagt ned mykje tid og dugnadsarbeid for å skape eit flott forsamlinghus. Huset har allereie vore i bruk i lang tid, men no er det heilt ferdig, med kjølerom og kjøkken i tipp topp stand. Og det skulle altså feirast i dag. Ungdomslaget skulle stille med delar av programmet, og eg har allereie i eit par tidlegare innlegg skrive om sirkusframsyninga vi har øvd inn. Ungane hadde idéane, medan vi vaksne har sett det heile i system og ordna det meste av det praktiske. Resultatet vart fenomenalt - det er i alle fall mi "objektive" meining. Ungane var kjempeflinke, og alt gjekk etter planen. Minstemann hadde ei lita gjesterolle, og det tok sånn på at han somna på fanget til Besten, som de kan sjå på det nedste biletet. Alle besteforeldra "våre" var til stades, og der var til saman om lag 100 personar i salen.

Komande torsdag begynner vi kanskje å øve inn noko til 17. mai...

lørdag 28. mars 2009

Selskap på Lisjebakken






Naboane våre er ikkje mange, men dei er gode. På nabogarden bur to som nyleg vart 60, og dette feirar dei i ulike fora. Som naboar vart vi inviterte i selskap i ettermiddag. Nummer 3 var dobbeltbooka, så ho var ikkje med, men vi hine fekk meske oss med mat og drikke og møte fleire andre naboar som var ute i same ærend. Ei triveleg stund!

Young at heart


Av og til synest elevane mine det er rart at eg bruker facebook og har eigen blogg - eg som er så gammal. Det er då eg liker å fortelje at mora mi også har facebookprofil og blogg.

Besta var utearbeidande frå eg var to år, og eg hugsar godt korleis ho sykla med meg bakpå til barnehagen, og korleis ho måtte lokke og lure meg til å gå opp bakkane på heimveg. Då eg begynte på skulen, hadde eg Mamma på lærarrommet som ei ekstra forsikring dersom noko ville gå gale. Skulen eg gjekk på kjende eg godt frå før sidan eg hadde vore med ned på søndagar når Mamma skulle stensilere eller på annan måte førebu seg til den komande veka.

Det var berre Pappa som kjørte bil fram til seint på 70-talet, og Mamma hadde ansvar for born og middag. Handle gjorde vi på laurdagane, for butikkane var stengde på kveldstid. På fridagane sine kan eg hugse at ho vaska, og i feriane vaska ho ned heile huset. Ho var superhusmor i tillegg til yrkeskvinne, som så mange andre i den generasjonen.

Det har alltid vore mykje mat og kos heime hos Besta og Besten, og barnebarna har opplevd dei som omsorgsfulle og snille besteforeldre. Besta har strikka babyklede, kome med "sengjamat", passa dei og chatta på MSN med dei - alt etter behov. Og aldri har vel nokon gått svoltne derifrå.

Ei av Bestas svakare sider, er at ho mislikar sterkt å bli fotografert. Dette vart eit problem då eg skulle finne noko å scanne, men så fann eg eit bilete av Besta og Nummer 2 det året han var 3 og ho var 60.

Gratulerer så mykje med dagen, Besta - vi tek den store feiringa i påska, då Gamla skal prøve å leve opp til rolla som superhusmor. Sjølv kan du avspasere med godt samvit.

fredag 27. mars 2009

Skidag - eit frynsegode?

I går vart eg temmeleg stressa og sur då eg kom på jobb etter to årsmøtedagar i Ålesund og fekk meldinga om at vi skulle ha skidag i dag. Eg hadde planar om mykje anna når eg endeleg var attende hos elevane, men dei planane måtte raskt og brutalt forkastast. Sidan eg både er snarsint og langsur, og elles vanskeleg på alle måtar, vart det ein temmeleg amper dag.

Dessverre vart skia mine liggande på biltaket og kameraet i sekken heile dagen i dag, men eg håpar på at nokon tok bilete til skulens heimeside. Uansett: det var sol, skya over og vart himla kaldt. To kollegaer, ein hund og eg gjekk på beina innover turløypa, kosa oss og prata. Elevane hadde det kjekt og reiste heim med roser i kinna - eg trur vi lærarane som slappa av og prata fraus meir enn dei aktive ungdomane. Det er alltid kjekt å sjå dei utfalde seg i andre samanhengar enn i klasserommet, og humøret mitt er no attende i normalmodus.

Kanskje er det berre eit teikn på stigande alder når ein blir så gretne over endring i planane.

torsdag 26. mars 2009

Bok 17 2009: "Bienes hemmelige liv" av Sue Monk Kidd


I denne boka møter vi den kvite sørstatsjenta som skaut mor si då ho var fire år, og som har sakna henne sidan. Saman med hushjelpa Rosaleen rømer ho frå den usympatiske faren og endar opp på ein bifarm. Symbolikken i bikubane og fascinasjonen for Jomfru Maria er temmeleg tydeleg, og som den førre boka eg las, handlar det også her mykje om kvinnesolidaritet. Eg likte boka godt, men no må eg over på eit nytt tema før eg endar opp som ihuga raudstrømpe. Meir om boka finn du forresten her.

onsdag 25. mars 2009

Ung Gamla


Det har kome nokre kommentarar om bilete og 16-årsdagar, og etter å ha tråla gjennom nokre album til har eg funne dette biletet av Gamla og Nadja på 17. mai 1984, altså ein månad før eg vart 16 år. Det var ein del eksperimentering med hårfargar og hårklipp i denne perioden, noko ingen fann det nødvendig å forevige. Eg må innrømme at eg på ingen måte var ein så kjekk tenåring som Eldstejenta!

Hunden Nadja feira her sin første 17. mai; ho var livredd for alle høge lydar og vart skremd av korpsmusikken.

søndag 22. mars 2009

Eldstejentas mange uttrykk





















No skal eg snart slutte å mimre, men det var frykteleg enkelt å scanne med den nye skrivaren vår...

I høve Eldstejentas bursdag i morgon har eg tenkt å legge inn nokre bilete til - frå då ho var 2 1/2 - 4. (Biletet av henne og meg er teke 5. april 1997 - fire dagar etter fødselsterminen til Nummer 2, som vart fødd 15. april). Det er ein fantastisk alder når det gjeld fantasi og innlevingsevne, og Eldstejenta hadde mange påfunn som eg har fylt album etter album med. Butikkdamehatten hugsar eg veldig godt - når ho fekk på seg den, begynte ho å snakke Austlending. Sidan ho var einebarn og foreldra sin augestein, fekk ho innreie stova med hytter og butikkar etter innfallsmetoden. Det var utkleding og rolleleik frå morgon til kveld, og mora og faren måtte pent stille opp som kundar og publikum.

Når eg tenkjer meg om, har ho ikkje endra seg så frykteleg mykje...

Apropos kvar er babyen min blitt av: kvar vart desse her av?





No har eg lært meg å scanne heilt på eiga hand. Det kan få dramatiske følgjer for bloggen min - særleg viss det held fram med å regne...

Desse bileta er frå perioden vår - 87 til vår -88. På den tida levde legendariske Nadja, min første hund. Ho var ein Old English Sheepdog, var 42 kilo på det meste, og vart kjøpt for konfirmasjonspengar i 1983.

Hjelp - Gamla har fått seg scanner!


















Eg tenkte eg skulle legge ut nokre bilete i morgon, når Eldstejenta blir 16 år, men så tok det av her, med sentimentale tilbakeblikk i alle dei over 30 fotoalbuma eg har fylt sidan den vesle babyen kom til verda. Kvar er ho no? Ja, i bloggande stund er jenta på besøk med ei venninne i Volda, men eg meiner: kvar er babyen min? Ho som fylte dagar og netter med rolleleik og påfunn, som var det naturlege midtpunktet i familien heilt til småsøskena begynte å kome fire år seinare og som var verdas søtaste og mest veslevaksne rampejente?

Vi har så mange minne, og så mange bilete, men eg har (med god hjelp av Gubben) plukka ut nokre som viser ulike personlegdomstrekk. Som det av henne med fotballen - teke midt på natta då ho vekte oss og ville sparke fotball. Og bileta frå late feriedagar på Hareidlandet, Runde, Solund og Jersey. Somme bilete viser kor godt ho likte å kle seg ut, og kor godt vi likte å kle henne ut då ho feira jonsok to år gammal. Og så måtte eg legge inn eit par bilete av Gubben og Gamla også, då, berre for å vise at tida ikkje på nokon måte har stått stille...

lørdag 21. mars 2009

Relax - don't do it!




På jobb har eg delvis ansvar for til saman mellom 80 og 90 ungdomar i alderen 16 - 19 år. Som avveksling er eg i fritida med i ungdomslaget i bygda, der eg har delvis ansvar for over 20 ungar i alder frå Minstemann til Eldstejenta. I dag, laurdag, har vi hatt langøving i seks timar, så no er sirkusframsyninga nesten klar til bygdafesten neste søndag. Ungane er berre fantastisk flinke, og stiller mellom anna som verdas sterkaste mann, slangetemmarar, klovnar, linedansarar, løver, elefant og slangemenneske. Framsyninga inneheld mykje dans, men òg ein song som bygdakjendisen Jeki også deltok med på UKM tidlegare i vinter.

Bygdedamer stilte med pizza, frukt og kaker, så ungane fekk både mat og stell undervegs denne maratondagen. Eg kan love at dei var slitne til slutt - dei skulle synge "apekattsongen" som avslutning, men då var det få apefakter att. Kanskje eit tips til andre foreldregrupper? Kvar sin gong å slite ut ungane, liksom?

Heile familien er som vanleg involvert i prosjektet. Gubben er delvis ansvarleg for lyd og lys, Nummer 2 og 3 har diverse oppdrag som artistar og Minstemann skal assistere i eit morosamt innslag. Eldstejenta har (sjølvsagt) hovudrolla som dansande sirkusdirektør.

Gamla sjølv stiller som hysjande dørvakt...

torsdag 19. mars 2009

Bok 16 2009: "Fredagsstrikkeklubben" av Kate Jacobs


Lurer du på kvifor eg, sikkert den einaste kjerringa i heile "bloggosfæren" som ikkje strikkar, valde denne boka? Kanskje var det lysta til å lese om kvinneleg solidaritet. Kanskje var det assosiasjonane til den "fredagsklubben" eg sjølv deltek i, der det berre ved to tilfelle er blitt teke fram strikketøy.

Denne boka er ikkje original på nokon måte. Ho fortel om ulike kvinnelagnader - kvinner som bruker strikkinga som påskot for å møtast. Kvinnene er enkjer, einslege mødrer, ulukkelege rikmannsfruer og mange andre stereotype kvinnetypar, men dei vert levande for lesaren undervegs så ein må lese (i mitt tilfelle: lytte) vidare for å sjå korleis det går. Absolutt ei bok det er verd å lese - men det er ei bok om og for kvinner, og er ikkje eit lesetips for Gubben i huset.

Queen of the musical

For dei som ikkje har fått med seg årets musikal på Volda vgs, kan dette høgdepunktet, tidlegare omtala på bloggen her, vere ein smakebit...

onsdag 18. mars 2009

Ariel tenner på Aliens



Fri-onsdagen min denne veka vart brukt til å reise på engelskkurs, og eg kom temmeleg begeistra heim etter å ha fått fagleg påfyll og ny giv. Eitt av temaa på kurset var "bruk av filmmediet i undervisninga", og dømet som var brukt var filmen "Signs" frå 2002. Det er eigentleg ikkje ein film etter min smak, men kurshaldaren plukka ut viktige scener som vi fekk studere svært nøye. Ho snakka dessutan ein del om apokalyptiske filmar som sjanger sett ut frå samfunnstilhøve i USA. Ei av mine litt sære interesser er science fiction-filmar sett ut frå eit historisk samfunnsperspektiv, og dette er noko av den same vinklinga. Noko av symbolbruken er overtydeleg, som at frykta for vesen frå andre planetar kan relaterast til frykta for terrorisme, men vi såg òg på kameravinklar, fargebruk, lydeffektar og anna som var svært interessant. "Nærlesing" av scener er kanskje ikkje så lett å få til i klasserommet, men sikkert lettare enn mykje anna vi styrer med i lærarkvardagen. Eg skal i alle fall prøve ut dette, for no er eg gira! Gjev det varer ut våren!