mandag 29. desember 2014

Bok 105 2014: "Jeg er Malala" av Christina Lamb

Den eine av årets fredsprisvinnarar var, som kjent av dei fleste, ei ung pakistansk jente som har kjempa for jenters rett til skulegang, og som på grunn av engasjementet sitt vart skota av Taliban. I denne boka fortel ho om oppveksten sin i Swat-dalen i Pakistan, like ved grensa til Afghanistan. Ein lærer mykje om kultur og historie, men mest av alt om Malala sine eigne idealistiske tankar om å gjere ein skilnad i verda. Eg synest dette var ei svært interessant og spennande bok, og eg trur mange vil ha glede og nytte av å lese den.

Bok 104 2014: "Svøm med dem som drukner" av Lars Mytting

Denne boka fekk bokhandlarprisen i 2014, og det var vel fortent. Handlinga fanga meg med ein gong, og spenninga heldt seg oppe til siste slutt.

Edvard veks opp på ein gard i Gudbrandsdalen saman med bestefaren fordi foreldra døydde då han var liten. I starten får vi vite at bestefaren har kjempa på Austfronten under andre verdskrig, og etter kvart finn Edvard ut stadig meir om familiehistoria si. Han reiser mellom anna til Shetland, der han møter ei kvinne som gjer sterkt inntrykk på han.

Boka er ikkje føreseieleg, og kanskje ikkje heilt realistisk heller. Karakterane er truverdige, og språket flyt lett utan å gjere det heilt store inntrykket. Det er først og fremst handlinga som er god, i tillegg til komposisjonen. Dessutan sette eg pris på den nærheita til naturen og gardsarbeidet som forfattaren uttrykkjer.

Fjerde juledag

I dag skulle Eldstejenta på jobb, så vi venta med å gå tur til etter at eg hadde køyrt henne på kaia. Då var det eit frykteleg snøkave, så det vart ingen turbilete i dag. Fotograferinga i dag tok i staden utgangspunkt i nokre av årets julegåver.

Vi har hatt ein viss debatt gåande på facebook i desember om påskrift, og systera mi gav meg derfor denne handduken:
Det er utruleg kor djupe tankar ein skal måtte ha når ein tørkar seg på hendene...

Ingen tok hintet om kva eg hadde bruk for til jul:
Men ein kan vel ikkje klage, i alle fall ikkje når kjæresten dukkar opp med nye vinterskor i presang:
Han hadde forøvrig fått klar melding om ikkje å kjøpe fleire smykke i presang...

lørdag 27. desember 2014

Tredje juledag

Også i dag var det nydeleg vintervêr, så vi rusla oss ein tur i Mjeltvika med hunden heile rabbegjengen. Dagen elles har gått fredeleg føre seg, og i bloggande stund lagar jentene taco. Planen er å sjå ein skrekkfilm saman etterpå, så her er feriestemninga på topp. Det er siste kvelden vi er samla i 2014, men vi skal vere saman mykje framover og er svært glade for det.


fredag 26. desember 2014

Andre juledag

Som tradisjonen tilseier var det familietreff i Ørsta på andre juledag, og i dag var vi 12 til bords. Det vart ein kjekk dag med mykje god mat og livlig prat - som tradisjonen òg tilseier.



torsdag 25. desember 2014

Første juledag


Etter ein roleg start på dagen fekk eg med meg 4/5 av gjengen min på tur langs Bjørkedalsvatnet. Vi parkerte ved forsamlingshuset og gjekk til vegs ende på nordsida, ein tur som er på nokså nøyaktig 5000 skritt. Det er kaldt ute, men vi var godt kledde og skodde, så det gjekk nokolunde bra.

Vel heime har vi fått i oss årets beste restemiddag, fyrt i omnen og planta oss framfor tv-en med Les Misérables på dvd. Kanskje blir det litt brettspel og denslags når det lid på, og kanskje ein film eller ei bok. Eg misunner ikkje dei som har fullt program på første juledag, for dette er eitt av årets høgdepunkt for kos og kvild.

Bok 103 2014: "Skyggemannen" av Jorun Thørring

Ei nordnorsk kvinne arbeider som rettsmedisinar og spesialetterforskar i Paris, og når vi møter henne er ho i gang med ei etterforsking av eit uforklarleg mord.

Eg er frykteleg kresen når det gjeld krim, og dette var ikkje ei bok som nådde heilt opp hos meg. Eg syntest ikkje hovudpersonen var interessant nok, og ho var omspunne av altfor mange klisjéar. Som vanleg gissa eg delvis løysinga etter svært kort tid - ikkje fordi eg er så intelligent, men fordi dei fleste krimforfattarar held seg innanfor eit mønster. Den delen av løysinga eg ikkje gissa, var spennande nok, men ikkje så sannsynleg. miljøet vert ikkje særleg inngåande skildra, noko som hadde vore naturleg dersom ein først plasserer ei nordnorsk heltinne i Paris. Ein kunne nesten like gjerne ha sagt ho var ei sørlandsjente i Dublin.

Eg kan ikkje garantere at eg ikkje kjem til å lese fleire bøker av Thørring, men noko must er det i alle fall ikkje.

Årets julesongvideo 2014


onsdag 24. desember 2014

Julaftan 2014

I år starta julaftan brått i det eg fekk ein SMS frå Posten klokka 8.10. Pakken eg har venta på hadde kome til butikken på Folkestad, og gåveberget vart dermed komplett. Vi pusla og styrte med forskjellig småpjask, utan å stresse, og klokka 14 var vi på plass i kyrkja. Det er ein fin tradisjon å få med ei gudsteneste, synest eg, for ein får gjerne sett fokus på noko anna enn det materielle. Preika minte svært mykje om den den same presten heldt på skulegudstenesta førre fredag, og bodskapen var at ein skulle kjenne ein vart elska, og at ein var god nok og vel så det. Det er ein god og positiv tanke å gå inn i julehøgtida med, når det er så mykje destruktivt elles i året.


Medan mora fekk ferdig middagen etter alle kunstens reglar, laga ungane årets julesongshow. Ungane hadde fått ein ukulele i julegåve på førehand, og dei har hatt glede av eit ukulelekurs på youtube med ein som kallar seg "Ukulele Mike". Han hadde mellom anna ei grundig forklaring av "Jingle bell rock", så det blei den som vart årets nummer. Vi rakk akkurat å filme før maten var klar.

Det vart mange gåver til liten og stor, og sjølvsagt måtte hunden òg få ei gåve. Det verkar elles som om han synest heile julegreia er noko forvirrande, med alle slags lukter, eit tre midt i stova og menneske som leikar "hent pakken". Men det er no frykteleg kjekt å ha alle heime, det synest både hunden og mora. Det er ufatteleg kjærkome med ferie, og ekstra fantastisk å ha alle gulla sine samla i heimen i dagevis. Inga gåve kan toppe den gåva det er å vere saman med dei ein er glade i, i fred og harmoni og med haugevis av kjærleik.






Var det nokon som lurte på kva som var i pakken vi henta i føremiddag? Det var vispar og kubjelle til Minstemanns slagverk. Julefred blir det ikkje mykje av her i huset, og det er heilt greitt.

tirsdag 23. desember 2014

Vesle julaftan 2014

Eldstejenta jobba i dag, så vi andre venta med juleførebuingane til ho kom heim. Det vart ein fuktig tur i skogen i staden. Då alle var samla att, åt vi den tradisjonelle julegrauten. Eg plar ause grauten opp i djupe tallerknar, og så får ungane velje seg ein porsjon kvar. Den siste tek eg sjølv. Eldstejenta fekk mandelen for fjerde år på rad.


Det vart litt styr å få tak i juletre i år, men ein tidlegare nabo forbarma seg over oss så vi fekk tre i hus i år òg, etter ein viss innsats frå dei to eldste borna. Heile familien deltok i pynting av juletreet, og etterpå har vi kosa oss med julebarne-tv og mandelpremien til Eldstejenta.

Stemninga er relativt avslappa enno. Ribba bløyter seg sjølv, og eg planlegg å skrelle rabber og poteter i løpet av kvelden. Litt støvsuging og kattevask av golv blir det truleg òg tid til, men det skal stressast minimalt. Husmora har teke ferie saman med borna, og vi skal nyte å ha fri og vere saman heile familien.

mandag 22. desember 2014

Bitte lille lulelaff

I dag måtte vi ein tur til tettbygde strok, men vi drøya det svært lenge. Eitt av ærenda var å kjøpe hundemat, noko vi gjer på Plantasjen. I tillegg tok vi oss ein tur på Skeidar for å kjøpe noko som kan få meir orden i gangen her. Etter at Eldstejenta og Storegut kom heim, har det vore eit salig kaos for å finne ledige plassar å henge jakker i gangen. No ligg drillen på lading, så får vi håpe situasjonen vert betre.
Etter kvart stogga vi i Starevegen og traff på både Hareidsfolk og Ørstingar som vi bytta gåver med. Det ser ut til å bli store mengder med gåver i år òg. Det vart dessutan ei triveleg stund med kaffi og prat.
Med oss heim frå Volda fekk vi ei leike til borna: ei ny ukulele. Her er aldri stille så lenge nokon er vakne, for det går i song og musikk frå føremiddag til kveld. I bloggande stund har Storegut vaska rommet sitt, og gutane syng og spelar ukulele og trommer medan dei ventar på at golvet skal tørke så dei får flytte slagverket inn att på rommet.

søndag 21. desember 2014

Fjerde søndag i advent



I kveld tende vi dei fire lysa i adventstaken, og no står dei og brenn fint medan huset luktar av grønsåpe, røykelse og nysteikte peparkaker. Ungane har fått styre fritt med ein ferdigkjøpt deig. Den såg liten ut, men det vart nok å kjevle og pynte.

fredag 19. desember 2014

Bok 102 2014: "Et rom med utsikt" av E M Forster

Unge Lucy reiser på ferie til Firenze, der ho mellom andre vert kjend med George. Han er ein ung mann frå eit anna samfunnslag, og vel heime i England vert ho kjend med ein ny mann, Cecil, som tilhøyrer hennar eiga klasse. Spørsmålet er kva som vert viktigast for Lucy, og ein kan no sjølv tenkje seg kva som blir utfallet. Boka er mest interessant som ei satirisk skildring av samfunnsklassane og dei strenge normane som fanst i England tidleg på 1900-talet.

Personleg meiner eg at dette er eitt av døma på at filmen kan vere betre enn boka, men at boka er fin som supplement.

tirsdag 16. desember 2014

Bok 101 2014: "Nyryddinga" av Sigmund Løvåsen

Forfattaren fekk Tarjei Vesaas sin debutantpris for denne romanen, som kom ut i 2003. Vi møter ti år gamle Geir, som er son av ein bonde og lever eit godt liv på garden saman med familien, og med ein god kompis i same situasjon. Problema oppstår når faren til Geir blir sjuk og ikkje lenger kan arbeide fullt som bonde. Geir opplever òg å bli forelska i ei jente, og andre kvardagslege ting. Det ligg ei hyggeleg og lun stemning over det heile, men utan at livet på landet blir glorifisert.

Eg las boka som lydbok, og det er ei god innlesing. Likevel undrar eg meg over at ein vel ein opplesar med skarre-r og tydeleg vestlandstonefall, når forfattaren er frå Trysil.

søndag 14. desember 2014

Tredje søndag i advent

I dag stod mora først opp, som vanleg, og retta ein liten bunke før ungane vakna. Etter kvart reiste vi til Ørsta, der Veslejenta skulle opptre på ballettframsyning. Sidan ho har slutta på jazzballett, fekk vi berre med oss ei framsyning i år, i contemporary og klassisk dans. Det var eit flott show, trass i at kulissane og lyseffektane ikkje var på det nivået vi har vore vane med. Særleg kostyma til dei klassiske dansarane imponerte meg.


Vel heime har eg retta ferdig den fjerde bunken i advent, bortsett frå eit par, tre elevsvar som ikkje hadde blitt med i utskriftsbunken. Eg satsar på å få dei unna før timane i morgon, slik at eg får delt dei ut så fort som mogleg. Det er fantastisk å sjå enden av rettingsarbeidet, noko som medfører ekte juleferie frå og med neste helg.

lørdag 13. desember 2014

Langpannekake på laurdag

Ballerinaen var borte frå heimen til langt på kveld i dag - først skulle ho øve, og deretter besøke venninner. Storegut og eg fekk sendt ein pakke og handla litt, kombinert med lærekøyring, og Minstemann og eg gjekk deretter lang tur med hunden medan Storegut las til prøve.

Eg har nesten ferdigstilt siste bunken med heildagsprøver i løpet av dagen, og håpet er å få retta dei ferdig og skrive vurderingar i morgon slik at eg får delt dei ut på måndag. Det verste stresset på jobb er nemleg rettingsarbeidet, og det kjem som regel på ugunstige tidspunkt.

Like før eg skulle hente Veslejenta på 20.30-ferja kom eg på at eg skulle lage kake til i morgon. "Lag di beste langpannekake", står det så kjekt i brevet frå ballettskulen. Det blir kake frå Toro denne gongen - mest fordi hjernen ikkje er heilt i vater og husmorskillsa ligg på vent, men òg fordi eg synest folk kan kome og sjå eit ballettshow utan å måtte proppe seg med kake i pausen. I beste fall blir eg no svartelista av ballettskulen på grunn av manglande bakekunstar, eller så blir eg degradert til trappevakt att. Det var ei oppgåve eg syntest eg hadde dreisen på, sidan eg delvis lever av å hysje og skjenne.

fredag 12. desember 2014

Friday on my mind...

Fredagane sluttar eg relativt tidleg på jobb. Eg prøvde å rette litt etter at eg var ferdig med undervisninga, men det vart lite og inkje gjort. Etter jobb for eg og handla og henta Storegut, som lærekøyrde den lengste vegen heim. Eg fekk meg ein liten middagslur, og så retta eg like godt 1/4 bunke medan ungane laga taco til middag. Eg er frykteleg trøytt og sliten for tida, slik eg ofte er i denne innspurtsperioden på jobb.

Elles går det for det meste i rydding og klesvask, for Eldstejenta hadde mykje med heim. I tillegg driv ho og byttar rom med Minstemann, så huset er delvis i kaos. Det passa relativt dårleg at ho reiste frå heile prosessen, men ho skal ha ei helg i Ålesund og får det sikkert fantastisk kjekt der. Ho sende bilete av kveldens antrekk, og det er godkjent.

torsdag 11. desember 2014

Heildagsprøve og julefest

I dag fekk Eldstejenta og eg sjansen til å vere til stades då Storegut hadde songtentamen i hovudinstrument. Han song "Alabama song", som eg kjenner best som ein song av the Doors, men som har tekst av Berthold Brecht frå 1927.

Etter jobb var vi heimom og åt middag før vi reiste av garde til skulen på Folkestad. Der var det førjulsfest av tradisjonell sort, med program og mat på fat. Minstemann deltok som programleiar for si klasse og med litt pianospel, medan Veslejenta song saman med ei venninne og saman med klassa, i tillegg til at ho dansa saman med nokre andre elevar. Alle fire besteforeldra "våre" møtte opp i dag, og begge storesøskena var òg med i publikum.

tirsdag 9. desember 2014

Førjulskos

I kveld er det regn og sterk vind, så vi kosar oss inne med baking og julemusikk/allsong. Latteren kling i veggane og livet er herleg.


Kulturskulekonsert på Spinneriet

Ein tradisjon før jul er at kulturskuleelevar opptrer på det lokale kjøpesenteret og spelar julerelatert musikk. Minstemann spelte trommer medan læraren Alexander spelte piano til. Melodien er "Mary's boychild".

mandag 8. desember 2014

Home for Christmas

Så kom ho endeleg heim, Eldstejenta mi. Etter å ha køyrt Veslejenta og venninnene på ballett kom eg heim med medbragt sushi til middag. Vi har brukt ettermiddagen og kvelden til å omorganisere litt på sengar, ting og tang, men mest har vi kosa oss og berre vore saman. Eg hadde ei aldeles frykteleg travel veke førre veke, og no aktar eg å nyte førjulstida saman med ungane så godt som mogleg.

søndag 7. desember 2014

Andre søndag i advent

I dag pøsregna det, og det var dårleg med dagslys. Det var ikkje akkurat freistande å gå ut, så eg bestemte meg for å jobbe nokre timar og få ferdigstilt dei to påbegynte bunkane med heildagsprøver. Eg hadde lese korrektur og skrive kommentarar frå før, så det stod "berre" att å lese gjennom og setje karakterar. Ut på tidleg ettermiddag var oppdraget utført, og eg pakka dermed ned skulesakene mine etter ei arbeidsveke på godt og vel 50 timar.
 Det var dermed god tid til å gå tur med hunden. Men han låg så fint framfor omnen og kosa seg, og ute regna det. Eg avlyste turen og sette meg i godstolen med ei bok. Då banka det på døra, og ein ung polakk i gult oljehyre stod utanfor og selde gyselege julefigurar med blinkande lys i fleire fargar. Det absurde i situasjonen gjorde at eg slo til utan at han trengde å overtyde meg, og mannen såg nesten sjokkert ut. Han gav meg to figurar til prisen av ein utan at eg måtte prute. Ein skal vere snill mot småfuglar og polakkar i førjulstida.
Då ungane kom, vart det ost og kjeks til kveldsmat og tenning av adventslys. I bloggande stund gjer vi oss klar til å gå i kyrkja, og Veslejenta les høgt frå Bibelen medan Minstemann spelar "Eit barn er fødd i Betlehem" på kazoo. Ei av dei øvar til gudstenesta. Stemninga er på topp med blinkande julepynt og lukt av kongerøykelse og heimebaka brød, og det er nesten litt trist å gå herifrå.

Bok 100 2014: "Zoomarferien" av Arnfinn Kolerud

Sidan eg klaga over at slutten var open i den førre boka eg las av same forfattar, vart eg sjølvsagt glad for å finne ei bok til i same serien. Det er ein frittståande oppfølgjar som godt kan lesast utan kjennskap til Odd og Per Tore.

I byrjinga av boka har Per Tore fått seg kamera til bursdagen, og han ser mange moglegheiter til å tene pengar på den nye hobbyen. Ein av idéane er å drive med utpressing, men Odd gjer den store tabben som utpressar at han presenterer seg i telefonen, og etter ein del bortforklaring endar han opp på dugnad i staden. Ein annan idé er å fange, temme og dressere ein grevling som folk kjem til å ville betale for å late seg fotografere saman med.

I tillegg til at innhaldet er morosamt i seg sjølv, er det som kjenneteiknar denne boka mest av alt ei aldeles herleg leiking med språket. Det er nesten umogleg å velje ut døme, men eg tek med eit litt langt sitat frå side 140, der ein mann studerer ein prikk på dataskjermen som viser kvar ei elektronisk fotlenkje er. Eg levde meg i alle fall godt inn i den kjensla ein har når ein skal vere vaken, men er så trøytt at ein i halvsøvne sit og tenkjer rare tankar for seg sjølv:

"Prikken rikka seg ikkje. Prikken rikka seg ikkje av flekken. Eriksen vart sittande med haka mot brystkassa, vaken bak senka augelokk. Han måtte ikkje sovne. Av og til løfta han på augelokka og såg bort på skjermen. Der var alt prikk likt.
-Prikken liknar på ein prikk på ein prikk, mumla han for seg sjølv. Det var ei vrien setning å seie i halvsøvne, kanskje så vrien at han ville greie å halde seg vaken heile natta om han gjentok den i eitt. Prikken liknar på ein prikk på ein prikk, sa han, og var snart så trøytt av gjentakingane at han sovna. Så vakna han med eit rykk, greip om begge armlena og stirde på skjermen. Der var alt som før. Om prikken no hadde begynt å rikke seg, ville den flytta seg i små prikkerikk, tenkte han i halvsøvne. Og straks prikken rørte seg av flekken, skulle Eriksen takke og bukke og nikke. Nikke for elektronikken og bukke for elektrobukken. Men prikken rikka seg ikkje. Kor mykje enklare hadde det ikkje vore om prikken hadde varsla om rikka sine med eit pip? Varsla kvart prikkerikk med eit rikkepip. Då kunne Eriksen sovna inn som han ville."

Laurdag i Stigedalen

Med to hundar på slep var det fint å tilbringe ein stor del av "dagen derpå" på Stigedalen. Der låg ein heil del snø, men nokon hadde køyrt innover vegen med bil slik at det gjekk fint an å gå på vegen i joggeskor. Hundane hadde det heilt hivens, ikkje minst Charlie, som opplevde snø for første gong i livet. Dei fekk springe lause utanom hyttegrendene, og vi gjekk inn til den setra som ligg etter Sagesetra, like ovanfor ein relativt bratt motbakke. Eg veit ikkje kva den setra heiter, men ut frå kart ser det ut som vatnet heiter Langevatnet.





fredag 5. desember 2014

Vinklubb i desember


I bloggande stund sit eg og tek meg ein pust i bakken før den siste finishen før gjestane kjem. På menyen i kveld står ost, kjeks og diverse tilbehør, og tre ulike vinar av drua Barbera. Eg har ikkje planlagt noko langt foredrag, men håper på at damene er pratesjuke og synest det er fint med ein kosekveld i julestria. Sidan eg ikkje har pynta med lilla før i år, bestemte eg meg for å markere advent i borddekkinga. Biletet er teke tidleg i prosessen, men det blir maten som kjem til å ta mest plass på bordet i kveld.