tirsdag 14. februar 2023

Kjensle av vår


Kjensla av vår i barndomen var kjensla av å vere lett som ei fjør når cherroxane vart skifta ut med joggeskor. Kjensla av fridom når ein kunne legge vekk bobledress og ta på ei lett jakke i staden. Kjensla av å sette hælen ned i grusvegen og spinne rundt for å lage ei perfekt grop for klinkekuler. Og så kom alle ungane ut i vegen for å spele ball. Dei yngste berre på kjøt og flesk, men likevel med på lag. Og hoppestrikk på sokkelesten der det fanst tørr asfalt. Skulevegen vart ekstra lang fordi ein måtte stogge ved drikkefontena og lese det innskrivne diktet medan venninna drakk. Det var kvar sin tur. Og så måtte vi balansere på kyrkjegardsmuren. Alt som var kjekt året før, måtte vi gjere. Alt låg framfor oss.

Eg har slutta å slå ball og spele klinkekuler, men i dag varma vårsola og gjorde meg lett som ei fjør. Som vaksen veit ein at det kan kome vinterdagar lenge enno, og at denne fine dagen berre er ein pause i regnbygene. Likevel kjem denne kjensla av at vi har mange fine dagar framfor oss, at det blir lysare og at vi kan gå med lette skor og lette steg inn i ein endelaus vår.

Bok 6 2023: "Engel av nylon" av Helene Uri

Denne boka var litt vanskeleg å lese på senga, sidan temaet var såpass tungt og vanskeleg. Ei mor seier ho aldri har elska barnet sitt, som no er borte. Vi får gradvis innsyn i korleis livet var før ho fekk barnet, korleis ho opplevde å vere mor og ikkje minst om hennar eigen barndom. Boka er god, men den er altså noko vond å lese.

Genser nummer 44: "Harald" i Alpaca Fine

Eg vart akkurat ferdig med nummer 44 like før det hadde gått to år sidan eg tok fram pinnane for første gong sidan tidleg 90-tal, då eg trur eg strikka ein dukkegenser.

Denne genseren er strikka på pinnar nummer 2,5 og 3, så det gjekk noko saktare enn normalt. På det meste var det over 500 masker på pinnen, og mønsteret hadde fleire gonger tre fargar på same omgang. Garnet heiter Alpaca Fine, og fargane er marineblå, sand, petrol og turkis. Eg valde mønsteret fordi eg hadde sett systera mi strikke den same genseren, og det var noko av det finaste eg hadde sett. Storegut har brukt mykje ein setesdalsgenser eg strikka til han for halvanna år sidan, og denne er om lag same tjukkelse. No håpar eg berre den vil passe.


Bok 5 2023: "Gamle menn i syningom" av Arnfinn Kolerud


Ungdomane bruker mange engelske ord når dei snakkar, noko som kan irritere målmenn. Nokon heng opp danske flagg på slottet, noko som provoserer kongen til å bli nynorskbrukar. Bendik og Enella må reise til hovudstaden for å finne ut av saka. Samtidig skal ein steinkunstnar hogge ut andlet i eit fjell, noko liknande Mt Rushmore, berre med nynorskforfattarar. Galskapen er svært underhaldande, kanskje spesielt for norsklærarar.

Bok 4 2023: "Kom ikkje inn i mitt hus" av Arnfinn Kolerud


I den andre boka i trilogien om Vassbygda, bygda der nynorskstriden rår, realiserer Bendik Uføre idéen om å lage samlekort med nynorskforfattarar. Planen er at dette skal auke merksemda og populariteten til nynorsken, og han veddar huset sitt på at det skal bli ein suksess.