søndag 23. februar 2020

Bok 9 2020: "Makten. Haakon & Maud IV" av Tor Bomann-Larsen

Denne boka handlar mykje om revolusjonen i Russland og korleis Kong Haakon takla ei veksande arbeidarrørsle her i Noreg. Sluttkapittelet handlar om Hornsrudregjeringa i 1928, og då har ein konkludert med at kongen takla dei radikale tendensane på ein framifrå måte slik at ein unngjekk revolusjon i Noreg.

torsdag 20. februar 2020

Vinterferie 2020

Eit par dagar hadde eg alle ungane heime, men dei to eldste er no attende i storbyane dei bur i. Søndag kveld feira vi morsdag på etterskot og fastelavn på forskot, og ungane spelte brettspel medan mor baka. Elles har vi brukt dagane til rolege aktivitetar som turgåing, matlaging, kino, handel og tv, i tillegg til å besøke mor/mormor. No står det berre ein dag att av den ordinære ferieveka, og den skal både nytast og nyttast.

Frå eit butikkvindu i Volda. Ei fin oppmoding!

søndag 16. februar 2020

Bok 8 2020: " Vintertronen. Haakon & Maud III" av Tor Bomann-Larsen

I denne tredje boka om det norske kongeparet slit dei med å stadfeste posisjonen sin som regentar. Kva rolle skal dei ha, og kva makt kan dei utøve? Samtidig står kongemakta stadig svakare internasjonalt, og det går mot krig og konfliktar i Europa.

fredag 14. februar 2020

Masteropplevinga


Etter fire og eit halvt år er eg no ferdig med masterstudiet mitt, noko eg sjølvsagt er både letta og glad for. Likevel kjenner eg eit visst behov for å legge fram noko av den frustrasjonen eg har kjent på den siste tida.

Hausten 2015 begynte eg på masterstudiet i undervisning og læring, med fordjuping i norsk. Dei første fem semestra tok eg masteremne, og våren 2018 fekk eg godkjent forskingsplan og teorigrunnlag. Leveringsfrist for masteroppgåva var 1. juni 2019, og eg såg etter kvart at eg ikkje fekk ferdigstilt oppgåva innan denne datoen i tillegg til å jobbe 100%, og eg bestemte meg derfor for å bruke sommarferien til å få oversyn og reinskrive eit utkast som eg så kunne bruke noko tid hausten 2019 på å korrigere, etter at rettleiing var gjeve.

5. august leverte eg eit slikt utkast til rettleiar. Etter dette fekk eg meldingar om at han ikkje hadde hatt tid å lese oppgåva, i tillegg til at to avtalar vart utsette. Då den andre av desse vart utsett, var datoen 28. oktober, altså nesten 3 månader etter at eg sende utkastet og litt over ein månad før leveringsfristen 2. desember. Eg skreiv attende at eg var noko stressa fordi det gjekk mot leveringsfrist, og svaret eg fekk då var at eg fekk ta kontakt med høgskulen for å få ny rettleiar.

Eg tok straks kontakt, og etter litt over ei veke fekk eg som svar at ny rettleiar var sett inn, men at vedkomande ikkje kunne rettleie før i desember, altså etter innleveringsfristen. Eg slo meg først til ro med dette, men etter massivt påtrykk frå folk rundt meg bestemte eg meg for å levere oppgåva utan rettleiing, vel vitande om at dette er uvanleg og ikkje ønskjeleg for nokon av partane. På dette tidspunktet var eg grundig lei, men eg sette meg ned og skreiv oppgåva «ferdig» så godt eg kunne. Eit par dagar før leveringstid sende eg inn oppgåva, etter å ha fått litt hjelp med det tekniske av to kollegaer og ei gjennomlesing av ein journalist som såg over det reint språklege. No fekk det bere eller briste!

19. desember, 2 ½ veke etter leveringsfristen, fekk eg epost frå høgskulen om at sensorane ikkje hadde blitt einige om ein karakter, og at ein derfor måtte finne nye sensorar. Sensurfristen var 20. januar, så det var ein månad att, og eg tenkte i mitt stille sinn at dei kunne no ha brukt litt meir tid og kome til einigheit, eventuelt kalla inn ein tredje person, men eg måtte no berre innfinne meg med situasjonen.

8. januar fekk eg på nytt epost frå høgskulen. Denne gongen fekk eg vite at dei hadde funne nye sensorar, og at sensurfristen no var sett til 19. februar. I dag, 14. februar, fekk eg resultatet, meir enn to månader etter at eg leverte. Ikkje noko strålande resultat, men nok til at eg no kan legge bak meg heile mastersprosjektet.

Som lokalpolitikar har eg vore oppteken av å framsnakke Volda, men dei erfaringane eg har fått siste halvåret har gjort at eg tenkjer det er viktig at Høgskulen leverer gode tenester til studentane og ikkje øydelegg sitt eige omdømme. Det hjelper lite å halde forelesningar om motivasjon og vurdering for læring viss ein ikkje lever etter eiga lære.




Musikal 2020: "Askeladden.dotcom"

I år var det Minstemann sin tur, som sistemann i søskenflokken, til å vere med på skulemusikalen ved Volda vgs. Han deltok i koret i år, og det klarte han fint. Dei hine elevane var òg flinke, både til å synge, spele og danse, og i tillegg hadde mediaelevar og KDA-elevar delteke i dette enorme tverrfaglege prosjektet. Viss eg skal kritisere noko, er det at få av instrumentalistane fekk skine på scenen. At koret står synlege og deltek med rørsler og mimikk, er eit positivt innslag. Mange i salen er pårørande og set pris på å sjå elevane, og det er òg flott at dei får øve seg på skodespel. Det er imponerande kva ein får til på relativt kort tid!

lørdag 8. februar 2020

Trøysteshopping

I skrivande stund er det laurdag, og det i ei veke som i utgangspunktet skulle vere avslappande, sidan fleire timar har gått ut, og eg hadde fri fredag.

Måndagen enda eg opp med å ikkje undervise i det heile, men eg brukte dagen på jobb til å planlegge undervisninga framover. Om kvelden gjekk eg tur med hunden, og eg tenkte at livet går inn i ein ny og sprekare fase.

Tysdag var eg kalla inn til formannskapsmøte klokka 13. Eg er første vara, så eg må nok rekne med å bli innkalla av og til, og denne gongen hadde eg fått varsel i god tid i førevegen, slik at eg hadde opplegg klart for elevane. Møtet var interessant nok det, men litt over 18.30 gjekk eg, sjølv om det var eit par små saker att. Då måtte eg nå ferja og kome meg heim for å hente Minstemann og køyre han på korps, før eg sjølv for på møte i grendahusstyret. Dette møtet var ferdig ein halvtime før eg skulle hente ungane på korpsøving, så eg køyrde til Folkestad og slappa av der før øvinga var slutt. Då vi kom heim var klokka nærare 21.30, og eg hadde ikkje vore heime sidan 7.20. Vi var både trøytte og hustrige, så eg laga kakao og ostesmørbrød til kvelds, noko som var ei god erstatning for middag.

Onsdag og torsdag hangla eg meg av garde på jobb, og fredag hadde eg heldigvis fri. Då kunne eg legge meg føre og berre la sykja herje. Hadde eg hatt fagdag denne fredagen, veit eg ikkje kva eg skulle ha gjort, for det er vanskeleg å få ein vikar til ein sekstimarsdag når vedkomande vikar eigentleg har fri.

I dag køyrde eg Minstemann på ferja om morgonen, og så stakk eg ein tur til Eid for å handle litt. Eg skulle mellom anna kjøpe den panna eg hadde bestilt. Den er på 6,7 liter, og denne månaden har dei den på tilbod på Kitch'n til 1499,- i fargane cerise og svart, og i tillegg fekk eg kundefrådrag på 200 kroner. Eg veit at eg nyleg kjøpte meg ei gryte i denne serien, men når ein skal lage mat til mange, kan det vere greitt å ha to. Det var dessutan eit svært godt tilbod. Eg syntest rett og slett synd i meg sjølv som er sjuk når eg endeleg hadde kome meg ovanpå og skulle begynne å trene meir, og har spart så mykje på ferjebillettar og denslags - og på toppen av alt har eg hatt eit stygt og vondt munnsår heile veka. Eg fortener faktisk ei ny og fin panne, , så vondt og vanskeleg som eg har hatt det. I morgon er det morsdag òg, så der har eg nok ein grunn til å kjøpe noko eg eigentleg ikkje trengde.

Morsdagsfeiringa er utsett på ubestemt tid, for eg har no ikkje tenkt å smitte mora mi i utide, men det er snart ferie, og tid for å fylle gryter og bake kaker.


Bok 7 2020: "Folket. Haakon og Maud II" av Tor Bomann-Larsen

I denne boka følgjer vi hendingane fram til Haakon, Maud og vesle Olav reiser til Kristiania som kongefamilie. Det heile er svært omstendeleg og detaljert skildra, og mykje av det politiske bakteppet er i overkant komplisert, men det er sjølvsagt flott at forfattaren har vore så grundig. Sidan eg har lytta til boka delvis i feber, har eg kanskje ikkje fått med meg alt, men der er element eg har funne svært interessante. Spesielt er eg fascinert av rolla Fridtjof Nansen spelte i maktkampen. Eg har kjent til hovudtrekka i historia frå før, men no har eg fått meir kjøt på beina.

søndag 2. februar 2020

Bok 6 2020: "Kongstanken. Haakon og Maud 1" av Tor Bomann-Larsen

På Storytel fann eg denne serien av Tor Bomann-Larsen, og eg har no høyrt ferdig den første boka. Kongeparet vert fødde og veks opp i løpet av denne boka, som mest av alt er eit portrett av ei spennande tid i nordisk historie. Ein får innsyn i fleire av dei kongelege familiane i tida, og Bjørnstjerne Bjørnson får òg mykje plass. Papirutgåvene har truleg mange bilete ein går glipp av i lydboka, men det er likevel verd å høyre på denne boka.

Vinklubb januar 2020

Fredag var det min tur til å arrangere vinklubb. På menyen stod indisk mat, inspirert av yogatimane vi har hatt siste månaden. Eg laga tikka masala, mangochutney og raita, og kokte i tillegg ris og varma (litt for mykje) nanbrød. Maten smakte godt, trur eg. Vinane eg hadde fått anbefalt var ein kvit og to raude, alle produserte i California. Dei passa godt til maten, og vi hadde ein særs triveleg kveld. Vi var ti til bords, og eg løyvde om lag halvparten av maten, men lite av vinen.