tirsdag 29. april 2008

Jeg velger meg april



Det er mykje å tenke på. Engelskklassa skal ha tentamen i morgon, eg fekk endeleg delt ut særemna og stilane til norskklassa og det går mot eksamen, med alt det som det inneber. I tillegg skal vi ha konfirmasjon på søndag, og det betyr mykje organisering og planlegging det òg. Innimellom alt anna prioriterer eg trim, og i dag var det nummer 3 og eg som gjekk i skogsvegen med hundane. No ligg det berre ein liten flekk med snø øvst oppe, så Gubben kjørte oss til topps. Å gå i nedoverbakke er meir motiverande enn oppoverbakke, og for hundane går det vel på eitt ut. Det er deilig no når det er lyst fram til 22.00, og fantastisk luft etter litt duskregn og mykje mildver. Berre så synd at arbeidsoppgåvene ligg heime og ventar...

søndag 27. april 2008

Første tur i Brundalen i år!



Laurdagen var temmeleg grå, men søndagen slo til med opplett ver, så då ville vi til "fjells". Eldstejenta var framleis halvsjuk, så ho vart att heime, men vi hine hadde ein fin tur. Ein må framleis vasse litt gjennom snø, men det minkar på den sorten. Gamla gjekk heilt heim med hundane, medan dei andre vart att i dalen ei stund til. I handarbeidsblogg-kretsar omtalar dei ofte noko som heiter "UFO" (noko med "unfinished" å gjere), og her er ein av Gubben sine. Selet i Brundalen stod til nedfalls i mange år, men i løpet av dei siste åra har det fått nytt tak, nytt vindauge og ny bordkledning på tre veggar. Dei tre nye veggane vart mala raude første mai i fjor - ei symbolsk handling, så og seie.

Sunn middag


Laurdag bestemte vi oss for å droppe laurdagsgodt i form av snop, og heller lage ein sunn og god middag. Det var eldstejenta som foreslo at ho skulle lage noko godt dei hadde laga på skulen, og vi andre var sjølvsagt einige i at det var ein god idé. Gubben var oppteken med husvask, medan Gamla retta stilar og lufta hundar, og begge var glade for å få hjelp på kjøkkenet. På grunn av overhengande fare for svolt fekk eg ikkje teke bilete før grønsaklasagnen var halvvegs vekk frå forma. Maten var både sunn og god, så etterpå vart det til at borna laga brownies...

fredag 25. april 2008

Gratulasjonar til svigerinne (og hund)


Først vurderte eg ei overskrift som inneheldt "beste svigerinne", men så kom eg på den infame broren min frå barndomen. Eg hadde berre ein bror, medan han hadde to systrer, så alle superlativ vart meir verdt når han brukte dei. Det gjekk opp for meg at eg har berre ei svigerinne, ein bror, ei syster og ein svoger, og dei vil derfor alltid bli "best" på grunn av manglande samanlikningsgrunnlag. Svigerinna har uansett bursdag i dag, og då helsar vi henne om ikkje med meiningslause superlativ, så i alle fall med rosande ord. Ho er ei dame det er umogleg ikkje å like med sitt gjestfrie, rolege og vinnande vesen. Interesseområda er mange, så vi går aldri tomme for samtaletema. Sidan avstanden er stor, blir det ikkje så mange treff i løpet av året. Dei siste åra har vi delvis feriert saman om sommarane, noko i alle fall vi har sett pris på, og no går det heldigvis mot sommar igjen.

Vår nyslåtte champion Bianca er tre år i dag, og ho har feira dagen saman med Bau og meg i skogen. Når eg ser på biletet frå i går, ser eg at mykje av snøen har smelta siste døgnet. Bjørkene har fått blad, kvitveisen bømer og fuglane har eit nesten støyande stress på gang. Eg tvilar på at våren vanlegvis kjem så tidleg, men no har eg i alle fall loggført at på Svigerinna (og Bianca) sin bursdag i 2008 var det mogleg å kjøre bil til den nedste parkeringsplassen i skogsvegen. Kanskje er det minneverdig - kanskje ikkje. I desse klimaendringstider kan det fort bli: I 2008 låg det snø på den øvste parkeringsplassen i skogsvegen...

torsdag 24. april 2008

Første tur til snuplassen i år


På grunn av to avlyste dansetimar vart det meir energi til overs i dag, og dei to mellomste vart med i skogsvegen på tur i kveldinga. Gubben kjørte oss eit langt stykke opp, men på det siste stykket av vegen låg det noko snø. Vi kom oss opp til den øvste parkeringsplassen, og der snudde vi og gjekk heim. Passe slapp tur eigentleg, men fint å vere ute. Gamla ville høyre på hordar av bokfink, men dei hine ville heller høyre på morosame mobillydar eller synge opera medan vi traska nedover. Vanlegvis plar turar i skogen å motverke hovudverk.

"Livstid" vart bok nummer 10.


I går kveld las eg ut oppfølgjaren til "Nobels testamente" - "Livstid" (Liza Marklund). Eg syntest boka var spennande og gripande undervegs, men slutten vart litt "tam". Eller så var det eg som var litt for trøytt... Uansett, så ser eg fram til neste bok i serien.

onsdag 23. april 2008

Wild boys



Gutar passar ikkje alltid inn. I skulen, til dømes, passar det betre å vere ei roleg, stille jente enn ein gut med maur i buksa. Noko som har engasjert meg i det siste, er akkurat dette; vi snakkar om tilpassa opplæring som om det berre har med nivå å gjere - og ikkje med rammene rundt. Kunne det ha vore ein idé å la borna springe rundt skulen eit par gongar før og etter timane? Skal normal guteåtferd forkastast som "ablegøyer" og definerast som eit problem for skulen?

På fridagen i dag var det nydeleg ver, og eg gjekk koseleg skogstur med dei to yngste og ein hund. Seinare gjekk eg tur med minstemann og hundane for å finne spor etter hjort i skogen (eg prøvde meg med litt innføring av floraen i fargar, men det var mislukka). Om ettermiddagen skulle eldsteguten spele fotballkamp, så då følgde eg han dit. Laget hans tapte med eit ukjent tal mål, men gutane fekk pest seg ein del. Vi mødrene vart ståande på sidelinja og diskutere gutane våre og deira oppleving av skuleverket, og dei andre bekrefta til fulle mine tankar om emnet.

Gutar treng aktivitet i langt større grad enn jenter, og gjerne ei meir utagerande form for aktivitet enn det jentene (og dei kvinnelege lærarane) set pris på. Sjølv har eg sett meg føre å drive litt motvekt framover, så no skal Gamla drive med utagerande åtferd så det susar etter. Berre så synd eg har høgdeskrekk og mislikar stor fart...

søndag 20. april 2008

Internasjonal dansedag



I dag var det å hive seg på hjul att; Eldstejenta skulle danse på framsyning i Ørsta, og nummer 3 ville vere med og sjå på storesystera. Nummer 2 vart att heime, for han skulle i selskap til ein kompis, og Nummer 4 vart passa av Besta og Besten - det var tredje gong vi var der denne veka, så no har dei nok fått overdose av oss. Ballettshowet var fantastisk flott, med innleigde dansarar frå Tsjekkia og dansande danselærarar i tillegg til dei eldste jazz- og klassiskdansarane og alle contemporarydansarane. Eldstejenta høyrde til i den tredje gruppa, og dei hadde eit nydeleg nummer i tredje akt. Idéen var samspelet mellom dei fire elementa i det gamle Hellas. Uheldigvis var jenta mi og venninnene hennar blant dei som skulle danse "Jord" i eit heller fargelaust og kjedeleg kostyme. Dansinga var derimot spektakulær!

lørdag 19. april 2008

Bok nummer 9: "Nobels testamente"


Eg er utruleg glad i krim, både på TV og i bøker. På grunn av små barn og klaustrofobi ved bruk av øyreproppar har eg aldri heilt kome i gang med lydbøker, slik fleire andre eg kjenner har gjort. Lesinga på senga blir for lite, så i dei siste dagane har eg teke med bok på ferja, og så fekk eg ei fin økt med lesing då det var heildagsprøve torsdag. I dag skein sola så fint, og eg fekk eit par timar i solveggen så eg fekk avslutta "Nobels testamente" av Liza Marklund. Ho er ein absolutt favoritt, og denne boka var ikkje noko unntak. Heldigvis har eg den neste i serien liggande på nattbordet. Kor tidleg går det an å legge seg, eigentleg?

Jeg ser Dina


Fredag var det filmdag i kvadruppelnorsktimane mine igjen. Vittulafilmen fall ikkje heilt i smak, som nokre observante lesarar kanskje har fått med seg, så eg var litt spent på korleis "Jeg er Dina" ville slå an. Inntrykket mitt var at dette var ein film meir etter klassen sin smak, og sjølv har eg stor sans for filmen Vi hadde ein liten diskusjon etterpå om engelsk dialog i norske filmar, og vi var vel einige om at det var litt forstyrrande. Maria Bonnevie er uansett fantastisk som Dina, og filmen er langt meir actionfylt og dramatisk enn boka, som vart dømd nord og ned den tid eg studerte norsk. Filmen inneheld dessutan nydelege naturbilete og spektakulære, musikalske effektar. Denne blir nok liggande i skuffa mi på jobb ei stund.

Ein dag ved vasken


Denne nydelege helga er det ikkje freistande å sitje inne, men i desse travle tider var det på høg tid med ein vårklipp. Mor og fire barn hadde bestilt time FØR Mor kom på at Far hadde jobbehelg denne helga, og FØR eldstejenta erklærte at ho skulle på ekstra ballettøving i høve framsyninga i morgon. Det var ikkje så freistande å avbestille heller, så det vart til at eg kalla inn Besta og Besten som bakvakter. Det tok to timar å fornye gjengen, og heile seansen gjekk rimeleg greitt. Etterpå henta vi ballerinaen og fekk servert pannekaker og is. Vel heime fekk vi glede oss over det nydelege veret og vere litt i aktivitet før sola gjekk ned. Min aktivitet var først og fremst å lese - det vart ikkje nok ro til å få lese så mykje hos frisøren i dag.

tirsdag 15. april 2008

"Terbovens liste" nummer 8 på lista


Eirik Wekre er eit nytt namn for meg, og dette var visst hans andre roman, frå 2006, og eg kjøpte den i affekt då dei hadde tre bøker for 100 kroner på NotaBene ein gong i 2007. Eg likar godt krim, og eg er interessert i andre verdskrig - spesielt i desse hakekors-banner-tider - men boka greip meg ikkje før i går kveld, då det nærma seg slutten. Først låg eg vaken og las til langt på natt, og så var det å stå opp klokka 6, slik eg vanlegvis gjer, og lese resten til frukost. Framleis ikkje imponert av boka, men den kan ikkje ha vore så dårleg heller, sidan det var så lett å stå opp i dag.

Vi syng for Storegut


I dag er det bursdagen til den største guten vår. Det er no 11 år sidan eg skulle på overtidskontroll i Volda, men vakna i 5-tida av at fødselen var i gang på normal måte. Den fødselen var ein "højdare" i min karriere som fødande; klokka 15.45 var han ute, og då utbraut eg: "dette kunne eg ha gjort kvar veke!" Ein time seinare sat eg på barselavdelinga og las til storesystera. Etter eit døgn vart eg bekymra fordi eg ikkje fekk i han mat, og fordi han verka så slapp og inntørka. Nokre av barnepleiarane tykte eg var hysterisk, men ei av dei gav meg ei flaske sukkervatn som eg trykte i han. DÅ vakna han. Dama som eg delte rom med, fortalde at ho to år tidlegare hadde opplevd at hennar nyfødde vart svakare og svakare og deretter døydde, berre nokre dagar etter fødselen. Ho må ha hatt det forferdeleg når eg vimsa rundt og kakla om kor bekymra eg var. Seinare vart han ein utruleg grei baby, som åt, sov og smilte. Latteren hans blir enno hugsa i det gamle nabolaget vårt i Ulsteinvik, der han var kjend som "kaptein Satan". Eg ser han føre meg der han dilta etter systera og venninnene hennar - alltid med ein smokk i munnen - og hugsar at eg kjøpte han action man-figurar og Ken-dokker så han skulle kunne delta i Barbieleiken. Som 11-åring er han ein aktiv og kjekk kar med mange interesser. Han spelar trombone, fotball og gitar, blant anna. Biletet viser fjorårets bursdag, då han kjøpte seg forsterkar og fekk låne gitaren til farfaren. Bursdagspengane rakk òg til nye ski, og på tiårsdagen gjekk vi på ski på Stigedalen. Det gjeld å lage nye, gode minne.

søndag 13. april 2008

Løpske hundar


Eg reknar ikkje med å få nokon sympati, for det var ikkje akkurat eit sjokk at løpetid ville medføre problem etter at hannhunden vart vaksen. Siste veka har Gubben teke med hannhunden på jobb, men no i helga har vi slite med eit dyr som ular når han ikkje får vere saman med hoa. Dei må luftast kvar for seg viss dei skal gå lause, og i dag vart berre hannen med då familien reiste til Stigedalen for å leike i snøen. Det brunstige dyret fekk gå ein lang skitur saman med meg - han dreg meg faktisk der det er flatt - slik at han skulle få att appetitten på mat og gløyme "dama si". Resten av familien rende på akebrett på Tua. Då vi kom heim, sykla og gjekk eg ein lang tur med tispa, slik at ho òg skulle få litt mosjon. Ho har mist noko pels og ser "pjaskja" ut - heldigvis er championatet i boks... Hannhunden hadde ult heile tida medan vi var vekke. Dei ligg i gangen, tett i tett i kvart sitt gjerde, og no er dei rett så fredelege. Eg lokka i hannen eit par vaffelhjarte i stad, men elles tenkjer han på anna enn mat. Akk ja, så er det berre to veker att av løpetida. For denne gong.

fredag 11. april 2008

It's such a perfect day


Eit frynsegode i jobben min er at vi får tilbringe fleire dagar i året med aktivitetar som konsertar, fjellturar og skidag. I dag hadde vi skidag, etter sterkt påtrykk frå elevane. Etter nokre ærend på leikebutikk m.m. drog eg heim for å gjere klart til bursdagsselskap. Vi såg på vermeldinga måndag og fann ut at vi kunne kjøre det årlege aprilselskapet i dag. Tradisjonar er alvorlege saker, og gjestane var fast bestemte på kva dei skulle gjere. Jentene skulle ri, og gutane skulle ha brytekamp på trampolina. Innimellom trekte nokre seg ut og heldt på med krokket, bocchia, stangtennis og hoppetau. Det er nemleg ein tradisjon at vi kjøper inn nye vårleiker til aprilbursdagen. Det er òg ein tradisjon at det er strålande sol i selskapet, og at foreldra får problem med å få med seg ungane heim. Tre av gjestane kunne ikkje kome, så dei vart berre 18 til bords. På menyen stod pizzabaguettar, pølse m/brød, kukake (sjokoladekake pynta med godtekyr frå Lidl), snacks og vaflar med is og O'boy. Gubben gjekk fram og attende med den eine hesten så jentene fekk ri, og minstemann hadde brytekamp aleine mot sju store gutar som leika zombiar. Både gut og mann sovna på sofaen før kvelden var omme. Hovudpersonen sjølv var svært nøgd med dagen, og storesystera, som på førehand hadde erklært at ho ikkje hadde tenkt å vere i selskapet, fekk reise til Volda og spele kamp (og vinne) mot Ørsta. Gamla seier "vel blåst" og tenkjer at vi er mykje flinkare til å organisere barnebursdagar enn fine selskap. Kva med konfirmasjon etter dette mønsteret, folkens? Damene rir på hest og mennene har brytekamp? Kunne ha blitt interessant....

onsdag 9. april 2008

Fineversfridag - igjen!



Sola kjem ikkje før om lag 12.30 her, og innan den tid rekk ein å gjere ein del husarbeid og til og med å lufte ein hund. Storeungane kom heim til ferdig middag, og her har vore full aktivitet med trampolinehopping, sykling og bygging. Minstemann har framleis vondt i foten når han sit på ein stol, men ikkje på politimotorsykkelen sin, tydelegvis.

tirsdag 8. april 2008

Ut i naturen


I kveld var resten av gjengen på korps, og minstemann sov på sofaen etter ein travel dag med verking i foten og påfølgjande legetime. Tv'en stod på, og tilfeldigvis kom det eit lengre innslag frå Solund på programmet "Ut i naturen" - eit program som eg likar godt, men sjeldan ser. I programmet vart det hevda noko som eg har meint lenge; fjordane i Noreg har fått mykje merksemd, men det er minst like fint på øyane der fjordane kjem ut til havet. Då innslaget var slutt, vakna minstemann og kom på at vi hadde vore på Nille og kjøpt verktøy til kroner 5,-, spikar og arbeidshanskar. Då måtte Gamla hive seg rundt, få på oss begge tjukt med klede og gå opp til "jakthytta". Derifrå har vi utsikt utover mot vest, og eg såg at det var ein nydeleg solnedgang ute i øyane.

mandag 7. april 2008

Upopulær Populærmusikk


Fredagane har eg firdobbel norsktime i ei klasse, og då passar det godt å sjå film. Sidan vi skal ha svenske tekstar på pensum, valde eg sist fredag å vise "Populærmusikk fra Vittula" - basert på oppvekstromanen med same tittel av Mikael Niemi. Til mi store overrasking hadde nokre av elevane sett filmen før, og dei hadde mislikt den sterkt. Sist eg viste denne filmen, for to år sidan, var elevane heftig begeistra. Eg valde no å vise den uansett om nokre dømde den nord og ned på førehand, for sjølv synest eg den er god både som forteljing og som ei skildring av det å leve i eit språkleg og kulturelt ingenmannsland. Eg las boka etter at eg hadde sett filmen, og i dette tilfellet likte eg faktisk filmen best. Kameraten Niila kjem så tydeleg fram i filmen, og ein får ein utruleg sympati/empati for hans livssituasjon. Klassa var sånn passe lunka etterpå, så eg veit ikkje kor vellukka opplegget mitt var.

Eit år eg hadde ei klasse som det var umogleg å vekkje entusiasmen til, innførte eg omgrepet "perler-for-svin-undervisning".

søndag 6. april 2008

One too many wasted sunsets


Gubben og borna var i slalåmbakken og på fotballkamp i dag, medan eg var heime og gjorde skulearbeid, gjekk turar med hundane og fekk unna noko husarbeid. Det var nydeleg ver og nesten umogleg å gjere innearbeid, så retting av gloseprøver gjekk føre seg på plattingen, med pledd og solbriller som ekstrautstyr. Hadde eg hatt betre batteri på dataen, kunne eg fått unna enda meir ute. Eg vurderer skøyteleidning.

Våren kommer nå

Hvis du hører en gitar i kveld
ved huset der du bor,

er det jeg som drar forbi og tar farvel.

Ikke tenk på det du gjorde,
hva du gav og hva du tok,

for du vet jeg måtte reise likevel.

Kommer nå, våren kommer nå
kommer nå, nå, våren kommer nå

Snart står hestehov og blåveis
langs den veien jeg må gå
Kommer nå, nå, våren kommer nå

lørdag 5. april 2008

Sprek dame på 85


Eldre menneske opptrer ofte som kritiske til notida og forherligande til fortida. I dag møtte vi ei dame som var forfriskande reflektert. Ho voks opp som eitt av elleve barn, og ho hugsa besteforeldra sine, som altså er mine oldeforeldre. Det var spennande å høyre på slikt som pappa og ho mintest frå oppveksten, og ho hadde ein sjarmerande forteljemåte som bar preg av at skodespel hadde vore ein viktig hobby for henne. Ho verka både fornuftig og open for nye oppfinningar, men den berbare datamaskinen sin nekta ho å bruke til anna enn kabal. Kanskje ho burde ha begynt å blogge?

Ekte suling i stiv kuling


Eg har aldri forstått korleis så mange damer i Solund/Sula har greidd å halde frisyren nokolunde intakt. Det er vel ingen stad på jord der vinden kan vere så inderleg sur som der. Konfirmanten, som no påberopar seg å vere sogning, måtte ut og kjenne på vinden i dag. Vi tok ein sightseeingtur til staden som har det sjarmerande namnet Avløp, og der gjekk vi opp på ein bergknaus for å sjå på bølgjene. Vinden var såpass sterk at vi hadde problem med å halde balansen, men vi fekk verkeleg kjensla av å vere i Solund/Sula.

Bunad til konfimanten



Fredag etter jobb og skule reiste pappa, eldstejenta og eg til Solund. Kusina mi har fått i oppdrag å sy bunad til konfirmanten, som i likskap med meg kjenner seg som ein ekte sogning. I alle fall når det gjeld bunader. Det er ein del arbeid med prøving og måling, men resultatet ser ut til å bli svært bra. Og så var det eit hyggeleg påskot til å besøke slekta! Vi nyttar høvet til å takke for eit triveleg opphald, og så får vi takke vidare når bunaden blir heilt ferdig.

onsdag 2. april 2008

Hoppande glade barn


Heimeonsdag med sol frå skyfri himmel! Ein skulle tru det var mykje bråk og ekstra arbeid når ein hadde sju ungar i heimen, men det vart tid til både lesing i solveggen og skulearbeid. Etter solnedgang kom Gubben og eldstejenta heim, og då gjekk og sykla eg med hundane. Uteliv ladar verkeleg batteria!

Isn't it good?


Med solsteik på plattingen og ungane på trampolina fekk eg endeleg lese ut Haruki Murakamis "Norwegian Wood" frå 1987. Boka er eit tilbakeblikk til slutten av 60-talet, noko som ikkje er særleg relevant for handlinga, men som treff tittelen godt. Det er ikkje ofte ein boktittel sit så godt som denne, spesielt viss ein tenkjer på den første linja: "I once had a girl, or should I say she once had me?" Sjølv om handlinga ikkje er spesielt interessant, grip personane i romanen meg på eit vis, og eg blir interessert i å vite korleis ting heng saman. Ein får dessverre ikkje alle svara ein kunne ha tenkt seg, og ein vender aldri attende til 1980-talet, men slik er stemninga i songen òg. Det er mi første japanske bok, og eg har allereie nemnt ein gong at eg likar å lese bøker frå andre land, så no må eg skaffe meg "Kafka på stranden". Og håpe på meir solskin på plattingen.

tirsdag 1. april 2008

Aprilsnarr

For lærarar flest er vel ikkje første april akkurat favorittdagen. Personleg er eg motstandar av første april, og det har ei spesiell årsak: hamsteren Bertil. Eg narra Systa og sa at Bertil var død - noko som viste seg å vere tilfelle seinare på dagen. Eg var utrøysteleg. Same dag vart den første hunden min, Nadja, fødd. Dette er no 25 år sidan, men framleis tenkjer eg altså på desse to kjæledyra kvar første april.

Konfirmant på posesal

Barneoppseding er alvorlege greier. Det finst nesten ikkje grenser for kva nybakte femtenåringar må lære. Kva fargar som passar saman med ceriserosa, til dømes, og kva som er skilnaden mellom middags-og kaffiserviettar. Gamla sjølv er framleis novise når det gjeld å pynte fine festbord, så det er ikkje rare undervisninga ho kan bidra med i estetiske spørsmål. Praktisk sans meiner eg derimot at eg er utstyrd med, og det bør overførast til neste generasjon ved slike høve som vi i dag hadde: mor - dotter shopping dag. Posesal bør reknast som ei idrettsgrein, etter mitt syn. Det krev ein viss taktikk, uthaldenheit og styrke. Store plagg må omformast til minimale tøyklumpar nedst i posen, og så fyller ein på med småplagg rundt det heile. Undertøy fyller ekstra fint ut plassen. Eks-bursdagsbarnet hadde fått pengar til dagen sin, og 300 kroner forsvann ned i kassaapparatet på Cubus medan ho nøgd og kry spankulerte ut med diverse antrekk hardpakka nede i posen sin. I neste butikk fann vi fine serviettringar til 70 kroner per stk, og då var det greitt å ha fått eit lynkurs i personleg økonomi på førehand.