tirsdag 29. oktober 2019

Bok 56 2019: "Håndbok i husstell for leiemordere" av Hallgrimur Helgason

Tittelen på denne boka var såpass sær at eg vart nysgjerrig, og eg tenkte det kunne vere noko Paasilinna-liknande i denne boka. Det var dessutan kjekt å finne ei bok med handlinga delvis lagd til Island.

Hovudpersonen er ein leigemordar som ved eit uhell hamnar på Island. Leigemordaren er eigentleg ein kroat busett i USA, og hans møte med sagaøya vert artig fordi han ser landet utanfrå og kommenterer på ein humoristisk måte. Han skildrar til dømes blokkene utanfor Reykjavik som noko som minner om kommunisttida, noko eg kan seie meg einig i. I tillegg har han eit fælt kvinnesyn, som òg er noko underhaldande og ironisk. Det er først og fremst skråblikket på Island eg synest er interessant, og kanskje den ironiske tonen som han held gjennom heile boka.

Boka ligg på Storytel.

Basarsøndag

Denne helga var det basar på grendahuset, og det vart både baking og øving før basaren tok til Migraune stilte med basarrock, som takk for at dei får øve gratis på grendahuset kvar veke. Bygdefolket møtte opp for å prate, kjøpe årer og ete kake, og basaren vart såleis ein såpass stor økonomisk suksess at vi fekk eit godt bidrag til å drive grendahuset vidare.

fredag 25. oktober 2019

Bok 55 2019: "Sapiens - en kort historie om menneskeheten" av Yuval Noah Harari

Denne boka er ei framstilling av menneska si historie, som tittelen seier, men i tillegg til historiske fakta vert det filosofert over tema som lukke og religion, mellom anna. Mot slutten tek forfattaren dessutan opp moglege framtidsutsikter for menneska som art, og problematiserer då ein del etiske dilemma i forskinga. Eg syntest denne boka var veldig interessant, og eg sit att med mange tankar etter å ha lese ferdig. Det er ikkje lett underhaldning, men av og til er det spennande å lære noko òg.

Boka ligg på Storytel.

Konstituering av kommunestyret

Torsdag vart ein dramatisk og spennande dag politisk sett. Planar vart lagde og endra heilt i siste liten, men ordføraren vart vald og resultatet vart som eg stemde. Det var òg ein del spenning knytt til kjønnsbalanse i utvala, men eg kom heldigvis med i det utvalet eg ønskte; tenesteutvalet for oppvekst og kultur. Det er der mine interesser ligg best fundert, og det er der eg har størst kompetanse. Eg var utruleg letta etter at møtet var over, og takksam for alt arbeidet som har vore lagt ned for at resultatet vart som det vart. No står det att å sjå om alle innfrir dei forventningane som ligg til dei viktige verva dei har fått.
Bilete saksa frå Møre-Nytt

søndag 20. oktober 2019

Laurdagstur til Ørsta og Volda: Øyralangs

Minstemann har fått seg frakk - ein liknande den faren hadde på 80-talet

Veslejenta
Laurdag føremiddag var Minstemann ein tur til Furene for å spele saman med korpset. Sjølv har eg arbeidshelg, så eg vart sittande att heime med ein stilbunke som eg spretta allereie fredag kveld. Om ettermiddagen hadde vi eit ønske om å oppleve arrangementet "Øyralangs" i Volda. Vi stakk først innom Mormora i Ørsta på snarvisitt, og så fekk vi med oss Bladfyken opp til stadion. Derifrå gjekk vi til Årneset, der arrangementet starta.

Kort fortalt er Øyralangs ein tur på turvegen frå Årneset til sentrum (den mange av oss ønskjer å forlenge rundt Rotevatnet). Langs turvegen har mange vore med og hengt opp lys og pynt, nokre har kledd seg ut og underheld langs ruta, nokre dansar og nokre spelar. Det heile vert ein svært hyggeleg spasertur med mange inntrykk. Mange hadde tatt turen til sentrum i høve arrangementet, og det er no ekstra gledeleg.


Nokre av serveringsstadane i sentrum reklamerte med buffet og andre tilbod, og vi enda opp med å gå på kinarestauranten. Då vi skulle bestille, ville ungane heller ha ein rett som ikkje var på buffeten, så vi enda opp med kvar sin tallerkenrett i staden.

Bladfyken hadde parkert ved kinarestauranten, så han køyrde oss opp til stadion så vi fekk henta bilen utan å gå heile ruta ein gong til.

Foredrag med Simen Almås

Guten som sette fyr på seg sjølv, dansa i Norske Talenter og overlevde massakren på Utøya har no blitt 25 år og foredragshaldar. Torsdag arrangerte Utdanningsforbundet i Volda eit medlemsmøte der Simen fortalde om kva han hadde vore gjennom, og korleis han kom seg vidare i livet etter dei traumatiserande opplevingane.

Noko av det han sa kunne verke klisjéprega, men eg plar seie at noko blir klisjéar av ein grunn. Det gir dessutan orda meir vekt når ein har vore gjennom så grusomme hendingar som han har.

Ein kveld til ettertanke!

søndag 13. oktober 2019

Laurdagstur til Måløy, Refvik og Eid



Laurdag skulle vi handle inn litt mat, og vi hadde òg lyst å gå på restaurant og køyre ein tur. Dermed køyrde vi til Måløy og ut til Kannesteinen, før vi køyrde til Refviksanden. Det var herleg å kome ut til havet, der himmelen er stor og lyset og lufta noko heilt spesielt.

På heimveg stoppa vi på Eid for å handle, og deretter vart det sushi på kinarestauranten. Eg lurer alltid på om eg fornærmar kinesarane ved å bestille japansk mat, men den sushien deira er berre fantastisk god.

Haustferie 2019

Haustferieveka vart for det meste tilbragt heime. Her har eg sysla med reparasjonar, retta nokre bunkar, rydda litt og skrive pittelitt på oppgåva mi. Litt besøk vart det òg høve til, og eg har hatt bilen til og frå verkstad. Godt med alt som er gjort! Turane i løpet av veka vart mest i nærmiljøet, men det er òg ein av dei finaste stadane ein kan gå tur.

fredag 11. oktober 2019

Bok 54 2019: "Nattevandreren" av Aurstad og Westberg

Denne bka har òg handling som er lagd til Kristiania rundt år 1900. i denne perioden var det populært med spiritisme, noko som òg er brukt som element i boka. Eit medium snakkar om eit lik under en seanse, og det blir utgangspunktet for ei spennande kriminalsak som òg gir innblikk i andre samfunnsområde, til dømes barneheimar og fengsel.

God underhaldning som ligg på Storytel.

torsdag 10. oktober 2019

Bok 53 2019: "Blodpenger" av Aurstad og Westberg

Kriminalhistoria i denne romanen er mest interessant fordi handlinga er lagt til Kristiania like før år 1900. Etter å ha lese Saabye Christensen sine romanar om Oslo etter andre verdskrig, var det spesielt interessant å reise enda lenger attende i tid i den same byen.

Ein mann vert funnen død, forgifta med stryknin. Dette er ei sjaldan dødsårsak, og det tek tid å finne løysinga på mordgåta. På vegen dit får ein møte både prostituerte, gangsterar og overklasserepresentantar, og ein blir kjend med dei som vert etterforskarar i ein serie bøker der denne er den første.

Boka er god underhaldning, ikkje minst fordi den er skrive med innslag av humoristisk språkbruk - spesielt i samanlikningar av typen "stille som i et nonnekloster".

mandag 7. oktober 2019

Bok 52 2019: "Jeg tenker nok du skjønner det sjøl. Historien om Christoffer" av Jon Gangdal

Christoffersaka fekk mykje medieomtale i si tid, og denne boka er såleis gamalt nytt. Den er likevel eit viktig dokument når det gjeld å skjøne mekanismane rundt overgrepssaker. Guten fekk diagnosen ADHD, og vart såleis tungt medisinert og var innom mange faginstansar som i ettertid fekk mykje kritikk for ikkje å ha sett, ikkje ha forstått og ikkje ha varsla. Forfattaren har hatt særleg mykje kontakt med mormora til guten, noko som pregar framstillinga, men hendingane er uansett om dei er subjektive eigna som skrekk og åtvaring for alle oss som arbeider med born og unge. 

Boka ligg på Storytel.

søndag 6. oktober 2019

Bok 51 2019: "De som ikke finnes" av Simon Stranger

I denne tredje boka om Emilie dukkar plutseleg Samuel frå den første boka opp att. Han har reist gjennom Europa og opplevd mykje vondt og vanskeleg, og no oppsøkjer han Emilie fo å få hjelp av henne. Samuel lever som ulovleg innvandrar, og det er eit hardt liv. Emilie har ein betinga dom frå førre bok hengande over seg, og ho må derfor vere varsam med kva ho gjer av ulovlege handlingar.

Dette er ei dyster, men viktig bok om menneske på flukt.

Haustferie

Søndagen før ferieveka gjekk vi oss ein tur i Mjeltvika i nydeleg haustsol att. Det er verkeleg vakkert her!

tirsdag 1. oktober 2019

Bok 50 2019: "Verdensredderne" av Simon Stranger

I denne boka vert Emilie, som vi møtte i den første boka i serien, kjend med nokre ungdomar som vil få folk til å sjå urettferd i verda når det gjeld barnearbeid, til dømes. Parallelt blir det fortalt om ei jente i Bangladesh som lever av å sy klede. Boka kastar dermed lys på nokre slike saker på ein noko elegant måte, sjølv om historiene ikkje er heilt truverdige gjennom heile bøkene. Spesielt ikkje relasjonane mellom gutar og jenter. Kan hende fungerer boka derfor best for unge ungdomar.