mandag 30. september 2019

Bok 49 2019: "Byens spor. Skyggeboken" av Lars Saabye Christensen

I denne tredje boka i trilogien kjem forfattaren mykje meir til syne enn i dei førre bøkene. Livet hans vert fletta saman med handlinga i boka, og tidlegare romanfigurar kjem òg med. På mange måtar stadfestar han heile forfattarskapen sin med denne trilogien, fordi bøkene gir gjenklang av tidlegare verk. Ved å skrive inn forfattaren hoppar han òg elegant inn i og ut av illusjonen. Denne boka var verkeleg fantastisk god, synest eg, då den både er ei realistisk tidsskildring og har ein så spennande komposisjon. Historia bak referata frå Røde Kors-møta vert òg avslørt.

Dette er ei "løp og les"-bok. Mange vil nok foretrekke den sosialrealistiske stilen i første boka, men eg synest serien vaks fram mot eit crescendo i den siste boka. Saabye Christensen er verkeleg ein av våre største forfattarar!

lørdag 28. september 2019

Bok 48 2019: "Barsakh" av Simon Stranger

Eigentleg leita eg etter ei anna bok av forfattaren på Storytel, men så fann eg denne ungdomsbokserien i staden. I og med at eg er norsklærar for ungdomar, synest eg det er viktig å oppdatere seg om kva som finst av god ungdomslitteratur, så eg gav boka ein sjanse.

Emilie er på ferie saman med familien sin på Gran Canaria. Der får ho auge på ein båt, som viser seg å vere full av flyktningar. Møtet mellom desse vert kontrastfylt og gripande. Emilie kjem frå ein velsituert familie, men har ei form for eteforstyrring. Flyktningane har risikert mykje for å kome til Europa, og fleire av medpassasjerane på båten har mist livet på turen.

Boka er god, og set mange tankar i sving. Likevel er den så kort at eg vil lese vidare for å sjå korleis det går. Dette er ein god kvalitet ved ei bok, ikkje minst ei ungdomsbok.

Bjørnasethornet (739 moh)

I dag måtte eg først ein tur til tettbygde strok for å bunkre mat, så då vart det mest praktisk å gå tur på eit fjell i nærleiken etterpå. Valet fall dermed på Bjørnasethornet, og det vart ein nydeleg tur med vinstille og singlet-temperatur.


fredag 27. september 2019

Fri-fredag med tur i Mjeltevika



Vi har ei ordning på jobb der vi har fagdag på fredagar, noko som betyr at ein anten har seks timar undervisning, eller så har ein fri. I dag har eg hatt fri, og då var planen eigentleg å gå på ein fjelltur. Eg kjende at eg eigentleg ikkje hadde lyst til å gå anna enn ein rusletur i lavlandet, så då blei det Mjeltevika. Eg går lite der i sommarhalvåret, sidan der er mykje flått i marka, men i dag tok eg altså sjansen. Det er ein mild og fin haustdag, med litt sol og mest skyer, og då er det fantastisk fint å bu midt i ei naturperle.

Bok 47 2019: "Byens spor. Maj" av Lars Saabye Christensen

Denne boka er del 2 av trilogien, og her følgjer vi dei fleste personane frå første boka vidare. Maj og familien hennar er mest sentral, og no har Maj begynt å jobbe med reklame. Mykje minner om serien "Mad Men", berre at handlinga her går føre seg i Oslo rundt 1960. Maj er enke, men prøver å la livet gå vidare. Det er ikkje enkelt, spesielt fordi Røde Kors-engasjementet fører med seg mykje sosial kontroll. Romanen er kronologisk og enkel i forma, men nokre få gonger dukkar forfattaren sjølv opp med små kommentarar som viser til forfattarskapen elles. Dette gjer boka litt underfundig, sjølv om det er karakterane og liva deira som står i sentrum.

Bok 3 har ikkje kome på Storytel enno, men eg har skaffa meg den på papir. Kim Haugen les svært godt på lydbøkene, men eg kan ikkje vente på lydboka før eg får med meg slutten!

søndag 22. september 2019

Bok 46 2019: "Byens spor" av Lars Saabye Christensen

Klok av skade har eg denne gongen venta med å lese til heile serien er ferdig skriven, sjølv om eg har hatt veldig lyst.

I første band av trilogien "Byens spor" er vi i Oslo like etter krigen. Vi møter ein ung familie på Fagerborg og menneska rundt dei. Boka vekslar mellom å fortelje om desse personane og å referere frå møte i Røde Kors. Boka gir såleis eit grundig innsyn i korleis det var å leve i etterkrigstidas Oslo, og det er både ei god forteljing, interessante personar og ei forteljarstemme med både humor og empati. Kim Haugen les på ein fantastisk god måte, så dette var ein litterær fest. Eg begynte straks på nummer to, men må nok lese den tredje på papir.

Søndagstur på postvegen

I dag fekk Veslejenta bestemme turmål, og då vart det den gamle postvegen over Brekka. Det var lenge sidan sist eg var der, så det var veldig kjekt - bortsett frå at der var ein del bilar og sauesankarar som øydela noko av turgleda vår.

Lopralaurdag med shopping og besøk

Laurdag var ein nydeleg, varm haustdag. Gamla hadde ein stilbunke på vent, men vi enda opp med å ta oss ein tur til tettbygde strok. Veslejenta måtte mellom anna fylle ei kanne med bensin, noko dei var utselde for på Folkestad, og vi mangla både det eine og det andre.

Det vart til at vi handla litt både av det eine og hitt, og så stakk vi oppom Mamma/Mormor på kaffibesøk. Der fekk Veslejenta lagt til appen "Storytel" på mormoras nye smarttelefon, så får vi sjå om ho får like stor glede av det som eg.

Vel heime vart det for det meste nachos og tv resten av kvelden. Veka har vore travel for oss alle, så det var kjærkome med ein fridag.

Vinklubb september

Slik såg eg ut rett før eg gjekk til vinklubb
Temaet for haustens første ordinære vinklubb var haustens nye vinar, og vi fekk servert både amerikansk, italiensk og fransk vin som alle smakte godt - spesielt saman med maten. Denne gongen fekk vi servert eit gourmetmåltid beståande av reinsdyrkjøt i litt utradisjonelle samanhengar, mellom anna wraps med moltesalsa og tyttebærrømme. Fantastisk godt var alt saman, og vi var åtte damer med mykje på hjartet denne kvelden. Mellom anna diskuterte vi jubileumsturen vi planlegg til neste år.

Det var ein mild og fin kveld/natt, så det gjorde godt å rusle til og frå vinklubb etter mykje stillesitting siste veka.

tirsdag 17. september 2019

Bok 45 2019: "Krittmannen" av C. J. Tudor

I denne boka møter vi Ed, som vert heimsøkt av si eiga fortid. Attende i 1986 dreiv han og kompisane på med å teikne med krit, og det skjer fryktelege ting i deira næraste omgjevnader. I notida får Ed eit brev der det ligg krit i konvolutten. Kva er meininga med dette gufset frå fortida? Var ikkje mysteriet løyst den gongen?

Denne boka er ganske spennande, men òg litt innvikla. Forteljestemma er veldig artig, då han fortel på ein lett og humoristisk måte om både oppveksten og notida. Noko av mysteriet gissa eg meg til ganske tidleg, men der var òg nokre vendingar som overraska. Alt i alt ei god krimbok!

søndag 15. september 2019

Styggevêrsaktivitet

Bladfyken har kjøpt seg ny bil, ei stasjonsvogn, og dermed såg eg mitt snitt til å få kjøpt inn bokhyller  til det eine soverommet i kjellaren. I sommar fekk eg levert om lag tjue kasser med diverse bøker, album og permar, og det meste vile eg sjølvsagt ta vare på. Planen var å tapetsere ein vegg på dette soverommet før eg sette opp hyllene, men no får det stå sin prøve. Storegut skal ligge på dette rommet, og han er visst ikkje så nøye interiøret.

I tillegg til at det tok ein del tid og krefter å montere hyllene, var det mykje arbeid med å sortere og sette på plass bøkene. Dette prosjektet er ikkje avslutta enno, men dei fleste kassene er tømde. Når Veslejenta får rydda ut sine ting frå rommet, skal det bli både ryddig og fint!

torsdag 12. september 2019

Bok 44 2019: "Syrinpikene" av Martha Hall Kelly

Eg vart tipsa om denne boka i ei facebookgruppe då eg skreiv om "Himmlers Valkyrjer". Tidlegare har eg sett tittelen og omslaget og tenkt at dette var ei sentimental og klisjéfylt bok, så eg har late den ligge, men boka er ikkje på langt nær så ille som ein kan forvente.

Kort sagt følgjer ein tre kvinner gjennom krigen og etterkrigsåra. Ei er ei rik amerikansk kvinne som driv med veldedigheit, ei er tysk lege og ei er med i den polske motstandsrørsla. To av dei er i Ravensbrück, og ein får høyre om ting som faktisk hende der, om enn oppdikta i denne boka.

Eg synest det meste av krigsstoff er interessant, sjølv om dokumentarstoff er eit hakk meir interessant enn fiksjon, og eg likte denne boka ganske godt.

Val 2019 og livet generelt

Valet og valresultatet har prega livet mitt dei siste dagane, samtidig med heilt andre gjeremål. På valdagen måndag vart eg nøydd til å skunde meg heim frå jobb, for det kom ein bil frå Bring med det nye kjøleskapet og frysaren min. Dei henta òg med seg dei gamle, defekte kvitevarene. Etter leveransen måtte eg attende til Folkestad skule for å stemme. Om kvelden var det valvake, og resultatet var like dårleg som forventa for vår del, men blokka vi er med i greidde så vidt å halde på eit fleirtal, dersom ein vart einige. Eg kom ikkje heim før klokka var over 2 om natta, og då visste eg ikkje om eg kom inn.

Ut på tysdagen fekk vi kontramelding om at vi hadde mist eit mandat til partiet Raudt. Det leid langt på dag før eg fekk vite at eg hadde kome inn i kommunestyret til den nye kommunen, og det vart eg sjølvsagt glad for. Elles hadde vi møte i grendahusstyret, der vi mellom anna la planar for basar og handtverksmesse.

Onsdag var det nye forhandlingar om samarbeid i det nye kommunestyret, og eg var oppteken med foreldremøte på jobb om kvelden.

Torsdag (i dag) vart det endeleg klart at SP får ordføraren og Ap varaordføraren, noko eg har håpt skulle bli resultatet. No er det berre å brette opp erma og ta fatt!

lørdag 7. september 2019

Voldadagen 2019 og musikk i sentrum


I dag var det siste laurdag før valet, og vi var mange på stand for dei ulike partia. Sidan det vart arrangert "Voldadagen", med mange utstillingar i Propellhallen, kom også dei politiske partia dit. Der var mange innom og snakka med oss, og stemninga var god både mellom veljarar og politikarar og mellom dei ulike partia. Vi avslutta med å ønskje kvarandre godt val, og mange av oss tok kvarandre i handa òg. Det er mykje god kultur og folkeskikk i det politiske miljøet.

Etter at vi hadde pakka saman, tok eg turen til Furene, der eg såg litt i butikkar før eg henta Veslejenta på jobb. Saman for vi til Ørsta, der vi møtte Mamma i Laguneparken, der Minstemann og bandet var siste band ut på parkarrangementet til "Musikk i sentrum", som vi altså berre fekk med oss siste halvtimen av.

fredag 6. september 2019

Vekas ekstrautfordring

Dagens interiørtips?
Tysdag morgon oppdaga eg at maten i kjøleskapet ikkje var kald. Då eg sjekka fryseskapdelen, var maten der ikkje berre litt tina, men gjennomtina og litt lunka. Det var tydelegvis ikkje berre ei skapdør som hadde stått på gløtt, men eit verkeleg problem. 

Etter jobb og møte vart det derfor ein tur til Elkjøp, der Veslejenta jobbar, der eg kjøpte eit stort kjøleskap utan frysedel og ein fryseboks. Den vi har er gåen, men han står i ei kjellarbud i påvente av å bli henta. No når eg bestilte nye varer, bestilte eg òg henting av dei gamle. Det er ei god løysing for folk med små bilar og lite musklar.

Heldigvis har vi eit ekstra kjøleskap ståande i kjellarbuda. Det bruker vi mest til drikke og ved høgtider, men no vart det henta ut av boda og sett ut i gangen. Det vart for spesielt å gå gjennom rommet til Minstemann og inn i buda kvar gong ein skulle hente noko lite. Måndag skal vi få leveranse på døra, og innan det skal vi få rydda ut av kjellarbuda og bore ut den defekte frysaren og kjøleskapet. Dette var eit irriterande element i kvardagen, og det vart ein del arbeid og boss når all maten i fryseskapet måtte kasserast. Noko av maten i kjøleskapet kunne etast, men mykje av den måtte òg kasserast. Eg likar ikkje å kaste mat, men denne gongen var det tvingande nødvendig.

Bok 43 2019: "Himmlers valkyrjer" av Eirik Gripp Bay

Denne boka er ei omarbeiding av forfattarens masteroppgåve om norske kvinners innsats for Nazi-Tyskland. Forfattaren tek eit oppgjer med den etablerte "sanninga" om at desse kvinnene var unge, naive og berre ville gjere gode gjerningar. Han viser mellom anna til at mykje av historieforteljinga etter krigen var basert på nokre få kjelder som fortalde sin versjon av kva dei hadde opplevd. Gjennom å studere brev, dagbøker og å vise til kva som gjekk føre seg der kvinnene arbeidde, viser forfattaren at mange av frontsystrene var anti-semittar, og at dei levde eit liv med festing og flørting ved sida av grusomme gjerningar på Austfronten. Boka er verkeleg interessant, både på grunn av det historiske innhaldet, men òg fordi den seier mykje interessant om historie og historieformidling.

søndag 1. september 2019

Bok 42 2019: "Guden" av Jørgen Jæger

Dette er den førebels siste boka av Jæger som ligg ute som lydbok på Storytel, men han har gitt ut ei til i papir, så det går vel ikkje så lenge før den kjem på lydbok den òg. Eg las nyleg at han er den mest høyrde forfattaren på Storytel, så han blir nok prioritert.

I denne romanen blir minibankar rana, folk skotne og nokon er speleavhengige. Det finst sjølvsagt ei forklaring på det meste. Også denne gongen forstod eg med det same kven hovudskurken var, men det gjorde ikkje så mykje. Når ein les krim, er det rein underhaldning, lite anna.

Oppsummert veke

I desse valkamp- og skulestarttider går det i eitt. Når ein i tillegg får forkjøling og heite dagar, vert det ikkje mykje tid til anna enn det heilt nødvendigaste. Likevel fekk eg skvisa inn eit triveleg cafébesøk med ei venninne på måndag, og det var veldig hyggeleg!

Valkampaktivitetar som levering av brosjyrer i postkasser og standsaksjon vart det denne veka òg, men i dag (søndag) hadde vi i tillegg ein aksjon der vi inviterte til tur rundt Rotevatnet, der vi ønskjer å få turveg heilt rundt. Etterpå tok eg med roserestane og besøkte mamma, før eg henta Minstemann med meg heim.
Ørstas trivelegaste café

Nytt golvteppe på stova

Sverre forklarar

Charlie og eg vil ha turveg

Valkampveka avslutta i Ørsta