onsdag 27. februar 2013

Bok 13 2013: "Juvikingar" av Olav Duun

I min tidlege ungdom las eg "Medmenneske"-trilogien av Olav Duun. Bøkene gjorde inntrykk, men eg syntest det var vanskeleg å lese så mykje dialekt. No har eg begynt på serien om "Juvikfolke", som i alt tel seks bøker, og det er ei lette å kunne høyre dei på lydbok. Hildegunn Eggen les, og dialekten vert lese på ein overtydande måte.

Handlinga i "Juvikingar" går føre seg på slutten av 1700-talet, ein stad i Trøndelag. Ein får høyre om overtru, skikkar og mykje dramatikk, til dømes drap og utanomekteskaplege graviditetar. Alt er fortalt i ein realistisk stil, utan sentimentalitet, og utan for mange detaljar om dagleglivet. Det tok litt tid å skilje personane frå kvarandre, men eg reknar med det går lettare utover i serien. Den gamle Per Anders er første generasjon som vert omtala, og han går hardt ut mot tru og overtru. Sonen Per, derimot, er meir open for tanken på andre makter enn dei menneskelege. Dette kjem mellom anna av at han og broren har drepe ein mann, og Per trur han blir straffa for dette med skrantande helse. Tonen i boka er litt tung og dyster, og menneska lever eit hardt liv med døden nær innpå seg.

Tur i Lisjedalen og Geildalen









Måndag vaska eg huset, tysdag gjorde eg unna skulearbeid for resten av veka. Fri-onsdagen kunne dermed brukast til det eg hadde lyst til, og det vart sjølvsagt ein lang tur i finevêret. Eg gjekk over Brauta og opp i Lisjedalen, deretter gjennom Geildalen og nedatt den andre skogsvegen. Det er fint å gå ute no, men mange stader må ein passe seg for glattisen.

mandag 25. februar 2013

Bok 12 2013: "Innsirkling 2" av Carl Frode Tiller

I del to i serien (som kanskje snart blir tre eller fire bøker) møter vi tre nye stemmer som kontaktar David. Han har, som vi fekk høyre i første boka, sett inn ein annonse i avisa der han fortel at han har mist hukommelsen, og der han ber om at folk som kjenner han skal ta kontakt og fortelje han om livet hans. Dei menneska vi møter i denne boka, har kjent David då han var barn. Vi får i tillegg lære dei å kjenne i det livet dei lever no.

Eg likte denne boka godt, ikkje minst fordi det no kjem to viktige avsløringar om David som eg ikkje skal røpe her. Det eg derimot er skuffa over, er at serien ikkje er fullført enno, så eg må vente på neste bok. Tiller skriv godt, og lydbøkene er lesne av ulike personar, noko som gjer det lett å skilje dei ulike forteljestemmene frå kvarandre.

søndag 24. februar 2013

Anna Karenina - spektakulær og storslått

Vinterferien vart avslutta med eit kinobesøk. Det kjem mange flotte filmar i vår, og "Anna Karenina" var absolutt verd å få med seg. Den er fantasifullt regissert med kulissar og sceneskift som bryt illusjonar om realisme, og handlinga er så dramatisk og engasjerande at ein blir riven med frå byrjing til slutt. Karakterane er dessutan så spennande og samansette at ein ikkje veit heilt kven ein har sympati og antipati for.

Anna Karenina er gift med ein god og snill mann som framfor alt manglar pasjon. Ho blir dermed eit lett bytte då ho møter ein mann som kan tilby henne den lidenskapen ho manglar i livet. Å leve ut kjærleiken inneber å miste kontakten med sonen, men òg tap av sosial status i den russiske sosieteten.

Vinterferie 2013, sjuande og siste feriedagen


I dag fekk ungane sove så lenge dei greidde. Nesten. Til slutt jaga eg opp sistemann, og så fekk eg dei med meg på ein liten rusletur i nærmiljøet. Ikkje noko pretensiøst, og framleis utan ski, men det var koseleg likevel. Slike turar er ein fin måte å få høve til å snakke og filosofere saman utan så mange duppedittar som stel merksemda.

Elles roar vi heilt ned her, gjer unna litt hus- og skulearbeid, og snart skal Gamla feire ferieslutt med ein film på kino.

lørdag 23. februar 2013

Vinterferie 2013 dag 6






Under frukosten i dag drøfta vi ulike turmål, men så kom Storegut og fortalde at han var dårleg. Dermed ville ikkje vi hine vere så langt unna han, men vi måtte handle mat, mellom anna. Kompromisset vart å køyre til Berkneset, der vi gjekk litt tur og såg på krigsminna, blant anna. Det er svært attgrodd der ute, og eg synest godt ein kunne ha rydda opp og halde ved like byggverka til tyskarane som minne for ettertida. Ungane syntest det var utruleg å sjå kor nær soldatane hadde vore gardane der ute.

Her ser de forresten korleis halsen og hua tek seg ut på eigaren (gevinsten var garn og oppskrift, og systera mi strikka, som de kanskje hugsar).

I ettermiddag fekk vi delta på vardebrenning i Volda, ei tverrpolitisk markering mot oljeboring utanfor Mørekysten, Lofoten, Vesterålen og Senja.

fredag 22. februar 2013

Vinterferie 2013 dag 5





Eldstejenta jobba og Storegut var på overnattingsbesøk, så i dag passa det godt å ta med dei to yngste på utforskingsferd i nærmiljøet. Vi gjekk opp i skogen bak huset, forserte skogar og glatte bergsider og enda til slutt opp på ei mark inne i "Vika". Derifrå gjekk vi traktorvegen inn til setrevegen til Lisjedalen, så gjekk vi ned i fjøra på veg heim. Turen var ikkje så frykteleg lang, men vi var lenge ute i det nydelege og vårlege vêret.

torsdag 21. februar 2013

Vinterferie 2013 dag 4



I dag hadde vi ingen store planar. Dagen begynte med eit litt pussig måltid, beståande av det ein hadde mest lyst på av restemat frå i går, og så begynte diskusjonen om kva vi skulle bruke dagen til. Dei to yngste ville gå tur på same staden der vi gjekk i forgårs, så då gjorde vi det. Turen gjekk altså til Mjeltvika og Kile langs grusveg og sti, og deretter E39 heim att. Der møtte vi forresten på LOL(a), som var ute på tokt. Eg bar henne heim, for sikkerheits skuld.

Eldstejenta skulle på jobb og Storegut skal på trening og besøk, så i kveld blir dei to små og eg "aleine" heime. Då er planen min å sprette stilbunken eg har liggande, noko som er langt lettare når ein har gått tur i eit par timar først.

onsdag 20. februar 2013

Vinterferie 2013 dag 3

I dag har vi hatt middagsselskap med 13 til bords. På menyen stod lasagne, salat og foccaccia (Lars spesial) til middag, og karamellpudding (tantes spesial), bringebærostekake og snickerskake til dessert.

Minstemann hadde forlangt å få på ny skjorte, slips og besteskor, medan resten av slekta stilte i litt meir avslappa stil. Etter middag stilte han som entertainer med pianospel og vitselesing.

Når slekta har reist, sit vi att og kosar oss med tv, matrestar og brettspel. Ein koseleg feriedag!

tirsdag 19. februar 2013

Vinterferie 2013 dag 2





Frukost tek si tid når ein er mange og likar å stå opp til ulik tid, men vi kom oss ut på tur i samla flokk medan sola skein. Turen gjekk til Mjeltvika og gjennom skogen til Kile, den same turen som eg gjekk førre onsdag. I dag hadde snøen regna vekk, men det vart ein vårleg og fin tur.

Etter turen laga vi oss middag, og i bloggande stund har vi så smått begynt å styre litt før selskapet i morgon. Det blir kjekt å samle mange her igjen!

mandag 18. februar 2013

Vinterferie 2013 dag 1

I dag hadde vi ein lang og sakte morgon før vi sette av garde til Nordfjordeid for å handle inn diverse til selskapet vi planlegg på onsdag. Litt anna shopping vart det òg høve til, og ungane fekk sjå det mora kallar "distriktets finaste blomsterbutikk".

Gamle-naboen vår ringde og spurte om ho kunne ta seg ein tur, og då nytta vi høvet til å smelle ihop ein sånn namnlaus dessert med marengs, krem, vaniljekrem og bær.

Vi fekk ei nydeleg innflyttingsgåve som vi skal bruke mykje medan vi tenkjer gode tankar om dei to åra vi budde i Nautvika.

Bok 11 2013: "Innsirkling" av Carl Frode Tiller

Handlinga i denne romanen er at tre personar skriv brev til David, som har mista hukommelsen og har i ein annonse oppfordra folk som har kjent han om å fortelje om livet hans. Ein barndomsven, stefaren og ei som har vore kjærasten hans fortel sine historier om fortida til David. I tillegg fortel dei sine eigne historier om notida.

Eg hadde stor sans for idéen bak boka, og komposisjonen er spennande. Ein blir interessert i både eg-personane og David. Eg skal til på del 2 i serien, og eg har lese at ei tredje bok er på veg. Sjølv om eg er skeptisk, håper eg at forfattaren skriv så godt at spenninga vert halden oppe.

søndag 17. februar 2013

Vinklubb februar

Fredag kveld var ein liten gjeng damer (sju stk) samla til vinklubb. Det vart servert nydeleg mat og vin, og praten gjekk lett om diverse tema utover i dei små timane. Takk til vertinna og vindamene for ein triveleg kveld!

torsdag 14. februar 2013

Bok 10 2013: "Den usynlige muren" av Harry Bernstein

Eg har tidlegare lese boka "Drømmen" av same forfattar, og då gav eg den temmeleg lunken kritikk. Eg kalla den ein bleik kopi av bøkene til Frank McCourt, som den minte ein del om. Dette gjeld for denne første boka av forfattaren òg, men denne er langt meir interessant. Eg har dessutan funne ut at forfattaren debuterte som forfattar i 2007, noko som er imponerande sidan han vart fødd i 1910.

I denne debutboka skriv forfattaren om barndomen sin under første verdskrig. Han veks opp i ein jødisk familie i Lancashire, i ei gate der dei kristne og jødane bur på kvar si side av gata med ein "usynleg mur" mellom. Familien hans er klisjémessig tragisk, med ein drikkande, fråverande far og ei alvorleg, arbeidssam mor. Det er mykje interessant i boka, og ein del hjarteskjerande historier. Eg sette mest pris på å lese om jødiske skikkar og tankegods, og eg syntest det var interessant å sjå at fordomane var like store på begge sider av "muren".

Toto-musikal med elevar og lærarar frå jobb

Årets musikal produsert av musikklinja og medialinja var basert på musikk av bandet Toto, som eg høyrde mykje på på 80- og 90-talet. Igjen imponerte elevar og lærarar med flotte prestasjonar, og i år var det spesielt orkesteret og nokre av solistane som imponerte.

Les om framsyninga her

Valentinsdag

Eg er FOR alt som er hyggeleg og lagar god stemning. Derfor synest eg Valentinsdag kan vere ein god tradisjon å ta inn i den norske kulturen. Det eg derimot er MOT, er at det heile blir gjort om til ein kjøpefest der det er om å gjere å få dyraste og flottaste gåva av kjærasten.

Kjærleik kan ikkje kjøpast for pengar, og gode ord er gratis. Eg har brukt nokre kroner på Valentinsfeiring i norskklassen min i dag, det skal innrømmast, men dei gode orda skal elevane finne heilt gratis. Vi held på med romantikken i norsk, og då synest eg det er naturleg å slå til med eit litt kreativt opplegg på Valentinsdag. Førebels held eg det hemmeleg...

Seinare:
Opplegget var at elevane skulle skrive romantiske dikt på rosa papirhjarte som vi deretter limte opp på gråpapir. Nokre ville heller ha bretta papirfly, medan andre helst vil skrive slike tekstar i dei komande norsktimane òg.

Eg fekk både blomar og gåver til Valentinsdagen, og så hadde eg ei hyggeleg stund med nydeleg mat på ein lokal restaurant. Ikkje så verst feiring, med andre ord, og eg dreg attende all kritikk av forretningsstandens kjøpepress.


onsdag 13. februar 2013

Tur rundt Kilspollen






Eg starta fri-onsdagen med å stikke nasen ned i ein prøvebunke, men i 11-tida vart eg så rastlaus at eg berre MÅTTE ut på tur. Denne gongen gjekk eg den vanlege turen til Mjeltvika, men heldt deretter fram innover skogen til Kile. Det var nydeleg sol ute, men eg gjekk truleg ut ein halv time for tidleg, for eg vandra mykje i skugge. Frå Kile og heim gjekk eg langs E39.