torsdag 29. september 2011

Fint blogga om bestefaren

Ein av tremenningane til ungane skriv så fint om bestefaren sin. Det var gravferd i dag.

Camorraland

Jobben min er lærerik på mange måtar. Ordtaket "man lærer så lenge man har elever" er loslitt, men like fullt sant. I dag fekk eg følgje førsteklassen min på føredraget til forfattaren Mariangela Cacera, som har brukt fleire år på å infiltrere mafiaen i Napoli, og som har gjeve ut boka "Camorraland". Vi fekk dessutan sjå ein kort dokumentarfilm som viser nokre av skadene som mafiaen påfører menneska i distriktet.

Ein må berre beundre dei som torer å setje fokus på slike problem, og som dermed påfører seg sjølve og slekta si stor fare. Samtidig er eg bekymra for kva følgjer dette fokuset kan få.

onsdag 28. september 2011

"De nære ting" - har dei allmenn interesse?

I det siste har det stadig poppa opp ironiske status-oppdateringar på Facebook som gir uttrykk for at mange av oss er altfor gavmilde når det gjeld å dele trivialitetane våre med andre. Det same gjeld truleg for blogging, sjølv om ingen skriv kommentarar om akkurat det. Det ville vel ha blitt litt frekt.

Javel, så er eg blant dei som synest det er greitt å ha ein kanal for dei små ting i livet. Det skjer mykje stort i livet mitt som eg ikkje meiner skal brettast ut for heile verda, og kanskje burde eg vere flinkare til å sortere ut dei aller minste hendingane og tankane og spare lesarar og facebookvener for pjatt. Nokre har òg meiningar om kor ofte ein bør blogge, og åtvarar mot meir enn eitt innlegg på ein dag, til dømes.

Men: det er MIN status, og MIN blogg, og eg gjer akkurat som eg vil. Så lenge eg tek sånn nokolunde omsyn til andre menneske når det gjeld bilete og utlevering, er det fritt opp til meg å bestemme kva som skal stå her og kor ofte eg vil skrive. Eg er forfattar utan forlag, faktisk, og eg nyt den fridomen.

tirsdag 27. september 2011

Bok 72 2011: "Haiene" av Jens Bjørneboe

Denne romanen er ein klassikar i norsk litteraturhistorie. Den kan lesast, tolkast og analyserast i det uendelege - kanskje er det derfor eg ikkje har lese den, berre lese OM den, før no.

Bjørneboes siste roman handlar på overflata kort fortalt om eit skipsforlis i 1899/1900. Mannskapet på skipet er svært multikulturelt og mangfaldig, og boka kan lesast som ein allegori der mannskapet representerer menneska og skipet jordkloden. I og med at skipet går ned, er romanen apokalyptisk. Dette høver godt til den sinnsstemninga Bjørneboe var i på denne tida; eg har fleire gonger sett det siste intervjuet med han, laga av Haagen Ringnes kort tid før Bjørneboe valde å ta sitt eige liv. Han verka då djupt deprimert, alkoholisert, paranoid og med ei noko uvanleg forståing av samfunnet og verdshistoria.

"Haiene" kom ut to år før sjølvmordet, men den er ikkje tvers gjennom dyster og depressiv.  Det er fullt mogleg å lese den som ein sjømannsroman, og språket er til tider så vakkert at det i seg sjølv er grunn god nok til å lese Bjørneboe.

mandag 26. september 2011

Fleire bilete frå Benditcup 2011

Johann Roppen er ansvarleg for denne biletserien på VTI si heimeside

lørdag 24. september 2011

Livet er ein kamp - eller ni




I dag var det Bendit-fotballcup i Volda. På grunn av forkjøling og rettebunkar fekk eg sleppe unna dei første tre timane, men Barnefaren og dei to små tok 10.15-ferja, og at eg returnerte med dei på 19-ferja frå Volda. Ein lang dag med frisk luft, mosjon og opplevingar både for store og små. Gutelaget der Veslejenta spelar vann heile 6 - 0 mot Sæbø, men tapte dei to hine kampane. Jentelaget ho spelar på vann to (mot Volda og Stranda) og tapte ein (mot Hasundgot). Minstemanns lag tapte med stil alle tre kampane sine, men dei kampane hadde til gjengjeld enorm underhaldningsverdi.

onsdag 21. september 2011

Bok 71 2011: "Glemte minner" av Rannveig Marit Mindresunde

Denne boka var eg faktisk så interessert i at eg sette meg på venteliste på biblioteket før den var publisert. Eg hadde lese omtale av den på ein blogg der bloggaren kjende forfattaren og såleis hadde fått tjuvkika på den. Kanskje var denne venskapen så nær at bloggaren kjende seg programforplikta til å rose boka opp i skyene, for eg vart i alle fall skuffa. Handlinga er lagd til Loen-området, der det har gått nokre store ras med påfølgjande bølgjer som har vaska vekk heile gardar og teke mange liv. Romanen skulle omhandle desse hendingane og følgjene av dei, men dreiar seg meir om privatlivet til forfattaren sjølv og bestemora hennar (med viss diktarisk fridom, sjølvsagt). Det er mange tårer i romanen, og innimellom blir det i overkant sentimentalt etter min smak. Dette vert forsterka gjennom språket, som verkar oppstylta, spesielt i replikkane. Nokre innslag av autentiske skriftlege kjelder er det mest interessante i heile romanen.

Dialekten i Loen er svært nynorsknær, og eg trur språket i romanen hadde blitt langt betre dersom forfattaren hadde skrive på nynorsk. Ord som "frembeina" verkar nesten latterlege samanlikna med det dialektnære nynorskordet "framføtene".

Det som i tillegg til språket irriterer meg mest med romanen, er når ein mot slutten opplever at dei døde lever som spøkjelse i forfattarens liv.

Eg hadde håpa på å få meir innsyn i Lodalshistoria, men innser at eg burde ha plukka opp ei lokalhistoriebok i staden.

tirsdag 20. september 2011

Ballbinge på Straumshamn



I ettermiddag var det offisiell opning av ballbingen på Straumshamn. Det er mykje arbeid som ligg bak eit slikt byggverk, både når det gjeld den faktiske bygginga og alt det usynlege planleggingsarbeidet og finansieringa. Ordføraren rosa bygdefolket for dugnadsviljen deira før ho klipte snor og gav/fekk blomar. Sparebanken gav bygda eit sett med landhockeyutstyr og ein representant for fotballkrinsen gav vekk eit nett fylt med fotballar. Mange bygdefolk var samla til kaffi og kaker på grendahuset etterpå, men dei fleste ungane hadde det så travelt med å innvie bingen at dei gjekk glipp av mykje av seremonien.

mandag 19. september 2011

Bok 70 2011: "Bildet av Dorian Gray" av Oscar Wilde

I denne klassikaren møter vi unge, vakre Dorian, som blir så betatt av måleriet av seg sjølv at han ønskjer at måleriet skal eldast, ikkje han sjølv. Dette ønsket går i oppfylling, men det blir inga lukkeleg historie av det. I lydboka finst der òg musikkinnslag med "Minor Majority", noko som gir ei ekstra spesiell oppleving av teksten. Duc Mai-The les godt, men kan ha ein tendens til å lese litt høglydt innimellom, noko som kan vere irriterande dersom ein les på senga...

søndag 18. september 2011

"Autumn" (Edgar Winter Group)

Hausten kan vere vakker, og eg synest det passar godt å avslutte denne praktfulle helga med favoritt-haustsongen min, i to variantar. Enjoy!




Familietur på Bjørnasethornet (739 moh)








I dag samla vi troppane og gjekk til topps på Bjørnasethornet. Turen er langt lettare no når nabo N har merka ruta, og utsikta er fantastisk. Eldstejenta, hundane og eg gjekk heim frå enden av skogsvegen, så vi fekk ekstra mykje mosjon. Dei hine kjørte i førevegen og laga middag, så vi gjekk til duk og dekka bord då kom.

lørdag 17. september 2011

After all is said and done...

Denne veka har vore litt ekstra aktiv, men det seier eg nesten kvar veke. På lufta ute merkar ein at det er blitt haust, og med strålande sol no i helga får ein høve til å kome seg ut og nyte haustfargane. Etter turen i dag sette eg meg utanfor huset med ein stor kopp kaffi og ei plate sjokolade - kanskje blir det siste gongen eg får sitje slik i år. I kveldinga skal eg berre slappe av med bok, Tv og data - og kanskje ein kopp til med kaffi og noko attåt.

God helg til alle lesarar!

Snartur på Sollidheida (570 moh)





Sidan sola skein nydeleg også etter eg kom heim, fekk eg lyst til å gå ein liten tur på fjellet. Eigentleg kunne eg godt ha tenkt meg å gå heilt til Kornbergveten, men eg snudde på Sollidheida. Då eg kom dit, var klokka nesten 16.30, og eg likar ikkje å gå ute i skyminga no midt i jakta. Det er mange spor etter hjort i området, mellom anna ein del slike gjørmeholer som hjorten rullar seg i (dette ser de døme på nede til venstre på det øvste biletet). Det er lett og fint terreng å gå i, men relativt fuktig og myrlendt før ein kom opp på fjellryggen som ligg mellom Folkestaddalen og Dalsfjorden.

Lunsj på laurdag



Etter fotballturnering og eit par ærend i butikkar tok vi turen innom Viva Volda for å ete lunsj. Det vart salat på tre av oss, og spagetti med tomatsaus til Minstemann. Sistnemnde korta ned ventetida med legobygging.

Fotballturnering



Etter ein deilig frokost, med blant anna cottage cheese og smoothie, rusla Eldstejenta og eg ned til Volda stadion, der Veslejenta og jentelaget ho spelar på skulle delta på ei lita fotballturnering. Då vi kom, hadde den fjerde og siste kampen begynt. Tidlegare resultat (etter det eg hugsar) var eitt tap, ein uavgjort kamp og ein siger, og den siste kampen vann dei heile 6 - 3. Mot Ørsta, av alle ting.

Vinklubb 16. september



Denne gongen var vinklubben flytta over fjorden, slik også klubbens yngste medlem har gjort. Den gravide vertinna serverte nydeleg lasagne med salat og ikkje minst tre gode vinar. Som vanleg kosa vi oss med mat og prat, og eitt av kveldens tema var Polenturen som fleire hadde vore med på saman med tiandeklasse-elevane i førre veke.

Dei hine damene tok nattferje heim (takk og lov at den enno finst), medan eg gjekk den andre vegen og overnatta på hybelen til Eldstejenta.

fredag 16. september 2011

Bok 69 2011: "Noen som elsker hverandre" av Lars Saabye Christensen

Eg var lenge skeptisk til å lese novellesamlingar som lydbok. Ei heller dårleg røynsle med Ari Behns "Trist som faen", der tekstane gjekk over kvarandre i ein monoton dur, gav meg den idéen at noveller er best på papir. Det meiner eg framleis - dei fleste tekstar gjer seg best på papir, men det blir sjeldan til at eg set meg ned i timesvis for å lese papirbøker. Lydbøker er kjekke som tilbehør på tur, til dømes, og når ein gjer husarbeid eller kjører bil.

Saabye Christensen skriv oftast svært godt, og denne novellesamlinga er ikkje noko unntak. Tekstane gjorde meg både kvalm, forferda og rørt, og eg sat att med ei kjensle av å ha forstått noko på eit djupt plan etter kvar av tekstane. Ei stund vurderte eg å bruke noko av boka på jobb, men eg trur ungdomane eg har i norsk vil setje pris på innhaldet i historiene, men sakne "skikkelege" avslutningar.

Evig ung og evig pen? Eller berre blakk?

Torsdag kveld var eg invitert til Mary Kay sminkeparty. Eg er truleg noko under middels oppteken av hudpleie og sminke, så eg har eit enormt utviklingspotensiale på denne fronten. Sannsynlegvis burde eg aldri meir sole meg, smile eller ha annan mimikk, men det ligg liksom ikkje heilt for meg.

"Velvære" ligg ikkje heilt for meg det heller. Hårkur og ansiktsmaske er noko eg har på medan eg lagar mat eller ryddar, og eg droppar oftast kvile til fordel for aktivitet. Ikkje et eg spesielt sunt heller. Ikkje BERRE sunt, i alle fall. Dessutan drikk eg heller kaffi, te og det som verre er i staden for vatn.

No har eg uansett bestilt produkt som skal få meg til å sjå 27 - 85 % betre ut (dersom eg brukar dei, og ikkje berre set krukkene i skapet). Viss det ikkje nyttar, får eg satse på Botox-party neste gong.

PS: illustrasjonsbiletet er henta frå internett, ikkje frå badhylla mi. Eg har ikkje tørna heilt.

torsdag 15. september 2011

Vegen til engelsklærarens hjarte går gjennom magen, ved hjelp av Cupcakes

Som ein del av engelsk- og dataopplæringa plar eg gi førsteklassingane i oppgåve å designe og presentere sin eigen restaurant når vi har lese eit stykke i leseboka som heiter "International Cuisine". Årets elevar har gjort ein god innsats, og hittil ser presentasjonane betre ut enn nokon gong før. Første gruppe ut presterte å servere medelevar og engelsklærar sjølvlaga cupcakes i dag - ikkje verst på ein regnfull torsdag ettermiddag! Eg har stor tru på denne klassen.

onsdag 14. september 2011

A tiny bit marvellous Wednesday

Nok ein fri-onsdag er over. Også i dag vart det mykje regn ute, og då gjeld det å kose seg inne. Minstemann og eg begynte dagen med lekselesing etter frokost. Engelskleksa er favoritten, og det vart til at han las eit par ekstra tekstar til meg. Vi fann dessutan eit stigespel i engelskboka, og han vann eit par knusande sigrar over mor si. Deretter spelte vi kort, og eg fekk revansje.

Då dei to mellomste kom heim, var middagen ferdig. Eg kjørte deretter Storegut til ein kompis og Veslejenta på ferja. Ho og resten av G11-laget trudde dei skulle spele kamp på Hareid, men det vart bomtur sidan nokon hadde teke feil av dagen.

Så snart det mørkna, tende ho mor alle ljos slik at det skin i kvar ei krå. Minstemann og eg kosa oss med bøker og te heilt til dei andre kom. No blir det tv og data resten av kvelden - trimmen er det som kjent heilt slutt på .

Bok 68 2011: "A Tiny Bit Marvellous" av Dawn French

Denne boka bør de verkeleg få med dykk! Ein les frå synsvinkelen til fleire i familien Battle; den homofile 16-åringen som er oppteken av Oscar Wilde, den fjollete 18-åringe dottera i huset og mora, som er ungdomspsykolog. Ved eitt høve får ein òg sjå hendingane frå synsvinkelen til faren i huset. Personane i boka har særeigne måtar å uttrykkje seg på, noko som gjer det heile både morosamt og realistisk. Dersom det finst noko som heiter "feel-good-roman", så er dette ein slik. Handlinga er relativt triviell, men det er likevel spennande å følgje med i dei interne konfliktane i familien. Eg er ikkje sikker på om boka er omsett til norsk enno, men den er lett å lese på originalspråket dersom ein les litt lett på sonens arkaiske, Oscar Wilde-inspirerte språk.

tirsdag 13. september 2011

Rett i koppen, varm i kroppen

I dag droppa eg tysdagstreninga. Kva er vitsen med å trene når ein ikkje har skritt-teljar? I staden tok eg ei tidlegare ferje og henta ein dryppande våt Minstemann på SFO. Barneflokken hadde vore ute og gått tur og blitt overraska av regnet, så eg kom verkeleg til eit ideelt tidspunkt (altså rett før damene på SFO oppdaga at Minstemann ikkje hadde tørt skift liggande i hylla si...) Vi skunda oss heim, og der fekk han skifta til fleece-settet eg kjøpte billeg på coop-tilbod for eit par veker sidan, og som eg seinare har angra på at eg ikkje kjøpte fleire av. Tanken var at han skulle bruke det til pysjamas, men det er like fint som kosedress. Og i dag var det kosetysdag.

På menyen stod som vanleg rett-i-koppen-suppe. Eg hadde kjøpt med nokre posar i tilfelle vi var lens, så han hadde mange posar å velje mellom. Etter middag kvilte vi oss (jada, vi sov litt òg), drakk varm sjokomjølk og såg teiknefilm/las i bok. Akkurat no les eg nyheiter på internett medan poden ser meir teiknefilm. Vi brenn stearinlys, vaskar klede og bakar. Det er godt mogleg å kose seg inne når det regnar ute. Så får vi heller skru opp aktivitetsnivået ein annan dag, når eg har fått tak i ny teljar...

PS: vi gjekk faktisk ein lang tur med hundane etter valet i går kveld, så det er ikkje heilt slutt på mosjoneringa. Eg hadde ikkje med kamera, så det vart ikkje blogga om, sjølv om det var ein nydeleg hausttur i skogsvegen, opp Trollskogen og nedatt vegen, for dei som er lokalkjende. Truleg meir enn 6000 skritt...

mandag 12. september 2011

Alle mann til urnene!

I dag er det den store valdagen. Diskusjonane har gått og går heftig same kvar ein oppheld seg, og det ser ut som om engasjementet er større enn på lenge. Kanskje skuldast dette 22. juli - det vil i tilfelle den nasjonale valdeltakinga seie oss noko om.

Ved lokale val stemmer ein like gjerne på personane på lista, som på partiet. Eg plar stemme ulikt på kommune- og fylkesnivå, for på fylkestingsvalet stemmer eg som eg ville ha gjort til stortingsvalet. Der er valet langt lettare enn på kommunenivå - eg har i høgda to alternativ. På kommunenivå ser eg mykje på sakene. Her i kommunen er eg mest oppteken av å halde på dei goda vi har på bygdene når det gjeld skule og transport. Mange vil legge ned ungdomsskulane og sende alle borna til sentrum uansett om dei må ta både buss og ferje dit. Og apropos ferje, så er eg oppteken av at vegutbygging andre stader ikkje skal gå ut over kollektivtransport-tilbodet lokalt. Å forverre skule- og transporttilbod vil føre til ei stadig sterkare sentralisering, og få vil tore å busetje seg i utkantane i frykt for at livet der kan bli altfor slitsamt og tungvint.

Kall meg gjerne sneversynt, men desse sakene er såpass viktige for meg at eg ikkje let stemma mi gå til parti som er mest opptekne av tilhøve i sentrum. Det er truleg like uaktuelt for meg som bygdesakene er for dei som bur i sentrum. Ein skal sjølvsagt ikkje berre tenkje på seg og sitt, men akkurat kommunevalet er eit unntak.

Godt val!

søndag 11. september 2011

Lite gjort, mykje hjort

Somme dagar er utruleg begivenheitslause. I dag regna det ein del, og skritt-teljaren min hadde takka for seg etter turen på laurdag, så det vart ikkje nokon tur ut i skog og mark. Eg sende tvert imot ungane opp på loftet med datamaskiner og det heile, slik at eg fekk vere aleine i første etasje eit par timar og støvsuge, vaske, rydde, brette klede og gjere skulearbeid. Helgas utskeiingar hittil hadde medført sand på golvet i gangen, popcorn på golvet i stova og uante mengder skitne klede. Omgrepet helgavask kan både bety å vaske til helga (for å ha det fint), vaske i helga (fordi ein endeleg har tid) og etter helga (fordi ein har vore heime og rota i helga). Somme tider tenkjer eg at eg kunne ha gått i jamn trafikk frå rom til rom med støvsugar heile tida. Det gjeld å tole at det hopar seg opp litt innimellom.

Middagen var det Barnefaren som stod for. Det vart til at han jakta på noko indrefilet av hjort i frysaren og laga ei nydeleg hjortegryte. Eldstejenta vart ikkje med denne gongen, men vi hine kosa oss og planla aktivitetar utover i veka. Det blir ein spennande dag med val i morgon, og Eldstejenta får stemme for første gong i livet. I år er vi ekstra opptekne av å støtte opp om demokratiet.

Kvelden tilbringer eg i godt selskap med ei underhaldande bok som eg låner av kollegavenninne K. Den kjem eg attende til ved høve.

Forskot på arv

Det er berre å ymte frampå om noko ein har lyst på, ikkje sant? "Besta" likar å tømme skuffer, hyller og skap dersom nokon kjem i skade for å nemne noko om at dei godt kunne ha tenkt seg eitt eller anna. Denne gongen var det Steinbeck-bøker eg hadde nemnt, og eg er no lukkeleg eigar av nokre gamle eksemplar. Dei skal eg kose meg med! Som ekstra-bonus følgde der med nokre andre bøker som eg ikkje trur eg har lese før, sjølv om familiens bokhylle var ei rik kjelde til underhaldning i oppveksten.

Tulliball

Dei to mellomste sparka fotball ute i hagen, og vips så for ballen inn i ein hekk av stikkebusker. Hjelp måtte tilkallast, og Minstemann var sjølvskriven hjelpemann (jfr "det kan bare Lillebror..."). Så var det berre det at guten er litt over middels oppteken av superheltar, og ein ekte superhelt må ha rett utstyr. Slik kom vinterkleda på litt tidleg i sesongen i år.

lørdag 10. september 2011

Bok 67 2011: "Hoggerne" av Roy Jacobsen

Etter noko ambivalens når det gjeld Jacobsens forfattarskap, avgjorde eg at han fortente ein ny sjanse. "Hoggerne" er ein roman med handling henta frå Vinterkrigen i Finland i 1939, og handlinga går ut på at nokre menn må samarbeide på tvers av nasjonalitet og side i krigen for å halde liv i seg sjølve og kvarandre. Mot slutten av boka skiftar synsvinkelen frå eg-synsvinkel til ein allvitande forteljar som står utanfor det heile. Dette er sikkert ein kunstnerisk genistrek, men meg irriterte det berre. Slutten berre flaut ut for meg, men det er godt mogleg at eg har gått glipp av noko. Det skjer av og til når ein konsumerer bøker i staden for å dvele ved dei, og spesielt når det gjeld lydbøker.

Vallasetra




Sidan vi fekk ein bonusdag med nydeleg haustvêr, ville vi ut på tur. Eg hadde foreslått å gå tur i mi gamle heimbygd, og det enda med at dei tre yngste, Morfaren deira og eg gjekk på Vallasetra i Ørsta. Vi gjekk fram frå Nupen, stogga litt på setervollen og gjekk deretter nedatt på Mo-sida. Min bil stod parkert ved gravplassen på Mo, medan Pappa hadde kjørt oss heilt fram i Nupen. Turen er lett og fin å gå på grusveg. På Nupen-sida er det litt dårlegare veg, men den er litt meir spennande å gå fordi der er meir å sjå på langs vegen. Vi var spesielt opptekne av spor etter fonner og ras som har gått.

Dei to yngste (og mora deira) syntest noko av det kjekkaste på turen var å møte ein lys levande Samojed-hund. Det var dessutan stor stas å ha med Morfar på tur!

Utslag på skritt-teljar:
Nupen - Vallasetra: 5000
Vallasetra - Gravplassen: 8000
Sum: 13000 skritt!

Då vi kom att frå turen, hadde Mormor laga middag. Pølser med potetstappe og marengs/bær/krem/vaniljekrem-dessert smakte fantastisk godt etter ein fin trimtur!

I kveldinga kosar vi oss med TV og data. Det blir travelt å oppdatere seg både i "Idol" og "Skal vi danse", men musikk og dans er noko av det som interesserer oss mest.

fredag 9. september 2011

Det er tid for fredagskos

Når veka går mot slutten, plar hovudet mitt vere temmeleg tomt når det gjeld idéar til matservering. Torsdag kveld inviterte eg derfor ungane til å vere med på å planlegge menyen og aktivitetane i helga, og fredag ville dei ha pastasalat.

Min tradisjonelle pastasalat er rask å lage; faktisk laga eg alt det andre klart medan pastarøra kokte. Oppskrifta held til seks personar når ein ikkje serverer brød til, og sidan vi berre er fire, har vi ein del restar.

1 beger lettrømme
1 glas fetaost i olje + litt av oljen
1 boks skinke
1 agurk
1 isbergsalat
1 kg pastarør

I tillegg: cherrytomatar, paprika, mais og oliven til sjølvbetjening

Minstemann togg nokre peparkorn som hadde vore i oljen til fetaosten, og dette førte til følgjande kommentar:

"Tusen takk for mat, universets beste Mamma. Det va universets beste salat - eller jaffal verdens, for du he laga den bedre før"

Etter middag sette eg ungane i gang med å rydde og vaske romma sine medan eg gjekk tur. No skal vi snart kose oss med film og idol, og så kan helgefreden senke seg i heimen.

God helg til alle blogglesarar der ute!

torsdag 8. september 2011

Bok 66 2011: "Alle tiders torsdag" av John Steinbeck

Denne romanen er ein frittståande oppfølgjar til "Cannery Row", som eg ikkje kan hugse om eg har lese tidlegare. Det er mogleg eg blandar den saman med "Dagdrivergjengen", for miljøet minner ein heil del. Vi er i ein småby i California rundt 1950, i ei gate der alle kjenner alle. Ein av dei som bur der er Doc, som er deprimert utan synleg grunn. Kompisane hans gjer ein heil del for å få opp humøret hans, og det heile er velskrive og med ein lun humor. Eg fekk lyst å lese meir Steinbeck, men då vil eg lese på engelsk for å få med fleire språklege element.