lørdag 30. november 2013

Jul ute, jul inne...

Vi pyntar til advent. Ute. Det må fire personar og mange leidningar til for å få det slik vi vil ha det, med juletrelys i to tre, "granbar" med lys på verandarekkverket og litt anna pjask. Nytt av året er mangefarga, blinkande lys i "Harry Potter"-bjørka vår, og då er Eldstemann god å ha. Spesielt stilfullt blir det ikkje, men her i huset er det lov å ha glorete smak - i alle fall i jula.

fredag 29. november 2013

Bok 72 2013: "Verdensmestrene" av Henrik Langeland

Denne boka er ein slags kollektivroman, der handlinga er lagt til ulike bydelar og sosiale lag i Oslo i 1982. Tanken bak er truleg å teikne eit bilete av korleis byen var då, og korleis den vart endra. Samanhengen med VM i 1982 er ikkje tilfeldig. Vi møter overklasseguten og arbeidarguten, jenta frå den radikale familien og innvandrarguten - politisk korrekt og representativt for byens mangfald, med andre ord.

Nokre av episodane i boka er interessante og gripande, men i heilskap syntest eg romanen var altfor oppstykka, og at den mangla ei forteljing som batt den saman. Romanen minte litt om Saabye Christensens "Beatles", men i samanlikning blir Langeland ein lettvektar. etter mitt syn.


torsdag 28. november 2013

Årets julebakst

Då eg fann restar frå julebaksten i fjor, bestemte eg meg for å halde årets bakst på eit enda lågare nivå. Det er berre å erkjenne det: vi et ikkje noko særleg med julekaker her i huset. Eg spurde derfor ungane kva sortar julekaker dei ville ha, og dei svara risbollar og serinakaker (sistnemnde på grunn av at dei er kjekke å bake).

Dermed fekk vi unna det meste av julebaksten på eit par timar. Og i kveld smakar dei godt, så vi har ingen restriksjonar.

onsdag 27. november 2013

På tokt med Minstemann

Fri-onsdagen gjekk mykje med til diverse ærend i Volda i dag. Eg var dobbel-booka med vikartimar og drøftingsmøte, og Minstemann fekk æra av å passe på elevane medan eg var borte. Etter dei knallharde lønsforhandlingane i etterkant forstår eg at det er han som bør vere ATV, ikkje eg.

Etterpå handla han for nokre av bursdagspengane, tok hol i det eine øyret og sette ein liten formue inn på konto. I banken fekk han forresten ei ny lommebok som gåve, og då sparte han utgifter til denslags. Nokre i slekta har måtta låne pengar til å kjøpe seg lommebok for, ein gong på 70-talet. Vi handla dessutan store mengder mat, meir utelys til jul og ein adventskalender.

Vel heime har vi hatt eit svare strev med å pakke ut alt vi har kjøpt. Utelysa ligg på vent, sidan vinden er noko heftig ute, og det store spørsmålet er no om ein skal begynne på julebaksten, rette stilar, pusse vindauge eller noko heilt anna. 



tirsdag 26. november 2013

Dagens outfit

Minstemann har fått seg ein ny hobby. Det vil seie: han har vidareutvikla ein tidlegare hobby, der han teikna masker og klipte ut. No lagar han seg full mundur med rustning, hjelm og gassmaske av kartong og gaffatape. Det vert klipt, målt og prøvd, og i bloggande stund har han teke til med å lage våpen.

Mora hadde vaska huset og hadde tenkt å ordne litt til jul, men her står kreativiteten i høgsetet. Dette medfører papp-bitar over halve stova, tapebitar og limtuber og gudane veit kva. Guten er totalt oppslukt og bruker time etter time på arbeidet, og mora er frykteleg stolt og glad over den kreative poden.

Baking, vinduspuss og nedvask er strengt tatt ikkje så viktig sett i høve til det å kunne finne på noko nytt og altoppslukande heilt på eiga hand.

søndag 24. november 2013

Minstemann 10 år

Dagen begynte sørgjeleg, med dødsfallet til Madelen kanin. Vi er einige om at vi ikkje skal skaffe oss fleire kaninar, men legg planar for kjøp av hund til sommaren.

Elles har vi besøk av hunden Lucas, og vi har litt stille og roleg feiring av Minstemann. Den kjekke vesleguten min er no heile 10 år!

Han hadde fått ein del bursdagspengar, noko vi har diskutert korleis vi skal handtere.
Mor: Skal du setje pengane i banken, kanskje?
Son: Nei, ej trukje det, ej HE jo penga i banken allereide...




Bok 71 2013: "Tiggerpiken" av Alice Munro

Denne boka er omtala som ei novellesamling, men alle novellene handlar om Rose og hennar næraste vener og familie. Stemora Flo er mest sentral av desse, og forholdet mellom dei to kvinnene er både interessant og gripande. Handlinga er lagt til ein småby i Canada, og karakterane er svært levande skildra.

Dette er den andre boka eg les av nobelprisvinnaren, og eg likte den svært mykje betre enn den førre eg las.

lørdag 23. november 2013

The most wonderful time of the year...?

Første bunke i advent er samla inn og printa ut. Her er mykje interessant å lese, heldigvis, men det er eit blodslit no i nokre veker før jul. Håpet er at eg skal sleppe å rette for mykje i jula, men då kan det ikkje utsetjast for lenge. Heldigvis har eg på heimlån ein hund som treng mykje mosjon, eg har tørr ved og ikkje minst mykje sjokolade...

torsdag 21. november 2013

Bok 70 2013: "Sjur Gabriel" av Amalie Skram

Eg har ikkje tal på kor mange gonger eg har lese denne boka, og eg trur eg las den første gong då eg gjekk på vidaregåande. Elles veit eg heilt sikkert at eg skreiv eksamensoppgåve om den i 1991, då eg studerte nordisk grunnfag. 24 handskrivne sider om naturalistiske trekk i romanen, og eg kunne godt ha skrive meir. Seinare har eg lese boka saman med elevar nokre gonger, men det var no ein del år sidan sist.

bokhylla.no er ein nettstad der ein kan lese heile verk gratis på skjerm, og det har elevane mine no gjort saman med meg. I tillegg høyrde vi på lydboka, som er ei fantastisk god innlesing frå 1967. Eg trur elevane ville hatt problem med å lese ei heil bok på skjerm utan lydbok, sjølv om denne er relativt kort. Faktisk er den på under 70 sider, så her er dramatikken temmeleg komprimert!

"Sjur Gabriel" er noko av det mest dystre og tragiske ein kan lese, og den burde derfor vere interessant også for dagens ungdom. Etterarbeidet skal innebere arbeidsoppgåver og klassediskusjon, der vi mellom anna skal drøfte kor vidt vi synest dette er eit godt utgangspunkt for ein musikal.

Boknatt i Ivar Aasen-tunet

Onsdag kveld var eg av garde på eit arrangement i Ivar Aasen-tunet. I tillegg til folkemusikaren Jorun Marie Kvernberg, som fortalde, spelte fele og song, fekk vi høyre tre forfattarar lese frå dei nyaste bøkene sine og bli intervjua av Geir Hjorthol. Først ut var Øystein Orten. Eg likte godt boka hans "Rasmus Rebellen" då eg las den for litt sidan, og intervjuet var òg svært interessant. Han snakka ein del om metodane han hadde brukt i skriveprosessen, og om utfordringar ved å skrive historiske romanar. Neste forfattar var Agnes Ravatn, som hittil har vore eit ukjent namn for meg. Ho snakka om boka "Fugletribunalet", og eg fekk svært lyst til å lese både den og fleire bøker av forfattaren. Sist ut var Ragnar Hovland, og opplesinga hans var først og fremst svært morosam. Den nyaste boka hans er rett og slett ei samling e-postar han sende til kollegaene sine medan han arbeidde i Samlaget. Intervjuet etter opplesinga tok føre seg essay som Hovland har skrive tidlegare, mellom anna om ironi. I tillegg snakka han ein del om boka, og om kvifor den kom ut.

Det vart ein svært variert og interessant kveld på Aasen-tunet, og salen var nesten fullsett.

søndag 17. november 2013

Lommerosk på Battle of the bands

Kva høver vel betre enn å spele songen "Keep Battling" ved eit slikt høve? Det er ein av dei nyskrivne songane deira, og dei framførte i tillegg "Clarify" og "Hope". Innsatsen stod til siger!

lørdag 16. november 2013

Familieselskap i Ørsta

Som vanleg har vi feira novemberkarane med familieselskap og julemiddag. Vi var "berre" ni til bords, men det vart ein hyggeleg familiedag med mykje god mat og livleg prat. Den yngste jubilanten fekk akkurat det han ønska seg frå tanta, nemleg eit skjerf.
To begava karar

Kort frå mormor




Minstemanns einaste bursdagsønske var eit skjerf

Kransekakevitsar med kroner høyrer med!

Vinklubb i Vika

Fredag kveld møttest ni bygdedamer til ny vinklubb, med julevinar som tema og nydeleg mat som følgje. Praten gjekk som vanleg problemfritt, og vi hadde ein hyggeleg kveld i styggevêret. Vinane var gode alle tre, men den til venstre var ein klar favoritt.

fredag 15. november 2013

Endeleg fredag!

Etter å ha sett frå meg bilen på verkstad for første gongs service, reiste eg på jobb og fekk unna eit stykke arbeid. Etter arbeidstid henta eg bilen, gjekk på café med eit par kollegadamer og henta Storegut før vi reiste heim for å kose oss med taco før eg for på vinklubb. Betre kan vel ikkje fredagen nyttast?

torsdag 14. november 2013

Bok 69 2013: "Den albanske jomfru og andre fortellinger" av Alice Munro

Eg har sett meg føre å lese ein heil stabel med bøker av forfattaren Alice Munro, som i år vart tildelt Nobelprisen i litteratur. Ho er eit nytt namn for meg, må eg innrømme, trass i ein stor produksjon.

Først ned frå stabelen er ei novellesamling frå 1994. Det er først og fremst novellene Munro er kjend for, noko som vart gjort til eit poeng då tildelinga av Nobelprisen vart offentleggjort. Novellene har handling lagt til småbymiljø, med ein allvitande forteljar som kan skildre dei ulike menneska i miljøet. Menneskeskildringane er gode, og her er mange store og markante personlegdomar. Hendingane og komposisjonen i kvar einskild novelle er av meir variabel kvalitet, slik eg ser det.

onsdag 13. november 2013

Fri-onsdag med tannlege og pizza

Fri-onsdagane er kjærkomne, og eg hadde i dag ein avtale med Veslejenta om at ho skulle stiltre seg av garde til bussen klokka 8 utan å vekkje si gamle mor. Det gjekk som planlagt, men så sette alarmen på telefonen til Minstemann i gang med å lage eit svare leven, og eg fekk ikkje stansa den før eg var vaken og oppe av senga. Sjølv sov han glatt eit par timar til, og då hadde mora ete frukost, dusja og sett første del av den tyske krigsserien som ingen av ungane var interesserte i i går kveld.

Etter nokre timar med skule- og husarbeid reiste Minstemann og eg til tettbygde strok, og Veslejenta fekk fri ein time frå skulen for å følgje oss. Eg hadde fått flytta ein tannlegetime slik at dei fekk gå samtidig og eg fekk følgje dei. Effektiv som vanleg.

Etter tannlegetimen hadde vi ein avtale med Storegut om å gå ut og ete pizza, så fekk vi sjå han òg midt i veka.

Illustrasjonsfotoet var det einaste frå seansen som vart nokolunde skarpt, og Minstemann hadde fått ein idé om at han ikkje skulle vere med på biletet. Den som ikkje vil, han skal.

tirsdag 12. november 2013

Ei spesiell oppleving med "Drageløperen"

I faget Internasjonal engelsk plar eg syne filmen "Kite Runner" under kapittelet om det multikulturelle samfunnet. Sidan eg har ein utovervend afghansk elev i gruppa, bad eg han for ei tid sidan om å seie nokre ord om Afghanistans historie før vi begynte å sjå filmen. Han hadde gjort seg flid og snakka mykje om historia til heimlandet, kulturen og folkegruppene, og vi fekk såleis ei mykje betre innleiing til innhaldet i filmen enn eg nokon gong har hatt før.

Filmen omhandlar fleire ulike tema i tillegg til afghansk historie, som venskap, kulturskilnader, innvandring og forhold mellom far og son. Eg likar filmen svært godt, og toler godt å sjå den minst ein gong i året.


søndag 10. november 2013

Lommerosk og Space Truckers på Rokken

Laurdag kveld skulle Lommerosk spele support på Studenthuset Rokken. Då eg fekk vite at hovudattraksjonen for andre enn foreldra var eit band som skulle spele coverversjonar av Deep Purple, tenkte eg at det kunne vere verdt å få med seg det òg. Forventningane var sånn passeleg høge, for eg rekna med det ville bli nokre musikalske nedturar, men bandet var utruleg bra! Det var fantastisk flott å høyre att mange av dei gode, gamle songane, og spesielt vokalisten Leif Digernes imponerte stort.

Det var sjølvsagt stort å oppleve Lommerosk på scenen att, og denne gongen spelte dei nokre nye coverversjonar og eit par nye sjølvlaga. Responsen blant publikum var eintydig positiv, og eg overhøyrde ein del rosande ord blant folk som ikkje visste at eg var mora til vokalisten. Som den myrsnipa eg er ville eg ha likt dei uansett, men det er kjekt når andre òg set pris på talenta deira.

lørdag 9. november 2013

Tur til Movatnet på Stigedalen

Det er mørke ettermiddagar og kveldar, ofte med regn. Eg har igjen blitt medlem på treningssenter for å unngå dørstokkmila om kveldane. Det er derfor fint å få ein vakker haustdag når ein har fri frå jobb og kan kome seg ut i skog og mark. Turen gjekk i dag innover grusvegen frå "Tua" til Movatnet.





Vildanden anno 2013

Torsdag kveld stod Ibsens "Vildanden" på programmet i Ørsta kulturhus, og som den Ibsen-entusiasten eg er, måtte eg få med meg den framsyninga. Mykje var gjort annleis enn forventa, og skodespelarane framstilte dei ulike karakterane heilt annleis enn det eg har oppfatta dei gjennom lesing av teksten. Mellom anna kan eg nemne at Hjalmar Ekdahl var meir realistisk framstilt, og kona Gina sterkare og mindre oppofrande. Mykje var bra i stykket, men eg reagerer negativt på at ein må legge til valdsscener for å få stykket meir dramatisk. Etter mitt syn står Ibsens tekstar sterkt nok utan brøling, banning og vald, men det må kanskje til i 2013?


mandag 4. november 2013

Personaltur til Barcelona

Torsdag reiste 63 tilsette frå arbeidsplassen min til Barcelona. Der fekk vi mellom anna sjå utsikta frå Montjuïc, høyre eit interessant foredrag om Spania av ein hollandsk historieprofessor og ha eit par  felles måltid, i tillegg til sjølvvalde aktivitetar. Eg valde å bli med til Park Güell og Tibidabo, i tillegg til ei fantastisk lærerik utflukt til La Sagrada Familia, med ein guide som hadde mykje interessant kunnskap og som formidla denne kunnskapen på ein framifrå måte. Det vart dessutan litt tid til å vandre rundt i byen på eiga hand, og det er verkeleg ein by som har mykje å by på. Vi har hatt mykje moro både på dag- og kveldstid, og eg har fått lyst til å sjå meir av Spania og å lære meg litt spansk.
Utsikt frå Montjuïc

Hotellrommet mitt på Mont Blanc

Restauranten Els 4Gats, der Picasso teikna menyen

Park Güell

Park Güell

Park Güell

Park Güell

Park Güell

Legg til bildetekst

Tibidabo
Utsida av La Sagrada Familia, den mest vitja bygningen i Spania. Skal stå ferdig i 2026.

La Sagrada Familia

La Sagrada Familia

Santa Maria del Mar

Santa Maria del Mar

Santa Maria del Mar