onsdag 30. oktober 2013

Bok 68 2013: "Rasmus Rebellen" av Øystein Orten

Handlinga i denne nyaste romanen av Øystein Orten er lagd til Sunnmøre i tida rundt 1650. Romanen er basert på ei sann historie om ein bonde som tok opp kampen mot dei tyngande skattane frå kongemakta og maktdemonstrasjonar frå dei lokale embetsmennene. Forteljaren er ein gammal mann som var adoptivson av Rasmus, og han fortel historia til ei ung kvinne som heiter Ragnhild.

Språket er både poetisk og noko gamalmodig, noko som gir eit autentisk preg. Det er likevel lett å følgje handlinga og personane, og eg syntest boka var så spennande at eg hadde problem med å leggje den frå meg.

Forfattaren får tydeleg fram kontrastane mellom kongane si sløsing og bøndene sitt kvardagsliv. Det absurde i at bøndene skulle skattleggjast for å finansiere festing og krigføring kjem dermed tydeleg fram gjennom ulike konkrete døme, som at Rasmus vart skattlagd for å ta til seg ein foreldrelaus barneflokk. At nokre våga å snakke imot overmakta blir dermed framstilt som ubetinga heroisk, sjølv om det førte til straff og motstand. Den stirrige kranglefanten blir såleis ståande som helten i romanen, og mange av oss vil vere einige i at det er slike som får verda til å gå framover.

Dette var verkeleg ei bok etter min smak, og eg trur ikkje det er nødvendig med særleg store historiske kunnskapar på førehand for å kunne ha glede av å lese den. At ein får lyst til å lese meir historisk stoff etterpå, er ei anna sak.

søndag 27. oktober 2013

Bok 67 2013: "Kjøtere i Barcelona" av Alicia Giménez Bartlett

Dette er den fjerde boka i serien om Petra Delicado og kompanjongen Fermín, men den andre eg har lese. Eg begynte å lese serien fordi den har handling lagt til Barcelona, men eg får inga sterk kjensle av byen ved å lese bøkene, berre så det er sagt.

Også denne gongen er sjølve kriminalgåta noko vag og uinteressant etter mitt syn, og det er først og fremst detektivheltane og bipersonane som gjer boka underhaldande likevel. Denne gongen handlar det dessutan mykje om hundar, noko som fekk denne lesaren ekstra interessert. Petra er noko utradisjonell i synet på menn, og ho vil helst unngå å kome inn i eit fast forhold. Fermín, derimot, er enkemann etter eit langt og ulukkeleg ekteskap, men oppdagar no kjærleiken for fullt i og med at han forelskar seg i to flotte kvinner som han ikkje greier å velje mellom. Alt dette er mykje meir underhaldande å lese om enn sjølve krimgåta, men det heile tek seg litt opp heilt mot slutten.

lørdag 26. oktober 2013

Når sjølvdisiplinen er sterkare enn arbeidslysta

Eg har ein prøvebunke, som eg fekk inn på tampen av arbeidsdagen fredag. Sidan eg er oppteken med andre gjeremål måndag og tysdag, har eg eit håp om å få unna prøvebunken i løpet av helga.

Men...

Eg skulle heller ha lese denne:

Og så kom postmannen på døra med desse:


Vinklubb på Reita fredag

Fredag var det vinklubb att, og eg la att kameraet heime. Uansett kan eg rapportere at det var veldig kjekt, slik det alltid er, og diskusjonane rundt bordet var både heftige og begeistra. Maten var nydeleg (pasta med fløytesaus, salat og brød) og vinen passa veldig godt til, trass i at dei tre sortane var svært ulike.

Bygda skal nok klare seg utan både nattferje og ungdomsskule, men vinklubben skal ingen ta frå oss!

torsdag 24. oktober 2013

Minstemanns pianodebut

Mitt fjerde barn har skilt seg ut frå resten av flokken på fleire måtar, men i dag debuterte han som musikant på kulturskulekonsert. Han skulle spele "Dovregubbens hall" på flygel, og det gjekk over all forventning. Vanlegvis spelar han på eit el-piano, så det var ein ganske stor overgang. I tillegg var eg usikker på korleis han ville takle å opptre for publikum, men det klarte han heilt fint, særleg med tanke på at han begynte på kulturskulen i januar i år.

Eg kan elles nemne at han stilte med slips knytt i knuten "Onassis".

Der var mange flinke elevar på konserten, så det var ei fin avslutting på ein elles noko hektisk jobbdag som varte frå 8 - 17.30. Eg hadde heile sju undervisningstimar, og i tillegg hadde vi møte både i midttimen og etter ordinær skuletid. Det er bra det snart er helg!

onsdag 23. oktober 2013

Bok 66 2013: "En blå kjole fra Herr Hitler" av Toril Brekke

Ei suicidal ungjente får ansvaret for å hjelpe ei eldre kvinne med å handle matvarer. Dei to kvinnene begynner å snakke med kvarandre, men ingen av dei lyttar særleg godt til den andre. Dei har nok med sine eigne tankar og minne begge to, kan det verke som. Den eldre kvinna er tysk, og har vore medlem i Bund Deutcher Mädel og dessutan arbeidd ved Victoria Terasse i Oslo under okkupasjonen. Den unge jenta si historie kjem gradvis fram gjennom små fragmentariske tankereferat.

Det er ei pussig lita bok, heilt ulik "Gullrush"-serien av same forfattar. Eg likte den ganske godt, sjølv om eg måtte høyre slutten eit par gonger for å få den heilt med meg. Som lydbok fungerer den godt, spesielt i og med at opplesaren les på noko gebrokkent norsk når ho les replikkane til den tyske kvinna. Slik kjem kontrasten mellom dei to ekstra godt fram.

mandag 21. oktober 2013

Bok 65 2013: "Dandy" av Jan Guillou

I denne andre boka om Lauritzen-brørne fyl vi hovudsakleg den yngste av dei, Sverre. Han var knapt nok nemnd i "Brobyggerne", men vi fekk vite at han rømde til England med den mannlege kjærasten sin. Livet som homofil på byrjinga av 1900-talet var langt frå enkelt, og mykje av boka handlar om problemstillingar knytt til dette. I tillegg kjem den første verdskrigen i fokus, slik den gjorde i den første boka i serien.

Sverre var tidleg oppteken av det estetiske, stereotypisk nok, og han målar bilete sjølv og er oppteken av nye impulsar innanfor biletkunsten.

Eg er ikkje heilt sikker på kva eg meiner om boka. I byrjinga likte eg den, men det dabba noko av etter kvart. Den blir verken ei god bok om homofili eller ei god bok om verdskrigen, og forteljinga om Sverre og kjærasten blir noko føreseieleg. Likevel er det godt mogleg at eg les neste bok i serien når den kjem.

søndag 20. oktober 2013

Bok 64 2013: "Stay Close" av Harlan Coben

Det er viktig å halde engelsken sin ved like, og eg plar lese ein del lette samtidsromanar også på grunn av den språklege interessa. Denne krimromanen fekk eg i hende fordi nokon andre hadde kjøpt den, og så passa det å lese noko av den på ein flytur. Det var såleis noko tilfeldig at eg las den akkurat no, men eg angrar ikkje.

Historia tek føre seg nokre personar som alle har noko uoppgjort i fortida. Ein av dei er paparazzi-fotograf, ei anna tidlegare strippar men noverande A4-mor. Gradvis kjem vi inn i ei seriemordarhistorie som er temmeleg enkel, men likevel ikkje så føreseieleg som ein skulle tru.

Harlan Coben er god til å skape tydelege karakterar, noko eg finn spesielt viktig i kriminallitteratur. Faren er at personane blir stereotypar, men eg synest han balanserer dette utmerka. Av og til passar det å lese noko lett og underhaldande, og denne romanen er såpass spennande at ein blir fanga i illusjonen og gløymer at ein les på engelsk og skulle ønske flyturen var litt lengre.

Årets viktigaste søndagstur

Då eg vart spurd om å vere bøsseberar, sa eg ja utan å tenkje meg om. Eg går tur heile tida likevel, så kvifor ikkje for ei god sak?

Skal eg vere heilt ærleg, likar eg betre å samle inn pengar til sveltande born enn til oppgåver som eg meiner bør kunne finansierast av statsbudsjettet, men demensforsking er utan tvil ei viktig sak det òg. Slike innsamlingsaksjonar set dessutan fokus på ei sak, slik at fleire får auka kunnskap og empati. Det må vere ufatteleg vondt å sjå sine næraste og kjæraste forsvinne inn i ein tilstand som endrar dei totalt som menneske, og eg kjenner meg takksam for at eg har to oppgåande foreldre.


Kreativitet på ein laurdagskveld

Minstemann er blodfan av Kaizers Orchestra - nesten bokstaveleg tala etter den konserten på Malakoff der han nesten vart skvisa. Laurdag kveld sette han i gang med å lage seg "gassmaske" som skulle likne den keybordisten i Kaizers plar ha på seg. Det vart heile fire masker før kvelden var omme, og eg foreviga berre den første.

Mora synest det er fantastisk når ungar er kreative på eige initiativ, sjølv om det vart mykje rusk og rot undervegs.

lørdag 19. oktober 2013

Folkestadsetra

Tenåringar søv lenge, så mor får god tid til husarbeid og denslags før alle er oppe, I dag skulle eg eigentleg vaske huset, men så begynte eg på eit ryddeprosjekt i kjellaren som tok mykje tid. I og med at noko av det eg fann var fem handlenett med panteflasker, tok eg med gjengen på butikken og panta, samtidig som eg handla dei tinga eg hadde gløymt å kjøpe i går og i forgårs (ironisk nok er eg bøsseberar for demenssaka i morgon). Sidan vi allereie var i tettbygde strok, gjekk vi like godt ein tur rundt vatnet på setra. Vi gjekk i roleg tempo og prata om laust og fast, og vi opparbeidde nok matlyst til å få lyst på pizza då vi kom attende til bilen. Det er viktig å støtte opp om det lokale næringslivet.









fredag 18. oktober 2013

Folkemøte på Folkestad

Kommunen har stor gjeld og manglar pengar til å betale ned denne, i tillegg til ordinær drift av tenester. Torsdag kom ei handfull politikarar og byråkratar over fjorden for å forklare ein fullsett sal kvifor det er bygdeborna som må lide for dette.

Mange sambygdingar hadde gode og poengterte innlegg der dei peika på følgjer ei slik flytting av ungdomsskulen vil få for kvardagen til ungane. Det er til dømes lagt opp til at skuleskyssen skal frakte ungdomane til ferjekaia, men at dei skal måtte gå til skulen på den andre sida. Dette vil føre til at skuldedagen vert forlenga ein halvtime både før og etter skuletid. Dei skal dessutan plasserast i allereie eksisterande klassar i Volda sentrum, der ein då får fulle klassar på om lag 30 elevar, i eit gammalt, overfylt og svært dårleg skulebygg. Dette kjennest ekstra meiningslaust, i og med at skulen vår er nyoppussa og har god plass - også til ein flokk sentrumsungdomar, dersom det hadde blitt tenkt i dei banar.

Politikarane innleidde med å seie at dei ville nå 21.15-ferja heim, noko som førte til latter i salen. Innleier dei møta i Volda sentrum med å seie at dei skal avslutte slik at bygdefolket skal nå ei ferje?

Slike truslar om omleggingar fører til pessimisme, og det kan før til at unge familiar ikkje torer å busetje seg på bygda. Ei skulenedlegging i tillegg til det forringa ferjetilbodet vil føre til at livet for familiar på denne sida av fjorden både blir meir tungvint og mindre oversiktleg. Spørsmålet då blir kor lenge vi greier å halde på idealismen som må til for å takle dette.

søndag 13. oktober 2013

Bok 63 2013: "Mørke netter i Barcelona" av Alicia Gimènez-Bartlett

Det lokale biblioteket er ganske oppdatert når det gjeld bruk av internett, og eg har stor glede av å sitje heime og leite etter bøker på heimesida deira og reservere dei eg får lyst til å lese. Etter å ha søkt på "Barcelona" dukka denne kriminalromanen opp, og eg fekk lyst til å lese noko spansk krim.

Sjølve krimgåta i boka tykte eg var rimeleg uinteressant, men eg hadde sansen for eg-personen, etterforskaren Petra. Ho er noko utradisjonell som kvinne, samtidig som ho har ein del eigenskapar som mannlege etterforskarar i kriminalbøker plar ha. Ein slik eigenskap kan til dømes vere manglande evne til å fungere i eit parforhold.

Hovudmålet mitt med lesinga av denne boka var å få litt meir kjensla av kva som særpregar Barcelona, men det kan eg ikkje seie eg fekk. Kanskje dersom eg les fleire av bøkene i serien? Eg har allereie reservert nokre titlar...

Byvandring, kino og restaurantbesøk

I dag "labba" vi rundt på Markens medan butikkane var opne, og deretter tok vi oss ei flott byvandring til Fiskebrygga, kulturhuset "Kilden", Odderøya og heile vegen langs Strandpromenaden til Bystranda. Deretter gjekk vi på kino og såg "Diana" - ein film som vi likte mykje betre enn den førre vi såg. Middagen tok vi på Big Horn Steakhouse, og det smakte svært godt. I kveldinga kosar vi oss med restane av isen frå i går, ser litt tv og redigerer bilete.

I morgon er det heimreise etter ei kjempefin veke med jentene på Hånes.

fredag 11. oktober 2013

Sightseeing i Kristiansand

Eg budde i Kristiansand 1988 - 1990, og studerte ved det som då var Agder Distriktshøyskole. Mykje er endra i byen sidan då, men forbausande mykje er akkurat likt. I ettermiddag "labba" jentene og eg rundt i byen, og sanneleg fekk eg fletta inn litt litteraturhistorie òg.

Festningsgata sett frå strandpromenaden

Christianborg festning

Camilla Wergeland vart fødd i Kristiansand for 200 år sidan


Christian IV

Salongen til Hybelverten

I Wergelandsparken




Pasta Jambalaya frå "Herlig Land"

Æ har labba ront på Hånes, og her æ gruelig vakkårt!

Garasje tilpassa byggestilen på huset?




Til sals...


Sørlandsfunkis? Ikkje etter min smak



Så vakkert å vandre i ein eikeskog



Utsikt mot Varoddbrua



Lind

Lønn

Huset der jentene residerer