onsdag 3. februar 2010

Snart må eg lære meg å strikke raude strømper

I dag vart Gutta utfordra. Nummer 2 strikkar ganske kjapt og greitt, medan Minstemann er med for å "sveive ut garn". Så får vi sjå korleis det går med strikkeprosjektet vårt.

For dei som saknar turbilete frå fridagen: Minstemann og eg var på sparktur med hundane i 12 minusgrader, og det vart så kaldt at vi gjekk til skogs i staden. Der fann vi sol, hundane sprang lause i snøen og det var så vakkert i verda at det ikkje var måte på. Kameraet låg att i gangen heime, og det var dessutan så kaldt at vi neppe hadde orka å ta hanskane av. De får heller sjå det føre dykk.

5 kommentarer: