mandag 31. oktober 2011

Bok 79 2011: "Før jeg brenner ned" av Gaute Heivoll

Boka er delvis dokumentarisk, noko som er ein trend i tida. Heivoll fortel historia om ein pyroman som herja i heimbygda hans då Heivoll vart fødd, i 1978. Samtidig som forfattaren gir eit psykologisk portrett av pyromanen, fortel han òg historia om seg sjølv, og ikkje minst om faren sin. Boka inneheld òg utdrag frå lokalavisa, ei dagbok og diverse brev. Til saman utgjer alt dette ein uvanleg sterk tekst. Ein lever seg inn i lagnadene både til pyromanen og Gaute, og til slutt har ein like stor sympati for dei begge òg.

Eg sette stor pris på at opplesaren er frå distriktet Heivoll sjølv kjem frå. Det gjer opplesinga ekstra autentisk.

søndag 30. oktober 2011

Slapp søndag

På programmet i dag stod svært lite, eigentleg. Eg vaska klede, baka brød, vaska litt golv, gjekk tur og las i bok før eg henta Eldstejenta på kaia og dermed samla familien til søndagsmiddag. Barnefaren baud på hjortegryte og heimelaga kjøtkaker, og det smakte så godt at eg ikkje får gjort anna enn å pleie godstolen resten av kvelden.

Veslejenta er ikkje heilt i strøk, men hostar natt og dag (ho ville derfor ikkje vere med på det obligatorieske "ungane ved middagsbordet"-biletet). Eg har kommentert henne i dusjen og fått på henne superundertøy i ull, så får vi håpe at ei god natts søvn gjer susen så ho kjem seg til att til i morgon.

fredag 28. oktober 2011

Bok 78 2011: "Barnepiken" av Kathryn Stockett

Denne nydelege boka er historia om ei ung kvinne som bestemmer seg for å skrive ei bok om livet til dei farga hushjelpene i heimbyen Jackson, Mississippi. Filmatiseringa er allereie koma til kinosalane, og eg ser verkeleg fram til å sjå den. Tidskoloritten og karakterane er verkeleg spennande, og boka er lettlesen og interessant. Innlesinga er gjort av tre kvinner, like mange som har synsvinkelen i boka. Skal eg innvende noko, må det vere at eg faktisk ikkje høyrde skilnad på dei tre før det var gått ei lang stund.

Halloween

Her i bygda har vi ein eigen tradisjon når det gjeld Halloween. Dei to "bygdesentra" arrangerer Halloween-fest for borna kvart sitt år, og i år er det fest på Folkestad. Det betyr at eg ikkje er med i arrangementskomitéen, og at eg berre har sørga for at dei to yngste hadde kostyme og sminke og vart sende på fest med forventningar om ein skummel kveld. Sjølv får eg finne ein annan måte å få ut mi indre heks på...

torsdag 27. oktober 2011

Kontordag, kinamat, kaffi og kyrkjekonsert


I dag hadde eg ein roleg dag på jobb, i og med at elevane var opptekne med Operasjon Dagsverk. Etter jobb plukka eg opp nokre ungar på kaia og tok dei med på shopping for å handle inn til Halloween. Vi rakk òg ein visitt på dyrebutikken før vi fekk servert middag på kinarestauranten Landscape. Då Veslejenta og venninna for på øving, tok Barnefaren og eg med oss Minstemann på "Det Grøne Treet" og drakk kaffi og kakao. Der tok Minstemann seg ein blund før vi stilte som publikum på konsert i kyrkja. Alle fire besteforeldra stilte sporty opp og lytta til piano, fiolin, waldhorn m.m. før Veslejenta spelte "Cheerio" på kornett og Storegut og kompisen spelte "Eg veit i himmerik ei borg" på el-gitar.

onsdag 26. oktober 2011

Og to par strømper...



På grunn av ei generøs gåve frå Saniteten til Ballettskulen, stilte tre dansegrupper opp og underheldt på sanitetsbasar i Volda i ettermiddag/kveld. Veslejenta var med i ei av dei, så vi var programforplikta til å stille opp. Gutane fekk velje sjølve, og Minstemann vart freista av tanken på lodd og kaker.

I min oppvekst var eg van til tombola, med samanrulla papirlodd, men i Bygda bruker vi gamaldagse tre-årar på basar. Ungane synest derfor det er ekstra kjekt å få rulle ut papirlodd. For ein femtilapp vann vi ein matboks og to par tjukkelestar, så det var god butikk. Når ein tek med ferjebillettar og Minstemanns kakeutgifter, vert reknestykket eit anna.

Fri-onsdag i fjøra



I dag hadde vi eit stramt program med aktivitetar på dagtid, men Minstemann og eg fekk tid til ein liten tur i fjøra i finevêret. Då søskena kom heim, måtte eg på skulen på foreldresamtale om den same Minstemann. Han er som kjent nerden i familien, så det er berre ei fryd å snakke med lærarane hans. Ettermiddagen elles gjekk med til ein del uteliv før dei to små og eg sette kursen mot Volda.

Gratulerer Broren!

Systa har lagt ut artige gamle bilete på bloggen sin, så eg nøyar meg med å gratulere broren min og setje inn eit nytt bilete av han saman med dei tre gode gutane deira. Det har nyleg vore på bloggen, men eg likte det så godt at det får kome ein gong til. Vi skulle gjerne ha hatt familien litt nærare, for det er ein koselig gjeng å omgåast.

tirsdag 25. oktober 2011

Tur på tysdag

Måndag skein sola aldeles fantastisk, og temperaturen var mellom 10 og 17 grader. Dessverre kom eg meg ikkje ut på tur før sola var gått ned, men det var framleis mildt og fint.


Tysdag reiste eg heim på ei tidlegare ferje, droppa mat og for rett ut på tur. Eg kjørte til Folkestadsetra og gjekk i retning Sollidheida, men gjekk ikkje heilt dit på grunn av manglande tid. Utsikta var utruleg, og lufta mild - dette vart ein skikkeleg bonusdag.

Minstemann var på besøk hos ein kompis på Folkestad etter skulen, og eg henta han og tok han med heim. Her kosar vi oss med peparkaker og tv akkurat no, og det er deilig å roe ned og vite at vi har fri i morgon.

mandag 24. oktober 2011

Svinsk søndag

I dag slo Barnefaren til og laga svineribbe. Ungane og eg vaska og rydda hus, henta Eldstejenta på kaia og kom til duk og dekka bord. Maten smakte nydeleg, men sat såpass godt i at heile familien la ut på tur i skogsvegen etterpå.


I kveldinga har eg kosa meg med ein prøvebunke. Det er tida for slikt no.

lørdag 22. oktober 2011

Ein variant på laurdagskvelden

Eg er matlei for tida. Ikkje har eg så god tid eller lyst til å tilbringe tid på kjøkkenet heller. Noko av det verste då er å skulle finne på noko å lage til middag, og påfunna vert derfor få og lite freistande.

I dag åt vi tidleg middag hos Barnefaren, og det var derfor ikkje aktuelt med pizza eller liknande om kvelden. Ungane hadde fått taco i går kveld, så det var heller ikkje aktuelt.

Dagens kveldskos vart derfor ost og kjeks. Vi er berre fire i heimen, så det er begrensa kor mykje vi et. Vi lagar heller til det vi veit at vi likar godt og et opp alt saman.

Veslejenta er kalla opp etter mormora mi, som var kokk, og ho lever opp til namnet ved å vere glad i å lage til mat. Slik sett får vi ekstra laurdagskos på kjøkenet, og eit sunnare alternativ til potetgull og dip.

At vi før måltidet hadde sett til livs store mengder smågodt, treng eg ikkje røpe.

Laurdagen derpå

Storegut var på overnatting og Veslejenta på ballett, så i dag var det Minstemann og eg som lufta hundane. Etterpå tok vi oss ein handletur til Nordfjordeid før vi henta Storegut på Bjørkedalen. Det vart berre kjøp av mat, for Minstemann er ikkje rett person å ta med på klesbutikkar og denslags. Etter middag gjekk eg ein lang tur igjen, aleine med lydbok. No er det tid for laurdagsgodt, og seinare skal vi ha ost og kjeks. Det blir deilig med ein stille og roleg laurdagskveld i heimen.

Vinklubb 21. oktober

Som alltid var det godt å kunne gå til haustdekka bord, få servert nydeleg mat (pastasalat og couscous-salat med reker) og ein særs nydeleg vin. Laget var minst like lystig som det plar vere når bygdadamene møtest, og temaa femnde vidt om alt frå vegpolitikk til polyppar. Det akademiske nivået på praten var langt lågare enn lydnivået, men dagens hovudverk skuldast ikkje berre lydnivået. Uansett form i dag - det var verdt det.




Takk for laget, damer!

torsdag 20. oktober 2011

"Shooting Dogs"

Førebuingane til OD 2011 held fram, denne gongen i Internasjonal Engelsk-klassen min. Fleire av elevane hadde sett "Hotel Rwanda" tidlegare, og eg valde derfor å kjøpe ein annan film om same tema. Då eg såg gjennom filmen førre fredag, kjende eg at den var langt meir brutal og dyster enn "Hotel Rwanda". Eg gjorde derfor elevane ekstra merksame på kva dei kom til å få sjå, og dei fekk nokre minutt til å lese bakgrunnsstoff før eg sette i gang filmen.

Vanlegvis plar eg førebu spørsmål og arbeidsoppgåver når eg syner film, men denne gongen let eg elevane sjå filmen og deretter berre skrive eit refleksjonsnotat for sin eigen del, for å få inntrykka ut av kroppen, så og seie. Hovudintensjonen min var at dei skal bli meir motiverte for OD og få eit nyansert syn på kva det vil seie å hjelpe andre menneske.

Handlinga i filmen er lagt til eit katolsk miljø i Rwanda, og dei viktigaste personane er ein eldre prest, ein ung lærar, ein belgisk FN-offiser og ei afrikansk jente. Kritikken mot verdssamfunnet som ikkje grip inn i folkemordet er svært krass, og det er ikkje lett å vite korleis hovudpersonane ideelt sett burde ha handla.

Også andre gongen eg såg filmen sat eg att med ei kjensle av å vere deprimert. Viss elevane kjenner det same, er det kanskje eit sunnheitstrekk, men eg kjende nesten eit behov for å be om orsaking for at eg utsette dei for denne opplevinga.

Operasjon Dagsverk skal gi hjelp til unge menneske i Rwanda, men det er klart at historia må ha sett sine spor også for dei som var fødde etter 1994, både blant tutsiar og hutuar.

mandag 17. oktober 2011

Bok 77 2011: "Kongens hjerte" av Gaute Heivoll

I 1775 går ei skute frå land i Noreg, på veg til København. Ombord er ei samling sjuke, blant dei ein far og dottera hans. Den store spenninga ligg i om dei overlever, spesielt fordi dottera har store, væskande sår. Det heile er ei dyster, men spennande forteljing. Det er ikkje vanskeleg å leve seg inn i redsla til faren, og Heivoll skriv godt om kjensler utan å verte sentimental.

Det var ikkje alt eg skjøna heilt, men eg vart gripen av sjølve stemninga i boka. Det er det som skil gode bøker frå dei ordinære, ikkje nødvendigvis den ytre handlinga.

lørdag 15. oktober 2011

Idol 2011 - kven heiar du på?

Eg heiar på tre gutar; Vegard, Isak og Henrik. Kanskje aller mest på Henrik, fordi han har det største særpreget. Det vert, som vanleg, fokusert på privatlivet til deltakarane, og om unge Henrik blir det fortalt at han har lide av anoreksi. I tillegg tileigna han i innleiande runde ein song til venninna si, som døydde på Utøya. Alt dette gjer kanskje at han får nokre sympatistemmer, men eg heiar først og fremst på han fordi han har ei nydeleg stemme.

fredag 14. oktober 2011

Vaffelhjarte på Barne-TV

Sist tysdag såg eg Barne-TV på nrk1 for første gong på lenge. Det fall ikkje særleg i smak verken hos meg eller Minstemann, som berre hadde éin kommentar til den eine serien: "LOL!"

I dag var det première på serien "Vaffelhjarte", som er basert på barneboka med same tittel. Forfattaren Maria Parr er frå distriktet her, og det var derfor naturleg å filme serien i nordvestlandsk natur. Første episode var svært lovande, med gode skodespelarar, artig manus og flotte omgjevnader. Det er kjekt å høyre sin eigen dialekt på TV, noko eg trur mange barn vil setje pris på, og då vel eg å oversjå at fleire av dei vaksne skodespelarane hadde ein merkeleg målførevariant.

Maria Parr skriv svært godt, og eg håpar ho vil halde fram med å skrive slike enkle, gode bøker frå eit autentisk bygdemiljø.Uansett gratulerer eg henne og dei som står bak filmatiseringa!

Eit viktig smykke

I postkassa torsdag fann eig ein bunt armband som eg har tinga gjennom antirasistisk senter. Dei ber som innskripsjon det berømte Utøya-sitatet "Når én mann kan forårsake så mye ondt - tenk hvor mye kjærlighet vi kan skape sammen" (og på engelsk på innsida).

torsdag 13. oktober 2011

Bok 76 2011: "Straffen" av Jan Mehlum

Dette er den første boka eg les om kriminalhelten Svend Foyn, men det er den nyaste romanen i serien. Noko bakvend lesing, altså, så mykje av den eventuelle sjarmen går meg hus forbi. I gode krimromanar har detektiven såpass mange særskilde karaktertrekk og/eller så interessant privatliv at dette gir boka ein ekstra dimensjon i tillegg til krimgåta, men eg fekk ikkje noko slikt inntrykk av Svend Foyn. Kanskje ville eg ha fått det dersom eg starta med den første boka og følgde han vidare.

Sjølve kriminalgåta er her litt spennande, men òg noko føreseieleg.

Eg trur eg vil gi forfattaren ein sjanse til, men denne boka imponerte meg ikkje.

Jarle Bernhoft i Ulsteinvik

Onsdag kveld for Veslejenta, Barnefaren og eg til ein fullsett sal i Sjøborg kulturhus, Ulsteinvik. På scenen sat Jarne Bernhoft og song, spelte og "sampla" seg gjennom eit repertoar vi allereie kjende til frå CD-en og diverse youtube- og Tv-innslag. I tillegg improviserte han ein del, fortalde morosame historier og lodda ut ei fruktkorg. Stemninga i salen var god, og vi var svært imponerte over at ein mann aleine kan trollbinde eit publikum på denne måten i halvannan time. Moderne menneske i dag er trass alt vane til å ha litt meir "action" i form av varierte impulsar, både visuelt og auditivt.

Veslejenta har aldri vore på ein slik konsert før, berre på lokale amatør-arrangement, så for henne var det ekstra stor stas å få vere med. Ho fekk ei signert T-skjorte som minne om kvelden, så eg reknar med at antrekket torsdag gav seg sjølv. Ho var ikkje den yngste i salen, og vi var heller ikkje dei eldste. Musikken til Bernhoft når ut til eit breidt publikum.

Her kan du lese kva Vikebladet skriv om konserten

onsdag 12. oktober 2011

Sløv og kjølig fri-onsdag


I dag vakna Minstemann og eg temmeleg seint. Vi åt frokost og gjorde lekser og skulearbeid, elles vart lite gjort før eg laga middag til dei to mellomste kom heim frå skulen. Storegut somna på sofaen like etter middag, og Minstemann og eg gjekk ein tur i fjøra medan Veslejenta gjorde lekser. Frisk luft gjer underverk, men ein må kle seg godt. Å fryse er det verste eg veit.

tirsdag 11. oktober 2011

27. oktober: Operasjon Dagsverk

Og Gamla er i full gang med førebuingane. Som lærar i VG1-engelsk og internasjonal engelsk ser eg det som sjølvsagt at eg orienterer litt om historia til det landet årets OD-pengar skal gå til, som er Rwanda. Eg har allereie begynt å vise filmen "Hotel Rwanda" i VG1-klassa, og så har eg bestilt "Shooting Dogs" for å samanlikne om den er betre. Begge er truleg grusomme, og eg sette elevane til å lese om Rwandas blodige historie før eg sette på filmen. Nokre las på norsk, andre på engelsk, og dei fleste var nokolunde budde på kva som ville kome på skjermen. Eg trur ikkje eg skal gjere noko særleg etterarbeid, men la filmen stå som motivasjonsfaktor framfor årets OD.

søndag 9. oktober 2011

Bok 75 2011: "Fjorden" av Lars Ove Seljestad

Første del av romanen handlar om ein middelaldrande mann som sit ved sin døde far og tenkjer over livet. Språket er gjentakande, eller repetitativt, for å oppnå ein poetisk stil som minner om Jon Fosse. For meg vart det noko monotont og nesten parodisk. Neste del av boka handlar om ei reise mannen gjorde som åtteåring saman med far sin. Dette er ei rørande og sterk forteljing om banda mellom desse to, som seinare skulle bli annleis. I siste del av boka reflekterer hovudpersonen over kvifor livet er blitt som det er blitt, kvifor han ikkje vart ein betre far enn det faren hans hadde vore for han. Det tek noko av med sjølvransaking, og noko av det vert klisjéaktig og langdrygt.

Det er forfattaren sjølv som les, og Odda-dialekten høver godt til innhaldet. Den omtala reisa går føre seg i det lokale området, der far og son tek bussen til ein stad der dei skal hente båten som faren har kjøpt og køyre den heim. Den reisa kunne godt ha stått som ein tekst for seg sjølv, etter mitt syn, men forfattaren har tydelegvis hatt mykje meir på hjartet.

lørdag 8. oktober 2011

Når haustsol i bakkane blenkjer

Så skein det opp att, og verda vart uverkeleg vakker med melisdryss over fjelltoppane. Storebror var framleis sjuk, og i dag skulle han få vere heilt i fred, etter dagar med travle opplegg utan klage. Dei to små og eg gjekk/sykla oss ein tur inn langs fjorden eit stykke, og etterpå gjekk eg meg ein tur aleine med lydbok i den andre retninga.


Etter middag retta eg ferdig ein prøvebunke, bakte brød og rydda litt, og no set vi oss til med tv-kos resten av kvelden. Ferien går mot slutten, og det er på tide å setje ned tempoet litt før kvardagen begynner att.

fredag 7. oktober 2011

Familietreff i Ørsta




Broren min med familie har feriert i Ørsta nokre dagar, og i dag inviterte Besta til brennsnut og kaker til dei som hadde høve til å kome. Systa stilte med Studenten og Dottera, medan eg stilte med alle mine fire. Såleis var 9 av 11 barnebarn samla, og alle vi tre søskena. Det er lenge mellom kvar gong, men både små og store finn tonen fort og har stor glede av kvarandre. Eg fekk dessutan utnytta ekspertisen til bror min då han (under eit visst press) følgde meg av stad for å kjøpe MP3-spelar.

torsdag 6. oktober 2011

Mini-haustferie i Bergen: tredje dag (torsdag)

Torsdag skulle vere den store shoppingdagen, men vi fekk eigentleg fort nok. Ungane fekk seg eit antrekk kvar, deretter la vi på hjul heimover. Då vi stogga i Førde for å fylle diesel, kjøpte vi CD-en til Bernhoft, sidan tre av oss skal på konsert komande onsdag. CD-en er veldig fin, og variert, og turen heim gjekk som ein draum.

Vel heime slappar vi av og fyrer i omnen. Storegut er framleis frostig og elendig, så vi har eit sløvt tempo og prøvar å kose oss.

Mini-haustferie i Bergen: andre dag (onsdag)



Dette var den store museumsdagen. Vi hadde på førehand planlagt kva vi skulle gjere, og valt ut typiske Bergens-aktivitetar. Vi stakk såleis først innom Hansamuseet, deretter Bryggen museum og til slutt Håkonshallen. Dei to første var spennande å sjå, men Håkonshallen var lite interessant, dessverre. Sidan vi var langt ute på den sida av fjorden og skulle eit stykke ut på hi sida, vart det til at vi tok den vesle båten "Beffen" over fjorden. Mest som ein kuriositet det òg.

Om kvelden gjekk vi på kino og såg "Knerten i knipe", og så åt vi pizza på Dolly Dimple's. Seinare på kveld samla vi oss på det eine hotellrommet og såg "Ylvis" på tv. Ein variert dag sånn kulturelt sett, men vêret var svært stabilt, dessverre.

Mini-haustferie i Bergen: første dag (tysdag)








Tysdag sette vi av garde til Bergen, heile gjengen, trass i at Storegut var småsjuk og vêret mildt sagt grusomt. Turen nedover gjekk greitt, men det regna og bles heilt til vi kom fram. Sidan vi kom til Bergen 13.30, var det mykje att av dagen.

Vi åt lunsj på Egon før vi våga oss opp Fløibanen for å sjå på utsikta.

Deretter rakk vi ein tur til Akvariet, der vi ikkje hadde vore på meir enn seks år. Vi har alltid vore spesielt glade i dyreparkar, og på Akvariet kunne vi sjå alt frå krokodiller og edderkoppar til hai og pingvinar.

Om kvelden gjekk vi på den kinesiske restauranten "China Palace", der eg var første gong i 1988.