fredag 9. desember 2022

Heim til jul

Veslejenta kom heim søndag 3. desember. Då fekk ho og Charlie opne kalenderen ho hadde vunne til han på dyrebutikken på Eid, og det var stor stas for begge to. Måndag vart ho med på nominasjonsmøte, for no står vi begge på liste til kommunevalet neste år. Tysdag hadde eg fri, så då brukte vi heile dagen til shopping og juleførebuing. Resten av veka har eg jobba, men så har eg kome heim til ferdig middag og koseleg førjulsstemning med julekalender på tv. No er det endeleg helg, og livet er ikkje så verst, sjølv om eg har fått inn første tentamensbunke i advent. Det er meldt sprengkulde i neste veke, så eg satsar på å rette ivrig då.



Genser nummer 42: "Reindans" i Stay frå Merinor

Årets heimestrikka julegenser er eit mønster som finst som strikkepakke i både grøn og raud variant. Eg valde grøn, men syntest den grønfargen som var på biletet såg altfor olivengrøn ut - derfor valde eg heller fargen "mørk grønn", og den var perfekt. Garnet heiter "Stay" og er ei blanding av ull/merinoull og 20% nylon. Det var heilt greitt å jobbe med, men oppskrifta var litt irriterande med at ein berre fekk melding om å auke eit visst tal masker jamnt. Eg likar betre oppskrifter der fellinga er lagt inn i mønsteret. Likevel er eg nøgd med resultatet; genseren er varm og fin, og det var kjekt med ein litt annleis julegenser i tillegg til den raude og den lilla eg strikka til jul i fjor. 


Union hotell på Øye

Tidlegare i haust køyrde vi gjennom Norangsdalen til Øye, der vi studerte det oppussa hotellanlegget frå utsida. 25. november fekk vi høve til å reise attende for å vere med på julebord. Vi kosta i tillegg på oss ei overnatting, så opphaldet vart både ei oppleving og ei avkopling. Eg tok ingen bilete under julebordet, men kan forsikre om at folka og lokalet var fint pynta, og at vi fekk nydeleg mat og drikke. Først fekk vi grava breiflabb, deretter suppe med hummar og skogsopp, etterfølgt av pinnekjøt med tilbehør (blant anna heimelaga surkål laga av den tyske kokken). Desserten var molteiskrem m.m. Alt smakte fantastisk, og det var herleg avslappande å få mat og drikke servert ved borda, i staden for buffet. 

Til frukost neste dag vart eg noko skuffa over det sparsommelege utvalet, heilt til eg fekk sjå at det fanst frukostmenyar på borda. Vi bestilte posjerte egg med røykelaks og surdeigsmuffins, og så let vi oss varte opp som kongelege medan betjeninga serverte kortreist eplejuice laga på Nordjordeid og kaffi i yndige porselenskoppar. Vi kunne dessutan supplere eggmåltidet med meir mat frå frukostbuffeten.

Etter frukost gjekk vi oss ein runde rundt i hotellet og såg på dei ulike salongane. Det vart fyrt i peisar og tent levande lys heile helga, og dette er noko av det mest stemningsfulle eg har opplevd i førjulstida nokon gong. Når ein i tillegg til å vere i dei vakre omgjevnadene oppheld seg langt ute i huttaheita, er det lett å senke skuldrane og ta inn stemninga rundt seg. Dette kan fort bli ein tradisjon.

Roald Amundsens rom

Frukost: posjerte egg med røykalaks og hollandaisesaus på surdeigsmuffins











Steinen som etter tradisjonen skal leggast i senga til brudepar