tirsdag 29. september 2020

Bok 71 2020: "Naken i hijab" av Gunn Marit Nisja


Norske Live reiser på ferie til Egypt og forelskar seg i ein av dei lokale mennene. Etter at ho kjem heim, held dei fram med å ha kontakt, og til slutt endar ho opp i Egypt saman med han. Meir skal eg ikkje røpe, anna enn at forholdet ikkje blir verken enkelt eller harmonisk. Faktisk utviklar det seg til litt av eit melodrama, og etter mitt syn vart det i overkant mykje. Samtidig var det ei spennande bok å lese, spesielt fordi lesaren ser fareteikna før hovudpersonen. Eit sterkt minus er dei passasjane der andre kvinner har synsvinkelen, det svekkjer boka. Lesaren treng ikkje å matast med teskei.

mandag 28. september 2020

Sjuk

Frå og med fredag har det vore nydeleg haustvêr, og kva skjer då? Jau, då blir Gamla sjuk. Eg vakna med sår hals og vart gradvis dårlegare med feber utover laurdag og søndag, så søndag morgon begynte eg å førebu meg til eit par dagar heime. Vanlegvis hadde eg truleg tatt meg ein paracet og drege på jobb, men symptoma er koronaliknande, og då er prosedyren streng.

Trass i kø gjekk testinga svært radig

"Brestemjelk"

Gåve frå i sommar kom til sin rett no


I dag, måndag, er eg derfor heime frå jobb, og eg var tidleg ute med å bli testa. Eg trur ikkje eg har feber no, men eg har ikkje fått i meg særleg mat eller drikke på grunn av sår i munnhola, og eg er derfor frykteleg slapp og svimmel. Så lenge eg sit stille og ikkje gjer noko, går det nokolunde greitt.


Det går 1,5-2 dagar før eg får testresultatet, så førebels blir eg heime ein dag til. Dersom eg hadde vore smitta av Covid 19, noko eg ikkje trur eg er, ville det ha vore katastrofalt om eg for på jobb. Der er over 600 menneske samla, og det er vanskeleg å halde avstand i små klasserom. Sjølv om eg veit alt dette, føler eg likevel at eg skulkar, sidan eg sikkert hadde klart å gjennomføre jobbdagen i eit normalår. Eine ungen sa at ho aldri har opplevd at eg har vore heime frå jobb på grunn av forkjøling, og det er sant. Arbeidsmoralen min er til tider overdrivent god, og smittevern har aldri før kome i første rekke. I 2020 må ein tenkje nytt.


Det som ergrar meg litt no, er at eg eigentleg burde ha vore til lege for å ha sjekka om eg har halsbetennelse eller noko liknande, men vanleg sjukdom har låg prioritet. 

søndag 27. september 2020

Bok 70 2020: "Muleum" av Erlend Loe

 


Forfattaren les denne boka sjølv, og den har ein langt meir alvorleg undertone enn den førre. Likevel er den typiske humoren til stades også her. Vi følgjer jenta Julie, som har mist familien sin i ein flystyrt. No vil ho sjølv ta livet av seg, men det viser seg ikkje å vere så lett. Julie er eg-forteljar i boka, som skal forestille ei dagbok ho skriv. Bak forteljinga står det store spørsmålet om kva meininga med livet er, og svaret er kanskje i overkant enkelt og føreseieleg. Likevel er dette ei fin bok.

Bok 69 2020: "Helvete" av Erlend Loe


Erlend Loe var tidlegare min yndlingsforfattar, og eg vart derfor svært glad då eg oppdaga nokre bøker av han som eg ikkje har lese før. Denne boka er innlese av forfattaren sjølv i eit liveopptak på Litteraturhuset i Oslo, noko som gjer det ekstra kjekt å lese fordi ein høyrer publikum humre med i den temmeleg absurde humoren.


Rakel er ei kvinne på nesten 50 som brått må flytte i rekkehus då mannen ertattar henne med ei anna kvinne. Medan ho arbeider i hagen finn ho eit hol i bakken som fører rett til Helvete, der ho blir kjend med Satan, som ho straks forelskar seg i. Alle i Helvete snakkar forresten nynorsk, noko som var nytt for meg. Midt i den absurde humoren skin eit visst alvor gjennom, og boka er dermed ikkje berre ei heilsprø historie, sjølv om det er hovudinntrykket ein sit att med.

fredag 25. september 2020

Mitt (korte) liv som ordførar

Foto sendt frå miljøpartiet

Denne veka har vore prega av møteverksemd og førebuing til kommunestyremøtet torsdag (i går). Det var svært mange sider med saksdokument som skulle gjennomgåast, og på toppen av det heile skulle varaordføraren bort, slik at eg måtte steppe inn som vikar. 


Det var fleire viktige saker som skulle takast opp, og mitt syn vann fram både når det gjaldt kjøp av ny barnehage (det var eg for) og betalingsparkering (som eg er mot). I den sistnemnde saka vart det stilt spørsmål ved gildskapen til ordføraren, og eg måtte då steppe inn som ordførar i eit par minutt medan ho måtte fråtre. No har eg altså prøvd dette også - eg fekk til og med banke med klubba.


Møtet varte i over åtte timar, noko som er svært mykje når ein i tillegg har vore på jobb 8-13.30 før ein kom til møtet. Så lange møte og lange saklister kan fort bli eit trugsmål mot demokratiet, då det vert umogleg å handsame alle sakene like grundig og halde hovudet klart gjennom heile møtet.

Bok 68 2020: "Sushi for beginners" av Marian Keyes


 Eg les ikkje ofte chick lit på norsk, men det er ein passande sjanger å lese på engelsk. Eg har vore skeptisk til engelske lydbøker før, men i sommar høyrde eg mykje krim, noko som fungerte fint. Chick lit er òg ein lett sjanger å følgje med i, og ekstra kjekt med denne boka er at den har handling frå Irland, og at opplesaren les med ulike irske aksentar. 


Handlinga er enkel og grei å forhalde seg til. Her er kvinner i trettiårsalderen som forheld seg til jobb, menn og familiar, noko som er standard for sjangeren. Det er likevel alvorlege tema som vert tekne opp når kvinnene fornektar eigen bakgrunn, vel å bruke tida si på utsjånad og jobbkarriere eller lever miserable liv som heimeverande mødrer som pussar opp for å fylle sine tomme liv. Noko klisjéprega, men det får passere som god underhaldning.

lørdag 19. september 2020

Endeleg opplett


I den siste tida har det vore mykje dårleg vêr når eg har hatt fri, så lite og inkje er blitt gjort ute i hagen og rundt huset. Mellom anna har dampdusjen blitt ståande på verandaen, og ein dag hadde ein av delane frå steamdusjen velta fordi det var kraftig vind. I dag var det opplett og eg hadde fri, så då nytta eg høvet til å stable delane ut i ei utebod. Eg har purra på rørleggarfirmaet der eg bestilte badekar tidleg i august, og eg hadde håpa dei ville kome og ordne det før haustferien. Det er bra dei har mykje å gjere, men keisamt å måtte vente så lenge når delane har kome og alt er klart. Det vil seie, alt er ikkje klart, for eg må få ein elektrikar til å kome og fjerne stikkontakten på veggen. 

Etter å ha gjort litt her og der i hagen, gjekk eg ein tur med Charlie innover bygda. Det er frykteleg vått i graset og i bakken, så å gå rundt på plenen var som å trakke på ein svamp. Eg orka ikkje tanken på å gå tur i naturen, så då blei det altså bygdevegen i staden. Vi møtte nokre kjenningar langs vegen, sola skein og det var i det heile ein fin tur, sjølv om naturopplevinga ikkje vart den heilt store.

Førebuingar av budsjettarbeid

 


Torsdag reiste eg til Grodås etter eg var ferdig med undervisninga. På agendaen stod førebuing av budsjettarbeidet for i haust. Først heldt kommunedirektøren ei innleiing, deretter økonomiansvarleg og alle leiarane for dei ulike budsjettområda (kommuneadministrasjon, samfunnsutvikling, helse/omsorg, oppvekst/kultur). Alle hadde arbeidd fram forslag til kutt, og så skulle vi i grupper diskutere dei ulike kuttforslaga etterpå. Det vart ein givande ettermiddag, sjølv om fem timar møte etter arbeid er rimeleg heftig. 


Av viktige saker diskuterte vi mellom anna kjøp av ein stor, privat barnehage, bygging av symjehall og ei omfattande flytting og omlegging i bygda der mine born har gått på skule. Der var det tale om å sende ungdomsskuleelevane over med ferja, flytte barnehagen til skulen og gjere om omsorgsinstitusjonen til heimebaserte tenester. Dette er svært omfattande inngrep i ei lita bygd. 

Vinsmaking

 


Onsdag hadde eg meldt meg på vinsmaking på ein café i Volda, så då var vi fem som reiste over med 17.40-ferja for å smake vin - noko som i seg sjølv kjendest merkeleg midt i arbeidsveka. Vi fekk prøve i alt åtte vinar frå Piemonte; ein kvit, ein Prosecco og seks raudvinar. Foredragshaldaren lærte oss litt om korleis vi skulle handsame vinen, noko vi kanskje visste frå før, men så lærte vi òg om kva vi skulle lukte etter, på ein måte. Vi lærte òg om vinproduksjon og denslags - i alt vart det passeleg mykje både lærdom og vin. Det einaste eg syntest var litt synd, var at dei serverte litt tapas etter kvitvinane, og deretter ingen mat. Dei tyngste vinane til slutt vart noko heftige utan mat til, og det vart nesten absurd då foredragshaldaren sa "denne passar perfekt saman med ein bit parmesan", utan å ha teke med nettopp det, slik at vi kunne ha fått prøve det sjølve. 


Bok 67 2020: "Folk med angst" av Fredrik Backman


Som i dei andre bøkene eg har lese av same forfattar, er handlinga i denne boka relativt tragisk, men likevel humoristisk og heilsprø. Ein bankranar forvillar seg inn i ei leilegheit etter eit mislukka forsøk på å rane ein kontantfri bank. I leilegheita er det visning, så der er fleire til stades, og det heile utviklar seg til eit gisseldrama. Sams for dei alle er at dei har problem med einsemd på ulikt vis, og vi møter dei i det dei blir avhøyrde av politiet og i det dei vert kjende med kvarandre. Dette var hyggeleg lesing med god humor.

søndag 13. september 2020

Bok 66 2020: "Presidentene" av Hans Olav Lahlum


Forfattaren les sjølv denne forkorta utgåva (8 1/2 time) av boka frå 2008, og berre dei etter hans syn mest interessante presidentane er tekne med. Boka er ikkje så komplisert verken politisk eller historisk, og forfattaren skriv og les på ein utmerka måte, bortsett frå at engelskuttalen ikkje alltid held mål. Mykje av stoffet var kjent for meg frå før, men eg har òg lært svært mykje nytt. Boka tek føre seg litt om oppvekst og familiebakgrunn, ein del om viktige hendingar og ein heil del om skandalar og personlege eigenskapar som talarar og debattantar. Eg likte boka svært godt, sjølv om det sjølvsagt hadde vore betre å lese den lange boka - og gjerne sett bilete òg. 

torsdag 10. september 2020

Bok 65 2020: "Eleanor Oliphant is completely fine" av Gail Honeyman

 


Eleanor er ei einsam, noko pussig dame på om lag 30 år. Ho jobbar som sekretær, men elles lever ho aleine, utan vener eller familie. Boka handlar om korleis ho prøver å kome seg ut av einsemda, då ho brått møter mannen i sitt liv. Samtidig får vi glimtvis innblikk i fortida hennar, der mykje av forklaringa ligg på kvifor ho er som ho er.


Eg las boka som lydbok på engelsk, noko som var spesielt kjekt fordi handlinga går føre seg i Skottland. Innlesinga var svært god, noko som òg var med på å gjere dette til den beste leseopplevinga eg har hatt på lenge. Forteljinga om Eleanor var svært engasjerande, og både trist og morosam på same tid. Ein synest synd på Eleanor, samtidig som ein ser kor ho ikkje følgjer med i livet rundt seg. 

søndag 6. september 2020

Bok 64 2020: "Hvorfor stemmer russerne på Putin?" av Bernhard L. Mohr

Når ein er lei av å lese lette romanar, kan det vere greitt å finne andre typar bøker, som denne drøftinga av russisk kultur og historie. Forfattaren har intervjua russarar i ulike aldrar, men stort sett frå middelklassa. Temaa er samfunnssyn, samfunnsendringar og politikk, og eg synest boka var svært lærerik. Mot slutten kjem forfattaren inn på det amerikanske valet av Trump som ny president i 2016, antieuropeiske tendensar i EU og ulike tilhøve i den tidlegare Sovjetunionen. Han drøftar òg kor viktige demokratiske ideal eigentleg er.

Trass i det tunge temaet, synest eg ikkje boka var spesielt tung å lese og forstå. Den gav mange nye vinklingar og forklaringar, og eg syntest det var spennande å lære meir om dette.

onsdag 2. september 2020

Bok 63 2020: "Mamma er trygda" av Mímir Kristjánsson

Forfattaren fortel om mora si, som i relativt ung alder fekk kreft og som levde eit liv i sjukdom og med smerter det meste av tida etter han vart fødd. Han fortel òg om korleis det var å vere einebarn med ei mor som ringde altfor ofte og ein far som reiste frå dei og levde sitt eige liv på Island. Mest av alt er dette ein refleksjonom korleis det er å bli uføretrygda både når det gjeld økonomi og status. Ei utruleg interessant bok som fungerte godt som ei motvekt til dei to siste bøkene eg las.

Bok 62 2020: "Fyrsten" av Henrik H Langeland

"Wonderboy" er attende, og det har gått 13 år sidan dotcombobla sprakk. No driv han eit konsulentfirma der han mellom anna gir råd til politikarar. Samtidig er han no skild, men saknar kona. Borna er tenåringar, han trenar mykje og han møter ei ung kvinne som han vert forelska i. Mykje går på skinner, men igjen rotar mykje seg til.

Boka er ikkje fullt så spesiell som den første, men den er noko interessant likevel.