søndag 15. mai 2022

Genser nummer 28: islendar til K





Eldstejenta har budd saman med venninna K i fem år, så ho er nesten ein del av familien. Sidan ho ikkje har strikkande familie, spurte eg om ho ville ta seg ut eit mønster så eg kunne strikke ein genser til henne. Ho valde islendaren "Star" i garnet Viking hobby, og sist helg kunne eg endeleg sende av garde den ferdige genseren (det vart litt krise undervegs sidan eg gjekk tom for garn og måtte bestille ekstra). Få dagar seinare kom det takk og bilete, og ho ser ut som om ho vart glad for den. Ho kledde den i alle fall godt!

Den første versjonen vart for liten, så eg strikka ein ny. Mønsteret hadde svært små nummer, så no spekulerer eg på kor mykje eg må auke opp for å strikke ein stor genser når eg sjølv treng XL...


Bok 18 2022: "Jærtegn" av Vera Henriksen

Olav Haraldson herjar rundt i landet og tvingar folk til å skifte religion. I tillegg slår han hardt ned på heidenske tradisjonar, noko mannen til Sigrid får lide under.

Bok 17 2022: "Sølvhammeren" av Vera Henriksen


 Eg har aldri lese ei einaste bok av forfattaren før, og eg er ikkje heilt sikker på kvifor ikkje. Kan hende har eg trudd at dette er ein "first price"-versjon av Sigrid Undsets romanar om mellomalderen, og kan hende har eg rett. Den som les, får sjå. Denne første boka i "Sigrid-serien" (er ho kalla opp etter Undset?) tek føre seg perioden då Sigrid skal giftast vekk. Ho er systera til Tore Hund, og handlinga finn stad i Trøndelag på den tida landet vart kristna.

Bok 16 2022: "Yoko Ono er en sjarlatan" av Ingvar Ambjørnsen


 Eg var ikkje så begeistra for førre bok eg las om Elling, men denne var meir i same gate som dei tidlegare bøkene om han. No har Elling begynt å blogge om små og store tema som opptek han, og det er fornøyeleg å lese. Eit døme er at han spekulerer på om det ikkje hadde vore meir interessant om refuserte forfattarar vart intervjua i "Bokbadet" enn dei som har gjeve ut bøker, sidan vi allereie veit kva dei som har gjeve ut bøker har på hjartet. Ei herleg bok der ein som vanleg les litt mellom linjene, og der det kjem fram meir om barndomen og ungdomstida til Elling. Eg synest framleis ikkje det er nødvendig å skrive fleire bøker om han, men det er tydelegvis forfattaren sjølv usamd i, så då får han berre halde på.

Bok 15 2022: "Heksen" av Camilla Läckberg


Ei lita jente forsvinn, og då ho vert funnen på same stad som ei anna jente vart funnen mange år tidlegare, begynner ein å leite etter samanhengar. Parallelt får vi høyre ei gamal historie om ei kvinne som vart utsett for rykte og baktaling for fleire hundre år sidan. Eg kan og vil ikkje røpe meir, men denne boka var veldig interessant å lese, då den tek opp fleire interessante tema.