mandag 29. april 2013

Bok 28 2013: "De dødsdømte" av Asbjørn Jaklin

Eg har ein tendens til å kaste meg over bøker frå andre verdskrig, og eg finn stadig nye vinklingar som er brukte. Denne gongen er det ei dokumentarbok, og desse er sjølvsagt mest interessante når det gjeld historiske hendingar. Forfattaren er redaktør i avisa Nordlys, og det er så langt eg har funne ut den tredje boka han skriv om andre verdskrig. I tillegg har han skrive fleire andre historiske verk.

Boka har undertittelen "25 menn, 25 henrettelser, ett oppgjør", og oppgjeret det er tale om er rettssakene mot norske nazistar, torturistar og andre som vart dømde til døden og avretta etter mai 1945. Av dei mest kjende er sjølvsagt Henry Oliver Rinnan og Vidkun Quisling, men her er òg med namn som eg ikkje var så kjend med. Forfattaren går nøye inn på torturmetodar som vart nytta, men han har òg teke med brev frå Quisling til kona Maria, og brev frå andre som søkte om nåde for familiemedlemer. Mot slutten drøftar forfattaren dessutan kvifor så mange av dei dødsdømde vart avretta samanlikna med andre land. Ein les då mellom linjene at dei siste vart avretta nesten berre av prinsipp eller ei kjensle av rettferd, for dødsstraff vart sett på som stadig meir problematisk eit par, tre år etter at krigen var over.

Eg er alltid på vakt når eg les dokumentarstoff, for det skal godt gjerast å skrive det spennande og levandegjort utan å verte sentimental eller fordømmande. Denne boka balanserer godt, synest eg, og eg synest eg har lært mykje ikkje berre om dei faktiske hendingane, men òg om kvifor og korleis nordmenn ikkje berre valde den feil sida under okkupasjonen, men òg vart med på grusomme handlingar mot eigne landsmenn.

søndag 28. april 2013

Hektisk helg for Ballerinatroll

Veslejenta har hatt ei hektisk helg, med mykje dansing og venting. Det første vårshowet har gått av stabelen, og Veslejenta deltok på to av tre delar. Den første delen var klassisk, med nydelege kostyme og Vivaldi-musikk. Andre del var resultatet av ei helg med "workshop", der den skotske koreografen Andy hadde laga ei utruleg flott framsyning som Renata hadde vidareført. Tittelen var "Prinsessa og dvergane". Denne delen av programmet skal kanskje synast på Aasentunet under dei nynorske festspela, og då skal eg nytte høvet til å sjå det att, viss eg har høve til det.  Tredje del var contemporary-dansing, og den hadde tittelen "Mytologi". Denne framsyninga var òg flott, spesielt bruken av bakgrunnsfilmane gjorde den spennande. Veslejenta dansa troll, og ho var sjølvsagt flink og skjønn som alltid, i følgje mora. Det er imponerande å sjå kva ballettskulen får til år etter år, og kor mange nye stjerner som vert tende etter kvart.

lørdag 27. april 2013

Fin fredag på Folkestadsetra

På jobb fredag var det ei kollegadame som sa til meg at eg såg sliten ut, fordi eg elles plar ha høgare tempo og rettare rygg. Kanskje var det noko i det - i alle fall var det godt at det var helg. Innleiinga av helga skjedde på normalt vis, med cafébesøk saman med kollegavenninner. Deretter for eg heim og la meg til å sove i sola på verandaen (fullt påkledd og med store solbriller, så noko soling er det knappast snakk om).

I kveldinga vart det litt meir futt i Gamla, og det vart ein tur på Folkesetra i nydeleg kveldssol. Eit lite mysterium var den store, raude hytta på det eine biletet her, men etter ein runde på facebook har eg fått vite at det er lærarskulen i Volda som har eigd hytta. Nokon burde pusse den opp litt! Vi gjekk frå bommen nedst i setrevegen og rundt vatnet, så det vart ein bra lang tur.

Etter slike eskapadar er det kjekt å ha eit gatekjøken på Folkestad som lagar himla god pizza, så ein kan sige ned i sofaen og verkeleg slappe av etter endt arbeidsveke.




torsdag 25. april 2013

Statusoppdateringa eg aldri fekk skrive: "Manglar internett i heimen"

Tysdag kom eg att frå jobb og oppdaga til mi store fortviling at eg mangla internett i heimen. Panikken seig på, og eg merka fort abstinensen etter å oppdatere facebookstatus, sjekke mail, google noko eg lurte på m.m.

Fri-onsdagen utan internett starta litt stusseleg, men eg roa meg ned og retta unna ein halv stilbunke slik planen var. Deretter hadde eg ikkje mindre enn tre møte å gå på, så tida gjekk eigentleg fort.

Møta var foreldresamtalar for dei tre yngste, og det var sett av ein halv time til kvar, med ein halv times pause innimellom. Ei eg møtte kom med kommentaren "det er ikkje berre å setje born til verda, dei skal følgjast opp òg" - eg valde å ta det med eit smil. Ungane mine gjer det stort sett godt på skulen, dei trivst og har vener, så det var eigentleg berre hyggeleg å gå på møte. Det er ikkje alle forunt å ha det så greitt på den fronten, og eg kjenner meg svært heldig som slepp å ha dei heilt store bekymringane.

No er eg attende på jobb, og her kosar eg meg med facebook, sjekkar mail, skriv ut stilar og bloggar, som de ser. Eg har dessutan teke kontakt for å få fiksa nett-tilgangen i heimen, så no håpar eg det blir i orden før helga. Viss ikkje, får eg truleg retta ferdig bunkane mine.

Bok 27 2013: "Marco-effekten" av Jussi Adler-Olsen

Etter å ha lese "Fasandreperne" var eg litt lunken til den danske forfattaren, men no er eg glødande tilhengar att. "Marco-effekten" er både spennande og morosam, sjølv om eg måtte høyre første CD-en to gonger for å få tak på stoffet. Kriminalgåta denne gongen dreiar seg om ein bande som gir seg ut for å vere sigøynarar, og Marco er ein 15-åring som bryt ut av banden og prøver å hjelpe politiet med oppklaring av ei forsvinning, mellom anna. Meir skal eg ikkje røpe av handlinga, anna enn at livet i "Avdeling Q" framleis er høgdepunktet i bøkene til Adler-Olsen. Politimannen Assad slår til med stadig nye språklege forvrengingar, til dømes uttrykket "Fanden og hans oljebor", og eg likar godt denne vekslinga mellom blodig alvor og humor.

mandag 22. april 2013

It never rains but it pours

Regnet ausar ned ute. Dessutan blæs det. Dørstokkmila var vanskeleg å forsere i dag, men eg gjekk meg ein lang tur før eg sette meg til med vårens første heildagsprøvebunke. Det gjekk med ein heil del kaffi og sjokolade, men no har eg fått unna halve bunken, noko eg er svært nøgd med. Det var ein liten bunke, men likevel var det nokre timars arbeid.

No sit eg her i kosedress og høyrer på lydbok saman med katten LOL(a), som er uvanleg oppteken av litteratur til katt å vere. Eigentleg burde eg rydde litt og brette litt klesvask, men eg har det litt for godt i godstolen til å orke meir fornuftig åtferd i kveld.

søndag 21. april 2013

Heimreise

Ved frukosten gjorde ungane det klart: dei ville i badeland i dag òg. Og slik vart det sjølvsagt - det er ikkje så ofte vi ligg på hotell like ved eit badeland. På ferja møtte vi Storegut og gjengen, og han sat på med oss vidare. Vi stogga på Moa og åt middag på McDonald's, deretter gjekk turen strake råsa heim. Ei fantastisk hyggeleg helg for store og små!

Laugardag i Molde, med svipptur til Sunndalsøra

Etter frukost i dag ville ungane i badeland, som ligg berre nokre meter frå hotellet. Det er eit ganske flott badeanlegg med fire basseng, to sklier og diverse anna. Vi var der i nesten tre timar, deretter fekk vi flytte til nytt rom og slappe av litt før vi gjekk på byen og åt middag.





I bloggande stund har vi kome attende frå Sunndalsøra, der Lommerosk gjorde ein strålande prestasjon på scena. Der var, som i fjor, mange svært flinke ungdomar blant deltakarane, og vi fekk ei flott konsertoppleving i tillegg til å høyre våre eigne.

Biletet av Lommerosk er teke på ein sceneprøve tidlegare.

fredag 19. april 2013

Meanwhile, in Machu Picchu




Fanklubb på UKM-turné

Storegut og bandet er på fylkesmønstring i UKM i helga, og nokre andre i familien skal stille som fanklubb på Sunndalsøra laurdag kveld. Seilet hotell i Molde er mellomstasjon, og vi kosar oss stort trass i ein del skjer i sjøen (noko som høver godt i desse omgjevnadene).

For det første: turen over Ørskogfjellet var ikkje særleg festleg. Det både regna, hagla og snødde, og eg hadde kjensla av å ligge fremst i ei kolonnekøyring.


For det andre: vi har ikkje tv på rommet. Etter ein del om og men vart det bestemt at vi skal flytte i morgon. Heldigvis fungerer internett, så eg har sett "Nytt på nytt" og ungane har netflix.

Sist, men aldeles ikkje minst: då vi kom, såg vi bandbussen til Lasse Stefanz stå utanfor. Hotellet er fylt opp av ihuga dansebandfans som hadde starta festen for lengst i 19-tida. Ein meir vulgær gjeng har eg sjeldan sett! Musikken er heller ikkje heilt etter min smak, og den når heilt opp til 6. etasje. Det blir sikkert betre med UKM i morgon!

torsdag 18. april 2013

Musikal på Folkestad









I kveld har vi mora oss på Folkestad skule, der 10. klasse hadde øvd inn diverse musikalske nummer med song, speling og dans, i tillegg til ei artig rammeforteljing. Det er imponerande å sjå kor mykje dei får til på den vesle skulen, kor flinke elevane er og kor fri dei er når dei utfaldar seg. At Storegut song Justin Bieber, skal eg prøve å tilgi.

onsdag 17. april 2013

Meanwhile, in Peru



Bok 26 2013: "De sørgende" av Håkan Nesser

Den femte boka i serien om Gunnar Barbarotti handlar om to gamle krimsaker og ei ny. I tillegg prøver Barbarotti å kome over sorg og tap. Eg skal ikkje røpe meir av handlinga, berre seie at eg tykte den nye saka vart noko uinteressant i samanhengen, og at de to andre sakene var meir i same stil som den førre boka. Denne når ikkje heilt opp til det nivået den førre boka var på, men den er absolutt verd å lese.

tirsdag 16. april 2013

Bok 25 2013: "Freedom" av Jonathan Franzen

Etter to månader har eg endeleg lese ut denne mursteinen av ein roman, som tel over 700 sider. Trass i at eg ikkje tykte verken innhaldet eller språket (eg las den på engelsk) var vanskeleg, har det gått sakte med lesinga. Men det var verkeleg verd det, for dette er den beste romanen eg har lese på lenge.

Historia er ikkje særleg original, men forteljemåten og persongalleriet er i særklasse. Sentralt står ein amerikansk middelklassefamilie med to halvvaksne born, gut og jente. I byrjinga møter vi familien gjennom auga til naboane, og denne delen av boka er relativt uinteressant og lite engasjerande. Del 2 av boka er ein sjølvbiografi skriven av mora i familien, og då er det boka begynner å bli spennande. Vidare utover får vi høyre om dei ulike familiemedlemmane og menneske som står dei nær. Forfattaren får fram ulike sider av fleire saker, noko som verkar realistisk og er engasjerande, og ein kjem tett inn på personane og kjenner sympati for dei.

Det vart referert til denne boka då eg var på kurs om engelsk litteratur etter 9/11, og den er allereie spådd å bli ein klassikar i litteraturhistoria.

mandag 15. april 2013

Storegut 16 år

Den kjekke, snille og flinke sonen min fyller 16 år i dag!

Biletet er frå 1-årsfeiringa hans. Ho vesle blonde i bakgrunnen er no i Peru, og det er i dag nøyaktig ein månad til ho kjem heim. Vi ser fram til ein triveleg dag, med shopping og feiring av bursdagsbarnet.
No har vi kome heim etter feiring og ballett i Ørsta, der Mormora hadde laga nydeleg middag og blautkake til bursdagsbarnet med familie. Til gjengjeld har eg knabba eit bilete av jubilanten frå bloggen hennar.

søndag 14. april 2013

Vinklubb i april

Laurdag kveld var vi ni bygdedamer rundt eit matbord der vi fekk servert nydeleg mat og vin.  Prat og latter sat som vanleg svært laust, og det vart ein særs triveleg kveld!

lørdag 13. april 2013

Bok 24 2013: "De ensomme" av Håkan Nesser

Denne fjerde boka i serien om Gunnar Barbarotti er etter mitt syn ei svært god og spennande bok. Mykje av årsaka til at eg likar den, er måten den er komponert på. Utgangspunktet er at ein mann vert funnen død nedanfor eit stup, og ein kan spekulere på om det er ei ulukke, eit mord eller sjølvmord. Det viser seg at sambuaren til mannen vart funnen død på same stad 35 år tidlegare, og at denne saka òg var uavklara når det gjeld dødsårsak. Medan Barbarotti og kollegaene nøstar opp fakta i saka, får vi parallelt høyre historia om ein vennegjeng som dei to døde var med i.

Slike parallelle historier er ein fin måte å halde spenninga oppe på, men det heile ville ha vore mislukka dersom ikkje oppklaringa til slutt hadde halde vatn. Det synest eg denne gjer, med ei passande blanding overraskingsmoment til likevel å vere truverdig.

fredag 12. april 2013

Kurs i Oslo

Dei siste to dagane har eg vore i hovudstaden saman med ei kollegavenninne. Vi hadde ei interessant og lærerik byvandring onsdag, då vi begge manglar stad- og retningssans, og i dag deltok vi på eit norskkurs der vi mellom anna fekk høyre Helga Flatland og Frode Grytten snakke om litteratur. Eit anna emne som var teke opp, var undom og sosiale media. Eg har fått mykje å tenkje på, og det tek truleg noko tid å fordøye alle inntrykka. Fagleg påfyll er som regel kjærkome!


tirsdag 9. april 2013

Smaklaus champagne

I den klassen der eg for ei tid sidan synte "Jernkvinnen" i engelsktimane, tok vi i norsktimane i dag føre oss artiklar om reaksjonar på nyhenda om at ho er død. Vi såg på bilete av britar som feira i gatene, noko både elevane og eg fann svært respektlaust. Hadde ho vore ein diktator, eller ansvarleg for massedrap, ville reaksjonen ha vore forståeleg, men Thatcher var vald på demokratisk vis og styrte etter politikken som partiet hennar stod for. Det er over tjue år sidan ho gjekk av, og det er derfor temmeleg spesielt at antipatien mot henne framleis er så sterk.

I ei tid då ytringsfridomen er meir problematisk enn nokon gong, synest eg det er viktig å diskutere kvar grensa skal gå for kva som er sømeleg åtferd i det offentlege rom.

mandag 8. april 2013

Bok 23 2013: "Døden to ganger" av Chelsea Cain

Etter det doble vonbrotet då eg las "Mørketid" (ikkje var den spesielt god, og eg hadde lese den før), var det ei positiv oppleving å lese denne neste boka i serien. No er den vakre seriemordaren Gretchen Lowell attende i kjend stil, og handlinga er både spennande og uføreseieleg. Eg skal ikkje røpe meir om handlinga, då det kan øydelegge spenninga for eventuelle lesarar, men eg vil gjerne gi det rådet å lese serien samla, sidan bøkene byggjer mykje på kvarandre. Dette er ofte eit problem med kriminalseriar, for ein les gjerne dei nye bøkene av fleire favorittforfattarar etter kvart som dei kjem ut.

Troll, vær deg selv nok

Av og til vert eg bekymra. Som når eg les rosabloggar om ungjenter som ikkje et reker på grunn av "de stakkars rekebarna", samstundes som dei ikkje har problem med å bruke "hair extension" laga av håret til fattige kvinner i U-land. Eller når folk klagar og syt over at landet vårt bruker pengar på u-hjelp og hjelper asylsøkjarar. Det å ha det komfortabelt og gøy er viktigare enn å tenkje på keisame politiske tilhøve, ha arbeidsmoral eller streve med skulearbeid. "Cupcake-generasjonen" er dessverre ikkje aleine om dette, då midtlivskriseramma foreldre kan vere minst like opptekne av eiga nyting.

Ikkje det at eg sjølv er Moder Theresa heller, for all del, men morsrolla medfører at ein i alle fall set ungane sine framfor seg sjølv i dei fleste situasjonar. Vi er mange som fungerer som "curling-foreldre", og då må vi ta noko av skulda for at nye generasjonar vert grundig bortskjemde.

Dagens første tekst på jobb er songteksten "Where is the love", som kritiserte samfunnet i 2003. Teksten har klåre bibelske allusjonar, og musikkvideoen er full av symbolikk og andre verkemiddel. Etterpå skal eg i eine norskklassen syne filmatiseringa av "Peer Gynt" frå ruinane utanfor Kairo. Då skal vi mellom anna diskutere kva det vil seie  vere seg sjølv, og å vere seg sjølv nok.

søndag 7. april 2013

Snø på søndag

Det er søndag 7. april, og på markane ligg snøen kvit. Dei to små og eg gjekk tur til Botnasanden, og på veg dit passerte vi ein sauefjøs der dyra stod og gledde seg til å "ligge i grønne enger".



lørdag 6. april 2013

Laurdag på latsida

Minstemann hadde overnattingsbesøk i natt, og vi hadde derfor ein relativt lat start på dagen. Storegut, som var ballets konge i går kveld, lever etter mottoet "konge om natta, knekt om dagen", så det var berre dei hine som vart med ut på tur.

Kong Vinter er på besøk, som ubeden gjest, og vi har for det meste lata oss inne resten av dagen med husrydding/vasking som den einaste fornuftige aktiviteten. Eigentleg er det fornuftig å kvile seg òg, innimellom, og vi har mykje å finne på av rolege aktivitetar.

fredag 5. april 2013

Festleg fredag

Etter jobb i dag skunda eg meg heim for å få i flokken noko middag før Fredag Del 2 begynte. Minstemann skulle i bursdagsselskap, men eg tok meg tid til å gå ein kjapp tur før eg køyrde han dit. Då eg kom heim att, var det halvannan time til eg skulle ut på vegen att, og denne tida brukte eg mest til slappe av og ta meg ein høneblund. Storegut skulle på vårball akkurat når selskapet broren var i var slutt, så det passa godt. Minstemann kom meg i møte saman med jubilanten med spørsmål om overnattingsbesøk, så eg hadde med meg to kjekke karar heim.

Veslejenta har hatt ein roleg ettermiddag og kveld, men ho har òg hjelpt til med husarbeid slik at mora har blitt avlasta. Ho og eg kan kose oss med tv og film til det er på tide å hente Storegut på ball.

Akkurat i det eg seig ned i godstolen og tenkte at eg sanneleg ikkje har mykje til sosialt liv sjølv, tikka det inn ein invitasjon til vinklubb neste helg. Då er det Gamlas tur til å slå ut håret!

Bok 22 2013: "Mørketid" av Chelsea Cain

Heilt frå byrjinga av var det noko underleg kjent med innhaldet i denne romanen, og på CD 6 av 8 kom eg på korleis den slutta. Eg har med andre ord lese den før, men fann den ikkje på bloggen. Det at eg ikkje hugsa innhaldet før på sjette CD seier sitt om at det ikkje er den boka som har festa seg best på hjernebarken, men det er ikkje dermed sagt at det er dårleg krim. Dei to hovudpersonane Archie og Susan er veldig tydelege som karakterar, sjølv om dei første bøkene der seriemordaren Gretchen er med, er langt meir spennande. Det som gjorde at eg i det heile hugsa romanen, var det originale mordvåpenet: ein giftig blekksprut. Handlinga elles er ikkje så interessant.