lørdag 31. januar 2015

Sightseeing på siste januardag

Bakketunet på Bjørke


Bakketunet på Bjørke (delar av det er frå 1500-talet)

Erkegarden, som snart skal restaurerast


Utsikt mot Viddal

Otolehornet i bakgrunnen

Dagens utflukt gjekk først til Bjørke, der vi såg oss litt omkring i bygda før vi fann ut at vi skulle gå tur på gamlevegen som er blitt erstatta av ein tunnel mot Leira. Det var ein flat og fin tur, men eg må innrømme at eg var litt redd for steinsprang. Oppe i fjellsida såg vi to ørnar som flaug rundt ei stund før dei sette seg i kvart sitt tre. Eg kan ikkje hugse å ha sett ørnar sitte i tre tidlegare, og desse såg svært store ut.

Planen var å handle på Grodås, men vi enda opp med å køyre til Eid fordi vi hadde lyst på sushi. På Rema møtte eg ei kusine av søskenborna mine, og det var kanskje 30 år sidan førre møte. Det var eit kjekt gjensyn!

fredag 30. januar 2015

Bok 9 2015: "C S Lewis Mannen som skapte Narnia" av Michael Coren

I samband med eit fordjupingsemne på skulen har eg lese denne biografien om C S Lewis. Den er svært lett å lese, og ein får eit godt innblikk i livet til forfattaren. Sidan vi skal fokusere på den religiøse symbolbruken i Narnia-bøkene, høver det godt at forfattaren har vore spesielt oppteken av trua til Lewis. Ein får òg vite at der er fleire likskapar mellom Lewis og professoren i Narnia-bøkene, og at forfattaren har vore oppteken av norrøn mytologi.

onsdag 28. januar 2015

Streik på fridagen

I dag var det stor streik i landet på grunn av forslag om å endre arbeidsmiljølova. Vi møtte sjølvsagt opp, sjølv om det var litt pussig å streike på fridagen sin. Streiken handla mest om solidaritet med ande grupper som står i fare for å få endra livssituasjonen sin, som til dømes meir overtid og arbeid på søndagane.

Etter streiken gjekk vi tur rundt Rotevatnet, som er ein populær tur i Volda sentrum. Turen er på nokså nøyaktig 10 000 skritt, så då er dagskvota for trim på plass.

lørdag 24. januar 2015

Bok 8 2015: "Vinternoveller" av Ingvild H Rishøi

Denne vesle boka inneheld tre noveller, som alle har det til felles at dei handlar om menneske eit stykke nede på den sosiale rangstien. Den første novella handlar til dømes om ei aleinemor som har så lite pengar at ho ikkje har råd til dei enklaste ting. I den andre møter vi ein far som har sete i fengsel, og i den tredje er det ein søskenflokk på flukt som er hovudpersonane. Born er sentrale i alle tekstane.

Novellene er gode, men den første er etter mitt syn klart best. Skrivestilen er enkel, men aldri banal, og tekstane rører utan å vere sentimentale. Rishøi har fått mykje ros og fleire litterære prisar for bøkene sine, og eg har stor tru på at dette er ein forfattar vi vil få sjå mykje til i åra framover. Kanskje representerer ho eit nytt fokus på sosialrealisme - det har eg i tilfelle ingenting imot.

fredag 23. januar 2015

Bok 7 2015: "Hässelby" av Johan Harstad

Dette er ei merkeleg bok. Den grip fatt i barnebokfiguren Albert Åberg og fortel korleis han fekk det som ungdom og vaksen. Hässelby er ein svensk drabantby, og forfattaren tek føre seg drabantbylivet på godt og vondt. Albert blir dessutan send ut i verda, og mot slutten tek han eit slags oppgjer med seg sjølv.

Det kan godt hende eg høyrer om att den siste timen av lydboka ved eit seinare høve, for eg syntest ikkje eg fekk konsentrert meg godt nok. Uansett må eg seie eg har sansen for Harstad, og eg fekk same assosiasjon som ein bokmeldar som samanlikna boka med Hurakami. I tillegg er det rikeleg med assosiasjonar til andre litterære figurar, og verkemidla som skal vise at vi har med Albert og faren hans å gjere er ikkje overdrivne.

Eg likte boka svært godt. Den var akkurat så sær at eg vart nysgjerrig på den.

onsdag 21. januar 2015

Mot lysare tider

Når det endeleg skein opp og vart kaldt og klårt vintervêr, såg vi brått at sola er attende inne mellom fjella i bygda. På frionsdagen gjekk eg tur med Minstemann og Charlie, men sistnemnde var svært lite interessert i kameraet i dag. Etterpå skulle Veslejenta på dansing, men vi rakk ein kjapp middag først. Eldstejenta ville trene, medan Minstemann måtte vere med meg ein snartur på jobb. Det er tid for ettermiddagsmøte av ymse slag, og eigentleg ganske travelt, men eg merkar at energien kjem attende når det vert lysare tider.

fredag 16. januar 2015

Bok 6 2015: "Finne ly" av Aina Basso

Aina Basso er historikar, og eg har tidlegare lese bøker av henne som har handla om taterfolk og hekser. I denne boka er det igjen ei taterjente som står sentralt, og året er 1849. Hanna har rømt frå tukthuset og tek seg jobb som tenestejente utan å avsløre bakgrunnen sin. Husbondfamilien er ein eldre mann og dei to vaksne sønene hans, og begge sønene vert interesserte i Hanna. Spørsmålet er kva som kjem til å bli utfallet av dette trekantdramaet, og om Hanna slår seg til ro med gardsarbeidet.

Boka er skrive i den særeigne stilen til Basso, med korte setningar som av og til blir kløyvde i to. Det er mykje luft mellom kvart kapittel, og mykje av kvaliteten på boka ligg mellom linjene i den ettertanken og stemninga forfattaren skaper. Språket er ein nynorsk som til tider er moderne, men òg gamalmodig når det gjeld ordval. Det passar godt til handlinga.

Eg greidde ikkje å legge frå meg boka før eg hadde lese ferdig, noko som er den aller beste kvaliteten ei bok kan ha.

Bok 5 2015: "Det dyrebare" av Linn Ullmann

Ullmann er ein dyktig forfattar, og når eg ser på lista over romanane hennar på wikipedia, viser det seg at eg har lese alle. Denne romanen er den nyaste boka hennar.

I romanen vert ulike menneskelagnader skildra, og synsvinkelen og tida skiftar ofte. Dette er ein fin måte å bygge opp spenninga på, for ein får etter kvart innsyn i kva som har skjedd og korleis det har påverka dei ulike menneska.

Sentralt i handlinga står ei kvinne som begynner å drikke etter tjue år utan alkohol. Vi får òg høyre om ei ung jente som vert funnen død i skogen, to år etter at ho forsvann. Her er ein forfattar med skrivesperre og ei ung jente med åtferdsvanskar, berre for å nemne noko.

Eg likte denne boka svært godt. Karakterane er tydelege og samansette, noko eg synest er det som ofte gjer ein roman god. Språket er òg ein av styrkane i boka. At komposisjonen er litt springande i tid gjer den litt meir komplisert enn den ville ha vore i kronologisk framstilling, og det sette eg pris på. Det skaper som nemnt spenning, og heilskapen kjem gradvis fram slik at ein sjølv kan trekke konklusjonane. Gisken Armand les dessutan veldig godt på lydboka, slik at innhaldet vert formidla intenst og gripande, utan at dette på nokon måte vert overdrive.

onsdag 14. januar 2015

GT-Sara på Ørsta kulturhus

Kveldens kulturelle vart ein tur på Ørsta kulturhus for å høyre og sjå GT-Sara, ein 90 år gamal standup-komikar som kort fortalt syng gamle svisker og fortel grove vitsar. Ho er ein flink artist, og ein må ta hatten av for ein så sprek 90-åring som kan reise land og strand rundt med showet sitt. Youtube-filmen syner dama i aksjon ved andre høve.

tirsdag 13. januar 2015

Bok 4 2015: "Stoner" av John Williams

Denne boka har fått svært mykje merksemd etter at den vart relansert mange år etter at den kom ut i 1965. Lydboka kom på norsk i fjor, og den har hatt stor suksess.

Kort fortalt er det ein roman om ein mann som ikkje levde eit spennande eller uvanleg liv, men tvert imot ikkje gjer den heilt store skilnaden i nokon sitt liv. Han har få vener, lite familie og lite kjærleik i livet sitt, og han har heller ingen grensesprengande karriere. Det spesielle med boka er den varmen som forfattaren syner for hovudpersonen sin.

Eg vart totalt hekta av romanen først, men det dabba noko av undervegs. Sjølv om eg likte boka svært godt samla sett, må eg seie at eg ikkje er heilt einig i alle dei positive omtalane eg har lese. Det kjem ingen superlativ frå meg, men eg anbefaler den gjerne.

mandag 12. januar 2015

Bok 3 2015: "Seks mistenkte" av Vikas Swarup

Sidan eg for tida les "Slumdog Millionaire" for sjette gong, vart eg freista til å lese den andre boka til diplomaten Vikas Swarup. Eg blir nemleg aldri lei av den store suksessromanen som eg altså for femte år på rad les saman med elevar i faget "internasjonal engelsk".

I "Seks mistenkte" vert ein mann drepen, og seks personar er mistenkte for å ha utført ugjerninga. Vi vert kjende med alle i ulike kapittel, og liva deira filtrar seg til dels inn i kvarandre og ein får ei lang og innvikla oppklaring. Som i den første boka sparkar Swarup med ein god porsjon humor til høgre og venstre i det indiske samfunnet. Det er først og fremst skildringane hans av dei ulike miljøa som gjer denne boka interessant, ikkje sjølve kriminalgåta. Det er absolutt ei underhaldande bok, om ikkje på langt nær så god som debutromanen hans.

Om ytringsfridom og ømme tær

Det er ofte spennande å diskutere med ungdomar. Dei kan vere svært reflekterte og sjå saker frå ulike sider, spesielt viss ein utfordrar dei.

Siste vekas hendingar i Paris har sett sitt preg på dei fleste, og i dag fekk eg høve til å ta opp ytringsfridom som tema i to klasser i norsk. Eg brukte ulike utgangspunkt, men hadde mellom anna med bilete frå massedemonstrasjonane i Paris og ein artikkel frå desember om ein mann som var så lei seg fordi ein i eit radioprogram hadde gjort narr av menneske med Downs syndrom.

Kort oppsummert meiner ungdomane dette:
  • Ytringsfridom er bra, men ein skal ikkje gå inn for å krenke andre
  • Det må vere lov å seie ifrå dersom ein kjenner seg krenka
  • Offentlege personar må vere budde på å bli latterleggjorde og hetsa 
  • Det er viktig å utfordre grensene for kva som er akseptabelt å spøke med, for samfunnet er i endring
  • Det finst tabuemne, som til dømes 9/11, 22. juli og dødelege sjukdomar, som ikkje er greitt å spøke med i det offentlege rom
  • Ein kan snakke om mykje med gode vener og nær familie som ein ikkje synest er greitt i det offentlege rom, som til dømes spøking med sjukdom, personlege eigenskapar eller dumme ting ein har sagt 
Mannen som var lei seg fordi nokon spøka med Downs, meinte dei sikkert hadde ledd av usmakelege og krenkande vitsar sjølv, men så reagerte han då det var hans ømme tå som vart trakka på. Det siste er eg svært einig i: "du skal ikke tåle så inderlig vel den urett som ikke rammer deg selv".

Ytringsfridom er naudsynt for at demokratiet skal oppretthaldast, men ein kan bruke den klokt.

søndag 11. januar 2015

Sunt liv på nyåret: mat og mosjon

Vi går ofte tur, og i dag var det nydeleg nysnø og vindstille, i motsetnad til fleire andre stader i landet. Fordi det snart er på tide å kvitte seg med alt julestæsj, fann eg det naudsynt å skifte ut profilbiletet mitt på facebook.

Elles har vi hatt ein roleg dag - eg kokar lapskaus til middag sidan nokre i heimen er svært opptekne av å ete nokolunde sunt for tida. Vi ser mykje nyheiter innimellom, og i bloggande stund er det minnemarkeringa i Paris som står i fokus.

lørdag 10. januar 2015

Photo shoot

Medan vi gutta gjekk lang tur, hadde jentene photo shoot. Her er eit par døme.

Elles har vi ein noko jentedominert dag med Eurovision-musikk, dansing og song. Minstemann har rømt ned i kjellaren.

Veggpryd 2

I dag har vi blant anna (ikkje så mykje anna, når sant skal seiast) rydda jula ut av stova og kjøkenet. Jentene fekk velje mellom rosa, oransje og turkis, og vi er hermed inne i ein turkis periode. Litt nettshopping vart det tid og høve til - fornying frydar som kjent.

I tillegg har vi hengt opp nokre fleire plakatar, blant anna har det kunstnariske biletet av Jim Morrison fått ein heidersplass. Det spør om eg blir noko overraska viss eg vaknar og ser rett inn i det småskumle blikket...

Bok 2 2015: "Bursdagsgaven" av Sue Monk Kidd

I denne boka møter vi to eg-personar, som vekslar på å ha synsvinkelen. Den eine stemma er ei kvit overklassejente i Charleston på byrjinga av 1800-talet, og den andre er den svarte slavejenta som vart gjeve til den kvite jenta i bursdagsgåve på 11-årsdagen. Boka handlar mykje om perioden før slaveri vart forbode, men aller mest om den kvite jenta og systera hennar, som vart aktivistar og folketalarar. Boka er basert på ei sann historie, og forfattaren forklarer i eit langt og omstendeleg etterord kva som skil romanen frå røyndomen.

Eg har likt å lese denne boka. Det er ikkje stor litteratur, men interessant og gripande innhald. Den når ikkje opp til kvaliteten i "Bienes hemmelige liv" av same forfattar, men er svært mykje betre enn "Granateplene", som eg ikkje hadde sans for i det heile.

torsdag 8. januar 2015

Veggpryd

Eg er glad i netthandel, det veit dei fleste som kjenner meg. I romjula sat eg og leita etter plakatar på internett, då eg brått vart sentimental og hugsa den fine Jim Morrison-plakaten eg hadde hengande i ein tidlegare heim i Ulsteinvik. Eg fann fleire festlege trykk og plakatar, men avslutta handelen med å ombestemme meg og gå ut av nettstaden. Eit par dagar seinare fekk eg ein epost frå firmaet der dei gjorde meg merksam på at dei hadde sal, og at eg ved å trykke på ein knapp kunne finne ut kva det eg hadde lagt i handlekorga ville koste med 35 - 40 % rabatt. Dei hadde nemleg lagra den "handlekorga" eg hadde avslutta og forlate. Eg må innrømme at eg vart litt paff, men så lenge det er pengar å spare....

Alle borna fekk kvar sin dekorasjon. Veslejenta hadde ønskt seg eit foto av ein babypanda, medan eg valde eit Andy Warhol-motiv til Eldstejenta. Rammer hadde eg hamstra på sal ein gong før.

Andy Warhol-motiv

mandag 5. januar 2015

Nyttige nissar

Til jul fekk eg supplert eit anna servise. Det før omtala Flora-serviset ser aldeles gyseleg ut på juledukane, så eg har tidlegare ønskt meg og fått koppar og fat med nissemotiv. Denne jula fekk eg serveringsskål og seks små skåler i same mønster. Neste Veslejulaftan skal vi ha graut i desse, og i tillegg har eg planar om å bruke dei til dessert og godteskåler - eller til juletacoen.

Flora i fleng

Til jul fekk eg to nye kuvertar til Flora-samlinga mi. Den eine hadde eg frå før, så den fekk eg bytta i dag. Den andre var myrull, som er ein av favorittpantane mine. Eg er svært glad i Flora-serien, både fordi den treff smaken min og fordi den får meg til å tenkje på gode naturopplevingar som har vore og skal kome.

For mine næraste kan eg røpe at eg har ein etikett her på bloggen som enkelt og greitt heiter "Flora". Når ein trykkjer på den etiketten, vil innlegg med bilete kome fram.


søndag 4. januar 2015

Bok 1 2015: "Fargeløse Tsukuri Tazaki og hans pilegrimsår" av Haruki Murakami

Tsukuri er ein av fem i ein vennegjeng på vidaregåande. Sidan dei andre fire har fargar som del av etternamna sine, får dei kallenamn etter desse fargane. Tsukuri. derimot, manglar farge i namnet sitt, og han opplever seg sjølv som fargelaus. Då han brått vert utstøytt av vennegjengen, går han inn i ein depresjon. Mange år seinare slit han framleis med seg sjølv, og han legg ut på ei reise for å oppsøke dei fire andre i gjengen for å finne ut meir om si eiga fortid.

Dette er ei befriande realistisk bok samanlikna med 1Q84-trilogien, men boka er likevel gåtefull og ikkje heilt enkel å kome til botnen i. Det er ein av kvalitetane ved forfattarskapen til Murakami, slik eg ser det. Ein blir sitjande att og undre seg på kva ein eigentleg har lese. Når ein kjenner til forfattaren, har ein ikkje forventningar om at alt vert klart og greitt oppklara, og då fungerer boka godt. Nokre hendingar vert ståande att som noko ein aldri vil få svar på, og det kan føre til litt frustrasjon dersom ein ikkje er budd på akkurat det.