mandag 30. november 2009

Brick Lane på film

Då eg las boka i si tid, vart eg såpass interessert og engasjert at eg tok med Eldstejenta til Banglatown då vi var i London i februar. Vi enda opp med å ete eit nydeleg måltid midt i Brick Lane.

I dag har eg sett ferdig filmen som er basert på romanen av Monica Ali, og den var veldig fin den òg. Eg fekk faktisk lyst til å lese romanen ein gong til. Det å kome til Vest Europa som innvandrar frå ein annan verdsdel medfører store omveltningar både for kvinner og menn, og i neste omgang for borna deira, som endar opp i ei mellomstilling. Tallause filmar og bøker tek opp emnet, men både boka og filmen "Brick Lane" gjer det spesielt godt.

søndag 29. november 2009

Så tenner vi det første lys...

Minstemann vann kampen om å få tenne det første lyset i år. Viss nokon synest han ser litt merkeleg ut, er det fordi han har munnen full av sjokolade. Det såg ikkje fotografen før det var for seint.

Julegrantenning på Straumshamn


Vi er glade i tradisjonar, og ein av dei fine juletradisjonane her i bygda er julegrantenninga. Med tre korpsmusikantar i familien er frammøtet så godt som obligatorisk, og vi kjøper kaffi og kaker, har lynlotteri og høyrer korpset spele. Det er visst blitt ein tradisjon at eg gløymer minnebrikka til kameraet denne dagen, men eg hasta heim og fekk teke bilete etter at korpset hadde spelt ein julesong ute.

Nabo K fekk blomar for lang og tru teneste i korpsstyret. Ho er mor til dirigenten og ein av musikantane, og dessutan bestemor til tre andre korpsmedlemer. Få har vel gjort ein større rekrutteringsinnsats så langt!

lørdag 28. november 2009

Klippe, sage, lime, banke...


Sjølv var eg til frisør i går, og så var planen at gutane skulle klippast i dag. Då Nummer 2 plutseleg hadde ei fotballturnering å reise på, vart det berre Minstemann som fekk ny sveis i dag. Nummer 3, Minstemann og eg tok oss ein skikkeleg shoppingrunde og handla inn diverse adventsstæsj - og no ser eg på diverse bloggar at det skulle vere handlefri dag i dag. Sorry - greidde det ikkje i år heller!

Minstemann er ikkje særleg begeistra for å gå til frisør, men han likar kaffimaskinen. I dag vart det eit hibbel utan like då han etter ein times tid kom på at han hadde forlate ein halv kopp kakao hos frisøren, og mora nekta å ta han med attende.

Elles har vi fått hengt opp adventsstjerne, ramma inn og hengt opp ei fin teikning som Nummer 3 har laga og tent nesten tusen julelys. Vi er klar for advent!

fredag 27. november 2009

Mrs Ratcliffe's Revolution


Ein kommunistisk familie frå Bingley i England reiser til DDR i 1968 for å leve saman med likesinna. Mange situasjonar oppstår undervegs, mange av dei svært komiske, og ein kan vel seie dei blir desillusjonerte. Stemninga i filmen er både humoristisk og rørande, og det alvorlege emnet blir omgjort til god underhaldning.

torsdag 26. november 2009

Jeppe på jobb

Holbergs drama kan vere spennande og morosame å jobbe med. Ein av favorittane mine er Bjarte Hjelmeland som Jeppe frå 2003, men den DVD'en var sporlaust forsvunnen då eg skulle bruke den førre veke, så eg måtte ty til den danske filmen "Jeppe på Bjerget, eller konge for en dag". I dag såg vi den ferdig, og eg må seie det er ein fin film, sjølv om dei komiske elementa hos Holberg er tona heilt ned. Og eigentleg er det ikkje så morosamt med alkoholisme, vald i ekteskapet og overklassens utnytting av bondestanden?

Buster Larsen er ein djupt tragisk Jeppe, eigentleg. Det minst komiske er likevel sluttscenen, der baronen, som har vore roleg og sindig gjennom heile komedien med Jeppe som baron, drikk seg full og er like patetisk og vulgær som Jeppe har vore tidlegare i filmen. Eg gjer merksam på at filmen er "basert på" Holbergs teaterstykke. Neste gong eg kjem til Holberg i pensum, skal eg først vise Bjarte Hjelmeland og deretter den danske filmen og gi elevane i oppgåve å samanlikne. Det kan bli spennande.

onsdag 25. november 2009

Gratulerer med dagen!

Svigerfar fyller 69 år i dag. Vi gratulerer!

tirsdag 24. november 2009

Feiring av Minstemann




I går ringde dei frå skulen og sa at Minstemann var sjuk. Det er fjerde slike telefonmeldinga frå skulen i haust, og som regel har ungane "berre" vore trøytte. Vi var litt redde for at han skulle gå glipp av si eiga bursdagsfeiring, han som gjekk glipp av 17. mai òg, men i dag var han på beina att og fekk vere med på pizzarestaurant i Ørsta: "Det lille Napoli". Vi kjøpte sortane "Ørsta spesial" og "Vartdal", og det var klart "Ørsta spesial" som var best. Ungane er ville etter bernaisesaus, som er like godt på pizza som på ris.

I presang fekk guten ein pakke med Indiana Jones-lego, til stor glede for søskena. Gamla, derimot, eig ikkje motorikk eller tolmod nok til å verte nokon stor legobyggar.

Minstemann 6 år i dag!

søndag 22. november 2009

Kino i kveld: Julenatt i Blåfjell

En langvarig forlovelse - no også på film

Når ein les ei bok og omtalar den som "gørr" - bør ein då sjå filmen? Noko av grunnen til at eg ikkje likte boka, var at den hadde altfor mange avsporingar og bihistorier. Fordi film er eit meir fortetta medium, vert mykje kutta ut og forenkla. Audrey Tatou er fantastisk vakker, og spelar dessutan svært godt. Scenane frå skyttargravene er langdryge, men kan òg vere både dramatiske og komiske. Eg trur eg har bestemt meg for å omtale filmen som langt betre enn boka, men det seier sanneleg ikkje mykje.

Tusen takk til K for lånet - vi må snart ha oss ein filmkveld igjen!

lørdag 21. november 2009

Slektstreff i Ørsta


Tradisjonar skal ein ikkje kimse av, og i familien er det tradisjon for å feire Pappa sin bursdag med julemiddag. Så også i dag, sjølv om bursdagen var førre laurdag. Full julemiddag, "desserten med bær, krem, vaniljekrem og marengs som ikkje har noko namn", Systas karamellpudding, gulrotkake, oreokake og blautkake. Ein koseleg dag der ingen gjekk svoltne heim.

Moon landing

fredag 20. november 2009

Sivert Høyem-konsert!


Er klar for kvelden - skal på konsert ilag med nokre av Superdamene, og vi ser fram til ein kjekk kveld med fantastisk musikk!

torsdag 19. november 2009

Apropos "Signs"


Viss romvesen ikkje toler vatn...
  • kan vi skyte dei med vasspistol?
  • døyr dei i første regnbyge?

Og viss dei i tillegg er intelligente nok til å lage kornsirklar og UFOar...
  • kvifor har dei ikkje laga seg ein regndress?
  • kvifor kjem dei til ein planet som for det meste inneheld vatn?

Det er heller historia i filmen som ikkje held vatn.

onsdag 18. november 2009

Sløv fridag


Minstemann og eg var aleine heime til dei mellomste kom heim frå skulen. Føremiddagen vart temmeleg roleg; Gamla hadde spart opp ein del skulearbeid, og Minstemann fekk kose seg med film. Då dei hine kom heim, vart det litt meir action. El-gitaristen spelte i kjellaren medan Nummer 3 dreiv korpsskule for veslebroren. Etter ei stund ville mora deira absolutt ta dei med ut for å lufte hundar, og vi gjekk opp til jakthytta. Der møtte vi den eine hesten, som hadde funne seg eit fint beite for dagen.

No er vi inne att, og dei to minste driv med eit litt suspekt byggeprosjekt. Nummer 3 bygger ei sjokoladebod, og Minstemann har bygd ein bil. No kjører han til og frå sjokoladeboda og tenkjer ut farefulle klippeoppdrag for mora si.

tirsdag 17. november 2009

Lillebror på nye eventyr


I dag henta dei to mellomste Minstemann med seg på ferja, så heile flokken var med mora på café på Amfi i Ørsta. Medan Nummer 3 var på ballett, reste vi hine rundt på leiting etter ein felles-tights (ok, det ordet fann eg opp, men de skjønar kanskje kven som skal eige den, og kven som skal låne den), hårstrikk og diverse adventspynt. Plutseleg spør Eldstejenta kvar Minstemann er. Heldigvis kom han rett bak oss i rulletrappa, men det kunne lett ha utvikla seg til ein pinleg episode. Eg gjorde meg så roleg som mogleg, og spurde guten kvar han hadde vore (siste 10, 15 eller 25 minutta). "På leikebutikken", svara han blidt, og vi skunda oss ut før rykta begynte å svirre. Absolutt ikkje ei historie for bloggen...

Filmslakt og kornsirklar

I dag skulle den eine engelskklassen jobbe med oppgåver til filmen "Signs". Det er lett å finne hol i handlinga, tåpelegheiter i forklaringsmodellane og irriterande paradoks. I alle alien.filmar vil det finnast ein "Akilles-hel" som gjer at menneska kan sigre over romvesena. Men....vatn? Kor dumt er det? Intelligente romvesen som ikkje toler vatn burde halde seg vekke frå jorda, og vi var einige om at vi er relativt trygge på Sunnmøre. Og så snakka vi om at menneska sin fantasi er avgrensa av den røyndomen vi lever i - eit interessant tema som òg kunne overførast til norrøn mytologi, som dei same elevane har arbeidd med i norsktimane i det siste.

Eit anna interessant tema som vert teke opp i "Signs", er kor vidt hendingar har ei meining, eller om dei skjer tilfeldig. Filmen har ei klar haldning til dette, og det er spesielt interessant når vi veit at filmen vart laga rett etter 9/11. Mel Gibson spelar overtydande rolla som presten som har mist trua, men som finn den attende når han skjønar at ingenting i livet har vore tilfeldig. Han får såleis ei forklaring på ting som har verka meiningslause; mellom anna konas "dying words". 


Det finst noko vi ikkje kan forklare, og som filmen gir ei mogleg (men lite overtydande) forklaring på. Det er eit særs vakkert og mystisk fenomen. Viss ein først begynner å google "crop circles", kan ein lett bli hekta...

mandag 16. november 2009

søndag 15. november 2009

Boka eg ikkje las ferdig: "Patriarkens høst" av Gabriel García Márquez

Det er ikkje ofte eg avsluttar midt i ei bok, eller i ein film. Vanlegvis lid eg meg gjennom berre for å ha forsikra meg om at det ikkje tok seg opp mot slutten.

Eg er ikkje heilt sikker på kva "Patriarkens høst" handlar om, og den er kanskje utruleg spennande mot slutten, men for meg vart dei endelause periodane utan punktum eit sant mareritt å lese. Etter 50 sider bestemte eg meg for å leve etter mottoet "livet er for kort til å lese gørre bøker", stappa boka ned i bibliotekposen min, avslutta mitt prosjekt med lesing av forfattarskapen til Gabriel Gárcia Márquez og leita fram ei bok som eg har gledd meg til lenge...

I "Kyrkja" på søndag


Då eg kom att etter ein lang tur med den eine hunden, høyrde eg plystring oppe i fjellsida. Med hjelp frå ein ikkje heilt utlærd sporhund (!) fann eg Gubben og dei tre yngste ved ei bergsprekk. Med litt hjelp greidde Gamla å kome seg inn i "Kyrkja", som er ei hole inne i fjellet. Ungane syntest dette var ein spennande stad, og Minstemann ville vere der resten av dagen, sa han, og så sette han i å synge Indiana Jones-temaet.


Fjellhola skal ha blitt brukt til gøymestad for radio og våpen under andre verdskrig.

Bok 66 2009: "Kjærlighetens historie" av Nicole Krauss

Gamle, einsame Leo tenkjer attende på eit liv med tapt kjærleik til ungdomskjærasten, som han miste kontakten med under andre verdskrig, og som hadde gifta seg på nytt då han leita henne opp i New York etter krigen. Samtidig driv ungjenta Alma og forskar på moras omsetjingsprosjekt; ho set om ein roman som heiter "kjærlighetens historie".

I denne lydboka bruker ein to opplesarar for å markere nokre av skifta i synsvinkel, og det fungerer veldig godt. I det heile likte eg boka godt, sjølv om ein ikkje fekk nøsta opp i alle dei lause trådane til slutt.

lørdag 14. november 2009

Her i huset er vi einige om at dei "gamle" Disney-filmane er best!

Gutta, Gamla og hundane på tur


Sidan jentene ligg rett ut på sofaen og ser film det meste av tida, var det i dag nødvendig å lufte dei to resterande borna. Gubben kjørte oss til enden av skogsvegen, og så gjekk vi heim. Høyrt det før? Javel - men i dag fann vi is til å ete og skli på, vi var "Iron man", "Iron girl" og "Fire man" og vi gjekk gjennom trollskogen der det faktisk høyrdest ut som om der var troll i dag.


Med Gutta på tur vert praten ofte prega av deira felles interesse for våpen, krig og anna spetakkel. Eg tjuvlyttar gjerne til røvarhistoriene deira, og frå nokre meters avstand kunne eg ein gong høyre Nummer 2 seie noko som "og so sprengte ej dej med kinaputtar" (slike kommentarar kjem alltid i grammatisk fortid). Minstemann tenkte seg om, tydeleg usikker på kva neste trekk i leiken skulle vere, og så kom det: "og ej va allergisk for kinaputtar..."

Morfar 73


Vi gratulerer morfar i Ørsta med dagen! Biletet er henta frå våren 1995, og det viser noko av det unike barnetekket (og dyretekket) han har og alltid har hatt. Det viser òg det stilsikre klesvalet hans.

Eldstejenta fekk mykje fokus den tida ho var einebarn, og sommaren same året var det ho kommanderte han rundt som gammal hund. Våren 1997 måtte han forresten leike Barbie-bryllaup med henne; det tok vel kaka når det gjeld pass av barnebarn.

Kunsten å gråte i kor - no også på film


Eg las romanen av Erling Jepsen tidlegare i år, og filmen kom eg over på ein lokal butikk for vekesvis sidan. Sidan innhaldet er såpass spesielt, har ikkje dette vore nokon "familiefilm" med popcorn og brus, akkurat, men Eldstejenta og eg såg den no i kveld. Eg hugsa ikkje alle detaljar frå romanen, men la merke til at den barnslege synsvinkelen berre delvis var spegla att ved bruk av voice-over. Handlinga vart dermed mykje tydelegare og meir brutal enn i romanen. Noko eg sette stor pris på, var bruken av den sønderjydske dialekten. Den har eg  ikkje høyrt mange døme på tidlegare. Elles var skodespelarprestasjonane gode - spesielt far og son var godt portretterte. Ein god film om ein mild sagt dysfunksjonell familie.

fredag 13. november 2009

Ny hobby: Google map

Broren min sende meg ei lenkje eg ikkje kunne motstå, med følgjetekst om at eg no kunne gå rundt i gatene i London utan å bli sliten i beina. Hittil har eg halde meg rundt Paddington Station og opp og ned Regent Street, utan at det har gjeve utslag på skritt-teljaren.

Gjensyn med "Ringeren i Notre Dame" saman med to sjuke jenter!

torsdag 12. november 2009

2 x syk pike



No er Nummer 3 òg sjuk - det står att å sjå om det er "svineri" eller ikkje. Eldstejenta ligg framleis rett ut. Då eg kom heim frå jobb i dag, låg dei i kvar sin ende av sofaen og såg "Sound of Music" - "den beste filmen ej he sett", for å sitere Nummer 3. I går fekk Eldstejenta sjå "Finding Neverland", og i bloggande stund ser den mest feminine helvta av familien "Miss Potter". Dei to sistnemnde filmane har eg fått låne av kollega K, og ho har dermed gjort passing av sjuke born litt festlegare enn det elles ville ha vore...

onsdag 11. november 2009

tirsdag 10. november 2009

Ein heilt vanleg tysdag på "jobb"

Eg underviser ei gruppe i faget "internasjonal engelsk", som er eit 5-timars programfag på det som tidlegare vart kalla språklinja. Dei siste vekene har vi lese "The Kite Runner", høyrt lydboka og arbeidd med oppgåver i tekstboka. Mykje godt arbeid er lagt ned, og i går og i dag har vi sett filmen. Det er ei stund sidan eg las boka og såg filmen for første gong, men dei fleste scenene sit som spikra. Å sjå filmen saman med elevane gav dessutan ein ny dimensjon til det heile. Kvifor tek ein vekk viktige opplysningar frå boka, til dømes? (Eit anna spørsmål er: kvifor utelet forfattaren store delar av romanen i lydbokversjonen?)

Klassen 2MK1 er ein andreklasse i studieretninga "medium og kommunikasjon", og eg underviser dei i norsk og engelsk. I dag hadde dei to siste gruppene framføring om ein tv-serie, og deretter såg vi ferdig "Signs". Det er ein film om romvesen og kornsirklar, men den handlar òg om å miste trua og at alt som skjer har ei meining. I og med at filmen kom ut i USA i 2002, er det nærliggande å drage parallellar til 9/11. Neste gong skal vi jobbe med oppgåver som eg har laga med utgangspunkt i denne parallellen, basert på ein del av det vi gjekk gjennom på eit engelskkurs i vår.

Eg har verdas beste jobb.

Hamburger og Svineri

I går vart eg vaksinert. Eigentleg hadde eg ikkje tenkt å gjere det, men så vart vi sterkt oppmoda av sjefane, og då slo eg til. Eg er såpass overtruisk at eg innbiller meg at eg ville ha fått sykja dersom eg nekta å vaksinere meg. Utover kvelden vart eg frykteleg trøytt, slapp, svimmel og fekk hovudverk, og til slutt sat eg i godstolen og sov. Då eg vakna i dag, var eg frisk att, og sjølve sprøytestikket kjennest som ein blåkul.

Eldstejenta var frisk då eg traff henne på "Tren" om ettermiddagen i går, men utover kvelden vart ho brått sjuk og vart henta heim. I dag har ho vore heime frå skulen, og ho er skikkeleg slapp og elendig. Ho har fått Tamiflu, og vi håpar på rask betring.

Dei to mellomste og eg var på "tysdagsdate" på Amfi i Ørsta i dag, der vi prøvde ut den nye caféen. Nummer 3 hadde sagt tidlegare på dagen at det er synd vi ikkje har McDonald's her, men etter maten i dag erklærte ho at det var den beste burgeren ho nokon gong hadde smakt. Gamla hadde gløymt kamera, så de får berre sjå føre dykk hamburgarar, pommes frites og to glade barn (som åt opp alt, bortsett frå paprikaen).

Javisst er vi råflotte, men vi drikk vatn, og sparar mykje på det! Eg må dessutan seie, til vårt forsvar, at dei to borna reiser direkte på korpsøving når vi kjem att frå balletten. Det er derfor viktig at dei får i seg litt "sikringskost".

søndag 8. november 2009

Bok 65 2009: "En langvarig forlovelse" av Sébastien Japrisot


Omtalen av denne romanen freista meg til å høyre den, men det kunne eg ha spart meg. Tittelen kunne like godt ha vore "Ein langdryg roman". Utgangspunktet for handlinga er at fem soldatar er blitt dødsdømde fordi dei har skadd seg med vilje for å sleppe vekk frå første verdskrig. Mathilde er trulova med ein av dei, og ho nektar å tru at han er død. Vidare handlar boka om korleis ho prøver å finne ut kva som skjedde med han. Det blir svært mange brev frå vitne, og alt dei fortel er ikkje like interessant.

Romanen vart filmatisert i 2004, og det kan hende eg ser filmen viss eg får høve til det, sjølv om den vert kritisert for å vere omstendeleg den òg.

På tynn is



Sola er borte frå garden for i år, og då er det freistande å gå tur ein stad der sola skin. Og sidan fantasien er på topp, enda dei tre yngste, hundane og eg i Brundalen i dag. Der var is på delar av vatnet, og den var nesten trygg nok til å gå på...

Farsdagskort





Eit år teikna Nummer 2 eit farsdagskort der motivet var han og faren på hjortejakt, og at han skaut faren med eit stort BANG. I år var motiva svært fredelege. Presangen var ei ny Bula-bukse - akkurat det han ønska seg, sjølv om han kanskje hadde villa hatt ein festlegare farge...